HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Utviklingsseksjonen Arkivsak 201208745-3 Arkivnr. 135 Saksh. Arnesen, Arthur, Døskeland, Inge, Farestveit, Jostein, Torgersen, Matti Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 21.03.2013 FYLKESKOMMUNAL STØTTE TIL REGIONALE BRANSJE- OG UTVIKLINGSAKTØRAR- SØKNAD OM TILSKOT FRÅ DESIGN REGION BERGEN, MARITIMT FORUM FOR BERGENSREGIONEN OG FISKERIFORUM VEST SAMANDRAG Sak om tildeling til regionale bransje- og utviklingsaktørar vart utsett i møtet i fylkesutvalet 31. januar. Det var i denne saka føreslått å endre noko på forvaltingsrutinane ved mellom anna å innføre treårige støtteperiodar og meir einsarta rammer for samarbeidsavtalane. Vidare vart det i nemnte sak òg framlagt endringar i tildeling til 3 konkrete aktørar; Design region Bergen og Maritimt Forum for Bergensregionen med kroner 500 000 kvar per år i ein treårsperiode, og utviding av støtta til Fiskeriforum Vest til 500 000 per år, frå 303 000 i 2012. Diverre har ikkje fylkesrådmannen rukket å få fram sak om forvaltingsregime og meir einsarta praksis for samarbeidsavtalane. Grunna at det er behov for å få ta stilling til søknadene frå dei 3 nemnte aktørane i 2013, vert dette handsama separat i denne saka. Fylkesrådmannen vil etter dette kom med sak om handsaming av prinsipp om forvaltingsrutinar for tildeling før sommaren. Etter at denne saka er vedteke tek fylkesrådmannen sikte på å kome attende til vurdering av tilskot til alle dei ulike regionale bransje- og nettverksaktørane, inklusive dei tre organisasjonane som blir vurderte i denne saka.
FORSLAG TIL VEDTAK 1. Det vert gjeve tilsegn om tilskot over RUP budsjettet til følgjande organisasjonar i 2013: a) Design Region Bergen på kr. 500.000 b) Maritimt forum for Bergensregionen på kr 500.000 c) Fiskeriforum Vest får auka sitt tilskot til kr 500.000 2. Fylkesutvalet ber om å få sak om nytt forvaltingsregime og meir einsarta rammer for samarbeidsavtalar før sommaren. 3. Fylkesutvalet ber Fylkesrådmannen leggje fram sak om kva for organisasjonar som skal ha driftsstøtte frå 2014 etter at sak om forvaltingsregime og meir einsarta rammer for samarbeidsavtalane er vedteken. Rune Haugsdal Fylkesrådmann Bård Sandal Regionaldirektør 2
FYLKESRÅDMANNEN, 15.03.2013: Bakgrunn. Fylkeskommunen har i ei rekke år støtta organisasjonar og tiltak som har blitt vurdert som strategisk viktige for å gjennomføre næringsutviklingsarbeidet i Hordaland over budsjettposten Prosjekt, institusjonar med mellombelse driftstilskott. Totalt sett har det over tid utvikla seg ein ueinsarta praksis med omsyn til val av organisasjonar, sektorar, etablering av permanente ordningar, administrative og politiske avgjerder og storleik på støttebeløp med meir. Det generelle biletet fram til no har vore at når ein aktør først er komen med på driftsbudsjettposten, så vert støtta vidareført utan at det er teke stilling til kor lenge denne støtta skal vare. Dette er noko som i så fall ikkje er i tråd med intensjonen om at dei som får støtte som hovudregel skal stå på eigne bein etter ein avgrensa periode. Det skal difor vurderast om intensjonen skal justerast eller om praksisen skal innskjerpast. Fleire aktørar får i tillegg årleg støtte over budsjettet knytt til Regionalt utviklingsprogram (RUP). Støtta har i varierande grad ein permanent karakter og framgår ikkje som eigen post. I fleire tilfelle vil det vere definisjonsspørsmål knytt til omgrepa «prosjektstøtte, permanent og drift». Støtte til desse aktørane har vidare dels vore handsama politisk og dels administrativt. Totalt omfang av driftstøtte går ikkje fram i ein post i budsjettet og ordninga er difor mindre transparent enn ynskjeleg. Fylkesrådmannen vil difor gjere ei gjennomgang og revisjon av heile ordninga med tildeling av driftsstøtte til organisasjonar. Det er ei kompleks bakgrunn som rører ved fleire av desse organisasjonane sitt eksistensgrunnlag. Det er difor naudsynt å handsame saka