3692 Sauland Møteinnkalling for Utval for levekår og kultur Møtedato: 04.03.2014 Møtestad: Kommunehuset, formannskapssalen Møtetid: Kl. 17.00 Utvalsmedlemene blir med dette kalla inn til møtet. Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melda frå så snart råd er, tlf. 35 02 80 00, slik at varamedlem kan bli kalla inn. Stad Sauland, 25.02.2014 Einar Løndal leiar Sakliste Sak nr. Saktittel 001/14 GODKJENNING AV MØTEBOK 002/14 DELEGASJONSSAK 003/14 REFERATSAKER 004/14 FORMELL NEDLEGGING AV BIBLIOTEKAVDELINGANE I HJARTDAL OG TUDDAL 005/14 SØKNAD OM TILSKOT TIL BOKLÅNSORDNINGA I HJARTDAL 006/14 FRIVILLIGHETSSENTRALEN - SØKNAD OM STØTTE FOR 2014 Dokumenta er òg tilgjengeleg på Acos møteportal på ipad.
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Utval for levekår og kultur 04.03.2014 001/14 ISO Saksansvarleg: Ingrid Sletta Olsen Arkiv: K1-033 Arkivnr.: 14/1413 GODKJENNING AV MØTEBOK RÅDMANNEN TILRÅR Møteboka frå 03.12.2013 blir godkjent slik ho ligg føre.
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Utval for levekår og kultur 04.03.2014 002/14 ISO Saksansvarleg: Ingrid Sletta Olsen Arkiv: K1-033 Arkivnr.: 14/1411 DELEGASJONSSAK FLOK-002/14 09.01.2014: SAKKYNDIG VURDERING ETTER OPPLÆRINGSLOVEN 1. Søknad om spesialpedagogiske ressursar knytt til elev imøtekomast med 190 årstimar à 60 minutt, gjeldande frå skuleåret 2013/2014. 2. Vedtaksgrunnlaget/sakkunnig uttale er gjeldande fram til overgang til ungdomssteget, men vedtak må gjerast for kvart skuleår. 3. Det utarbeidast Individuell Opplæringsplan i samarbeid med føresette, der organisering av og innhald i opplæringstilbodet kjem fram FLOK-003/14 10.01.2014: OM SPESIALUNDERVISNING 1. Søknad om spesialundervisning til elev.. imøtekomast i eit omfang på 228 årstimar à 60 minutt med pedagog for skuleåret 2013/2014. 2. Vedtaksgrunnlaget/sakkunnig uttale er gjeldande fram til overgang til ungdomssteget, men det må gjerast årleg vedtak om spesialundervisning. 3. Det utarbeidast Individuell Opplæringsplan der utforming og organisering av tilbodet er nærare konkretisert. FLOK-004/14 29.01.2014: SVAR PÅ SØKNAD OM UNDERSKOTSGARANTI I SAMBAND MED KONSERT 1. Underskot på kr. 9.160 i samband med konsert med Mosaic 12.12.13 i regi av Sokneråda i kommunen dekkjast frå konto 1.4700.210.3850. Beløpet overførast til konto 2699.50.33282. 2. Rådmannen bed om at kommunen får melding om planlagte kulturarrangement tidlegast råd.
