Sender vedlagt saksprotokoll med saksframlegg for Nærøyfjorden verneområdestyre sak 16/14.

Like dokumenter
Nærøyfjorden landskapsvernområde - melding om vedtak - bygging av badestamp på Øvste Stigen

Nærøyfjorden landskapsvernområde - melding om vedtak - gjennoppføring av tilbygg på stølshuset på Åsen

Nærøyfjorden verneområdestyre - melding om vedtak - tilrettelegging av lagerrom på Salthella

Delegert vedtak - Dispensasjon - Nærøyfjorden landskapsvernområde - HOH motorferdsel - NIVA

Delegert vedtak - dispensasjon - Nærøyfjorden landskapsvernområde - Rimstigen - ny bru - grunneigarar Bakka

Sender vedlagt saksprotokoll med saksframlegg for Nærøyfjorden verneområdestyre sak 6/14.

Nærøyfjorden landskapsvernområde - melding om vedtak - transport av materiale og proviant med traktor til Hjølmo

Stølsheimen landskapsvernområde - melding om vedtak - enkel tilrettelegging av sti mellom Vatnane og Åsedalen

Nærøyfjorden landskapsvernområde - uttak av torv til torvtak på Skogastova

Dispensasjon - Nærøyfjorden landskapsvernområde - tilrettelegging av Brekkestien i Flåm - utviding av tiltaket

Møteinnkalling. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU

Møteprotokoll. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU

Møteinnkalling. Nærøyfjorden verneområdestyre

Møteinnkalling. Utval: Nærøyfjorden verneområdestyre Møtestad: E-post Dato: Tidspunkt: 09:00

Sender vedlagt saksprotokoll med saksframlegg for Nærøyfjorden verneområdestyre sak 4/16

Nærøyfjorden landskapsvernområde - melding om vedtak - sankebu i Ljosdalen

Stølsheimen landskapsvernområde - løyve til utbetring av stølsstien ovanfor Negardstølen

Delegert vedtak - Dispensasjon - Nærøyfjorden landskapsvernområde - motorferdsel - transport av utstyr til Vassete

Besøksadresse Fjordsenteret 5745 Aurland. Sakshandsamar Anbjørg Nornes Vår ref. 2018/ Dykkar ref. Dato

Sender vedlagt saksprotokoll med saksframlegg for Nærøyfjorden verneområdestyre sak 3/14.

Møteinnkalling. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU

Kjentmannskøyring for Vik Røde Kors Hjelpekorps i Nærøyfjorden landskapsvernområde

Sender vedlagt saksprotokoll med saksframlegg for Nærøyfjorden verneområdestyre sak 12/14.

Adresseliste: NÆRØYFJORDEN VERNEOMRÅDESTYRE NÆRØYFJORDEN VERNEOMRÅDESTYRE - KONSTITUERING FOR PERIODEN

Møteinnkalling. Sigbjørn Hauge møter som vararepresentant for Bjørg Djukastein.

Sender vedlagt saksprotokoll med saksframlegg for Nærøyfjorden verneområdestyre sak 16/16.

Møteinnkalling. Utval: Nærøyfjorden verneområdestyre Møtestad: E-postmøte Dato: Tidspunkt: 09:00

Møteinnkalling. Hilmar Høl er kalla inn som vara for Gunn Åmdal Mongstad.

Stølsheimen landskapsvernområde - melding om vedtak - motorferdsel i samband med kvisting av skiløype

Møteprotokoll. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU

FOLGEFONNA NASJONALPARKSTYRE

Møteprotokoll. Nærøyfjorden verneområdestyre

Møteprotokoll. Nærøyfjorden verneområdestyre

Nærøyfjorden landskapsvernområde - løyve til motorferdsel i samband med tilsyn av inngjerda salteplassar

Delegert vedtak - Løyve til helikoptertransport i samband med sau i skårfeste - Buer landskapsvernområde og Folgefonna nasjonalpark

Møteinnkalling. Det vert servert lunsj på hotellet kl Møtet startar kl

Møteprotokoll. Nærøyfjorden verneområdestyre

Nærøyfjorden landskapsvernområde - melding om vedtak - ombygging av stølshuset på Fristølen

Stølsheimen landskapsvernområde - melding om vedtak - tiltak for kryssing av Torvedalselvi

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Nærøyfjorden landskapsvernområde - dispensasjon til inngjerding av salteplassar for å hindre spreiing av skrantesjuke (CWD).

