Årsmelding Voss tekniske fagskule - 011 Utdanning og omfang : Bygg og Anlegg, med fordjuping Anlegg 1.år og.år Årsmeldinga frå Voss tekniske fagskule (VTF) gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student-, lærar- og sensorvurderingane som vart gjennomført vårsemesteret 011. Årsmeldinga skal gje Hordaland fagskulestyre naudsynt informasjon om læringsmiljøet og kvalitetssikringsarbeidet ved fagskulane i Hordaland. Årsmeldinga vil også danna grunnlag for vidare oppfølging frå administrasjonen og fagskulen. 1.0 Generelle kvalitetsindikatorar Kvalitetssystemet etterspør kvantitative data på tal og nivå på søkarar, eksamensresultat og gjennomstrømming. Leiinga har sjølv vurdert kva som er kritisk verdi for utdanninga og om det er naudsynt med korrigerande tiltak. Totalt tal studentar 010-011: 17 heiltid Tal på søkarar til 1. klasse: 11 + delkurs Tal på studentar tatt inn: 8 (to søkte perm. og kom inn igjen haust 11) Tal på uteksaminerte studentar: 9 Tal på studentar med bestått vitnemål: 8 Leiinga si kommentar/oppsummering: Det som ikkje framgår her, er at VTF også har samarbeidd med Bergen tekniske fagskule (BTF) i samanheng med nettundervisning. Skuleåret 010-011 hadde to lærarar fag på nettundervisninga ved BTF. VTF har vidare søkt NOKUT om godkjenning for fjernundervisning. Det vil fortsett vera samarbeid med BTF i samanheng med 1.året nettundervisning, men for.året og fordjuping Anlegg vil VTF ha ansvar for alt sjølve frå januar 01. Inntaket Haust 011 viser 18 studentar på 1.året, heiltid. Noko som vi synest er veldig gledeleg..0 Vurdering av utdanningstilbodet I det fylgjande vert det gjeve ei framstilling av student- og lærarevalueringane. Spørjeskjema for studentar og lærarar har fleire samanfallande punkter, og svara vil derfor verte framstilt under eit. Deretter vert sensorane sine evalueringar formidla og til slutt gjev leiinga si vurdering og oppsummering av evalueringane. A. Innhald i utdanninga - Studentane sin kjennskap til opplæringsplan 1,5 5 4 5 5 1,5 6 (Svært godt) 5
- I kva grad meinar studentane at opplæringa er i samsvar med opplæringsplanen 1 (Svært liten grad) 4 6,5 5 1,5 6 (Svært stor grad) 5 - Lærar sin vurdering av skulen sin opplæringsplan 4 0 5 80 Eventuelle styrker/svakheiter ved opplæringsplanen (lærar): - Opplæringsplanen er kortfatta, OK - Faget kommunikasjon kunne med fordel vore splitta i norsk og engelsk - Læreplanane synest å vera bra for dei fleste faga, men som kommentar ovanfor frå lærar, kunne det kanskje vore ok med norsk og engelsk som to fag, men samtidig ville det vore nødvendig med samarbeid for å utfylla kvarandre. B. Undervisninga - Studentane sin tilfredsheit med opplæringa 4 7 4 14 5 45 6 (Svært nøgd) 0 - Studentane sin meining om framdrifta i opplæringa 4 14 5 54 6 (Svært nøgd) 9
- Studentane sin tilfredsheit med det faglege nivået på opplæringa 4 1 5 58 6 (Svært nøgd) 9 - Lærar sin vurdering av undervisningstilbodet 10 4 70 5 0 Eventuelle styrker/svakheiter ved undervisningstilbodet (lærar): - Kompetente lærarar, godt lærarsamarbeid Vi vurderer læringsklimaet, samarbeidet mellom lærarane som svært bra. Lærarane utfyller kvarandre og alle bidreg til at det skal vera best mulig læringsklima i klassane. Kompetansen til lærarane er høg. C. Arbeidsmetodar - Studentane si meining om grad av variasjon i arbeidsmetodar 1 (Svært liten grad) 1 4 8 5 5 6 (Svært stor grad) 5 - Lærar si vurdering av rettleiinga til studentane 4 5 100 Eventuelle styrker/svakheiter ved rettleiinga (lærar): - Ingen kommentarar
- Lærar si vurdering av praksistilbod 40 4 40 5 0 Eventuelle styrker/svakheiter ved praksistilbodet (lærar): Fagansvarleg nyttar primært ekskursjonar og kurstilbod for studentane som praksis. Skulen vil innarbeida fleire avtalar med næringslivet for å styrka praksistilbodet til studentane ute i bedrift D. Utstyr og anna infrastruktur - Studentane sin tilfredsheit med tilrettelegging for bruk av IKT 5 5 4 1 5 1 6 (Svært nøgd) 5 - Studentane sin tilfredsheit med lokalitetane på skulen 4 5 6 (Svært nøgd) - Studentane sin tilfredsheit med utstyret på skulen 4 5 6 (Svært nøgd) Av ein eller annan årsak hadde spørsmåla om lokalitetar og utstyr falt ut av spørjeskjema. Men etter leiinga si vurdering, og uttalar frå tilsette og studentar tidlegare, er det svært bra lokalitetar, med lyse gode rom. I tillegg har vi arbeidd aktivt for å fylja opp behova studentane har med tanke på skrivarar, Smartbord og andre ting som det måtte vera behov for.
