Planprogram for kommunedelplan for Trafikksikkerheit Gulen revisjon av handlingsplan Periode

Like dokumenter
Planprogram. for. Reguleringsplan Sollibotn. endring. Gulen kommune. Forslag PLT / FVR: 26. mai Vedtak HPU oppstart av planarbeid:

Planprogram for kommunedelplan for Eivindvik revisjon av arealdel Periode

Planprogram for kommunedelplan for Steine Sløvåg - Skipavika revisjon av arealdel Periode

Planprogram for kommunedelplan for Steine Sløvåg - Skipavika revisjon av arealdel Periode

Planprogram. for. kommuneplan for Gulen. samfunnsdel og revisjon av arealdel. Periode Gulen kommune

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

KOMMUNEDELPLAN FOR HERØY - Hamneplan

Forslag Planprogram. Skipavika næringspark, Gulen kommune Gnr 79 bnr 4,33

Rullering av kommunedelplan for trafikksikring Framlegg til planprogram

PLANPROGRAM RULLERING AV KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETTSANLEGG OG ANLEGG FOR FRILUFTSLIV MED HANDLINGSPROGRAM Datert

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Edland / Haukeli

Gulen kommune. Kommunedelplan for vatn og avløp - Planprogram

Planprogram for trafikksikkerhetsplan Tysvær kommune

SØKNAD OM OPPSTART AV ARBEID MED PRIVAT DETALJREGULERINGSPLAN FØREHANDSUTFYLT INFORMASJON TIL OPPSTARTSMØTE

Planprogram for revisjon av Kommuneplan

Austrheim kommune PLANPROGRAM for Kommunedelplan for klima- og energi.

REVISJON AV AREALDELEN I KOMMUNEPLANEN UTLEGGING TIL HØYRING OG OFFENTLEG ETTERSYN

FORSLAG TIL PLANPROGRAM: Reguleringsplan for Oddeskogen - Oddelia

PLANPROGRAM REGULERINGSPLAN FOR

Planprogram. Kommuneplanen sin arealdel for Gulen kommune

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

KOMMUNEDELPLAN TRAFIKKTRYGGING HERØY KOMMUNE

PLANPROGRAM Endring av deler av kommunedelplanen for Dale

PLANPROGRAM - HOVUDPLAN FOR VATN OG AVLØP

Revisjon av kommunedelplan for Idrett, friluftsliv og nærmiljø Framlegg til planprogram

Hareid kommune Kommunedelplan for vatn og avløp Forslag til planprogram

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

PLANPROGRAM FOR OMRÅDEREGULERINGSPLAN SMIEHOGEN

Kommunedelplan. for fysisk aktivitet Planprogram - Høyringsutgåve

PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR BREIBAND

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

Regional transportplan Sogn og Fjordane

Saksnr. Utval Møtedato 107/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

Radøy kommune Saksframlegg

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

PLANPROGRAM DETALJREGULERINGSPLAN FOR GRANEISTØLEN OG BAKKOTJEDNET I ETNEDAL KOMMUNE

Saksnr Utval Type Dato 088/16 Formannskapet PS /16 Heradsstyret PS

Arkiv FE-140. Kommuneplan Planprogram arealdel - Offentleg ettersyn

Referat basert på mal i Sogn og Fjordane Fylkeskommune sin rettleiar for utarbeiding av reguleringsplanar.

KOMMUNEDELPLAN TINGVATN - SNARTEMO PLANPROGRAM

Kommunal planstrategi. Tilrådd av formannskapet den 27/ , sak 97/16. Øystre Slidre rein naturglede!

Informasjonshefte om Brekke for idédugnad - arbeidsgrupper

: Kjellaug Brekkhus, rådmann, Johannes Sjøtun, næringssjef. Saksnr./Arkivkode Stad Dato 12/608 - L12 BALESTRAND

Radøy kommune Saksframlegg

Framlegg av planprogram etter høyringsrunde Steine, Sløvåg, Skipavika, Kommunedelplan

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 098/15 Kommunestyre PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Erik Andreas Kyvig FE /179

Arbeidsprogram for energi-, miljø- og klimaplan. Framlegg til arbeidsprogram

TILLEGGSSAK. Arkivsak: 12/158 Løpenummer: 12/ Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: Kl.

