Erfarings- og kunnskapsinnhenting - tilbakemelding frå Hatlestrand oppvekstsenter

Like dokumenter
SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A. Ostereidet barneskule

Handlingsplan. Åheim skule. Elevane sitt skulemiljø. ved. Godkjent i SU den..

Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

HEIDAL SKULE. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKINGAR. Danielsen Ungdomsskule Osterøy

Handlingsplan mot mobbing

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Langevåg skule

Olweusarbeidet i Luster kommune Felles årshjul

Handlingsplan. Åheim skule. mot. mobbing og anna krenkjande åtferd. ved

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

1. AVDEKKING AV MOBBING

GISKE OPPVEKSTSENTER SKULE OG SFO

Tiltaksplan. mot mobbing og rasisme. Oma skule. Alle tilsette skal arbeide for nulltoleranse mot mobbing.

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

Plan for trivsel ved Helland skule. VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule.

Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen.

Denne planen består av fire deler 1. AVDEKKING AV MOBBING 2. PROBLEMLØYSING AV MOBBESAKER 3. FØREBYGGING 4. KONTINUITET

Opplæringslova 9A Frå 1. august 2017 er det vedteke eit nytt regelverk om skulemiljø

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Rosendal ungdomsskule er ein trygg og utviklande læringsarena for alle elevane. VISJON. Partar: Rektor.

PRIVATSKOLESAMLING. Stavanger 7.mars 2013

KVITESEID SKULE. Planen er handsama i FaU , Samarbeidsutvalet og i TPO team med PPT

Plan for å sikre elevane eit godt psykososialt miljø på Tuv og Ulsåk skular og sfo

Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

Internkontroll vedkomande elevane sitt skulemiljø kap 9a i opplæringslova

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Frakkagjerd ungdomsskole

Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017

Øystese barneskule April - 08

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Nytt kapittel 9 A. Elevane sitt skolemiljø

Plan mot mobbing og mistrivsel

PLAN MOT MOBBING VED STORD UNGDOMSSKULE (OLWEUS)

SYSTEMATISK ARBEID FOR EIT GODT SKULEMILJØ FOR ELEVANE KLØVHEIM SKULE

TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

Føreord side 2. Innhald side 3. Førebyggjande arbeid side 4. Avdekking av mobbing side 5. Problemløysing side 6

Nytt kap 9A opplæringslova. Prop 57 L ( )

HANDLINGSPLAN MOT KRENKJANDE ÅTFERD. Horpestad skule. Alle elevane på skulen vår skal oppleve eit trygt og godt arbeidsmiljø som er fritt for mobbing.

Handlingsplan mot mobbing. for. Stranda ungdomsskule

TILTAK MOT MOBBING Geiranger skule og barnehage 2012

VENNSKAP. * Me vil at alle skal føla seg trygge på skulen og på skulevegen. * Me vil at alle skal gje melding dersom dei eller andre vert plaga

Plan for elevane sitt skulemiljø

Plan mot krenking og sosial utestenging

Lærdal kommune. Prosedyrar for eit godt psykososialt skulemiljø

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

HANDLINGSPLAN MOT KRENKJANDE ÅTFERD. Horpestad skule. Alle elevane på skulen vår skal oppleve eit trygt og godt arbeidsmiljø som er fritt for mobbing.

ARBEIDET MED BEREDSKAPSTEAM

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Barnerettane i SKULEN

Skulestart Repetisjon

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

Fedje Skule HANDLINGSPLAN OG FØREBYGGJANDE ARBEID MOT MOBBING. Fedje kommune 2015/2016

Plan for oppfølging av elevenes skolemiljø.

KLASSEKONTAKT. Kva kan eg gjere? Kven er eg til for? Korleis kan eg jobbe? Lysarka bygger på FUG - hefte ABC for foreldrekontaktar.

1. Forord fra rektor s Bakgrunn og definisjoner s Avdekking av mobbing s Problemløsning av mobbesaker s. 7

Handlingsplan ved urovekkande fråvær

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

FEVIK SKOLE. Sosial handlingsplan. Handlingsplanen revideres hvert år i april.

Handlingsplan for å sikre eleven et trygt og godt psykososialt skolemiljø ved Rosenborg skole

Handlingsplan for elevane sitt psykososiale skulemiljø

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Samarbeid heim skule i Skodje kommune

Nissedal kommune Eining for skule Plan og rutinar for arbeid med elevane sin rett til eit godt psykososialt miljø etter 9a-3 i Opplæringslova

SAMARBEID HEIM OG SKULE

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

Retten til et godt psykososialt miljø etter opplæringsloven kapittel 9a

å følge nøye med på det som skjer på skolen for å avdekke mobbing å ha kontinuitet i arbeidet mot mobbing og prioritere det høyt

