Naturfagleg vurdering av detaljreguleringsplan næringstomt 96/8 og 96/13, Kaupanger industriområde for Sam a ndrag/konklusjon I samband med eit privat framlegg til detaljreguleringsplan for næringsareal i Kaupanger har Norconsult AS gjort ei vurdering av påverknad på naturverdiar. Planområdet overlappar delvis med ein naturtypelokalitet av lokalt viktig verdi (C). Lokaliteten vart kartlagt i 2000, og sia då har delar av lokaliteten vorti hogd og fylt ut. Bilete teke i området viser likevel at det finst enkelte restverdiar knytt til gamle hasselbuskar og bjørketre. Det føreslås at lokaliteten reduserast noko i storleik, men så lenge lokaliteten ikkje er synfart av fagbiolog kan ein ikkje u telukke at den har attverande verdiar som gir naturtypestatus. Føre var - prinsippet tilseier dermed at den bør behaldast med revidert avgrensing. Som eit avbøtande tiltak føreslås det dermed at dei delane av planområdet som overlappar med den reviderte loka liteten i sin heilskap regulerast til grøntstruktur - formål. Dette er òg i tråd med vurdering av samla byrde på tilgrensande omr åde, der det er avgrensa verdifulle naturtypar og funne fleire raudlisteartar. J01 2016-09 - 28 Endeleg versjon til oppdragsgjevar Torbjørn H. Kornstad Torgeir Isdahl Versjon Dato Omtale Utarbeidet Fagkontrollert Godkjent Dette dokumentet er utarbeida av Norconsult AS som del av det oppdraget som dokumentet omhandlar. Opphavsretten tilhøyrar Norconsult. Dokumentet må berre nyttast til det formål som går fram av oppdragsavtalen, og må ikkje kopierast eller gjerast tilgjengeleg på annan måte eller i større utstrekning enn formålet tilseier. 2016-09 - 28 Side 1 av 6
1 Innleiing På oppdrag frå Fredheim Maskin & Betong AS har Norconsult AS utarbei dd framlegg til detaljreguleringsplan for eigedommane 96/8 og 96/13, nord for noverande Kaupanger industriområde. I inneverande kommuneplan for Sogndal kommune er arealet sett av til næringsverksemd, og planforslaget er såleis i tråd med kommuneplanen. Pla nforslaget vart i 2010 vurdert av Sogndal kommune til å ikkje utløyse kravet om konsekvensutgreiing. I planomtalen utarbeidd av Norconsult vart det angitt at «d et ligg ikkje føre informasjon i Naturbasen til Direktoratet for naturforvaltning om kvalitetar med regional eller nasjonal verdi, men heile planområdet er lokalisert innanfor naturtypen gammal lauvskog. Førekomsten er registrert med verdi C, lokalt viktig. Registreringa av naturtype er frå 2000. Området er etter den tid i stor grad omarbeidd gjennom terrenginngrep. Verknaden for naturtypen er ei direkte fylgje av overordna planarbeid gjort gjennom kom munalt plan og utviklingsarbeid». Sogndal kommune skriv i brev datert 23. august 2016 at «[dei] ber om at de får nokon med rett kompetanse til å gjere e i vurdering av omfanget til naturtypen, kva konsekvensar planframlegget har for naturtypen og at det vert skissert avbøtande tiltak, i tråd med naturmangfaldlova». D ette notatet svarar ut denne førespurnaden. Notatet er utarbeidd av økolog Torbjørn Kornsta d frå Norconsult. Bilete frå området er teke av arealplanleggar Johannes - Henrik Myrmel den 13. september 2016. 