Kompetanseplan for barnehagane i Stord kommune 2014 2013 Foto: Mariann Steinsland
Innhald Kompetanseplan for barnehagane i Stord kommune 2014... 0 Sentral satsing... 3 Pedagogisk leiing barnehagen som lærande organisasjon:... 3 Danning og kulturelt mangfald... 3 Et godt språkmiljø for alle barn... 4 Barn med særlege behov... 4 BTI... 4 Kompetanseutvikling... 5 Etter- og vidareutdanning 2014-2015... 6 Økonomi... 7 1
INNLEIING Ein god barnehage krev kompetente leiarar og fagleg reflekterte vaksne. Personalet sin kompetanse er den viktigaste einskildfaktoren for at barn skal trivast og utvikla seg i barnehagen. Kunnskapsdepartementet sin Strategiplan for kompetanse og rekruttering 2014 2020, underbyggjer ansvaret barnehageeigar har for rekruttering og kompetanseutvikling av personalet. Planen underbyggjer også kommunen sitt ansvar for at alle barn i kommunen får eit godt og trygt pedagogisk barnehagetilbod. Kompetanseplan for barnehagane i Stord kommune 2014/2015 seier noko om korleis kompetanse for framtida sin barnehage vert planlagt og gjennomført ut frå lokale behov i Stord kommune og i Sunnhordaland kursregion. For at kommunen skal få tildelt kompetansemidlar frå Fylkesmannen, må kommunane dokumentra planlagt arbeid med kompetanseutvikling i ein lokal plan. Dei statlege kompetansemidlane skal gå til både private og kommunale barnehagar. Dei tilsette i barnehagane i Stord kommune er generelt godt utdanna. Det er få dispensasjonar frå utdanningskravet, og mange av dei tilsette i ufaglærte stillingar er utdanna Barne- og ungdomsarbeidarar. Kunnskapsdepartementet sin strategiplan for kompetanse og rekruttering 2014-2020 inneheld tre hovudmålsetjingar: Rekruttera og behalda kvalifiserte tilsette Kompetanseheving av alle tilsette Heva status for dei som arbeider i barnehagen Målgruppe: Alle som arbeider direkte med barn i barnehagen. «GLØD» er eit prosjekt i regi av Kunnskapsdepartementet der målet er å auka rekruttering av personar med høg kompetanse til barnehagen og styrkja kompetansen til dei som arbeider der. Eit tilleggsmål er å auka statusen for arbeidet i barnehagen. Delmål i GLØD-arbeidet: auka kvaliteten i barnehagelærarutdanninga auka rekruttering av barnehagelærarar til barnehagen auka rekruttering av personar med relevant høgare utdanning til barnehagen auka rekruttering av barne- og ungdomsarbeidarar til barnehagen behalda og vidareutvikla kompetansen i barnehagen 2
Sentral satsing Kunnskapsdepartementet sin strategiplanen for hovudsatsinga dei komande åra. Pedagogisk leiing barnehagen som lærande organisasjon: Satsinga vektlegg at barnehagane skal vera lærande organisasjonar. For at ein barnehage skal vera ein lærande organisasjon er det viktig at leiarane i barnehagen har kompetanse om kva dette betyr i høve dagleg arbeid i barnehagen. Forum for oppvekst i Sunnhordland (FOS) arrangerer årleg ein barnehageleiarkonferanse over to dagar der tema er leiing og utviklingsarbeid. Danning og kulturelt mangfald Danning handlar om å vera del av det moderne samfunnet. Barnehagen bidreg til at førskulebarn lærer om eigen og andre sin kultur. Det er mange tema ein kan arbeida med innanfor fagområdet Danning og kulturelt mangfald, og kommunane i regionen ynskjer meir kunnskapen og kompetanse om korleis dei skal arbeida med dette. Barnehagane i kursregion har difor tilbod om gratis kompetanseutvikling innan dette fagområdet gjennom FOS. På samlingane/kursa får deltakarane høve til å utveksla erfaring. 3