FLOK-005/14 29.01.2014: SVAR PÅ SØKNAD OM STØNAD TIL UTGJEVING AV OPPFØLGJAR TIL FØRNESBRUNEN -VOL 2 Søknad frå Sylvartun Folkemusikk v. Hallvard T.Bjørgum imøtekomast med kr 5.000 frå konto 1.4700.210.3850. Tilskotet overførast til konto 2890.05.25097. FLOK-006/14 19.02.2014: ENKELT ETTER OPPLÆRINGSLOVA 9A Saka er unntatt offentlighet FLOK-035/13 27.11.2013: SØKNAD OM TILSKUDD TIL TRANSPORT Søknad om kr 1.980 i støtte til transportordning i samband med førjulsfest 10.12. i regi av pensjonistlaga i kommunen imøtekomast. Tilskotet utbetalast frå konto 1.4700.260.3850 etterskotsvis ved framsyning av eit enkelt rekneskapsoversyn for transportordninga. FLOK-037/13 03.12.2013: FORSKRIFT OM SKULERUTE FOR SKULEÅRET 2014-2015 Skulerute for skuleåret 2014/2015 vedtakast som kommunal forskrift. FLOK-040/13 04.12.2013: OM TILDELING AV INTRODUKSJONSPROGRAM, INTRODUKSJONSSTØNAD OG OPPLÆRING I NORSK OG SAMFUNNSKUNNSKAP Hjartdal kommune tildelar person C introduksjonsprogram etter Introduksjonslova 21, første ledd bokstav a-e, samt 3, tredje ledd, 4, 5, 6, 8 og 12. Det gjev rett og plikt til deltaking i opplæring i norsk og samfunnsfag, og til å følgje det avtalte programmet i den individuelle planen. Plikta til å delta i introduksjonsordninga varer i to år frå busettingsdato. Hjartdal kommune utbetalar introduksjonsstønad kvar månad. Dette beløpet blir justert 1. mai kvart år. Utbetalingsdato er 12. i kvar månad. Det kan gjerast avtale om at stønaden betalast ut kvar 14. dag. Stønaden er skattepliktig. Første utbetaling er 3. desember, dette er forskot på introduksjonsstønad. Ved ulegitimert fråvær blir det trekt time for time, Introduksjonslova 21, e. Fråværsliste frå Vaksenopplæringa på Notodden er grunnlaget for utbetaling av stønad. Ved fråvær må det framvisast dokumentasjon i samsvar med fråværsreglement ved Vaksenopplæringa på Notodden. Utgifter til månadskort for buss til og frå Vaksenopplæringa på Notodden blir dekt av Hjartdal kommune. Retten til å delta i introduksjonsordninga fell bort ved flytting til annan kommune, Introduksjonslova 3, andre ledd. Den nye busettingskommunen kan likevel gje eit tilbod.
Dette vedtaket kan påklagast til Fylkesmannen. Fristen er 3 veker. Klaga sendast: NAV Hjartdal, flyktningetenesta, Saulandsvegen 416, 3692 Sauland. NAV kan gje rettleiing i å skrive klaga. RÅDMANNEN TILRÅR: Delegasjonssakene blir teke til orientering slik dei ligg føre.
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Utval for levekår og kultur 04.03.2014 003/14 ISO Saksansvarleg: Ingrid Sletta Olsen Arkiv: K1-033 Arkivnr.: 14/1412 REFERATSAKER Nr Dok.ID T Dok.dato Avs./Mott. Tittel 1 13/8259 U 02.12.2013 Mathias Kleppen VEDK BARNEHAGANE I HJARTDAL KOMMUNE 2 13/7892 I 25.11.2013 Mathias Kleppen VEDRØRENDE BARNEHAGENE I HJARTDAL KOMMUNE 3 13/8289 I 01.12.2013 Norges handicapforbund KARTLEGGING AV TILGJENGELIGHETEN FOR BEVEGELSESHMMA I GRUNNSKULEN RÅDMANNEN TILRÅR: Referatsakene blir teke til orientering slik dei ligg føre.