politisk i fleire trinn for å sikre fylkeskommunen sine strategiske næringsmessige målsettingar og for å ivareta inngåtte eksterne avtalar. Sak om tildeling til regionale bransje- og utviklingsaktørar vart utsett i møtet 31. januar. Det var i denne saka føreslått å endre noko på forvaltingsrutinane ved mellom anna å innføre treårige støtteperiodar og meir einsarta rammer for samarbeidsavtalane. Støtte over RUP budsjettet. RUP budsjettet er ein del av Regionalt utviklingsprogram og blir kvart år vedteke av fylkesutvalet. Total ramme er i 2013 på 77,884 mill. kr i 2013. Av den totale ramma er 54,5 mill. kr bundne som følgje av nasjonale og regionale føringar og politiske vedtak. Det meste blir overført til Innovasjon Noreg (35 mill. kr) og til regionale næringsfond (10,8 mill. kr). Resten av dei bundne midla blir forvalta av fylkeskommunen og er fordelt på «Øyremerkte midlar (4,45 mill. kr) kor ein del tiltak som det er gjort politiske vedtak støtte til er samla, Omstilling og nyskaping (3 mill. kr) kor disponeringa skjer i ei årleg politisk sak i fylkesutvalet og til delvis dekking av forvaltingskostnader i fylkeskommunen (1,25 mill kr). Prosjekt med mellombelse driftstilskot Oppsummert gjevast slik støtte til ulike nettverksorganisasjonar og andre aktørar over fylkes- og RUP budsjetta: Organisasjon Støttebeløp Sum Anna offentleg støtte Prosjekt, institusjonar med mellommels driftstilskot (fylkesbudsjettet) Fjord Norge 4 070 000 Samarbeidsavtale med destinasjonar i Hordaland 1 015 000 Fellesoppgåver på tvers av regionane i Hordaland 733 000 Regionsenteret for husflidsnæringen 201 000 Husflidskonsulenten 196 000 Drift / regionale tiltakskontor 1 529 000 Fiskeriforum Vest 308 000 3
HOG Energi 1 008 000 Bergen Vitensenter AS 3 558 000 Business Region Bergen, driftsstøtte 2 401 000 Business Region Bergen, prosjektstøtte 2 563 000 Sum Prosjekt, institusjonar med mellommels driftstilskot 17 582 000 Støtte til ulike nettverksorganisasjonar og andre aktørar over RUP budsjettet NCE Subsea 500 000 NCE programmet, IN Filmfondet FUZZ 650 000 Bergen kommune UPTIME Centre of Competence 250 000 Lite, hovudsakleg næringslivet Sum Øyremerkte midlar 1 400 000 Atheno 1 200 000 Inkubatorprogrammet, SIVA Industriutvikling Vest 700 000 Inkubatorprogrammet, SIVA Sum Omstilling og nyskaping 1 900 000 Nyskapingsparken Inkubator 900 000 Inkubatorprogrammet, SIVA MediArena 200 000 Arenaprogrammet, IN NCE Tourism 350 000 NCE programmet, IN Nordhordland og Voss næringshagar 600 000 Næringshageprogrammet, SIVA Connect Vest 850 000 Bergen kommune, IN mfl. Ungt Entreprenørskap Hordaland 400 000 Bergen kommune, IN mfl. Bergen internasjonale filmfestival, BIFF 250 000 Bergen kommune Nordiske Mediedager 260 000 Bergen kommune Sum Delvis søkbare midlar 3 810 000 Totalt RUP budsjett 7 110 000 TOTAL DRIFTSSTØTTE 24 692 000 I tillegg til dette blir det gitt tilskott til regionale og bransjeretta konferansar og samlingar som ofte blir gjennomført kvart eller kvart andre år. Eksempel på dette er Møteplass Marin, Reiselivskonferansen, Hardangerkonferansen og Nordhordlandskonferansen. Ein annan driftsrelatert belastning er at fylkeskommunen sjølve nyttar delar av ramma til delvis dekking av eigne kostnader med forvalting av midlane. For 2013 er det som del av Handlefridom II foreslått å belaste RUP budsjettet med 1,25 mill. kr til dette. Framlegg til auka støtte og støtte til nye nettverksaktørar Nokre aktørar som er vurdert som viktige av næringsstrategiske omsyn har fått avslag på søknad om driftsstøtte grunna manglande budsjett. Vidare har Fiskeriforum Vest vore tilgodesett med eit relativt lågt støttebeløp. Stiftinga er ein marin medlemsorganisasjon som har si viktigaste rolle å medverke til auka samhandling mellom myndigheiter, næringsliv og forskings- og utdanningsmiljøa for å styrke marin næringsutvikling. Stiftinga har ei særs viktig rolle i mellom anna å marknadsføre heile sjømatregionen Hordaland, og styrke