Plan for utvikling av barnehage og skule i Balestrand kommune Planprogram

2. Referat frå oppstartsmøte

Planprogram. Skulebruksplan Lærdal kommune

Varsel om planoppstart av detaljregulering for Lund steinbrot og næringsområde

Planprogram Trafikksikringsplan Ulvik Herad

PLANPROGRAM ENDRING AV FØRESEGNENE TIL KOMMUNEPLANEN SIN AREALDEL

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komitè for miljø og tekniske /17

B.TARBERG AS Graving Sprenging Transport Planlegging Byggsøk Rådgiving

Framlegg Planprogram for kommunedelplan Trafikktrygging

Planprogram. Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Balestrand «Saman er vi sterke og får til det vi vil»

Skodje kommune Teknisk avdeling

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 028/17 Formannskapet PS Kommunestyret 023/17 Levekårsutvalet PS

Grunneigarar, naboar, offentlege instansar, lag og organisasjonar «REGULERINGSENDRING TROLLDALEN GNR. 55 BNR. 19 M.FL»

Saksnr. Utval Møtedato 010/15 Kommunestyret Reguleringsplan(detaljregulering) for Fretheimshaugane - del 2 - oppstart av planarbeid

ROS-analyser i kommunane

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Sbh. Saknr Formannskapet KRN 109/10. Ansv. ANB

Planprogram for revisjon av regional planføresegn om lokalisering av handel og kjøpesenter (handelsføresegna)

Skodje kommune Teknisk avdeling

Høyringsbrev: Oppstart av planarbeid og utlegging av planprogram for kommunedelplan for trafikksikring

Vedlegg 2. Referat fra oppstartsmøte

Innspel knytt til akvakultur (landbasert, parkeringsplassar osv) Område for tareproduksjon.

Planstrategi

Planprogram. for. kommuneplan for Gulen kommune. revisjon av samfunnsdel og arealdel. Periode

Sauda kommune. Planprogram Kommunedelplan for helse og omsorg i Sauda

ETAT FOR LOKAL UTVIKLING. Utforming av kommuneplan

Lesja kommune Forvaltning og utvikling

FRAMLEGG Oppstart av planarbeid og forslag til planprogram. Angelica Talley Avdelingsingeniør PLAN FOR KLIMA OG ENERGI I GISKE KOMMUNE

Radøy kommune Kommunedelplan for vassforsyning og avløp - Planprogram. Utgåve: 1 Dato:

Utv.saksnr.: Utval: Møtedato: 35/17 Formannskapet

KOMMUNEDELPLAN FOR OPPVEKST FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM 25. AUGUST 2015

AKTIVITET OG FRILUFTSLIV I SUNNFJORD KOMMUNE

Kommunedelplan for naturmangfald. Etnedal kommune. Planprogram

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Kulturminne og kulturmiljø

Forslag til planprogram Kommunedelplan for anlegg hus og område for idrett, fysisk aktivitet og kultur

Kommunedelplan for sti og løyper Utkast til planprogram

Arealdelen til kommuneplan - erfaringar. Førde, november 2012

Opplæring. Plansystem og planarbeid

FORSLAG TIL PLANPROGRAM

Ny PBL regionale planstyresmakter si rolle og ansvar i arealplanlegginga

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

EIKEN KOMMUNEDELPLAN PLANPROGRAM

Fastsetting av planprogram til kommuneplan for Valle kommune

Detaljreguleringsplan for Hadlingatreet bustadfelt på Kyte. Planomtale

Planstrategi for Vinje kommune Synspunkt

Planprogram (utkast)

VANG KOMMUNE. Dykkar ref.: Vår ref.: Arkiv: Vår dato: SUNHAK - 15/ ,

PLANPROGRAM. Tysnes kommune, rullering av samfunnsdel

Bustadplan for Kvam herad

Transkript:

for kommunedelplan for Trafikksikkerheit Gulen revisjon av handlingsplan Periode 2011-2024 Gulen kommune Forslag PLT / FVR, forslag 29.7.2011 Vedtak Hovudutval PU oppstart av planarbeid: 12.5.2011, sak 047/11 Høyring av planprogram (6 veke): 29.7.2011 til 15.9.2011 Revidert versjon etter høyring: 31. januar 2013 Vedtak Formannskap 2. gongs høyring 8. mars 2013 Høyring av planprogram (6 veke) mars april 2013 Vedtak kommunestyret Planprogram: 20. juni 2013