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

Godkjent av driftsstyret Handlingsplan mot mobbing

Overordnet handlingsplan mot mobbing og krenkende atferd

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt elevmiljø ved Svortland skule

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

NESSET KOMMUNE Indre Nesset barne- og ungdomsskole. Plan for arbeidet med det psykososiale miljøet

Handlingsplan mot mobbing og krenkende atferd 2018 Ekeberg skole

HANDLINGSPLAN MOT KRENKJANDE ÅTFERD

KVALITETSPLAN FOR VEVRING SKULE. Introduksjon. Skulen sin visjon og pedagogiske grunnsyn: «Rom for alle, blikk for den enkelte»

Kvalitetsplan mot mobbing

Transkript:

Erfarings- og kunnskapsinnhenting - tilbakemelding frå Hatlestrand oppvekstsenter 1. Korleis følgjer skulen opp resultata etter Elevundersøkinga? Resultata frå Elevundersøkinga vert gjennomgått og drøfta i dei aktuelle klassane kvart år når resultata våre føreligg. Det er kontaktlærarane som står for dette. Kontaktlærarane prøver å finna ut kva elevane har hatt i tankane når dei har svara på undersøkinga. Det vert i dette arbeidet sett særleg fokus på svar som avvik i negativ lei. Elevundersøkinga og det pykososiale skulemiljøet er sak i elevrådet og i dei aktuelle klasseforeldremøta. FAU, tilsette og foreldra i dei aktuelle klassane får informasjon om reultatet. Resultata frå Elevundersøkinga og Ståstadanalysen vert årleg teke opp i skulemiljøutvalet. Skulemiljøet, både det fysiske og det psykososiale miljøet, er sjølvsagt tema på alle møta i skulemiljøutvalet. 2. Kva konkrete tiltak har skulen sett i verk? Eit godt psykososialt miljø og eit godt læringsmiljø førebyggjer mobbing. Ein føresetnad for at det skal skapast eit godt miljø, er planmessig, førebyggjande arbeid. Dei fem kulepunkta nedanfor viser kva som er grunnleggjande faktorar for å utvikla og halda ved like eit godt læringsmiljø på skulen. Me har jobba og jobbar for å betra oss på følgjande punkt: God leiing, organisasjon og kultur for læring på skulen At skulen som organisasjon har god leiing og er prega av ein kultur for læring, har ein indirekte effekt på læringsmiljøet og læringa til eleven. Læraren si evne til å leia klassar og grupper Læraren si evne til å leia klassar og grupper er ein av dei viktigaste faktorane i arbeidet mot mobbing og for å skapa gode læringsmiljø. Positive relasjonar mellom elev og lærar Lærarane skal byggja bevisst opp ein positiv relasjon til kvar enkelt elev, og elevane skal oppleva at læraren bryr seg, viser omsorg og støttar dei slik at dei opplever tryggleik og tillit og blir sett av læraren. Positive relasjonar og kultur for læring blant elevane Elevar som blir sett og godtekne av læraren, blir trygge også i høve til andre elevar. Kulturen i elevgruppa har mykje å seia for både læring og veremåte. Godt samarbeid mellom skule og heim Når elevane opplever at dei vaksne set dei same grensene for mobbing og asosial åtferd, vil dette i seg sjølv verka førebyggjande. På dei følgjande sidene er det teke med utdrag frå handlingsplanen vår mot mobbing. Dette viser korleis me på skulen vår jobbar og tenkjer når det gjeld å førebyggja mobbing.