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Utval for levekår og kultur 04.03.2014 004/14 BR Saksansvarleg: Bjørn Rugaas Arkiv: K2-C61 Arkivnr.: 14/1260 FORMELL NEDLEGGING AV BIBLIOTEKAVDELINGANE I HJARTDAL OG TUDDAL Dokument i saka: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 U 05.02.2014 Hjartdalsbygda AS v. Tor Djupedal OPPSEIING AV AVTALE OM TILSKOT TIL BOKUTLÅNSORDNINGA I HJARTDAL 2 U 05.02.2014 Hjartdal OPPSEIING AV AVTALE OM TILSKOT TIL Frivilligheitssentral v. BOKUTLÅNSORDNINGA I HJARTDAL Lise Djupedal 3 I 09.02.2014 Hjartdal Turist og bygdesentral v/lise Djupedal SØKNAD OM TILSKOT TIL BIBLIOTEKET I HJARTDAL Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.: Hjartdal kommune, Økonomiplan 2014-2017 Saksgang: Utval for Levekår og Kultur tilrår Kommunestyret gjer vedtak. Bakgrunn for saka: Før år 2000 var bibliotektenesta i Hjartdal kommune organisert med eit hovudbibliotek i Sauland, og avdelingar i Hjartdal og Tuddal. Kommunen hadde ved årstusenskiftet både av økonomiske årsaker og for å konsentrere tenesteinnsatsen behov for å rasjonalisere tenestetilbodet. Som resultat av dette opphørte drifta av avdelingsbiblioteka, men det vart teke avgjerd om at bokstammene i Hjartdal og Tuddal skulle bli verande i bygdene. For å gje barnehagane og skulane i Hjartdal og Tuddal eit godt bibliotektilbod kjøpte Hjartdal kommune bibliotektenester frå Telemark Fylkeskommune via bokbussordninga. Som eit tiltak for å redusere kommunale driftsutgifter vart bokbussordninga i 2003 teke vekk frå Hjartdal skule, men vart behalde i Tuddal. For likevel å oppretthalde eit bibliotektilbod i Hjartdal vart det våren 2004 ( KOO-sak 04/04) gjort vedtak om å gje lønstilskot til Hjartdal Turist- og Bygdesentral for å drive eit bibliotektilbod. Det var frå før av gjort leigeavtale med Hjartdalsbygda AS om lokaler, medan dette enno var avdelingsbibliotek. Årlege utgifter knytt til dette er pt ca 55.000, fordelt på tilskot til lønsmidlar via Hjartdal Turistog Bygdesentral - 20.000, og leigeavtale med Hjartdalsbygda AS - 35.000. Det høyrer med til historikken at Telemark Fylkeskommune si bokbussordning etter nokre år vart nedlagt. I ettertid har Tuddal barnehage/skule i form av ei abonnementsordning motteke
bokkasser frå Fylkesbiblioteket. Ordninga har påført kommunen utgifter på kr 4.000 pr år. Porto for retur av bøker har kome i tillegg, slik at kostnaden totalt har vore anslagsvis 8-9.000. Ordninga er frå 2014 av avvikla, og det er etablert ei løysing der hovudbiblioteket i Sauland sender bokkasser til Tuddal barnehage og skule. Hjartdal kommunestyre vedtok i sak 82/13, Økonomiplan 2014-2017, pkt 3.3.4 å seie opp avtale om tilskot til bokutlånsordninga ved Bygdesentralen i Hjartdal frå og med budsjett/kalenderåret 2015. Ved gjennomgang av arkivmateriale er det ikkje funne formelle vedtak om nedlegging av avdelingsbiblioteka i Hjartdal og Tuddal, og rådmannen ønskjer å få dette formalisert. Vurdering: Å føreta ei formell nedlegging er ei formalisering av den praksis kommunen har ført i mange år for Tuddal sitt vedkomande, og som ved kommunestyrevedtaket i sak 82/13 også vert gjeldande for Hjartdal. For å oppretthalde eit bibliotektilbod til barnehagen/skulen i Hjartdal er det uproblematisk å etablere ei ordning for Hjartdal på same måte som for Tuddal. Ved tidlegare behandling av saker knytt til biblioteka i Hjartdal og Tuddal har det kome signal om at publikum ser det som viktig å behalde bøkene i