Innhaldsliste: 1.0 Innleiing... 2 Kart 1: Oversikt over Gulen kommune med bygdesenter:... 2 1.1 Kva er eit planprogram?... 3 1.2 Behov for revisjon av arealdelen til kommunedelplanen... 3 1.3 Krav om konsekvensutgreiing... 4 1.4 Overordna rammer... 4 2.0 Delplanskildring for Gulen... 4 2.1 Status for område i dag:... 4 Kart 2: Oversiktkart vednett 2001:... 5 2.2 Avgrensing av planområdet:... 5 Kart 3: Oversiktkart skule kretsar:... 6 2.3 Formålet med planarbeid:... 6 2.4 Følgjande tema er vesentleg i nærare planarbeidet:... 7 2.5 Tema for konsekvensutgreiing:... 9 Tabell 2: tema for konsekvensutgreiing... 10 3.0 Organisering...11 3.1 Ansvar... 11 3.2 Medverknad... 11 3.3 Framdrift kommunedelplan, mal for revisjon av arealdel (EKSEMPEL)... 13 4.0 Planføresetnader og overordna rammer...14 Kjelde: Bilete på framside bilete frå handbok 209 Kommunedelplan for Trafikktrygging 2012-2024 1

1.0 Innleiing Kommunedelplan for Trafikksikkerheit er sist vedteke i sak 061/01 den 21.06.2001 med planidentitet 1411 1999 011. Denne planen gjeld for heile Gulen kommune (sjå nedafor kart 1). Hovudføremål og utfordringar: Kartlegging trafikkfarlege punkt Prioritering fysiske tiltak Prioritering haldningsskapande tiltak Rullering kvart ferje år for oppdatering. I planprosessen vert samarbeid med berørte partar viktig. Deltaking av unge i prosessen er også viktig element. Eivindvik er kommunesenteret og eit av fire bygdesenter i heile Gulen kommune. Fyrste tiltak i planarbeidet: - Vedtak om planoppstart ved HPU: mai 2011 - Avklaring av stilling til i kva grad planen skal utarbeidast i eigen regi, eller om det skal høyrast inn ekstern plankompetanse som i 2000. - Høyring og offentleg ettersyn av planprogram (minst 6 veker), aug-sep 2011 - Registrering av grunnlagsdata, synfaringar frist september 2011 - Problemanalyse oktober 2011 utsett i forhold til samkjøring med kommuneplanen Revidert tidsplan: - Utarbeiding av rapport nov. 2012 osv. - Grendamøter, bygdemøter for kommuneplanen nov. -2012 jan. 2013 - Samrådingsmøte med referansegruppe før sommar 2013 - Ferdigstilling juni 2013 - Godkjenning av planprogram i Kommunestyret, juni 2013 - Framlegging av kommunedelplan, 1. gongs handsaming, juni 2013 - Endeleg vedtak av planen i Kommunestyret, haust 2013 - Søke om tilskot til trafikksikkeringstiltak i 2011 2012 Godkjent overføring 2013 Kart 1: Oversikt over Gulen kommune med bygdesenter: Brekke Dalsøyra Kommunedelplan for Trafikktrygging 2012-2024 2