Andre viktige tiltak for å betra skulemiljøet Skulen skal informera tilsette, elevar og foreldre om mobbing og tiltak mot mobbing. Tiltaka i Handlingsplan mot mobbing skal gjennomførast. I oktober månad skal det kvart år gjennomførast ei trivselsundersøking på skulen. Setja fokus på oppvekstmiljøet t.d. grensesetjing, media, vald og den gode oppvekst. FAU bør saman med skulen arrangera årleg temakveldar, trivselskveldar og sosialkveldar.. Læra elevane empati. Gjennom m.a. bruk av Steg for steg, MOT osv. Ha tett inspeksjonen i friminutta. Alle møter punktleg og presis når dei har inspeksjon. Når ein oppdagar uønska åtferd, grip ein om nødvendig inn og melder deretter frå til kontaktlærar. NB! Handlingsplikta Involvera elevane i inspeksjon - elevane brukar refleksvestar når dei er vakter. Leggja stor vekt på klassemiljøarbeid. Trivsel, tryggleik og mobbing er tema på alle klasseforeldremøte og konferansetimar. På bakgrunn av årleg trivselsundersøking skal det lagast trivselsreglar. Alle skal skriva under på trivselsreglane. Eleven og foreldra skal gjerast kjende med kva som skjer dersom det førekjem mobbing. Dei skal få vita at: Mobbing er ikkje tillate på skulen vår, og at slik framferd får følgjer for den det gjeld. Skulen tek opp og drøftar hendingar som kan kallast mobbing. Kontaktlærar tek involverte elevar inn til samtale. Heimane vert orientert. Skulen satsar på tryggleik og trivselstiltak ved bruk av positive elevaktivitetar, t.d. aktivitetar i Hallen. Elevrådet er ein viktig medspelar her. Kvar haust set me av tid til haldningsskapande arbeid i høve til trivsel, tryggleik og mobbing. Hjelp: Elevrådspermen om mobbing Faste utviklingssamtalar skal seia noko om korleis eleven trivst på skulen. Vurderinga skal førast på eige skjema og arkiverast i elevmappa. Kontaktlærar saman med samarbeidande lærarar er ansvarleg for utviklingssamtalane.. Skulen nyttar organisasjonen MOT i det førebyggjande arbeidet mot mobbing. Fadderordning i barneskulen der elevane på mellomsteget er fadrar for elevane på småskulesteget. Alle som har inspeksjon, både elevar og tilsette, skal bruka gule refleksvestar slik at dei er synlege for alle. Arbeid i klassen og på skulen Kvar klasse drøftar kva mobbing er. slik at dette vert tydeleg for alle. Kvar klasse lagar klassereglar mot mobbing. Trivsel, tryggleik og mobbing er tema på klasseforeldremøta. Alle klassane på skulen skal laga trivselsreglar som seier noko om korleis elevane ønskjer å ha det i klassen og på skulen. Klassemøte der ein drøftar korleis det har utvikla seg når det gjeld elevane sin trivsel den siste tida, om nokon har brote reglane, og kva me må gjera for å retta på eventuelle regelbrot. Elevane skal sjølve koma fram til ulike tiltak. På første klasseforeldremøte i skuleåret skal foreldra bli samde om kva elevar, lærarar og foreldre og føresette kan gjera for å fremja trivsel og førebyggja mobbing. Klassen samlar seg om nokre tiltak.

Klassekontaktane skal årleg ta initiativ til samkomer om trivselstiltak i klassane saman med foreldre, elevar og kontaktlærar.. Laga og framføra rollespel om mobbing. Diskutera mobbing. Bruka filmar, bøker, dvd m.m. om mobbing som utgangspunkt for diskusjon. ( Dvd med Kjetil Hasselberg og Kjartan Eide frå Kjetil og Kjartan show ) Det må i alle klassar arbeidast systematisk for å skapa ein kultur for at elevane melder frå når dei ser at nokon elevar ikkje har det bra på skulen. Arbeid i elevrådet Elevrådet skal årleg laga eit framlegg til ein aktivitetsplan som syner kva for aktivitetar elevane kan driva med gjennom skuleåret for å auka trivselen på skulen og i fritida. Elevrådet skal to gonger i året, haust og vår, evaluera denne planen. Elevrådet set opp plan for elevvaktene. Heimen sitt ansvar La ikkje barnet ditt vera i tvil om kva du meinar om å mobba eller plaga andre. Ikkje la barnet få inntrykk av at du er likesæl. Forskning syner at der skule og heim saman tek avstand frå mobbing, vil det verka positivt inn på barna. Snakk med barnet om mobbing. Prøv å få fram at det å fortelja om plaging ikkje er sladder, men å syna solidaritet med den som vert mobba. Å la vera å gje beskjed, er det same som å ta parti med mobbaren/mobbarane I dei høve der du veit om eller har mistanke om mobbing, må du kontakta kontaktlærar eller skuleleinga. I samarbeid med skulen kan me få til ei positiv endring av situasjonen. Har du eit barn som plagar andre, gjer det klart at du ser alvorleg på dette og ikkje kan godta slik framferd. Tenk gjennom og ver klar på reglar for framferd i heimen. Ros og syn interesse når barnet oppfører seg bra. Når barnet ikkje føl avtalte reglar, må dette få følgjer. Foreldra må bruka tid på felles aktivitetar saman med barnet. Dei må følgja med på kva barnet gjer og kven barnet er saman med på skulen og i fritida. Mobbing og uakseptabel framferd skjer når vaksne ikkje er til stades eller veit kva barnet driv med. Sjå til at barnet har gode samværsformer med andre. Få barnet interessert i fritidsaktivitetar. Du som tilsett må : Gje god informasjon i møtet med nye elevar og foreldre. Vera spesielt merksam ved overgangane mellom barnehage og skule, og mellom dei ulike stega. Ha inspeksjon og tilsyn i skulegarden, i korridorane og i garderobane Du må òg spørja om kva som skjer på skolevegen og i skolebussen. Nytta refleksvest når du har inspeksjon. Vera klar over kva krav Handlingsplikta stiller til dei tilsette. Sjå nedanfor. Ta opp temaet mobbing i klassemøta og engasjere elevane i arbeidet. Krava de har til haldningar og åtferd, må samsvara med generelle normer og den standarden elevane opplever på skolen. Gjera elevane medvitne om korleis mobbinga skjer, om dei ulike rollene elevane kan ha, at det ikkje er tillate å mobbe, korleis ein opplever det å bli mobba, og at mobbaren òg tek skade av å mobbe.