Talet på barn mellom 1-3 år i barnehagane har auka dei seinare åra. Fleire barnehagetilsette må tileigna seg kunnskap om dei minste barna. Dette er utheva i satsinga og skal gå som ein raud tråd gjennom alle kompetansehevingstiltak. Et godt språkmiljø for alle barn Eit godt språkmiljø handlar om korleis dei vaksne kommuniserer med barna med kropp, blikk, tale, m.m. Forsking viser at språklæringa dei første leveåra til eit barn er avgjerande for seinare lesedugleik. Eit prosjekt i regi av Stord kommune om barnehagebarn si språkutvikling har mellom anna utarbeida ein språkplakat for barnehagane. Plakaten inneheld kjenneteikn på kvalitet i høve arbeidet med barn si språkutvikling i barnehagen. Barn med særlege behov Barn med særlege behov/nedsett funksjonsevne er barn med utviklingsmessige, språklege, emosjonelle, kognitive og sosiale vanskar. Det er viktig med god kompetanse innan spesialpedagogikk for å avdekka vanskar og gje desse barna hjelp så tidleg som mogeleg. Høgskulen Stord Haugesund gjev tilbod om vidareutdanning i spesialpedagogikk etter førspurnad frå/i samarbeid med FOS. Fleire førskulelærarar i barnehagar i Stord kommune tek denne vidareutdanninga. FOS gjev også tilbod om nettverksmøte for spesialpedagogar. BTI Stord kommune har fått sentrale prosjektmidlar til utvikling av ein modell som skal sikra heilskapleg og koordinert innsats overfor barn, unge og familiar det er knyta uro til. Prosjektet vert kalla Betre Tverrfagleg Innsats (BTI). Mangelfull samordna oppfølging frå skule, barnehage, barnevern og/eller hjelpetenestene i kommunen kan vera ei utfordring for den aktuelle målgruppa. Erfaringar med BTI frå Danmark har vore at modellen gir tilsette frå ulike fagområde meir forståing og oversikt for kvarandre sine oppgåver og dei blir betre til å koordinera innsats og ansvar. Modellen sikrar elles at innsatsen blir dokumentert og fremjar god overgang og samordning mellom dei ulike tenestene. Helsedirektoratet har ansvar for å utvikla modellen til norske forhold. Stord er med i utprøvingsperioden og deltar i ei nasjonal arbeidsgruppe. I utprøvinga inngår følgjande: Samarbeidsmodellen frå Danmark omarbeidd til norske forhold. Rolle som stafetthaldar som skal koordinera innsatsen Stafettlogg Utvikling og utprøving av verktøy til støtte for arbeidet Modellen opererer på tre nivå: Nivå 1: Her er ein teneste eller ei avdeling involvert. Medarbeidarane her kan henta råd og rettleiing frå andre, men utan at det er sett i verk eit formelt samarbeid over sektorar. 4
Nivå 2: På dette nivået er to eller fleire tenester involvert. Alle arbeider etter felles målsettingar og kjenner til innsatsen til kvarandre.nivå Nivå 3: Her er det trong for meir breidde i samarbeidet. BTI inneheld også opplæring i Ages and Stages Questionnaire (ASQ). ASQ er eit foreldreadministrert, standardisert spørjeskjema for å vurdera barn si utvikling. Prosjektet består av opplæring i ASQ, samt to teoridagar knytt til barn si utvikling og foreldresamarbeid. Til hausten vert det eit erfaringsseminar for dei som er i gang med utprøving av spørjeskjemaet. Opplæringa vert vidarført til hausten for nye barnehagar som ynskjer å delta. RKBU Vest og Nasjonalt kompetansenettverk for sped og småbarns psykiske helse og PPT Stord/Fitjar har ansvar