1.1 Kva er eit planprogram? Formål - Planprogram er det fyrste dokumentet i eit planarbeid. I eit planprogram for kommune(del)planar skal ein i fylgje forskrifta: avklare rammer og premissar, samt klargjere formålet med planarbeidet. gje ei skildring av kva utbyggingsstrategiar og alternativ som vil verte vurdert og problemstillingar som vil verte belyst, her under utredningar som vert å sjå som naudsynt for å gje eit godt avgjerdsgrunnlag. skildre opplegg for informasjon og medverknad Relaterte sakar - Planprogrammet for Kommunedelplanar i Gulen går ut frå følgjande kommunale saksdokument: Kommuneplanen sin arealdel, 08.05.2009 Kommuneplanen sin samfunnsdelen, 21.06.2007 Vurdering av innspel og konsekvensar 2008 Gjeldane kommunedelplanar 1990,1993 og 1997 Gjeldane kommunedelplan for trafikksikring Gjeldane reguleringsplanar innan arealdelplandelen Planprogram for kommuneplan, samfunnsdelen og revisjon av arealdel 2007 2020 Økonomiplan 2011 2014 med handlingsplan Gjeldane kommundelplan for trafikksikkerheit for Gulen 2001-2004 Forskrift - Plikt til å utarbeide planprogram fylgjer av Plan og Bygningslov (PBL), i kraft 1. juli 2009 og Forskrift om konsekvensutredning (KU), i kraft 26. juni 2009. Høyring - Vedtak om kunngjering av planoppstart vedtakast av Formannskapet ifølgje reglement for delegering, vedtak 65/09 den 15.12.2009. Planprogrammet skal sendast ut på høyring og til offentleg gjennomsyn samstundes som det vert kunngjort oppstart av planarbeid. Dersom myndigheiter på bakgrunn av programmet vurderer det slik at planen kjem i konflikt med nasjonale eller viktige regionale omsyn, skal dette kome fram under høyringa av programmet. Programmet bør ligge ute til offentleg gjennomsyn i minst 6 veker. Etter høyring vert planprogrammet vedteke av kommunestyret, og det skal ligge til grunn for utarbeidinga av planforslaget. 1.2 Behov for revisjon av arealdelen til kommunedelplanen Lovgrunnlaget - Plan og bygningslova 4-1. om planprogram Planstatus - Gulen kommune har i dag ein samfunnsdel til kommuneplanen, vedteke 21.06.2007. Gjeldande arealdel vart sist revidert i 2009. Dagens kommunedelplanar er frå 1990,1993 og 1997 (sjå tabell 1). Kommunedelplan for Trafikktrygging 2012-2024 3

Samfunnsdelen - Samfunnsdelen inneheld mål og visjonar som skal ligge til grunn for all planlegging og forvalting i kommunen. Planen bør syne sentrale utviklingstrekk og definere hovudmålsettingar for planperioden. I dette planprogrammet for kommunedelplanen kjem den vedteke samfunnsdelen tilbake som utgangspunkt for vidare arbeid i delplanarbeid. Arealdelen - Arealdelen til kommuneplanen er styrande for forvalting av areala og naturressursane i kommunen. Det er behov for revisjon av arealbruk, og samstundes avklare viktige arealspørsmål med regionale myndigheiter. 1.3 Krav om konsekvensutgreiing Forskrift - Forskrift om konsekvensutredning av 26. juni 2009 (FOR 2005-04-01 nr 276) stiller krav til prosessen for utarbeiding av kommuneplanen sin arealdel og kommuneplanar der det vert lagt ut nye utbyggingsområde. Forskrifta er revidert med utgangspunkt i at kravet til konsekvensutgreiing for planar no er innarbeida i ny plandel i plan- bygningsloven. I den grad planen legg til rette for kjente, større tiltak skal planprogrammet klargjere kva konsekvensar som skal utgreiast. For kommuneplanen sin arealdel er det berre dei delar av planen som fastset rammer for framtidig utbygging og som inneber endringar i forhold til gjeldane plan som skal utgreiast. 1.4 Overordna rammer Ei rekkje nasjonale mål og føringar legg rammer for arbeidet med kommunedelplanane. Sjå 4.0 for tabell. 2.0 Delplanskildring for Gulen 2.1 Status for område i dag: Denne planen vart vedteken i kommunestyret 21 juni 2001 K sak 61 /01. Etter 10 år er det no trong for å revidere planen. Kommunen har nytta denne planen som grunnlag for prioritering av trafikksikringstiltak dei siste 10 åra, og det er no gjeve varsel om at planen no må erstattast av ny revidert plan. Som grunnlag for dette arbeidet vert nytta Vei leder frå Statens vegvesen, handbok 209. Frå og med 2001 har det vore ein føresetnad at for tildeling av trafikktryggingsmidlar at det føreligg slik plan.. Kommunedelplan for Trafikktrygging 2012-2024 4