2 Naturverdiar i planområdet Delar av planområdet overlappar med naturtypelokaliteten BN00000507 (Industrifeltet). Lokaliteten er registrert som gamal boreal lauvskog, utforming gamalt ospeholt, og gitt lokalt viktig verdi (C). Registreringa er frå år 2000. Bakgrunnen for avgrensinga er at «det er ein gamal og fleiraldra, tidlegare beita blandingslauvskog av rik lågurt type. Osp dominerer i tresjik tet med førekomst av både unge og store, grove, gamle tre. Busksjiktet er tettvakse og dominert av hassel, medan feltsjiktet er svært variert og er ein mosaikk av fleire vegetasjonstypar. Lokaliteten er prega av høg kontinuitet i alle sjikt, og her er rike leg med nøkkelelement (Haugset et al. 1996) i form av død ved, både gadd og læger, samt reirtre for holerugarar og store mosedekte steinar. Det veks dessutan rikeleg med sopp og lav på gadd og læger, og flatkjuke er ein svært karakteristisk art [ ] Soppflo raen i området er svært rik, men det er ikkje registrert funn av raudlisteartar her enno. Området kan dessutan vera ein viktig levestad for insekt». I tilgrensande område på austsida av Kaupangerelvi er det elles registrert ein kalkskog med svært viktig ve rdi (A). I 2011 gjorde Miljøfaglig Utredning ei supplerande naturtypekartlegging i Sogndal kommune (Hanssen m.fl. 2011). Under denne kartlegginga vart det imidlertid ikkje gjort undersøkingar i området som omtalast i dette notatet. Vidare er det laga ei st udentoppgåve ved Høgskulen i Sogn og Fjordane som tek for seg vegetasjon i skogområda aust for Kaupanger industrifelt (Høiby 2010). Denne oppgåva gjer likevel lite anna enn å ramse opp vanleg førekommande karplanter og moser, og inneheld ingen vurdering av naturtypar etter Handbok 13 - metodikken eller vegetasjonstypar etter Fremst ad (1997). Den har dermed begrensa verdi som kjelde i denne samanhengen. Oppsummert er det altså ikkje registert relevant informasjon om den aktuelle naturtypelokaliteten sia 2000. I naturtypeskildringa er det oppgitt at «om lag halve lokaliteten er øydelagt på grunn av deponering av steinmasse frå utbygging ved industrifeltet i nærleiken. Det er i tillegg planta gran i området». I etterkant av dette har det skjedd ytterlegare forrin ging av lokaliteten, mellom anna i form av hogst og gravearbeid. Ut frå ei vurdering av bilete teke i området den 13. september 2016 består større delar av lokaliteten no av skrotemark og ungskog ( Figur 1 ), og eventuelle restverdiar er først o g framst knytt til gamle bjørketre og hasselbuskar ( Figur 2 ). Elles tydar vegetasjonssama nsettinga på at området har vori beite - og hagemark tidlegare. Når det gjeld moglegheita for raudlista sopp som er nemnt i naturtypeskildringa er dei raudlista soppane frå austsida av elva knytt til bartre, så denne typen verdiar er dermed lite aktuell for gamal boreal lauvskog. Flatkjuke som nemnast frå naturtypeskildringa er rett 2016-09 - 28 Side 2 av 6
nok ein karakteristisk og i augefallande art, men den er vanleg og u tan signalverdi. Likevel er det mogleg at attverande førekomstar av daud ved kan huse andre meir sjeldne artar. Avslutningsvis ser den epifyttisk e vegetasjon en ser ut til å vera fattig med kun vanleg førekommande artar. Figur 1. Ein god del av lokaliteten består av ungskog og skrotemark. Figur 2. Det finst framleis restverdiar i området knytt mellom anna til eldre hasselbuskar. 2016-09 - 28 Side 3 av 6
Oppsummert har inngrepa som har skjedd i lokaliteten etter den opprinne lege avgrensinga ført til at de t er usikkert om den framleis har verdi som naturtype. I midlertid finst det framl eis restverdiar i området knytt til gamle bjørketre og hasselbuskar. Så lenge det ikkje er gjennomført synfaring av fagbiolog i området tilseier dermed føre var - prinsippet etter 9 i naturmangfoldloven at lokaliteten bør oppretthaldast, men dei areala som heilt klart har mista verdien grunna hogst og utfylling bør takast ut av avgrensinga. Utforminga må òg endrast til gamal lauvblandingsskog. Figur 3. Ortofoto som viser føreslått ny avgrensing for naturtypelokaliteten Industrifelt et (blått omriss) og områda som dermed fell bort frå avgrensinga (grønt omriss). 