for opplæringa. Kompetanseutvikling Kompetanseheving føregår på fleire måtar som formell vidareutdanning med studiepoeng, etterutdanningskurs, delta på nettverk- og fagsamlingar. Intern kompetanseheving på arbeidsplassen og mellom barnehagar er viktig. Rettleiing av tilsette, drøftingar og refleksjonar i møte m.m. er med å prega korleis barnehagekvardagen vert. Fagmøta for barnehagestyrarar ein gang i månaden er og ein god arena for refleksjon og kunnskapsdeling. Sentrale kompetansemidlar vert nytta på ulike måtar og det er viktig at heile personalet får høve til å delta. I 2013 2014 arrangerte FOS ei kursrekkje over 8 kveldar for tilsette i barnehage utan formell kompetanse. Til hausten får ufaglærte tilbod om kompetanseutvikling i regi av HSH. HSH, i samarbeid med FOS, tilbyr komande bruksår vidareutdanning i «Sakshandsaming i skule og barnehage» FOS si barnehagegruppe er i gang med planlegging av kursa for regionen i 2014/2015. Barnehagane i kommunane i regionen kjem med ynskje og innspel til tema og kurshaldarar. Arbeid med rekruttering av menn til stillingar i barnehagane er like aktuelt. Kommunen har søkt Fylkesmannen om midlar til prosjekt «Ungdomsskulegutar som leikeressurs i barnehagen» for tre barnehagar. 5
Etter- og vidareutdanning 2014-2015 Etterutdanning og Tiltak Målgruppe nettverk Barnehageleiarkonferansen i Haugesund med tema Leiarsamling i regi av FOS Styrarar og pedagogiske leiarar Pedagogisk leiing Barns medverknad, ved Nuria Moe Kurs FOS Alle barnehagetilsette Liten i barnehagen, ved May Britt Druglid Kurs FOS Styrarar og pedagogiske leiarar Søt eller tøff, likestilling i Kurs FOS Tilsette i barnehage barnehagen, kurshaldar ikkje avklart enno Minoritetsnettverk Nettverk via FOS Tilsette i barnehage Nettverksamling for Nettverk via FOS Spesialpedagoger spesialpedagoger i bhg. Leik i barnehagen, Kurs FOS Tilsette i barnehage ved Margareta Ohman Språk i barnehagen, Kurs FOS Tilsette i barnehage kurshaldar ikkje avklart enno Betre Tverrfagleg samarbeid, Kurs lokalt Tilsette i barnehage ved Øyving Kvello Opplæring i bruk av spørjeskjemaet Ages and Stages Questionnaire (ASQ) ved RKBU Vest og Nasjonalt kompetansenettverk for sped og småbarns psykiske helse Kurs lokalt Styrarar og pedagogiske leiarar Vidareutdanning Tilbydar Målgruppe Kompetanseheving for assistentar HSH Assistentar Veiledningspedagogikk HSH Barnehagelærarar Spesialpedagogikk HSH Barnehagelærarar Sakshandsaming i skule og barnehage HSH Styrarar, rektorar m.fl Barnehagane i kommunen søkjer kommunen som sentale kompetansemidlar til eigne prosjekt. For å få tildelt sentrale kompetansemidlar, må prosjekta vera i tråd med sentral strategi. 6
Økonomi Utviklingsområde Målgruppe Sentale midlar Kom. midlar Totalt Barnehagekonferanse Tema Pedagogisk leiing Tildeling etter søknad om sentrale kompetansemidlar Styrarar og ped. leiarar Heile personalet Kr 70 320,- Kr 70 320,- Kr 55 000,- Kr 55 000,- Studietur til Bergen for styrarane Tema: barn si utvikling og foreldresamarbeid Tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid, ved Øyvind Kvello Betre Tverrfagleg Samarbeid (BTI og ASQ) Førstehjelpskurs kommunale barnehagar Styrarar Kr 18 000,- Kr 18 000,- Heile personalet xxxx Heile xxxx personalet Heile Kr 10 000,- Kr 10 000,- personalet Spesialpedagogikk Pedagogar Kr 26 000,- Kr 26 000,- Sakshandsaming i skule og barnehage xxxx 7