Planprogram Kart 2a: Oversiktkart vegnett med ullukene i periode 1998-2001: Kart 2b: Oversiktkart vegnett med ulukkene i periode 2001-2012: Kommunedelplan for Trafikktrygging 2012-2024 5

2.2 Avgrensing av planområdet: Kommunedelplanen gjeld heile Gulen kommune og omfattar kommune-, fylkes- og riksvegane. Sjå kart 2 med oversikt av alle skulekretsar. Kart 3: Oversiktkart skule kretsar: 2.3 Formålet med planarbeid: Avklaring, på forkant av planarbeid, av stilling til i kva grad planen skal utarbeidast i eigen regi, eller om det skal hyrast inn ekstern plankompetanse som i 2000. Hovudføremål og utfordringar: Kartlegging trafikkfarlege punkt Prioritering fysiske tiltak Prioritering haldningsskapande tiltak Rullering kvart ferje år for oppdatering. Kommunedelplan for Trafikktrygging 2012-2024 6

Forslag til innhald: For å oppnå målretta innsats i trafikksikringsarbeidet er det naudsynt med god oversikt. Det vil seie: Oversikt ulike type ulukker og analyse av desse. Her vert synt til kapitlet registreringar og problemanalyse, jf vegleiar side 19 22. 2.4 Følgjande tema er vesentleg i nærare planarbeidet: Region- /kommunestruktur - Vurdere korleis ein kan utvikle samanhengande trafikknett og trafikknytepunkt. Dagens bygdesenter i Gulen er Eivindvik (kommunesenter), Brekke, Dalsøyra og Byrknes. Busetnad - Dei siste 14 åra har det vore ein nedgang i folketalet i Gulen kommune. Kommunedelplan for Trafikktrygging 2012-2024 7

1. januar 1996 var folketalet 2503. 1. januar 2010 var folketalet redusert til 2302 personar. Det er ei utfordring å avgrense/snu denne trenden i planperioden. - plasseringar av nye bustadfelt, - fortetting av eksisterande område, - avstand til arbeidsplassar, - avstand skule og barnehage, Næring og sysselsetjing - Vidareutvikling av næringsverksemder i Gulen er kommunen sin hovudstrategi for å utvikle fleire arbeidsplassar. Framtidsplanlegging for trafikk. Landbruk - Sikre eit framleis aktivt landbruk og eit levande kulturlandskap. Kartlegging kjerneområdar for landbruk og knyta til langsam trafikk på veggnett. Fritidsbusetnad Noverande status og vidare utvikling. Mogleg kartlegging av trafikkauking i ferie og helge tid. Energi Klima og energiplan for Gulen er vedteke. Har det følgje for trafikkutvikling i Gulen. Friluftsliv og rekreasjon bruk av veggnett i fritid. Sjå barnetråkkregistrering Samfunnstryggleik - Kommunen har svakt datagrunnlag for vurdering av naturrisiko/fareområde. Samfunnstryggleik skal vere ein viktig premiss for all planlegging i kommunen, og for kommuneplanen sin arealdel. Ei utvikling mot meir ekstremt ver, gjer det naudsynt å ta betre omsyn til naturrisiko (som flaum, ras og vind). Kartlegging av fareområde. Kommunen har ein Beredskapsplan (vedteken i 2004), ajourføring pågår i 2011. Ivareta emne om vassdrag, grunntilhøve, flaum, skred, brann, eksplosjonsfare, utslepp til sjø, vassdrag og luft. I tillegg nemnast støy. Viser til Sjekkliste for ROS-analysen. Statens vegvesen kom med oversiktskart for støysoner langs alle vegane i Gulen med avgrensing tom 55 db og høgre. Kommunedelplan for Trafikktrygging 2012-2024 8

