SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: 255 Arkivsaksnr.: 15/1083-1 Rapport om finansforvaltning 2.tertial 2015 TILRÅDING: Rapporten vert teken til vitande. DOKUMENT: Rapport pr.30.08.2015 frå Pareto Forvaltning AS (ikkje vedlagt) Reglement for finansforvaltning i Leikanger kommune (ikkje vedlagt) SAKSUTGREIING: Finansforvaltninga vert mellom anna regulert av Forskrift om finansforvaltning samt Leikanger kommunen sitt eige finansreglement. Rapporten er forsøkt bygt opp slik at ein kan etterprøve dei retningslinjer og avgrensingar som er gitt i forskrift og kommunen sitt eige reglement. Rapporten skal òg vise korleis kommunen sine finansielle aktiva og passiva har endra seg gjennom perioden. 1.1.2015-30.08.2015. 7 i forskrift om finansforvaltning i kommunane gir retningslinjer for kva rapporten minimum skal innehalde og dette kravet er vidare innarbeida i kommunen sitt finansreglement, vedtak i desember 2010. (Nytt reglement vert lagt fram til handsaming 01.10.2015) Kortsiktig finansiell aktiva Pr. 30.08.2015 er kortsiktig finansielle aktiva plassert på konto i Sparebanken Sogn og Fjordane. Rentevilkåra på konto er 3 mnd.nibor, + 0,85 % -poeng, dvs 2,34% i 1.kvartal, 2,35% for 2.kvartal og 2,20% for 3.kvartal 2015. Sparebanken S og Fj er av Moody s Investers Service kredittvurdert til A3. (Kredittvurdering vert kontrollert i samband med årsrapport for finansforvaltning).
Langsiktig finansiell aktiva (aktiv forvaltning) (Langsiktig finansiell aktiva er identisk med «Kraftfondet» ). IB 01.01.2015 92.083.088,33 Uttak av avkastning 8.500.000,00 Verdi etter uttak 83.583.088,33 Bokført verdi 30.08.2015 82.467.384,41 Verdiendring (nedgang) 01.01.-30.08.2015 1.115.703,92 Forvaltning av kortsiktig likviditet er gjort innafor dei rammer som er gitt i finansreglement og forskrift. Periode Beløp Januar 2015 638 917,50 Februar 2015-1 465 376,71 Mars 2015 1 029 254,49 April 2015-2 202 350,04 Mai 2015-1 048 766,92 Juni 2015 1 786 443,18 Juli 2015-102 823,94 August 2015 2 480 406,36 Verdiendring (negativ) tom aug. 1 115 703,92 Budsjettert avkastning 2015, kr.3.500.000. Avkastning in år 2015 (8 mnd) på gjennomsnittleg investert kapital: -1,22 %. Plassering i obligasjonsfond har gitt ein avkastning på 0,23 %. Gjennsnittleg investert kapital kr.51.531.055. Aksjeporteføljen har så langt i 2015 vist ein negativ utvikling med ein nedgang på -3,33%. Gjennomsnittleg investert kapital i aksjar: kr.32.068.378. Til samanlikning vart OSEBX notert med ein avkastning på 3,14%. Ser ein isolert på august 2015, gjekk OSEBX attende med -7,02% med Leikanger kommune si portefølje gjekk attende med 2,91%. Som oppsettet over viser, har uviklinga på aksjeporteføjen vore variabel i 2015. Januar starta med nedgang, for så å ta seg opp att i februar. Ny nedgang i mars og på nytt ein oppgang i april og mai. Fom juni har det vore ein verdireduksjon på ca.4,1 mill.kroner. Skulle dette bli resultatet ved utgangen av året, vil ein ventleg måtte dekke opp både budsjettert avkastning samt bokført tap, dvs. ca. 4,6 mill.kroner. Marknaden
I det norske aksjemarkedet har det vore ein uroleg sommar, med fokus på oppbremsing av økonomisk veskt i Kina samt vedvarande låge oljeprisar. Ved inngangen av august var oljeprisen halvert frå nivået i fjor sommar og fall ytterlegare 5 dollar i løpet av august. Oljeprisen er pt. framleis under 50 dollar fatet (september). Fom 12.12.2014 har styringsrenta vore 1,25 %. Renta vart halden uendra gjennom rentemøta i mars og mai 2015. I pressemeldinga frå Norges Bank 19.06.2015 vert det uttalt at utviklinga i norsk økonomi har vore svakare enn venta og at også utsiktene framover er noko svekka. Styringsrenta vart difor sett ned med med 0,25%-p til 1,00%. Avslutningsvis vert det sagt at slik utsiktene for norsk økonomi ser ut, kan styringsrenta bli sett ytterlegare ned i løpet av hausten. -Ei lågare rente skal normalt føre til ei svakare krone og auka eksport og betra lønnsemd for norsk næringsliv. Leikanger kommune sin aksjeportefølje Det er vert å merke seg at aksjeporteføljen langt på veg består av selskap med god eigenkapital (mange er gjeldfrie), er lågt prisa og over tid har levert godt resultat. Sparebankane i porteføljen har ein eigenkapitalbuffer og likviditetsbuffer som er på det dobble av nivået i bankkrisa på 90-talet og finanskrisa i 2008, dvs ein balansen i sparebankane som er sterkare enn på lenge. Industriselskapa Yara, Orkla, Ekornes og Norsk Hydro er