bygdene. Frå rådmannen si side ser ein ikkje motførestellingar i høve til dette ønsket. Bokstamma i Tuddal har tilhald i Menighetshuset i Tuddal. Når det gjeld Hjartdal er det i oppseiingsvarselet til Hjartdal Turist- og Bygdesentral opplyst om at rådmannen vil tilrå at bokstamma blir verande i Hjartdal, og at ein bed om ei vurdering av om ein i Hjartdal vil takke ja til dette. I og med at kommunen ønskjer å avslutte boklånsordninga i Hjartdal, fell også grunnlaget for å ha ei leigeavtale med Hjartdalsbygda AS om det aktuelle arealet bort som ein naturleg konsekvens av kommunestyret sitt vedtak. Det er sendt oppseiingsvarsel til huseigaren med verknad frå 01.01.2015. RÅDMANNEN TILRÅR: 1. Avdelingsbiblioteka i Tuddal og Hjartdal vert formelt lagt ned som del av det kommunale tenesteapparatet. 2. Bokstammene som tilhøyrer dei tidlegare avdelingsbiblioteka blir verande i Tuddal og Hjartdal under føresetnad av at lokal organisasjon eller liknande tek på seg ansvaret for boksamlinga 3. Hjartdal kommune seier opp leigeavtala med Hjartdalsbygda AS for bibliotekarealet i Hjartdal Turist- og Bygdesentral. Saksordførar:
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Utval for levekår og kultur 04.03.2014 005/14 BR Saksansvarleg: Bjørn Rugaas Arkiv: K2-C61 Arkivnr.: 14/1260 SØKNAD OM TILSKOT TIL BOKLÅNSORDNINGA I HJARTDAL Dokument i saka: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 U 05.02.2014 Hjartdalsbygda AS v. Tor Djupedal OPPSEIING AV AVTALE OM TILSKOT TIL BOKUTLÅNSORDNINGA I HJARTDAL 2 U 05.02.2014 Hjartdal OPPSEIING AV AVTALE OM TILSKOT TIL Frivilligheitssentral v. BOKUTLÅNSORDNINGA I HJARTDAL Lise Djupedal 3 I 09.02.2014 Hjartdal Turist og bygdesentral v/lise Djupedal SØKNAD OM TILSKOT TIL BIBLIOTEKET I HJARTDAL Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.: Hjartdalsbygda AS, Leigeavtale Saksgang: Utval for Levekår og Kultur vedtek. Bakgrunn for saka: Hjartdal Turist- og Bygdesentral v. Lise Djupedal søkjer i brev av 10.02.2014 om kr 20.000 i tilskot til drift av bibliotekverksemda i Hjartdal. I søknaden syner ein til aukande utlånsaktivitet og at det er samarbeid med skulen for å gjere tilbodet tilgjengeleg også for skuleelevar. Boklånstilbodet i Hjartdal har ei betjent opningstid på 4 timar/veka, men er også tilgjengeleg til andre tidspunkt dersom det er ønskjeleg. Vurdering: Hjartdal kommunestyre vedtok i sak 82/13, Økonomiplan 2014-2017, pkt 3.3.4 å seie opp avtale om tilskot til bokutlånsordninga ved Bygdesentralen i Hjartdal frå og med budsjett/kalenderåret 2015. Rådmannen tilrår i anna sak at leigeavtale med Hjartdalsbygda AS seiast opp. Det er sendt oppseiingsvarsel til båe partar. Med kommunestyret sitt vedtak forstår rådmannen at det er høve til å gje driftstilskot for 2014. Bakgrunnen for kommunestyret sitt vedtak er i hovudsak økonomiske, og det er rekna med innsparingseffekt på kr 20.000. I vedtaket er det ikkje teke høgd for at det også utbetalast husleige for arealet som bokutlånsordninga disponerar. Den totale innsparingseffekten er difor på bakgrunn av gjeldande avtaler kr 55.000.
Avtale om leige av areal har oppseiingstid på 12 månader, og avtale er sagt opp frå kommunen si side, men er gjeldande ut 2014. Rådmannen vil på denne bakgrunnen difor tilrå å imøtekome søknaden frå Hjartdal Turist- og Bygdesentral. RÅDMANNEN TILRÅR: Søknad om kr 20.000 i tilskot til drift av boklånsordninga i Hjartdal imøtekomast. Tilskotet utbetalast frå konto 1.4700.261.3850.