Infrastruktur, samferdsel og IKT - Utvikling i Eivindvik kan få konsekvensar mellom anna for plassering av gang- og sykkelvegar. Ein bør setje krav til infrastrukturen med kommunen som styrande rolle. Rammeplan for avkjørsler med lagt inn tryggleiksklasser. Alternativ samferdsel i og rundt alle bygdesenter? Barn og unge - Barn og unge skal trivast så godt i kommunen at dei får lyst til å busetje seg her. Moglege samanslåing av barnehage med ungdomsskole? Kartlegging av viktige uteområde for barn og unge. Barnetråkkregistrering 2010 berre for Dalsøyra skule Oppmoding alle skulane i Gulen for rullering barnetråkkregistrering i 2013. I kombinasjon med rullering av kommuneplanen er det under vurdering å halde fotokonkurranse for å syne blant anna skuleveg. Ymse Innspel i tidlegare planarbeid. Innspel i forhold til rullering av kommunedelplan for Steine Sløvåg Skipavik Innspel i forhold til rullering av kommunedelplan for Eivindvik Innspel i forhold til barnetråkkregistrering 2010 for Skulekrets Dalsøyra Innspel i forhold til rullering av kommuneplanen for Gulen 2012-2024 2.5 Tema for konsekvensutgreiing: På neste side står tabell 2, som oppsummering av tema i 2.4, med tema for konsekvensutgreiingar med moglege verknader, kjent kunnskap og utgreiingsbehov. For å lukkast med ein slik plan vil nøkkelord vere: ei forankring på høgste politiske nivå i kommunen organisering av arbeidet og ein planprosess som gjev tverretatleg medverknad og eigarskap til innhaldet i planen at planen vert utforma som ein del av kommuneplanen og vert revidert på linje med denne. Som verkemiddel i det kommunale trafikktryggingsarbeidet kan nemnast: Tiltak på kommunale vegar Tiltak på riks- og fylkesvegar Arealplanlegging / lokalisering Trafikkopplæring / førebyggande arbeid Overvaking og kontroll Trafikkinformasjon Tiltak mot rusmidlar / kriminalitet Kommunedelplan for Trafikktrygging 2012-2024 9

Tabell 2: tema for konsekvensutgreiing Tema Moglege verknader Kjent kunnskap Utgreiingsbehov Regional utvikling Busetnad Helse og universell utforming Utvikling av næringsliv og sysselsetjing i regionen. Tilgjenge for alle i aktuelle byggjeområde. Regionale og statlege prosjekt SSB Sjå i samanheng med regionale prosjekt og analysar. Trafikk kapasitet Næring Vidare utvikling Vegnett Alternativ tung trafikk ruter avbrøytande tiltak? Landbruk Lokal langsam trafikk Vegnett Alternativ vurdering, avbrøytande tiltak? Friluftsliv og rekreasjon Ferie / helg trafikk Vegnett Alternativ vurdering, avbrøytande tiltak? Klima og energi Samfunnstryggleik Infrastruktur, samferdsel og IKT Trafikktryggleik Lokalsamfunn / barn og unge / kommunen klimagassutslepp og energiforbruk Nye byggjeområde kan ha risiko for utslepp til sjø og luft samt andre ulykker. Havnivåstigning, ekstremver Behov for oppgradering/ny infrastruktur knytt til nye næringsområde. Auka sjøvegs transport og hamnefunksjonar. Nye byggjeområde, næringsaktivitet og fastlandsforbindelse vil skape auka / endra trafikk Etablering av meir industri kan påverke det etablerte lokalsamfunnet Energiutgreiing Beredskapsplan Nasjonale databasar for flaum, skred, grunntilhøve. Prognosar for endra klima og havnivå. Diverse planar og prosjekt, kommune, BKK, private KDP for trafikksikring (2001-2004) NVDB nasjonal vegdatabank Barnetråkkregistrering Beredskapsplan Vurdering av nivå på utbygging, avbøtande tiltak, KDP klima og energi er vedteke Alternativ køyreruter Nødvendige tiltak i utbyggingsområde Alternativ vurdering, avbrøytande tiltak? Vurdere konsekvensar for lokalsamfunnet / barn og unge / kommunen Ny barnetråkkregistrering Kommunedelplan for Trafikktrygging 2012-2024 10

