HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 201302651-1 Arkivnr. 831 Saksh. Jacobsen, John Martin Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 21.03.2013 SØKNADER OM TEST OG UTVIKLING AV TEKNOLOGI FOR BIOGASSHYBRIDBUSSAR FYLKESKOMMUNAL EIGENANDEL SAMANDRAG Fylkesrådmannen legg med dette fram sak om fylkeskommunal eigenandel i samband med søknadar om test og utvikling av teknologi for biogasshybridbussar i Bergen. Hordaland fylkeskommune v/skyss har delteke som partner i EU-prosjektet Baltic Biogas Bus prosjektet (BBB). Ein av konklusjonane frå BBB-prosjektet er at ein biogasshybridbuss på batteridrift der ein gassmotor lader batteria, vil ha mange fordeler når det gjeld energieffektivitet og utslepp. Partnerane i BBB-prosjektet er blitt invitert inn til å søke om investeringsmidlar frå EU til ei vidareføring av BBB-prosjektet. Skyss har saman med HOG Energi starta opp eit forprosjektet om test og utvikling av teknologi for biogasshybridbussar. Forprosjektet har blant anna som mål å få utarbeid søknader til EU og Transnova om test og utvikling av teknologi for biogasshybridbussar i Bergen. Når det gjeld søknaden til EU er det krav om minimum 50 % eigenandel. Fylkesrådmannen er positiv til arbeidet som blir gjort med å få sendt inn søknadar for å få testa og utvikla biogasshybridbussar. Fylkesrådmannen tilrår med dette at fylkesutvalet stiller til rådvelde inntil 10 millionar kroner som eigenandel frå Hordaland fylkeskommune til test og utvikling av teknologi for biogasshybridbussar i Bergen i samband med søknader til EU og Transnova.
FORSLAG TIL VEDTAK 1. Fylkesutvalet ser det som viktig i utviklinga av eit framtidsretta og miljøvennleg kollektivtilbod å få testa ut teknologi for biogasshybridbussar i Bergen. 2. Fylkesutvalet stiller til rådvelde inntil 10 millionar kroner som eigenandel frå Hordaland fylkeskommune til test og utvikling av teknologi for biogasshybridbussar i Bergen i samband med søknader til EU og Transnova. Rune Haugsdal fylkesrådmann Thorbjørn Aarethun samferdselssjef Vedlegg: Forprosjekt om test og utvikling av teknologi for biogasshybridbusser 2
FYLKESRÅDMANNEN, 18.03.2013: Bakgrunn Hordaland fylkeskommune v/skyss og HOG Energi har delteke som partnerar i EU-prosjektet Baltic Biogas Bus prosjektet (BBB). Partnerane i BBB-prosjektet er blitt invitert inn til å søke om investeringsmidlar frå EU til ei vidareføring av BBB-prosjektet. Av omsyn til tidsfristar for å søke om midlar frå Transnova 22. mars og EU 8. april så blir denne saka lagt rett fram for fylkesutvalet utan handsaming i samferdselsutvalet. Baltic Biogas Bus prosjektet Baltic Biogas Bus prosjektet (BBB) har hatt som målsetting å innføre samt auke bruk av biogass som drivstoff i kollektivtrafikken. 12 partnerar frå 8 ulike land har delteke i samarbeidet, blant anna Hordaland fylkeskommune v/skyss og HOG Energi. Gjennom deltakinga i EU-prosjektet Baltic Biogas Bus har Skyss og HOG Energi fått tilgang til kompetanse og internasjonale erfaringar med biogass i busser. I BBB-prosjektet har seks samarbeidande byar fått insitament og dokumentert at det er fornuftig med ein overgang til biogass som drivstoff i kollektivtrafikken. I prosjektperioden har det blitt kjøpt inn over 300 gassbusser blant anna, over 80 nye gassbussar i hhv. både Bergen og Oslo. I løpet av det treårige prosjektet har interessa for å ta i bruk biogass vore aukande, denne tendensen er også aukande også i resten av Europa og globalt. For meir informasjon om BBB-prosjektet blir det vist til: www.balticbiogasbus.eu. Viktige konklusjonar i BBB-prosjektet I BBB-prosjektet hadde HOG Energi bl.a. ansvaret for arbeidspakken «WP 6.7 Technical requirements for a biogas fuelled bus design». Denne arbeidspakken hadde som mål å peike på forbetringspotensial for design av biogassbussar. Her