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Utval for levekår og kultur 04.03.2014 006/14 BR Saksansvarleg: Bjørn Rugaas Arkiv: K1-223 Arkivnr.: 13/1935 FRIVILLIGHETSSENTRALEN - SØKNAD OM STØTTE FOR 2014 Dokument i saka: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 I 11.09.2013 Hjartdal Turist og Bygdesentral FRIVILLIGHETSSENTRALEN - SØKNAD OM STØTTE FOR 2014 2 U 13.09.2013 Hjartdal Turist og Bygdesentral FRIVILLIGHETSSENTRALEN - SØKNAD OM STØTTE FOR 2014 3 I 08.01.2014 Lise Djupedal ÅRSMELDING 2013 - HJARTDAL BYGDESENTRAL/FRIVILLIGHETSSENTRAL Vedlagde dokument: Dokument nr.3 Saksgang: Utval for Levekår og kultur vedtek Bakgrunn for saka: Hjartdal Frivilligsentral v. styreleiar i Hjartdal turist og bygdesentral Bjørg Inger Flatland søkjer i brev av 12.09.2013 om tilskot til drifta av sentralen for 2014. Frivilligsentralen har ein tilsett i 50 % stilling. Drifta av frivilligsentralen er offentleg finansiert med tilskot frå stat og kommune. Rekneskap for 2013 er ikkje innlevert, men rekneskap for 2012 syner samla inntekter med 406.434, derav 368.322 i offentlege tilskot, samla utgifter 373.656 og eit årsresultat på 32.778. Frivilligsentralen har pr 31.12.2012 ein eigenkapital på 182.508. Vurdering: Det er teke høgd for driftstilskot til Frivilligsentralen i budsjettet for 2014 tilsvarande omsøkt sum. Det har frå kommunen si side blitt gjort ein innsats for å etablere partnerskapsavtale mellom kommunen og Frivilligsentralen, dette vart vedteke av kommunestyret som ei målsetting for 2013. Hovudhensikten med dette var å skape ein meir forutsigbar økonomi for sentralen, samstundes med at kommunen ønskjer at Frivilligsentralen i størst mogleg grad skal ha heile kommunen som virkeområde, og at samordninga mellom kommunal og frivillig innsats skal ha større samla effekt - synergi. Målsettinga vart ikkje nådd.
Ved gjennomgang av årsmelding for dei to siste åra, 2012 og 2013, ser rådmannen at timetal for frivillig innsats, talet på frivillige, samarbeidspartar og dei fleste rapporterte aktvitetar er identiske frå år til år. Dette kan etter rådmannen si oppfatning tolkast som at det er ein risiko for at Frivilligsentralen sin innsats kan bli for statisk og ikkje i stor nok grad oppsøker nye utfordringar for å utvikle tilbodet. Kommunen sitt årlege tilskot til Frivilligsentralen er i Hjartdal-målestokk relativt stort. Rådmannen meiner det vil vere naturleg å sette vilkår knytt til tilskotet. Vilkåra kan utformast på ein slik måte at dei imøtekjem dei målsettingane som ligg bak kommunen sitt ønskje om partnerskap, eller at vilkåra er bidrag til å skape ein utviklingsprosess i retning av det ideelle. Døme på slike vilkår kan vere: - Handlingsplan med målsettingar skal sendast kommunen saman med søknad om tilskot - Styret sin samansetnad må tilfredsstille krav om minimum 40 % av kvart kjønn - Spissing av dagleg leiar sine oppgåver mot rekruttering av frivillige og aktivitetar i alle bygder - Meir likeverdig tilbod i alle bygder - Lenke til eigen nettside frå portalen frivilligsentral.no' - Info på eigen nettside om korleis ein kan bli frivillig - Informasjon om aktivitetane på nettsida Rådmannen overlet til det politiske skjønn å avgjere kva for vilkår skal nyttast. Når det gjeld inneverande år vil rådmannen tilrå at søknad om tilskot imøtekomast. Sjølv om kommunen har ønskje om ein endra profil i tilbodet, vil reduksjon eller avslag frå kommunen si side kunne føre til at tenestetilbodet opphører. Den frivillige innsatsen samla sett i kommunen har stor verdi for kommunen sine innbyggjarar, og det er behov for den koordinerande funksjonen ein frivilligsentral ideelt sett har. RÅDMANNEN TILRÅR: Søknad frå Hjartdal turist og bygdesentral om kr 100.000 i tilskot til drift av Frivilligsentral vert imøtekomen på følgjande vilkår.. Tilskotet utbetalast frå konto 1.4700.210.3850 Tilskotet blir utbetalt når det ligg føre skriftleg aksept av vilkåra frå styret for Frivillighetssentralen.