Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap 14.05.02 050/02 SOVA Avgjerd av: Saksh.: Solveig Valland Arkiv: 504 Objekt: Arkivsaknr 9701120 FSK sak 050/02 Revisjon av reguleringsplan for Norheimsund, vestre del I Samandrag: Reguleringsplan for Norheimsund vest vedteken i 1985, har vorte revidert med fleire mindre reguleringsplanar. Kvam herad starta i 1997 arbeidet med å rullere reguleringsplanen. Dette arbeidet vart stogga primært på grunn av at ein hadde bruk for ei rullering av kommunedelplan for Norheimsund vest som grunnlag for planarbeidet. Kvam herad har sidan 1999 arbeid med forslag til Kommunedelplan. Denne ligg no ute til offentleg ettersyn og er på høyring hjå Hordaland fylkeskommune og statlege fagetatar. Kommunen vil no ta den store senterplanen opp til revisjon. Delar av Norheimsund sentrum har forelda planar, og dette stoggar yngst utvikling. Målet er å starta opp revisjonsarbeidet slik at ein raskt kan få ei god utvikling i Norheimsund i samsvar med kommunedelplan for Norheimsund vest. Viktige tema i forslag til kommunedelplan som ikkje er godt nok avklara for regulering er kulturminnevern, senterutviding og veg/vegstrukturar. Sjå vedlegg nr 1. Områdeavgrensinga for revisjonen vert som reguleringsplanen for Norheimsund vestre del 1 + /- nye aktuelle områder som bør avklarast i samsvar med rulleringa av Kommunedelplan for Norheimsund vest. Sjå vedlegg nr 2. Kvam herad bør avgrensa reguleringsområde til det som gjeld allmugen sine interesser (viktige ledd i kommunikasjonssystemet, friområde, off.område, senterområde, næringsområde og kulturminnevern.) Sjå vedlegg nr 3. Rådmannen tilrår at det vert nytta ekstern konsulent til å utarbeida planforslag i samarbeid med rådmannen. Konsulenten bør plukkast ut ved ein invitert tilbodskonkurranse der ein fastset programmering, framdrift og økonomi i planarbeidet. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Side 29
Kvam formannskap som det faste utval for plansaker tilrår å ta reguleringsplan for Norheimsund vestre del 1 opp til revisjon. Planområdet er i samsvar med dei grensene som er vist på kart forslag til planavgrensing, dagsett 23.04.02. Målet er å starta opp revisjonsarbeidet slik at ein raskt kan få ei god utvikling i Norheimsund i samsvar med kommunedelplan for Norheimsund vest. Organiseringa av arbeidet skal vera som følgjer: Rådmann: - Teknisk sjef - Plansjef - Sakshandsamar Referansegrupper: - Hordaland Fylkeskommune og statlege fagetatar. - Fullført sakshandsaming. (kommuneplanleggjar, kommunelege, borna sin repr., landbruksjef, miljøvern konsulent, næringsutviklar og kultursjef.) - Enkeltpersonar og grupper (grendelag, velforeiningar, kjøpmannslag, idrettslag, grunneigarar, etc) Konsulent: - xx Rådmannen skal halda det faste utval for plansaker orientert i løpet av planprosessen. Vidare programmering, framdrift og økonomi skal avgjerast av rådmannen i ein tilbodskonkurranse med inviterte kvalifiserte konsulentar. Planarbeidet skal kunngjerast og underrettast i tråd med plan- og bygningslova 30 3. ledd, jfr. 27-1 nr.1 2. ledd. Vedlegg: 1. Kart over uavklara problemstillingar, dagsett 23.04.02. 2. Kart over områder som kan inngå i revisjon av reguleringsplanen, dagsett 23.04.02. 3. Forslag til planavgrensing, dagsett 23.04.02. (dokument nr 179) Side 30