3.0 Organisering 3.1 Ansvar Formannskapet er styringsgruppe for arbeidet. Administrasjonen har ei plangruppe, samansett av rådmann, leiar Plan, landbruk og teknisk, rådgjevar oppvekst, rådgjevar utvikling, og plankonsulent. Plangruppa vil møtast ofte og samarbeide tett. For kvar delplan kan eksterne ressursar fungere som referansegruppe til ulike fagfeltsspørsmål og interesse, involvering av nabokommunen i planarbeid er mulig. Det vil verte vurdert å etabler andre (referanse-) grupper/utval dersom behov. Referansegruppe: 4 skulane i Gulen 4 barnehagane i Gulen Statens vegvesen, region Vest i Leikanger (sekretær for trafikktryggingsutvalet)*** Sogn billag Fjord1 i Sogndal Rutebilane i Brekke Gulen Lensmannskontor i Eivindvik *** fortnote: Fylkeskommune for Sogn og Fjordane blir representert ved vegvesen. Lag og organisasjonar er informert. Syner til referat av synfaring for trafikktryggleik dato 26.9.2002. Syner til referat av møte med Statens vegvesen dato 2.3.2011. Syner til møte med Statens vegvesen dato 21.9.2011 med digital synfaring. 3.2 Medverknad Regional organ - Planprogrammet skal klargjere korleis ulike interesser (grupper, personar, lag, foreiningar osv) kan og skal delta i planlegginga. Planforum som regional organ er deltakar i prosessen. Planprogram - Vi oppfordrar til medverknad og innspel ved å stille spørsmål om viktige tema. Infoavis - Varsel om oppstart vert sendt til alle husstandar gjennom den kommunale informasjonsavisa. Fyrste annonse kjem i Infoavis haust 2010. Internett - Legg opp til å nytte internett aktivt til informasjon og innhenting av synspunkt gjennom heile planprosessen. Det er oppretta ei eiga e-post adresse: postmottak@gulen.kommune.no. Denne kan nyttast til å sende inn synspunkt og innspel til planarbeidet. Informasjon og viktige dokument vil verte lagt ut på www.gulen.kommune.no under ny side: planar (sjå linken under Organisasjon). Her kjem fram link til braplan http://braplan.geoweb.no/braplan/ også for å gje muligheit for å følgje prosessen. Kommunedelplan for Trafikktrygging 2012-2024 11

Grendamøte - Det vart gjennomført 3 bygdemøter i kombinasjon med rullering av kommuneplanen for Gulen i periode november 2012 januar 2013. Planlegging av bygdemøte i kommunedelplan følgjar mal for framdriftsplan som er vist i 3.3 på neste side. Møter/samarbeid - Inviterte aktuelle grupper til diskusjons- og samarbeidsmøte. Døme på grupper vil vere barn og unge og næringslivet. Kommunen vil invitere statlege og regionale myndigheiter til planforum/samrådsmøte etter behov. Kommunen har i gjort samrådingsmøte 21.9.2011 med ovanfor nemnte instansar. Målet med møte var oppdatering og sjekk av tiltak ifølgje tiltaksliste frå 2.3.2011. Det skal kome ny forslag for samrådingsmøte med referansegruppe før sommar 2013. Offentleg ettersyn - arealplanen vert utarbeidd med bruk av arealanalyse, kartfesting av innspel til endra, arealbruk, behovsanalyse, konsekvensutgreiing (KU) og risiko og sårbarheitsanalyse (ROS). Oppsummering merknader innan planoppstart høyringsperiode i 2011 Det vart kome inn følgjande merknader frå (dagsett til og med 4. februar 2013): Eivindvik og Omegn og bygdeutvikling Gulen næringsråd Hjartholm Dalsøyra skule Dingja Vel Drift og vedlikehald avdeling Breidvik og Bålen Brekke helselag Eivindvik og Omegn Bygdeutvikling Statens vegvesen, referat møte 21.9.2011 Krekebærtua Furnes Statens vegvesen, oversending oversikt for trafikkulukkene 2001 2011 I tillegg kom det inn merknader i samband med rullering av kommuneplanen som er knytt til trafikktryggingstiltak. Vedlagt er oversikt av samla tiltak med status så langt. Oversikt blir sendt med på høyring for å få nærare opplysingar status for vurdering i forhold til ny handlingsplan og økonomiplan for trafikktrygging. Kommunedelplan for Trafikktrygging 2012-2024 12