Møteinnkalling. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU

Møteinnkalling. Utval : Nærøyfjorden verneområdestyre Møtesta d: E - post, Aurland Dato: Tid spunkt : 14:00

Møteprotokoll. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU. Følgjande faste medlemmar møtte: Namn Funksjon Representerer Noralv Distad Hans Erik Ringkjøb

Stranda kommune Næring og teknisk

Nærøyfjorden landskapsvernområde - melding om vedtak - etablering av ny flytekai i Gudvangen

Møteinnkalling. Utval : Verneområdesty re for Nærøyfjorden Møtesta d: Vossestølen Hotell, Voss, Oppheim Dato: Tidspunkt : 10:00

Løyve til motorferdsel med snøskuter til Sandvinsstølane ifolgefonna nasjonalpark. Delegert vedtak

Møteinnkalling. Utval: Nærøyfjorden verneområdestyre Møtestad: E-post Dato: Tidspunkt: 09:00

Møteinnkalling. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU

Møteprotokoll. Nærøyfjorden verneområdestyre, AU

Møteprotokoll. Følgjande medlemmar meldte forfall: Namn Funksjon Representerer Bjørg Djukastein MEDL VOSS

FOLGEFONNA NASJONALPARKSTYRE

Møteprotokoll. Verneområdestyre for Nærøyfjorden

Løyve til motorferdsel Delegert vedtak

Møteinnkalling. Utval: Stølsheimen verneområdestyre Møtestad: Myrkdalen Hotell Dato: Tidspunkt: 12:00 15:30

Breheimen nasjonalparkstyre hadde møte I møte vart søknaden handsama.

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Møteprotokoll. Nærøyfjorden verneområdestyre

Møteinnkalling. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU

Partsbrev - Folgefonna Nasjonalpark - Kvinnherad - Organisert ferdsel - Ski & sail Rosendal

STØLSHEIMEN VERNEOMRÅDESTYRE Stølsheimen landskapsvernområde

FOLGEFONNA NASJONALPARKSTYRE

Møteprotokoll. Nærøyfjorden verneområdestyre

STØLSHEIMEN VERNEOMRÅDESTYRE Stølsheimen landskapsvernområde

Møteprotokoll. Nærøyfjorden verneområdestyre

Løyve til motorferdsel med helikopter i Folgefonna nasjonalpark og Buer landskapsvernområde - Norges geologiske undersøkelser

Geiranger-Herdalen landskapvernområde sitt styre gjekk einstemmig inn for å dispensasjon til søkjar, som innstilling:

Møteinnkalling. Utval : Nærøyfjorden verneområdesty re Møtesta d: Flåm Panorama, Flåm Dato: Tidspunkt : 09:00 09:30

Møteprotokoll. Nærøyfjorden verneområdestyre

Kjentmannskøyring for Vik Røde Kors Hjelpekorps i Stølsheimen landskapsvernområde

Møteinnkalling. Nærøyfjorden verneområdestyre

Løyve til installering og drift av fastmontert kamera ved Bondhusbreen i Folgefonna nasjonalpark

VERNEOMRÅDESTYRET FOR NÆRØYFJORDEN - INNKALLING TIL MØTE

Partsbrev - Dronefilming i Folgefonna nasjonalpark og Buer landskapsvernområde - Reisemål Hardangerfjord - Folgefonna nasjonalparkstyre

Møteinnkalling. Utval : Nærøyfjorden verneområdesty re Møtesta d: Aurland, Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 08:30

Delegert vedtak. Stølsheimen landskapsvernområde - kjentmannstur for evakueringsrute frå rv. 13 på Vikafjellet over Finnbunuten

Møteprotokoll. Følgjande medlemma r meldt e forfall : Namn Funksjon Representerer Jan Geir Solheim MEDL LÆR

Møteinnkalling. Utval: Nærøyfjorden verneområdestyre Møtestad: E-post Dato: Tidspunkt: 10:00

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre

Møteprotokoll. Nærøyfjorden verneområdestyre

Nasjonalparkstyret for Reinheimen har i møte , sak 3/13 gjort følgjande vedtak:

Sender vedlagt saksprotokoll med saksframlegg for Nærøyfjorden verneområdestyre sak 12/16.

Møteprotokoll. Stølsheimen verneområdestyre, AU

Møteinnkalling. Nærøyfjorden verneområdestyre

Møteinnkalling. Nærøyfjorden verneområdestyre. Eventuelt forfall må meldast snarast på tlf Vararepresentantar møter etter nærare beskjed.