blei ein av konklusjonen at ein gasshybridbuss på batteridrift der ein gassmotor lader batteria, ville ha mange fordeler når det gjeld energieffektivitet og utslepp. Foreløpige berekningar tilseier at det er mogleg å redusere energibruken og utslepp med rundt 30 % i høve til dagens moderne og effektive gassbussar. Utfordringa har heile tida vore at biogassmotoren har hatt lag virkningsgrad i høve til dieselmotoren ved varierande lastpådrag. Hybridteknologi med batteri og biogassmotor vil gi gassmotoren optimale driftstilhøve og biogassmotoren kan då bli like energieffektiv som dieselmotoren. Samstundes fører hybridteknologien at det er mogleg at bremseenergien kan bli lagra i batteria. I BBB-prosjektet har fleire fagmiljø peika på biogass som eit av dei mest miljøvennlige drivstoffa. CO2-nøytralitet kombinert med partikkelfri eksos gjer at biogass kjem svært godt ut samanlikna med dei andre biodrivstoffa når gjeld utslepp. Hovudpunkt frå forprosjekt om test og utvikling av teknologi for biogasshybridbussar Skyss har saman med HOG Energi starta opp eit forprosjektet om test utvikling av teknologi for biogasshybridbussar. Beskrivelse av forprosjektet er vedlagt. Forprosjektet har følgjande mål: «Å utforme en prosjektplan for test og utvikling av teknologi for biogasshybridbusser med støtte fra Baltic Sea Region (BSR) og fra Transnova. Å delta i utviklingen av en søknad om EU-midler til en forlengelse av BBB-prosjektet der demonstrasjonen av biogasshybridbussen blir en av aktivitetene. Å innlede diskusjon med potensielle produsenter om designet av en biogasshybrid buss.» Sentralt i den tidlige fasen av forprosjektet er å gjennomføre forstudie av potensielle produsentar av biogasshybridbusser 3
Den finansieringa som er tilgjengeleg frå EU, er rest-midlar frå den norske finansieringa (ca. 1 mill. EUR) av Østersjøprogrammet (The Baltic Sea Region Programme 2007-2013). Programmet blei avslutta i 2013. Rest-midlane som nå er gjort tilgjengeleg kan gå til ei vidareføring av BBB-prosjektet. EU-legg opp til ein prosjektperiode på 15 månadar. Forprosjektet og søknaden til EU har potensial til å få ut ca 7,5 mill kr i støtte fra Interreg IVB programmet for BSR til videreutvikling av en miljøvennlig kollektivtransport. I tillegg kan det vere mogleg å få ut tilsvarande midlar frå Transnova. Støtta frå EU og evnt. Transnova skal i all hovudsak gå til investering i bussar med gasshybridteknologi som skal bli testa ut i Bergen. Om hybridteknologi Det er to aktuelle teknologiar som er i bruk når det gjeld hybridteknologi for buss. Ein parallellhybrid buss har ein elektromotor plassert på drivlinja mellom motor og hjul, medan ein seriell hybrid berre har ein elektromotor som framdrift og ein motor som berre produserar elektrisistet. Det er parallellhybrider som dominerer marknaden i dag, mens vi i dette prosjektet ønskjer å få utvikla og testa ein seriell hybrid. Fordelen med seriell hybrid er at biogassmotoren kan gå på konstant og optimalt turtall og slik føre til at motorens virkningsgrad blir på nivå med dieselmotoren. Det blir rekna med at ein slik buss vil bruke 30 % mindre energi enn ein konvensjonell buss. Teknologiutviklingselementet i prosjektet er å finne optimal design av bussen. Her står dimensjonering av batteripakke og biogassmotor sentralt. Dessutan er det ei utfordring å finne plass til både motor, batteri og gasstankar utan at det går ut over vektbalansen. Dette vil bli ein det av utviklingsarbeidet som vil skje i nært samarbeid med leverandør. Den busstypen som vi ønskjer å utvikle og teste er ein 18 meter lang buss (leddbuss) med gasshybridteknologi til bruk på ei av dei tyngste busslinjene i Bergen. Etter det vi kjenner til er det ikkje utviklet gasshybridteknologi for denne typen buss. Prosjektet skal vurdere ulike leverandører