det mest komplette marine kunnskapsmiljøet i landet. Det vert difor føreslått auke i støtta til Fiskeriforum Vest, og innføring av støtte til Maritimt forum for Bergensregionen og Design Region Bergen. Dei to organisasjonene Design Region Bergen og Maritimt forum for Bergensregionen er begge nettverksorganisasjonar innafor sentrale satsingsområde i RUP. Design Region Bergen har søkt om støtte både i 2011 og i 2012. For 2012 søkte dei om kr 500 000. Design Region Bergen er nettverksorganisasjonen på designfeltet og har stor og brei oppslutting i næringslivet og i forskings- og utdanningsmiljøa. Det fins ingen statlige støtteordningar for basisstøtte til ein slik organisasjon. I dag får dei støtte frå Bergen kommune i tillegg til medlemsbidraga. Organisasjonen er difor svært avhengig av prosjektfinansiering noko som gjer den sårbar. Fylkeskommunen er i dag med og finansierar fleire prosjekt som Design Region Bergen gjennomfører, som til dømes RAFF, eit kompetansehevingstiltak innafor design og eit prosjekt knytt til oppretting av ein arkitektur og design allmenning. 4
Maritimt Forum Bergensregionen (MFB) har òg søkt støtte frå fylkeskommunen både i 2010 og i 2012. For 2012 søker dei om kr 500 000. MFB organiserer medlemmer frå heile den maritime klynga i regionen som reiarlag, verft, utstyrsleverandørar og tenesteleverandørar. MFB er den einaste nettverksorganisasjonen innafor maritim sektor i Hordaland og har medlemmer frå store delar av Hordaland samt delar av Sogn og Fjordane. Nokre av bedriftene i Sunnhordland er med i Maritimt Forum Haugalandet. Heller ikkje MFB nyt godt av statlege støtteordningar, men får årleg støtte frå Bergen kommune. Hordaland fylkeskommune er med og delfinansierar prosjekt i regi av MFB. Vi har heller ikkje andre nettverksorganisasjonar på desse områda som det alternativt kan vere aktuelt å støtte. Begge dekker heile eller store delar av fylket. Innafor andre bransjar har slike nettverksorganisasjonar vist seg å vere viktige pådrivarar for næringsutviklingsarbeidet innafor sitt område, som til dømes Fiskeriforum Vest og HOG Energi. Fylkesrådmannen vil difor tilrå at ein for 2013 finn midlar på RUP budsjettet til å støtte desse organisasjonane med ca. kr 500 000 til kvar organisasjon. I samband med budsjetthandsaminga for 2014 vil fylkesrådmannen vurdere om det er mogleg med anna budsjettmessig dekking for desse. For at det ikkje skal bli for stor forskjell mellom støtte til ulike nettverksaktørar tilrår eg at støtta til Fiskeriforum Vest oppjusterast til same nivå, kr 500 000. Når det gjeld utveljing av andre aktørar og fastsetting av støttenivå for dei som får driftsstøtte, er fylkesrådmannen i gang med å vurdera kven som bør få støtte og støttenivå i samband med gjennomføringa av Handlefridom II og kjem tilbake med utgreiinga i sak før sommaren. Vurdering I dei etablerte driftsavtalane er det noko ulik praksis når det gjeld varigheit og oppseiing. Fylkesrådmannen vil før sommaren gå gjennom desse avtalane med sikte på å innføre ein praksis med årleg standardisert rapportering og ein grundigare vurdering/evaluering av oppnådde resultat og behov for vidareføring av avtalen kvart tredje år. Dette vil gje rimelig føreseielegheit og kontinuitet for dei som mottar støtte samstundes som det gjev fylkeskommunen ein moglegheit til å vurdere innhaldet på denne posten med jamne mellomrom. Det er noko ulik avgjerdspraksis på om saker går til politisk handsaming eller blir avgjort administrativt. Sjølv om begge framgangsmåtane ligg innafor dagens fullmaktsreglement, vil fylkesrådmannen i sak før sommaren ta initiativ til ein meir einsarta praksis. Alle saker som inneber fleirårig drifts- eller utviklingstøtte til ein aktør/organisasjon og kor det er snakk om å inngå ein samarbeidsavtale/partnarskapsavtale vil bli fremma som eiga politisk sak. Slik støtte vil også bli synleggjort i RUP budsjettet. For prosjektretta søknader vil dagens praksis bli vidareført. 5