Møteprotokoll. Nærøyfjorden verneområdestyre

Møteprotokoll. Følgjande medlemma r meldt e forfall : Namn Funksjon Representerer Jan Geir Solheim MEDL LÆR

Møteinnkalling. Utval : Nærøyfjorden verneområdesty re Møtesta d: Undredal skule Dato: Tidspunkt : 10:00

Møteinnkalling. Utval: Nærøyfjorden verneområdestyre Møtestad: E-post Dato: Tidspunkt: 09:00

Møteinnkalling. Breheimen nasjonalparkstyre

NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN DISPENSASJON - UTLADALEN LANDSKAPSVERNOMRÅDE - ETABLERING AV NYTT VANNINNTAK OG HELIKOTERTRANSPORT

Vilkår: REINHEIMEN NASJONALPARK; LORDALEN LANDSKAPSVERNOMRÅDE - SØKNAD OM BRUK AV SNØSKUTER TIL FRAKT AV. Utskrift av saka følgjer vedlagd.

Viser til søknad av Nasjonalparkstyret har behandla saka i møte , og har gjort slik

Møteinnkalling. Utval: Stølsheimen verneområdestyre Møtestad: Blix Hotell, VIk Dato: Tidspunkt: 10:30 13:00

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre

Sak - Breheimen nasjonalpark - Transport av ved til hytte ved Kollungstjønn og Haukberghytta - Skjåk JFL

Møteinnkalling. Nærøyfjorden verneområdestyre

Kopi til: Fylkesmannen i Oppland Miljødirektoratet Skjåk kommune Administrativ faggruppe NASJONALPARKSTYRET FOR REINHEIMEN

Møteprotokoll. Verneområdestyre for Nærøyfjorden

Transkript:

NÆRØYFJORDEN VERNEOMRÅDESTYRE Nærøyfjorden landskapsverneområde Bleia - Storebotnen landskapsvernområde Bleia naturreservat Nordheimsdalen naturreservat Grånosmyrane naturreservat Stigen Gard og Turer SAKSBEHANDLAR: ANBJØRG NORNES ARKIVKODE: 2014/914-432.2 DATO: 28.03.2014 NÆRØYFJORDEN LANDSKAPSVERNOMRÅDE - OPPSETTING AV GJERDE PÅ STIGEN Sender vedlagt saksprotokoll med saksframlegg for Nærøyfjorden verneområdestyre sak 16/14. Klage Vedtaket kan klagast inn for Miljøverndepartementet av partar i saka eller andre som har rettsleg klageinteresse med ein frist på 3 veker jf. forvaltningslova 28. Klagen skal sendast verneområdestyret v/sekretariatet, som kan gje nærare opplysningar om klagerett og rett til og sjå saksdokument. Med helsing Noralv Distad Leiar Nærøyfjorden verneområdestyre Anbjørg Nornes sekretær verneområdestyret Dokumentet er elektronisk signert. Kopi pr. e-post til: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Njøsavegen 2 Aurland kommune Vangen 1 Miljødirektoratet Pb 5672 Sluppen SNO, Aurland POSTADRESSE: NJØSAVEGEN 2, 6863 LEIKANGER BESØKSADRESSE: FJORDSENTERET, 5745 AURLAND TELEFON: DIREKTE:57643129/99499753 SENTRALBORD:57 64 30 00 SOGN OG FJORDANE: FMSFPOST@FYLKESMANNEN.NO ORG.NR: SOGN OG FJORDANE: 974 763 907