E. Samarbeid med næringslivet - Studentane sin meining om skulen sin grad av samarbeid med næringsliv 1 (Svært liten grad) 5 4 5 5 1 6 (Svært stor grad) 8 - Lærar si vurdering av grad av samarbeid med næringa 1 (Svært liten grad) 4 80 5 0 6 (Svært god grad) Kommentar frå seksjonen: Dei regionale og lokale entreprenørane skulen har kontakt med viser stor interesse for studentane som vert uteksaminert ved VTF. Dei fleste går rett ut i gode stillingar. Dette syner også søkjartala for heiltidstudentar som er 0% av det totale søkjartala med fordjuping anlegg i landet. (18 av 85 søkjarar) Slik vi vurderar det no, er tilbodet som studentane får veldig godt. Utikling av Fjern-/Nett-underivsning vert vidareutvikla ved skulen, og vi skal som nemnt starte opp.året, Fordjuping Anlegg januar 01. I den samanheng vil det også truleg verta høve for skulen å oppretta samarbeidsavtalar der Nettstudentane er tilsette, for å utnytta det potensiale som ligg der. Samla sett så arbeider vi for å utvikla samarbeid med næringa vidare. F. Hovudprosjekt - Studentane sin meining om grad av fagleg utbytte av hovudprosjekt/fordjupingsmodul 1 (Svært liten grad) 5 4 8 5 8 6 (Svært stor grad) 8 - Studentane sin tilfredsheit med organiseringa av hovudprosjektet 8 5 6 (Svært nøgd) 1
Vurdering av Oppsummeringsnotat for lærarar og sensor er vanskeleg, sjølve prosjektet/dokumentasjon er omfattande. Den munnlege delen av eksamen gjenspeglar likevel kor mykje studentane har tilegna seg av kunnskapar. Så leiinga si meining er at organiseringa er ok, men vi vil kontinuerleg arbeida for å utvikla opplegget vidare innafor dei råmene skulen har. G. Det totale læringsmiljø - Tilfredsheit med det totale læringsmiljøet 4 1 6 (Svært nøgd) 8 Oppsummering av studentane sine kommentarar til utdanningstilbodet: Det var ingen skriftlege tilbakemeldingar / kommentarar frå studentane gjennom spørjeundersøkinga. Men likevel så har det gjennom året kome mange positive tilbakemeldingar frå studentane som går på at dei trivst godt og at dei har lærarar som verkeleg gir dei det maksimale av utbyte i undervisninga, noko som gler oss. Slik me ser det veit vi at læringsmiljøet er svært bra. Jamfør kommentar i førre punkt..1 Sensor si vurdering av utdanninga - Sensor si vurdering av eksamensoppgåva/ne si relevans for utdanninga 1 (Svært dårlege) 6 (Svært gode) Kommentar: Oppgåvene har god relevans for utdanninga. - Sensor sin vurdering av eksamensoppgåva/ne sitt omfang 1 (Svært dårlege) 6 (Svært gode)
Kommentar: Oppgåvene var litt omfattande, men god struktur. - Sensor sin vurdering av eksamensoppgåva/ne si form 1 (Svært dårlege) 6 (Svært gode) Sensor si samla vurdering: Generelt kan vi sei at sensorane har gitt munnlege tilbakemeldingar som fortel skulen at stort sett så er det gode og relevante former på dei fleste oppgåvene. Vi hadde likevel ei lite utfordring i samanheng med tverrfagleg eksamen for LØM-faga vår 011. Vi vil ta opp og diskutera rutinane for kvalitetssikring av dei oppgåvesetta. - Samanheng mellom studentane sin kunnskap og opplæringsplanen Sensor si samla vurdering: For nokre områder kunne samanhengen vore betre. Leiinga sin kommentar: Som førre år har vi fått munnlege tilbakemeldingar frå sensorane om at eksamensoppgåvene har vore relevante for dei ulike faga. Passeleg mengd og vanskelegheitsgrad. Prosjekteksamen har spesielt