Saksopplysningar: Reguleringsplan for Norheimsund vest vedteken i 1985, har vorte revidert med fleire mindre reguleringsplanar. Kvam herad starta i 1997 arbeidet med å rullere reguleringsplanen. Dette arbeidet vart stogga primært på grunn av at ein hadde bruk for ei rullering av kommunedelplan for Norheimsund vest som grunnlag for planarbeidet. Kvam herad har sidan 1999 arbeid med forslag til Kommunedelplan. Denne ligg no ute til offentleg ettersyn og er på høyring hjå Hordaland fylkeskommune og statlege fagetatar. Kommunen vil no ta den store senterplanen opp til revisjon. Delar av Norheimsund sentrum har forelda planar, og dette stoggar yngst utvikling. Målet er å starta opp revisjonsarbeidet slik at ein raskt kan få ei god utvikling i Norheimsund i samsvar med kommunedelplan for Norheimsund vest. TIDLEGARE LYSING AV OPPSTART: - Lysing: Bergens Tidende 07.07.97, - Hordaland Folkeblad 08.07.97, - Frist for uttalar 20.08.97. INNKOMNE UTTALAR/MERKNADER TIL PLANPROSESSEN PÅ GRUNNLAG AV TIDLIGARE LYSING: Nr Type Bruker Avs/mottaker Journalposttittel Brevdato 32 I SITV Storaas Norheimsund As v/ B. Ones Inngrep i Straumhaugen Norheimsund - innspel 26.01.00 30 I SITV Adv. Gunnar Sætre Ad. forslag til reguleringsplan for Norheimsund, vestre del 1 28 I SITV Sandven Hotel Flytting av parkeringsplassen for Sandven Hotel 04.06.99 29.12.98 26 I SITV T.T. Storaas v/geirmund Storaas Innspel til reguleringsplan Norheimsund Vest frå naboar til Straumhaugen 16.11.98 25 I KFEI Sandven Hotel Flytting av parkeringsplassen 02.11.98 24 I KFEI Geirmund Storaas Parkeringsarr. ved Straumen / innspel til revisjon av reguleringsplanen 30.06.98 23 I KFEI T.T. Storaas AS Innspel til reguleringsplan Norheimsund vest 25.09.98 18 I KFEI Ingunn Aalvik Bernt Eilev Alvik Gnr 11, bnr 141 - regulering av området 29.09.97 17 I KFEI Adv Gunnar Sætre Ad oppstart av reguleringsplan for Norheimsund, Vestre del 11.09.97 16 I KFEI Øystein Kaldestad og Berit Sandven Uttale til revisjon av reguleringsplan 04.09.97 15 I KFEI Hardanger Fartøyvernsenter Merknad frå Fartøyvernsenteret og Sandven Hotel vedk starndveg Haldeplassen - Fratøyvernsenteret 26.08.97 14 U KFEI Advokatene Roll, Komnæs & Wesenberg v/ advokat Gu Søknad om utsetjing av merknadsfrist mm 27.08.97 13 I KFEI Siv.ing Svein Steine Innspel vedr. regulering Norheimsund - Håkon T. Sandven gnr 11, bnr 5 12 I KFEI Siv.ing Svein Steine Regulering Norheimsund sentrum - Mo Sport A/S og Gullsmed Bjørgum A/S 20.08.97 22.08.97 Side 31
11 I KFEI Kvam Samvirkelag Uttale vedr. ny reguleringsplan for Norheimsund 10 I KFEI Geir Madsen Regulering Norheimsund sentrum - merknad 9 I KFEI Sandven Hotel Regulering Norheimsund sentrum - merknad 8 I KFEI Siv.ing Svein Steine Regulering Norheimsund sentrum - merknad 7 I KFEI Sandven Hotel v/ Tron Bach Ber om utsetjing av uttalefrist til 27.08.97 5 I KFEI Høgenæs & Steine AS Vedkomande revisjon av reguleringsplan for Norheimsund, vestre del I 4 I KFEI AS Matador Vedkomande revisjon av reguleringsplan for Norheimsund, vestre del I 19.08.97 15.08.97 15.08.97 20.08.97 13.08.97 12.08.97 12.08.97 3 I KFEI Advokat Gunnar Sætre Søknad om utsetjing av merknadsfrist mm 06.08.97 PLANAVGRENSING: I 1997 vart planarbeidet med å revidera