NÆRØYFJORDEN VERNEOMRÅDESTYRE Saksframlegg Arkivsaksnr: 2014/914-0 Saksbehandlar: Anbjørg Nornes Dato: 27.02.2014 Utval Utvalssak Møtedato Nærøyfjorden verneområdestyre 16/14 24.03.2014 Nærøyfjorden landskapsvernområde - Oppsetting av gjerde på Stigen Innstilling frå forvaltar Nærøyfjorden verneområdestyre gjev Stigen Gard og Turer v/hege Strømme og Dee Cunningham løyve til å sette opp fastgjerde på Stigen til oppdeling av innmarksbeite. Løyve er gjeve med heimel i verneforskrift for Nærøyfjorden landskapsvernområde 3 pkt. 1.3 f). Løyvet gjeld med fylgjande vilkår: Gjerdet skal setjast opp i samsvar med plan vedlagt søknaden. Gjerdet skal fjernast når det ikkje lenger er i bruk. Der gjerde kryssar stiar i området, skal det setjast opp grind/gjerdeklyv. Tiltaksmidlar til gjerding Verneområdestyret løyver kr. 10 000 av tiltaksmidlane til Stigen Gard og Turer v/hege Strømme og Dee Cunningham til gjerdemateriell. Midlane kan utbetalast når arbeidet er kome i gang. Frist for utbetaling er 31.10.14. Rekneskap for prosjektet skal leggjast fram for sekretariatet når arbeidet er ferdigstilt. Saksprotokoll i Nærøyfjorden verneområdestyre - 24.03.2014 Handsaming i møte Til møtet var det kome endringar i planane for oppsetting av gjerde rundt tunet og stien ved Øvste Stigen. Framlegg til vedtak: NÆRØYFJORDEN VERNEOMRÅDESTYRE SIDE 2

Vedtak i samsvar med innstilling frå forvaltar, men med endring i vilkår om at gjerdet skal setjast opp i samsvar med plan vedlagt søknaden, og etter avtale med involverte grunneigarar. Framlegget vart samrøystes vedteke. Vedtak Nærøyfjorden verneområdestyre gjev Stigen Gard og Turer v/hege Strømme og Dee Cunningham løyve til å sette opp fastgjerde på Stigen til oppdeling av innmarksbeite. Løyve er gjeve med heimel i verneforskrift for Nærøyfjorden landskapsvernområde 3 pkt. 1.3 f). Løyvet gjeld med fylgjande vilkår: Gjerdet skal setjast opp i samsvar med plan vedlagt søknaden, og etter avtale med involverte grunneigarar. Gjerdet skal fjernast når det ikkje lenger er i bruk. Der gjerde kryssar stiar i området, skal det setjast opp grind/gjerdeklyv. Tiltaksmidlar til gjerding Verneområdestyret løyver kr. 10 000 av tiltaksmidlane til Stigen Gard og Turer v/hege Strømme og Dee Cunningham til gjerdemateriell. Midlane kan utbetalast når arbeidet er kome i gang. Frist for utbetaling er 31.10.14. Rekneskap for prosjektet skal leggjast fram for sekretariatet når arbeidet er ferdigstilt. Saksopplysningar Dokument som bakgrunn for saka: Søknad om løyve til oppdeling av innmarksbeite på Stigen, Stigen Gard og Turer, 26.02.2014 Søknad om tiltaksmidlar til gjerdeprosjektet, Stigen Gard og Turar, 26.02.2014 Kart med innteikna plan for gjerde, 26.02.2014 Søknaden vert vurdert etter: Forskrift om vern av Nærøyfjorden landskapsvernområde av 08.11.2002 Naturmangfaldlova av 19.06.2009 Forvaltningsplan for Vestnorsk fjordlandskap delområde Nærøyfjorden 2007 Skjøtsel av kulturlandskap og tilrettelegging for friluftsliv, høgdegarden Stigen i Aurlandsfjorden, rapport nr. 3-2008, Aurland Naturverkstad Hege Strømme og Dee Cunningham er eigar og drivar av Nedste Stigen, gnr. 53, bnr. 2, og har avtale om drift på Øvste Stigen, gnr. 53, bnr. 1. Gardane på Stigen vert drifta saman med garden i Fresvik, som er driftssenteret. I 2012 hadde dei omlag 70 sauer og lam på beite på Stigen. I 2012 fekk dei løyve av verneområdestyret til å setja opp fastgjerde rundt innmarka på begge bruka på Stigen (ref. 2012/892). Beitedyra er viktige for å halda ope kulturlandskapet på Stigen. For å kunne auka beitepresset meir, og sirkulera betre på beitinga, søkjer dei om å få setja opp gjerde for å dela opp innmarka i 3 beite. Ved å sirkulera på beita, kan beiteområda slåast og deretter kvila. Dette vil gje betre beitehygiene. Dei har hatt NÆRØYFJORDEN VERNEOMRÅDESTYRE SIDE 3