3.3 Framdrift kommunedelplan, mal for revisjon av arealdel (EKSEMPEL) Kommunedelplan for Trafikktrygging 2012-2024 13

4.0 Planføresetnader og overordna rammer Ei rekkje nasjonale mål og føringar legg rammer for arbeidet med kommuneplanen. Oppsummering År a b c d e Rikspolitiske retningsliner Samordnet areal- og transportplanlegging 1993 http://www.lovdata.no/cgi-wift/ldles?doc=/sf/sf/sf-19930820-0817.html Barn og planlegging 1995 http://www.lovdata.no/cgi-wift/ldles?doc=/sf/sf/sf-19950920-4146.html Andre overordna føringar St.meld. Nr. 21 Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand 2003 Lover / Forskrift / Rundskriv / Publikasjonar: Plan og bygningslov http://www.lovdata.no/all/nl-19850614-077.html Forskrift om konsekvensutredning http://www.fylkesmannen.no/ku_forskriften_endringer_141009_fqxtv.pdf.file Rundskriv Nasjonale mål og interesser i fylkes- og kommuneplanlegging T-2/98 B http://www.regjeringen.no/nb/dep/md/dok/rundskriv/1999/t-599-b-tilgjengelighet-for-alle-.html?id=108439 Rundskriv Tilgjengelighet for alle T-5/99 http://www.regjeringen.no/nb/dep/md/dok/rundskriv/1999/t-599-b-tilgjengelighet-for-alle-.html?id=108439 Rundskriv Arealplanlegging og utbygging i fareområder T-5/97 http://www.regjeringen.no/nb/dep/md/dok/rundskriv/1997/t-597-fareomrader.html?id=108139 Rundskriv Lover og retningslinjer for planlegging og ressursutnytting i kystsonen T-4/96 http://www.regjeringen.no/nb/dep/md/dok/rundskriv/1996/t-496-ressursutnytting-i-kystsonen.html?id=108068 Rundskriv Kulturminnevern og planlegging etter plan- og bygningsloven T-4/92 http://www.regjeringen.no/nb/dep/md/dok/rundskriv/1992/t-492-kulturminnevern.html?id=107839 Vern om jord og kulturlandskap 2006 Statens melding 16 Resept for et sunnere Norge - Statens melding 23 (2001-2002) Betre miljø i byer og tettsteder 2001-2002 Statens melding 26 (2006-2007) Regjeringens Miljøvernpolitikk og rikets Miljøtilstand 2006-2007 Statens melding 29 (1996-1997) Regional planlegging og arealpolitikk 1996-1997 Statens melding 34 klima - Statens melding 39 (2002-2003) nedbygging av funksjonshemmende barrierer 2002-2003 Statens melding 58 (1996-1997) Miljøvernpolitikk for ein berekraftig utvikling (jf. Særleg 1996-1997 avsnitt om << miljøvern i kommunane til lokal agenda 21>> - avsnitt 3.4.2. m.m.) Universelle Utforming - Plan og kart etter plan- og bygningsloven 2005 Retningslinjer for behandling av støy i arealplanleggingen T-1442 2005 Skjerping av planpraksis og dispensasjonspraksis i strandsoneområdene 1999-2002 Retningslinje NVE 1/2008 http://www.nve.no/no/flom-og-skred/arealplaner-i-fareomrader/panlegging-og-utbygging-i-fareomrader-langs-vassdrag/ 2008 Retningslinje GIS i samfunnssikkerhet og arealplanlegging (Sjekklister for ROS-analyser) - Retningslinje for lokal klimatilpassingsstrategi - Regionale målsetjingar og rammer Fylkesplan 2005-2008 "Vegen vidare for Sogn og Fjordane" 2005-2008 Fylkesdelplan: Klima og energi - Fylkesdelplan: Idrett og friluftsliv - Fylkesdelplan: Landbruk - Fylkesdelplan: Arealbruk - Fylkesdelplan for Gulen, Masfjorden og Høyanger sør 1993 Rettleiing Statens vegvesen: Kommunale trafikksikkerheitsplanar 209 10. 1998 2009 2009 1998 1999 1997 1996 1992 Kommunedelplan for Trafikktrygging 2012-2024 14