gjeldande reguleringsplan for Norheimsund vestre del 1 starta opp. Planavgernsinga var i samsvar med denne. Det har skjedd mykje sidan 1997 og ein må sjå på områdeavgrensinga for reguleringsplanen på ny. Det er tale om ei områdeavgrensing som omtala reguleringsplan + /- nye aktuelle områder som bør avklarast i samsvar med rulleringa av Kommunedelplan for Norheimsund vest. PLANSTATUS: Kommuneplan: Kommunedelplan for Norheimsund vedteken i 1995, er ikkje gyldig i følgje fylkesmannen. Rullering av planen pågår. Planen er til høyring og ligg ute til offentleg ettersyn i april/mai. Oversikt over reguleringsplanar i samband med revisjon av reguleringsplan for Norheimsund vest, del I. (Nummer viser til fig 13 - oversikt reguleringsplanar, side 29, Frammlegg til kommunedelplan Norheimsund vest 2002 2014, DEL 1 Plangrunnlag) 1 Gjeldande reguleringsplanar innafor tidlegare annonsert område: - Reguleringsplan for Norheimsund vestre del I, m/føresegner, vedteken 1985. (nr.3) - Reguleringsplan for Straumen - Haldeplassen, m/føresegner, vedteken 1989. (nr.4) - Reguleringsplan for kyrkjetomta, m/føresegner, vedteken 1990. (nr.5) - Reguleringsplan - gnr 11, bnr 5, delområde I, Sæland, vedteken i HST 15.06.99, mindre vesentleg reguleringsendring vedteken i FSK 27.02.2001 (H. T. Sandven) (nr.9) Til klagehandsaming: - Reguleringsplan for Idrettsanlegg på Sandven, vedteken 13.02.2002. (nr.12) 2 Tilgrensande gjeldande reguleringsplanar: - Norheimsund, Reguleringsplan vestre del III, m/føresegner, vedteken 1975. (nr.1) - Reguleringsplan for Hagen, gnr 11, bnr 8, vedteken 13.02.2001 (Odd Arve Sandven) (nr.8) - Reguleringsplan for del av gnr 11, bnr 1 - Brennehaugen, Norheimsund m/føresegner, vedteken 1998. (nr.6) Side 32
- Reguleringsplan Endring med føresegner for del av gnr 11, bnr 84, vedteken 1998. (nr.7) 3 Omsøkte private reguleringsplanar: - Reguleringsplan - gnr 11, bnr 5, delområde II, Hagen - H. T. Sandven (nr.10) - Reguleringsplan - Endring med føresegner gnr 11, bnr 5, delområde III, Hagen - H. T. Sandven (nr.11) - Tankar om utarbeiding av privat reguleringsplan på gnr 11, bnr 10 - O. J. Sandven. - Tankar om utarbeiding av privat reguleringsplan - gnr 11, bnr 5, delområde I, restareal - H. T. Sandven. Vurdering: PLANSITUASJON: Gjeldande reguleringsplanar kan delast inn i 4 grupper: (Nummer viser til fig 13 - oversikt reguleringsplanar, side 29, Framlegg til kommunedelplan Norheimsund vest 2002 2014, DEL 1 Plangrunnlag) 1. Reguleringsplanar eldre en 10 år: - Reguleringsplan for Norheimsund vestre del I, m/føresegner, vedteken 1985. (nr.3) - Reguleringsplan for Straumen - haldeplassen, m/føresegner, vedteken 1989. (nr.4) - Reguleringsplan for kyrkjetomta, m/føresegner, vedteken 1990. (nr.5) Utafor aktuelt område: - Norheimsund, Reguleringsplan vestre del III, m/føresegner, vedteken 1975. (nr.1) 2. Reguleringsplanar yngre en 10 år: - Reguleringsplan - gnr 11, bnr 5, delområde I, Sæland, vedteken i HST 15.06.99, mindre vesentleg reguleringsendring vedteken i FSK 27.02.2001 (H. T. Sandven) (nr.9) - Reguleringsplan for Idrettsanlegg på Sandven, vedteken 13.02.2002 (klagehandsaming) (nr.12) Utafor aktuelt område: - Reguleringsplan for Hagen, gnr 11, bnr 8, vedteken 13.02.2001 (Odd Arve Sandven) (nr.8) - Reguleringsplan for del