problem med mykje trakk i stien av både sauer og turgåarar mellom Øvste og Nedste Stigen. Ved å dela opp beita, kan dei stenge sauene ute frå stien i deler av beitetida. Gjerdeprosjektet er delt inn i fleire steg. Fyrste steg er beite på Nedste Stigen. Stien mellom gardane må utbetrast før dei kan setja opp gjerde på Øvste Stigen. Eigar på Øvste Stigen er positiv til tiltaket. Utbetring av stien håpar dei verneområdeforvaltninga og SNO kan gjennomføra i år. Gjerdeprosjektet er planlagt avslutta i 2015. Kostnaden med gjerdemateriell er budsjettert til kr. 49 860. I tillegg kjem kostnad med oppsett av gjerdet. Dei har søkt om SMIL-midlar til tiltaket frå Aurland kommune. I tillegg vert det utbetalt tiltaksmidlar i samsvar med skjøtselsavtale med Stigen Gard og Turar. Deler av gjerdeprosjektet kan finansierast av desse midlane. Lovgrunnlaget «Føremålet med Nærøyfjorden landskapsvernområde er å ta vare på eit vakkert og eigenarta natur- og kulturlandskap frå fjord til fjell i eit storfelt isbreutforma landskap med ein mangfald av plante- og dyreliv og der eit kulturlandskap med slåtteteigar, beitelandskap, stølsområde, gardsbruk og kulturminne, skapt gjennom aktiv landbruks-drift, utgjer ein vesentleg del av landskapets karakter» jf. verneforskrifta 2. Nærøyfjorden landskapsvernområde er «..verna mot alle inngrep eller tiltak som vesentleg kan endre eller verke inn på landskapets art eller karakter» jf. verneforskrifta 3, pkt.1.1. Verneområdestyret kan gje løve til «Oppsetting av nye gjerde (som ikkje gjeld stenging av skorfeste og oppsetting av kve)» jf. 3, pkt.1.3 f). Vurdering I forvaltningsplanen for Nærøyfjorden er Stigen eit av område som er trekt fram som eit av dei viktigaste områda i verneområdet for skjøtsel av kulturlandskap. Mange av tiltaka som er føreslegne i skjøtselsplanen er gjennomført. Skjøtselsplanen har framlegg om inngjerding på Nedste Stigen for styrt beiting. Då planen var skriven, var det ikkje beitedyr på Stigen, men det var planar om oppstart med geiter. Tiltaksplanen er tilpassa forholda på plantidspunktet. No er landbruksdrifta villsau, og talet på dyr har auka monaleg. Dette er svært positivt for skjøtsel av kulturlandskapet. Forvaltar vurderer at tiltaket er med å fremjar verneformålet om å ta vare på kulturlandskapet, og er i tråd med det som det kan gjevast løyve til etter verneforskrifta 3 pkt. 1.3 f). Kunnskapen om området er godt kjent gjennom arbeid med forvaltningsplan, skjøtselsplan og grunneigarane sin skjøtsel av området. Det er ikkje registert raudliste-artar eller utvalde naturtypar i området (Artskart og Natubase 27.02.14). Kunnskapsgrunnlaget jf. naturmangfaldlova 8 er vurdert som godt for å behandla denne saka. Føre-var-prinsippet jf. 9 er ikkje vektlagt i denne saka då det er god kunnskap om området og tiltaket. Skjøtsel av kulturlandskapet med slått og styrt beiting er med og fremjar det biologiske mangfaldet på innmarka og beite. Ved å gjerde sauene ute frå deler av stien, vil den verta betre ivareteken. Stien er mykje brukt av turgåarar på veg frå Stigen til Beitelen, Hovdungo eller mot Grindaflethytta. Gjerdeprosjektet vil vera positivt for skjøtsel av området, og vil lite truleg føra til belastning på økosystemet jf. 10. Det må vera vilkår om å fjerna gjerdet og gjerdestolpane når det ikkje lenger er i bruk. Driftsmetode med fastgjerde er vurdert som miljøvennleg til dette føremålet jf. 12. Straumgjerde er eit anna alternativ, men det krev meir tilsyn, og er meir eigna til flytting innafor det enkelte beiteområdet. Tiltaket vil lite truleg føre til skade på naturmangfaldet, og 11 er difor ikkje vurdert i denne saka. NÆRØYFJORDEN VERNEOMRÅDESTYRE SIDE 4

Konklusjon På bakgrunn av vurderinga etter naturmangfaldlova 8 12 meiner forvaltar det kan gjevast løyve til oppsett av fastgjerde på Stigen med heimel i verneforskrifta 3 pkt. 1.3. f), og at det kan nyttast tiltaksmidlar til prosjektet. NÆRØYFJORDEN VERNEOMRÅDESTYRE SIDE 5