av busser. Vidare vil det bli lagt stor vekt på driftserfaringane når det gjeld køyrbarheit, komfort for sjåførar og passasjerar, utslepp til luft og energiforbruk. Fylkesrådmannen sine vurderingar Fylkesrådmannen er positiv til det arbeidet som blir gjort med å få sendt inn søknadar til EU og Transnova for å få testa og utvikla gasshybridbussar. Fylkesrådmannen sluttar seg med dette til innhaldet i forprosjektet. Det blir lagt til grunn at forprosjektet blir finansiert over Skyss sitt budsjett. Det er rest-midlar frå den norske finansieringa (ca. 1 mill. EUR) av Østersjøprogrammet (The Baltic Sea Region Programme 2007-2013) som det vil bli søkt om som finansiering frå EU. Når det gjeld støtta frå Transnova så vil det det bli søkt om midlar frå ordninga som skal fremje klimaeffektive transportløysingar. Å få testa ut teknologi for gasshybridbussar i Bergen ser fylkesrådmannen som ein viktig del i utviklinga av eit framtidsretta og miljøvennleg kollektivtilbod. Ei eventuell støtte frå EU og Transnova vil i hovudsak gå til å investere i nye bussar som nyttar gasshybridteknologi. Det er ei målsetting å få testa ut minimum to bussar med denne teknologien på ei av stamlinjene i Bergen. Fylkesrådmannen er gjort kjent med at fleire potensielle leverandørar kan levere bussar med den aktuelle teknologien. Analyser viser at den aktuelle teknologien kan føre til at energibruk og utsleppa blir redusert med rundt 30 % sett i høve til dei gassbussane som er i trafikk i Bergen i dag. Av omsyn til reglane for å få støtte frå EU så må fylkeskommunen stå som eigar av bussane. Fylkesrådmannen vil i det vidare arbeidet avklare kvar eigarskapet til bussane skal vere i fylkeskommunen. Det har vore dialog med Tide Buss As om å få teste ut teknologi for gasshybridteknologien på aktuelle busslinjer i Bergen. Tide Buss As er positiv til dette. Fylkesrådmannen føreset at når lokal biogass er tilgjengeleg så kan denne bli brukt på desse bussane. Fram til lokal biogass er tilgjengelig vil bussane nytte naturgass. Det viktigaste med prosjektet er å få teste ut gasshybridteknologi. Dette er uavhengig om det er bio- eller naturgass som vil bli drivstoff på bussane. I følgje Bergen kommune vil biogassanlegget vere i drift i løpet av 2014. Fylkesrådmannen 4
vil her vise til vedtak i sak om bruk av biogass på gassbussar i Hordaland som vart handsama av fylkesutvalet på møte 29. august 2012. Det blei her gjort følgjande vedtak: «Fylkesutvalet ber administrasjonen initiere eit samarbeid med Bergen kommune med det føremål at biogass frå Rådalen kan leverast til gassbussane i Bergen i tråd med reglane om eigenregi.» Når det gjeld søknaden til EU er det krav om minimum 50 % eigenandel frå fylkeskommunen. Transnova stiller og krav til eigenandel. Fylkesrådmannen vil tilrå at fylkesutvalet stiller til rådvelde inntil 10 millionar kroner som eigenandel frå Hordaland fylkeskommune til test og utvikling av teknologi for biogasshybridbussar i Bergen i samband med søknader til EU og Transnova. Fylkesrådmannen legger til grunn at eventuelle støttebeløp og eigenandel vil gå til investering og drift av bussane i prosjektperioden. Det er no vanskeleg å vere konkret på omfanget av prosjektet før ein har vore i forhandlingar med potensielle bussleverandørar om kva kostnadane med ein eller fleire gasshybridbussar vil vere. I prosjektet er det lagt opp til måling av blant anna forbruk av gass. Når prosjektperioden er ferdig legg fylkesrådmannen til grunn at gasshybridbussane vil gå over i ordinær drift og at drifta vil bli dekka over dei aktuelle rutepakkane sitt budsjett. Fylkesrådmannen vil kome attende til samferdselsutvalet og fylkesutvalet så snart han har fått tilbakemelding på søknadane til EU og Transnova om test og utvikling av teknologi for biogasshybridbussar i Bergen. 5