3 Konsekvensar av planframlegget Dei delane av naturtypeavgrensin ga som overlappar med planområdet består for det meste av ungskog og skrotemark. O rtofoto og dro nebilete tyder likevel på at enkelte parti i det austre hjørnet av planområdet har meir intakt lauvskog. Sjølv om det er sett av ei kantsone til ivaretaking av grøntstruktur vil p lanframlegget likevel føre til at ein liten del av den att verande lauvskogen går tapt ( Figur 4 ). Utan å ha gjort ei feltundersøking av området er det vanskeleg å seie om dette området har naturtypekvalitetar, men føre var - prinsippet tilseier at ein må gå ut frå dette. 2016-09 - 28 Side 4 av 6
Figur 4. Forenkla plankart som òg viser ny avgrensing for naturtypelokaliteten (blått omriss). Vegetasjonsskjerm og grøntstruktur er markert med grønt, utbyggingsformål med lilla. 4 Vurdering av forholdet til naturmangfoldloven Kunnskapsgrunnlaget etter 8 er noko svakt i denne saka. Området er ikkje undersøkt av biolog på 16 år, og den eksisterande naturtypeskildringa er upresis. Ettersom området ikkje er synfart i høve denne vurderinga er dermed føre var - pri nsippet etter 9 nytta, som presentert ovanfor. Kommunen har bede om at det gjerast ei samla vurdering etter 10 sett i samanheng med naturverdiane på austsida av elva. Det er eit visst utbyggingspress i området, ettersom det planleggast etablering av ei n ny sekundærstasjon innanfor avgrensinga for ein naturtypelokalitet med A - verdi. I samband med KU av det nemnte tiltaket vart det angitt at «kommunen bør i samband med framtidige planarbeid/byggjesøknader vurdere om det skal tillatast fleire tiltak som rø yrer ved lokaliteten» (Kornstad 2016). I eit samla byrde - perspektiv er det er naturleg å nytte «lokaliteten» i utvida forstand slik at det òg gjeld naturtypen på vestsida av elva. Det leggast til grunn at 11 og 12 om miljøforsvarlege driftsmetodar og ko stnadsbering ved miljøforringing overhaldast i samband med utføring av tiltaket. 5 Avbøtande tiltak Av omsyn til vurderingane i kapittel 4 føreslås det at den delen av planområdet som overlappar med den reviderte naturtypeavgrensinga i sin heilskap regulera st til formålet vegetasjonsskjerm. På den måten unngår ein reell negativ påverknad på naturmiljøet i samband med tiltaket. 2016-09 - 28 Side 5 av 6
6 Kjelder Artsdatabanken (2016). Artskart. Elektronisk innsyn i kartfestet artsinformasjon. Sett 19.9.2016. Direktoratet for naturfo rvaltning (2007). Kartlegging av naturtyper Verdisetting av biologisk mangfold. DN - håndbok 13, 2.utgave 2006 (oppdatert 2007). Flynn, K. M., Fjeldstad, H., Gaarder, G. og Hanssen, U. (2014). Biologisk mangfald i Sogndal kommune. Supplerande naturtypekart legging i 2011. Miljøfaglig Utredning. Rapport 2014:32. Fremstad, E. (1997). Vegetasjonstyper i Norge. NINA Temahefte 12. Henriksen S. og Hilmo O. ( red.) (2015). Norsk rødliste for arter 2015. Artsdatabanken, Norge. Høiby, T. (2010). Utvidelse av Kaupanger industrifelt i Sogndal kommune. Biologisk mangfold artsmangfold og vegetasjonstyper. Bacheloroppgåve ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Kornstad, T. H. (2016). Detaljreguleringsplan for ny sekundærstasjon på Kaupanger Konsekvensutgreiing av naturmangfa ld. Norconsult. Miljødirektoratet (2016). Naturbase. Elektronisk innsyn i kartfestet naturinformasjon. Sett 19.9.2016. 2016-09 - 28 Side 6 av 6