av gnr 11, bnr 1 - Brennehaugen, Norheimsund m/føresegner, vedteken 1998. (nr.6) - Reguleringsplan Endring med føresegner for del av gnr 11, bnr 84, vedteken 1998. (nr.7) 3. Reguleringsplanar som bør reviderast innafor området: - Reguleringsplan for Norheimsund vestre del I, m/føresegner, vedteken 1985. (nr.3) - Reguleringsplan for Straumen - haldeplassen, m/føresegner, vedteken 1989. (nr.4) - Reguleringsplan for kyrkjetomta, m/føresegner, vedteken 1990. (nr.5) 4. Reguleringsplanar som det er spørsmål om skal inngå i reguleringsplanen: - Reguleringsplan - gnr 11, bnr 5, delområde I, Sæland, vedteken i HST 15.06.99, mindre vesentleg reguleringsendring vedteken i FSK 27.02.2001 (H. T. Sandven) (nr.9) - Reguleringsplan for Idrettsanlegg på Sandven, vedteken 13.02.2002 (klagehandsaming) (nr.12) Side 33
TEMA I REGULERINGSPLANEN SOM TRENG VIDARE PLANARBEID: I arbeidet med reguleringsplanen er det ein del område som ikkje er avklara og som ein må sjå nærare på sjå vedlegg nr 1: 1 Kulturminnevern - Område rundt Gamle Sandvensveg - Området rundt Sandven hotell 2 Senterutviding - Strandveg - Kulturhustomt - Fortetting av området mellom Hardanger Brygge og Fartøyvernsenteret 3 Veg/vegstrukturar - Vidareføring av miljøprioritert gjennomkøyring - Trafikkløysingar i samband med omkøyringsveg. - Omlegging av Gamle Dalaveg - Kryss ved Straumen - Trafikkløysing/parkering i Myra - Trafikkløysing rundt skulane - Gang- og sykkelvegar. NY PLANAVGRENSING: Områdeavgrensinga bør vera som reguleringsplan for Norheimsund vestre del 1 + /- nye aktuelle områder som bør avklarast i samsvar med rulleringa av Kommunedelplan for Norheimsund vest: Sjå vedlegg nr 2. 1 Områder som nyleg er regulert innafor/delvis utafor områdeavgrensinga for reguleringsplan for Norheimsund vestre del 1 som det er tvil om skal takast med i revisjon av reguleringsplanen: - Reguleringsplan - gnr 11, bnr 5, delområde I, Sæland, vedteken i HST 15.06.99, mindre vesentleg reguleringsendring vedteken i FSK 27.02.2001 (H. T. Sandven) (nr.9). - Reguleringsplan for Idrettsanlegg på Sandven, vedteken 13.02.2002 (klagehandsaming) (nr.12). 2 Områder som i framlagt Kommunedelplan for Norheimsund som ligg utafor gammal reguleringsplan for Norheimsund vestre del 1 med plankrav, som bør få si avklaring. - Barnehagetomt nord for Orrehaugen på gnr 11 bnr 10 (O. J. Sandven). - Friområde nord for Orrehaugen på gnr 11 bnr 10 (O. J. Sandven). - Gang- og sykkelveg langs Gamle Dalaveg opp til regulerte bustadområde på Brennehaugen og i Hagen.. - Del av planlagt næringsområde n2 i Sandvensdalen. - Kryssløysing for omkøyring av Rv 49 på Kaldestad. 3 Andre områder i framlagt Kommunedelplan for Norheimsund med plan- /rekkefølgjekrav som kan vera tilrådeleg å ta med i revideringa av gammal reguleringsplan for Norheimsund vestre del 1. - Delar av planlagd område b2 som i dag ikkje er regulert på gnr 11 bnr 10 (O. J. Sandven) og gnr 11, bnr 46 (Nils Utne). Side 34
