Eigenregi eller konkurranseutsetting - tru, håp og kjærleik? Avfall Norge, seminar om kommunalt ansvar Øystein Solevåg, ÅRIM 18. oktober 2017
ÅRIM stiller miljøkrav! I hovudsak minstekrav, lite bruk av tildelingskriterier. Døme: Alle plastsekker basert på 100 % post consumer Dunker basert på fossilfri plast (nasjonal pilot) Utslippskrav til innsamling Gjenvinningskrav Men vi kan definitivt bli flinkare!
Innføring av ny kjeldesorteringsløysing
Dei største tenestene til ÅRIM Innsamling av avfall: Hovuddelen havna brått i eigenregi etter konkurs i RenoNorden. Ny vurdering i 2020. Drift av gjenvinningsstasjonar: Kombinasjon av eigenregi, samarbeid og tenestekonsesjonar. Mottak og gjenvinning av avfall: Dels samarbeid, dels konkurranseutsatt Slamtømming og -behandling: Nesten alt konkurranseutsatt
Konkurranseutsetting Eit spørsmål om ideologi men også jus. og nokre praktiske vurderingar Vi kan sjølve velge kva vi konkurranseutsetter, men lovverket seier at alle tenester vi ikkje utfører sjølve skal konkurranseutsettast. Det er ingen renovasjonsselskap som lagar sine eigne dunkar
Alt kan konkurranseutsettast Innsamling og slamtømming: Vanleg Drift av gjenvinningsstasjonar: Manglar standardiserte løysingar Avfallsbehandling og slambehandling: Truleg hovudløysinga Administrative støttetenester: Vanleg
Konkurranseutsetting eller ikkje Funn frå renovasjonsbenchmarkinga: Ingen statistisk samanheng mellom kostnadseffektivitet og grad av konkurranseutsetting. Fokus på effektiv drift er nødvendig uansett organisering. Konkurranseutsetting ingen «quick fix».
Utfordringa: Å finne balansen
Nokre relevante argument for og mot Renovasjon er eit fag. Har vi kompetanse internt? Klarar vi å behalde kundefokus i ein stor driftsorganisasjon? Avfallsbehandling i eigenregi: Når verktøyet vi har er ein hammar (eit energigjenvinningsanlegg) ser alle utfordringar ut som spiker (restavfall).
Bytte av renovatør kvart sjette åttande år Tydelege miljøløft i skiftet, men for liten utvikling i kontraktsperioden. Vi kan sikre løns- og arbeidsvilkår i kontraktsperioden, men dårlege røynsler med skiftet mellom kontraktsperiodar. Avslutnings- og oppstartsfasen er kritiske faser.
Oppdeling av kontraktar Vi har (kanskje) lært at også store leverandørar kan gå konkurs. Det nye regelverket tilrår oppdeling av kontraktar for å sikre mindre aktørar tilgang til marknaden. Transaksjonskostnaden er utvilsomt høgare ved oppdeling. Vi ser at vi er meir robuste ved at ikkje heile tenesta er i spel ved utløpet av ein kontraktsperiode.
Det eg eigentleg hadde tenkt å seie Det nye regelverket tydeleggjer at pre-kommersiell dialog med marknaden er viktig og ønskjeleg. Vi må forsøke å finne kontraktsformar som gir meir rom for innovasjon og utvikling i kontraktsperioden bonus kan vere eit element men neppe det einaste. Dagens ordning har medført eit «race to the bottom» når det gjeld status for renovatørfaget ingen enkle løysingar, men krav om overdraging av verksemd må prøvast ut.
Samarbeidet gjennom AvfallNorge er viktig for oss! I innleiande fase av RenoNorden-konkursen svikta dette, vi blei sittande for lenge på vår eiga tue, medan kreditorane samordna seg. Vi skal kjøpe varer og tenester uavhengig av ideologisk utgangspunkt. Styrken vår som bransjeorganisasjon er at vi kan samarbeide om å utvikle stadig betre krav. Vi kan lære av andre sine feil, ikkje berre våre eigne. Dei einaste som ikkje gjer feil er dei som ikkje gjer noko.
Korleis stille krav? Før-kommersiell fase, planlegging, mål om innovasjon Kvalifikasjonskrav = kven får vere med i konkurransen Kontraktsvilkår (minstekrav til ytelsen) = krav alle leverandørar må oppfylle Tildelingskriterier = val av det tilbodet som oppfyller krava på best måte
Kvalifikasjonskrav Oppdragsgiveren kan stille krav til leverandørenes kvalifikasjoner, inkludert krav til økonomisk og finansiell kapasitet og tekniske og faglige kvalifikasjoner. Krav om skatteattest for alle kjøp over 500 000 kr Lar vi dei store aktørane trekke opp stigen?
Kontraktsvilkår Oppdragsgiveren kan fastsette kontraktsvilkår, for eksempel om økonomi, innovasjon, miljø, sysselsetting og sosiale hensyn. Det er ei utfordring å få på plass dynamikk i kontraktane. Her må vi saman utforske handlingsrommet! Og kontraktsoppfølging er ei stor utfordring veit vi at vi får det vi har avtalt? Ressursbruken er vesentleg større i konkurransegjennomføringa enn i kontraktsoppfølginga.
Tildelingskriterier Oppdragsgiveren skal velge tilbud på grunnlag av objektive tildelingskriterier som skal angis i prioritert rekkefølge i anskaffelsesdokumentene. Slike kriterier kan for eksempel være pris, kvalitet, livssykluskostnader, miljø, sosiale hensyn og innovasjon. Dei som kan lite om offentlege innkjøp har ein tendens til å fokusere mest på dette (som kanskje ikkje er det viktigaste).