alle gjeldfrie. Ein ser at også i oljeservice er fleire selskap gjeldfrie og pga kronesvekkelsen forventar ein positive resultat. Viser spesielt til TGS Nopec, den tyngste posten innafor denne sektoren, som har null renteberande gjeld, har betydelg kontantreserve, samt ein utbytteavkastning på over 5%. Kredittrisiko langsiktige finansielle aktiva Krav iflg. finansreglementet til kommunen: Renteberande investeringar kan plasserast i verdipapirfond med betre eller lik gjennomsnittleg kredittrisiko slik i matrisen under (prosent av total porteføljen) viser: Leikanger kommune plasserer midlar i fond med rating slik det er vist i tabellen under og investeringane er innafor dei rammer som er gitt i finansreglementet: Behaldning Rating Vekt
30.04.2015 (av tot.portef.) Pareto Høgrente 45.946.624 BBB 56 % Pareto kreditt 5.257.142 BB 6,0 % Transaksjonskonto (6012.05.25533) 614.219 0,7 % Porteføljesammensetning Krav iflg. finansreglementet til kommunen: Samansetning av portefølje (som er del av aktiv forvaltning): Marknad Beløp % Kontantar 614 219 1 % Pareto Høgrente 45 946 624 56 % Pareto Kapital 5 257 142 6 % Aksjar 30 649 398 37 % Sum pr. 30.08.2015 82 467 383 100 % Plassering i aksjar ligg innafor ramma som er sett i finansreglementet til kommunen. Forvaltning av langsiktig likviditet er gjort innafor dei rammer som er gitt i finansreglementet. Balansepostar knytt til Kraftfondet Konto Rekneskap 2015 25399080 Kapitalfond sal av aksjar Sognekraft -50 787 496 25699090 Kursreguleringsfond -16 791 461 25699130 Driftsfond sal av aksjar Sognekraft -9 880 769 Sum (Overskot kr.447.000 er lagt til fond 25699130) -77 459 726 Av dette er det ca. 27 mill som kan nyttast i drift.
Kursreguleringsfond Leikanger kommune har sett av midlar på kursregulerlingsfond og har såleis teke høgde for variasjonar i aksjemarknaden. Fondet skal målast mot aksjeporteføljen pr.31.12. og utgjere 50 % av marknadsverdien på aksjeporteføljen. Pr.31.12.14 har Leikanger kommune eit kursreguleringsfond på kr. 16,8 mill. (Auka opp med 3 mill. kroner i samband med disponering av resultat for 2012 og 300 ved disponering av resultat for 2013.) Aksjebehaldninga var 31.12.14 på ca.35,3 mill. kroner og storleiken på fondet er i difor ikkje fullt ut i samsvar med kravet i finansreglementet. Derimot er det slik at i januar 2015 vart det gjort uttak tilsvarande budsjettert bruk av avkastning for 2014 samt budsjettert bruk av fond, tilsaman 8,5 mill kroner. Etter at denne transaksjonen er gjennomført, er kursreguleringsfodet innafor kravet som ligg i finansreglementet. Pr. 30.08.2015 er forholdet mellom aksjebeholdning (30,6 mill kroner) og kursreguleringsfond (16,8 mill kroner) i samsvar med finansreglement. Lånegjeld Status gjeld pr.31.08.2015 Årets vedtekne låneopptak er effektuert og låneporteføljen til Leikanger kommune ser slik ut: (for to prosjekt vart låneopptaket utsett til september 2015, utgjerande kr.3.000.000) Beløp %-fordelt Husbanken 95/25 1 426 212 0,8 % Kommunalbanken FRN 11/15 (+ 14bp)Leika 28 500 000 15,4 % Kommunalbanken FRN 13/17 (+ 23bp)Leika 41 000 000 22,2 % Kommunalbanken FRN 14/18 (+ 19bp)Leika 50 000 000 27,1 % Leikanger kommune FRN 13/16 +20bp 28 500 000 15,4 % Leikanger kommune, certifikat 35 200 000 19,1 % RENTEDERIVATER (FAST) 0,0 % Renteswap Nordea 10/17 (Leikanger) 15 000 000 8,1 % Renteswap Nordea 11/21 (Leikanger) 15 000 000 8,1 % RENTEDERIVATER (FLYTENDE) 0,0 % Renteswap Nordea 10/17 (Leikanger) - 15 000 000-8,1 % Renteswap Nordea 11/21 (Leikanger) - 15 000 000-8,1 % Totalt 184 626 212 100,0 % Enkeltlån er ikkje over 40% av totalporteføljen og oppfyller kravet i finansreglementet. Gjennomsnittleg løpetid på lån (over eitt år), samt bindingstid for rente (gj.maks 3 år) er innafor kravet i finansreglementet.
Rentesikring, renteswap Leikanger kommune har rentebytteavtalar pålydane 30 mill. kroner. To avtalar gjekk ut i løpet av 2014 utan at det er planlagt å inngå nye avtalar. Slik avtalane føreligg i dag, er ca 16 % av låneporteføljen til Leikanger kommune sikra med rentebytteavtalar. Renter Rentene forfell to ganger i året, i mars og september. Neste forfall på renter er medio sep. Pt er også renter med forfall sep. 2015 betalt og betalte renter 2015 utgjer då 3,9 mill kroner. Rentekostnad ligg godt innafor budsjettert ramme. Avdrag for 2015 er betalt med kr.6,8 mill og vart betalt i samband med årets låneopptak. Renter og avdrag er for år 2015 budsjettert med kr.12,6 mill. kroner.