- Vegtrassĕ for planlagd omkøyring av Rv 49 i Sandvensdalen. - Gang- og sykkelveg langs Haugamyrvegen, innafor reguleringsplan for Idrettsanlegg på Sandven. 4 Område som det har våre spørsmål om privat regulering men som bør inngå i revisjon av reguleringsplan for Norheimsund vestre del 1, grunna kompleksitet og nærleik til sentrum. - Delar av planlagd bustadområde b1 på gnr 11, bnr 10 (Håkon T. Sandven) - Planlagd næringsområde n1 på gnr 11, bnr 10 (Håkon T. Sandven) På den eine sida bør planområdet omfatta alle planlagte byggjeområde i framlagt kommunedelplan som ikkje er regulert for å imøtekome plankrav og rekkefølgjekrav i dei omtala områda. På den andre sida har ein ved tidlegare planarbeid erfart at Norheimsund er eit konfliktfylt område, der få planar har vorte vedteke i sin heilskap. Kvam herad bør ta lærdom av dette å avgrensa reguleringsområde til det som gjeld allmugen sine interesser (viktige ledd i kommunikasjonssystemet, friområde, off.område, senterområde, næringsområde og kulturminnevern.) Sjå vedlegg nr 3. BRUK AV KONSULENT: For å få fagekspertise, kontinuitet og framdrift i planarbeidet bør ein engasjera konsulent til arbeidet. Arbeidsoppgåvene til konsulenten bør vera som følgjer: - Utarbeida delanalysar på diverse tema innafor planområdet. - I samarbeid med rådmannen utarbeida forslag til reguleringsplan m/føresegner for 1.gongs handsaming i det faste utval for plansaker. - Produsere plan m/føresegner i samsvar med Rådmannen si tilråding. (rapport, kart og føresegner på papir og transparent) - Justera plan m/føresegner i samsvar med vedtak i det faste utval for plansaker. - Produsere dei dokument og filer som me måtte trenga for utlegging til off. ettersyn og høyring. (rapport, kart og føresegner på papir, transparent, plottefil, fil for utlegging på Internett.) - Justera plan m/føresegner som følgje av høyringsrunden. - Produsere plan for 2. gongs handsaming/slutthandsaming. (rapport, kart og føresegner på papir og transparent) - Justera plan m/føresegner i samsvar med endeleg vedtak i Kvam heradsstyre. (rapport, kart og føresegner på papir 4 stk, lerret 5 stk. transparent for kopiering, SOSI fil for kommunen sitt kartsystem og Word fil for tekstdokument. TILBODSKONKURRANSE MELLOM INVITERTE KONSULENTAR. Rådmannen tilrår å avhalda ein tilbodskonkurranse der aktuelle konsulentar konkurrerer i programmering, framdrift og pris. Ein føreslår å invitera følgjande konsulentfirma til tilbodskonkurransen: - Scc Normann as (Har arbeidd med kommunedelplanen og er godt inne i prosessen.) - Geoplan AS (Utarbeidde førre kommunedelplan for Norheimsund vest, er lokalkjende.) - Vestnorsk plangruppe. (Har arbeidet med grøntanalysen på Kvamskogen, og analyse for reguleringsplan på Vavoll/Bjørketeigen.) Side 35
- KOMPAS as (Firma danna av personar som gjekk ut av Scc og starta eige firma etter at stadanalysen for Norheimsund vest vart utarbeidd. Desse personane er godt kjend og har utarbeida stadanalyse for Norheimsund vest og Norheimsund aust) ORGANISERING AV ARBEIDET: Organiseringa av arbeidet med å utarbeida forslag til revidert plan bør vera som følgjer: Rådmann: - Teknisk sjef - Plansjef - Sakshandsamar Referansegrupper: - Hordaland Fylkeskommune og statlege fagetatar. - Fullført sakshandsaming. (kommuneplanleggjar, kommunelege, borna sin repr., landbruksjef, miljøvern konsulent, næringsutviklar og kultursjef.) - Enkeltpersonar og grupper (grendelag, velforeiningar, kjøpmannslag, idrettslag, grunneigarar, etc) Konsulent: - xx Rådmannen bør halda det faste utval for plansaker orientert i løpet av planprosessen. Side 36