vore kommentert som veldig relevant, og gjennom prosjektframføringa har studentane fått visa kva dei har gjort, og at prosjektoppgåvene har vore gode og relevante. Studentane har fått vist kva dei kan, og slik sensor har vurdert det er det god samanheng mellom studentane sin kunnskap og opplæringsplanane.. Eksterne interessentar si vurdering av utdanninga Voss tekniske fagskule har fortløpande kontakt med relevante bedrifter, og i tillegg har vi utveksling av ulike ting, mellom anna gjennom prosjektarbeida for studentane på.året. Voss kommune og andre kommunar tek godt i mot representantar frå skulen når skulen har behov for hjelp i samanheng med kartmateriell, planar over vatn og kloakk og andre forhold i prosjekta. Dette set vi stor pris på. Men vi har ikkje hatt direkte formelle møter med bedrifter og kommunar.
. Leiinga si oppsummering og vurdering av utdanninga Oppsummering v/ Sveinung Hansen, ass. rektor : Vi les ut av studentane sine tilbakemeldingar at det er stor tilfredsheit med undervisning i dei fleste samanhengar, både organisering, framdrift og det faglege nivået. Det kan vidare virka som om ikkje alle studentane er tilfreds med organisering av hovudprosjektet, samtidig som dei fleste svarar at dei har hatt godt fagleg utbyte av hovudprosjektet. Skulen vil ta dette opp med årets studentar som skal starta Hovudprosjektet i 4. Studieeining januar 01. Utviklingspotensiale er det nok på fleire område, og tilbakemeldingar når det gjeld tilrettelegging frå skulen for bruk av IKT ved skulen, kan det ha sin årsak i at ein del nye elevar Haust 010 kjøpte seg pc ar med feil operativsystem, sjølv om skulen hadde gitt klart uttrykk om at dei ikkje kunne ha hverken MS Vista eller XP Home-edition. Det tok difor litt ekstra tid før dei var på nett og i den samanhengen var det nokre utfordringar. Men etterkvart så kom alt på plass og studentane var godt fornøyde gav dei uttrykk for munnleg. Gjennom spørjeundersøkinga vi hadde ute til studentane kom det ikkje så mange tilleggskommentarar, men vi har i dialog med studentane gjennom heile skuleåret 010-011 fått utruleg mange positive tilbakemeldingar. Den kanskje mest positive tilbakemeldinga kom frå ein student som gjekk ut av.året våren 11. Tilbakemeldinga var utruleg rosande og positiv i forhold til korleis han som godt vaksen hadde opplevd dei to åra på Voss tekniske fagskule. Det vermde å lesa den tilbakemeldinga. ( Vi kan scanna Tilbakemeldinga og senda den i etterkant av denne rapporten) Voss tekniske fagskule ser ei positiv utvikling i søkjartala, og ikkje minst at vi har kome i gang med Fjern-/Nett-undervisning. Dette synest vi er også eit godt tilbod for dei som ikkje har høve til å vera student på heiltid. Elles er leiinga oppteken av at vi oppfyller studentane sine ønskjer og behov, og at vi tilfredstiller minst det som ligg i krav frå NOKUT gjennom godkjenninga Voss tekniske fagskule har. Voss tekniske fagskule har dei nødvendige kvalitetar for å gje studentane det dei har krav på, gjennom ein lærarstab som er veldig godt kvalifisert, gjennom gode lokalitetar og elles ei god oppbygging av den nødvendige strukturen opplæringa krev. Vi arbeider også aktivt for heile tida for å forbetra tilbodet, til beste for studentar og tilsette. Voss. august 011 Med helsing VOSS TEKNISKE FAGSKULE Odd Kløve rektor Sveinung Hansen ass. rektor