Ta opp tilskodarrolla. Passive elevar forsterkar mobbesituasjonen, og elevane må læra korleis tilskodarar kan hjelpa til med å få slutt på mobbinga. Ta opp mobbing ved hjelp av mobiltelefon og Internett spesielt. Dette temaet skal takast op på foreldremøta med jamne mellomrom. Handlingsplikta Dersom det er mistanke om at elevar vert utsette for krenkjande ord eller handlingar, har du som tilsett plikt til å gjera følgjande: undersøkja saka varsla leiinga på skulen gripa sjølv inn dersom det er nødvendig og mogeleg skuleleiinga avgjer kva som skal gjerast vidare i saka skulleiinga informerer foreldra Ny teknologi og mobbing Mobbing ved hjelp av mobiltelefon og Internet skjer mest utanfor skulen. Likevel må me på skulen ha fokus på denne forma for mobbing. Det må arbeidast målbevisst for å læra elevane god nettbruk. Skulen sine orden og åtfersreglar set klare begrensningar når det gjeld bruk av mobiltelefon og Internet. Arbeidet mot mobbing har vorte forankra i lovverket. Med endringar gjeldande frå 1. april 2003, har me fått kapittel 9a om elevane sitt skulemiljø. Her vert mobbing nemnd under paragrafen som omhandlar det psykososiale miljøet. Skulen si rolle for å setja i verk tiltak mot mobbing og å følgja opp når nokon tek opp ei sak om blant anna mobbing, vert knytt til forvaltningslova. Det vert viktig for skulen å ha gode prosedyrar for å avdekka mobbing, samt å løysa mobbesaker som vert avdekka eller som vert meldt. Det førebyggjande arbeidet mot mobbing vert knytt både til det psykososiale miljøet og til paragrafen om systematisk arbeid for å fremje helse, miljø og tryggleik hos elevane. Eit aktivt arbeid mot mobbing krev kontinuerleg innsats retta mot fleire område. 3. Kva er skulen sine langsiktige planar for for skulemiljøarbeidet Skulen jobbar langsiktig på det førebyggjane området for å betra skulemiljøet og motverka mobbing. Viser til punkt nr. 2 ovanfor. Overordna mål: Hatlestrand oppvekstsenter har eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg eit miljø med gode vilkår for læring og leik. Alle elevar skal oppleva eit trygt og godt skulemiljø som er fritt for mobbing. Målet er nulltoleranse når det gjeld mobbing. Skulen har utarbeidd eigen Handlingsplan mot mobbing og Interkontrollhandbok etter kap. 9A. Dette er sentrale dokument når det gjeld skulen sitt langsikte arbeid med skulemiljøet.

Oppsettet nedanfor viser korleis skulen årleg jobbar for å få eit betre skule- og lærings-miljø august september Fokus på orden og åtferd. Gjennomgang av ordens- og åtferdsreglane med tilhøyrande forskrift. Alle klassar lagar klassereglar for sosialt samvær. Skal sendast til alle foreldre og føresette for underskrift. Gjennomg. av ordens- og åtferdsreglar med for-skrift og "Handlingsplan mot mobbing" i personalet, i alle klassar, i elevrådet, FAU og i klasseforeldremøta. Etablering av nytt skulemiljøutval, samarbeidsutval, elevråd og FAU. Elevrådet drøftar skulemiljøet og lagar ein plan for trivselstiltak. Alle elevane i ungdomsskulen deltek i MOT Handlingsplikta vert gjennomgått med dei tilsette. Internkontrollhandboka kapittel 9a elevane si arbeidsmiljølov vert gjennomgått med dei tilsette og foreldra Alle avvik som gjeld det fysiske skule-miljøet, vert kontinuerleg innrapportert i Famac eller per brev. oktober - desember Gjennomføra trivselsvurdering i alle klassar. Drøfta resultatet frå trivselsvurderinga i personalet, i alle klassar, FAU, elevrådet og skulemiljøutvalet. Laga tiltaksplanar etter trivselsvurderinga der det er trong for det. Skulemiljøet og trivsel er tema i elevsamtalane og foreldresamtalane. Rektor har møte med kontaktlærarane, fokus m.a. på skulemiljøet og elevane sin trivsel. Vernerunde på det fysiske arbeidsmiljøet. Alle elevane i ungdomsskulen deltek i MOT. Analysera og evaluera resultatet frå trivselsvurderinga i klassemøte, klasseforeldremøte, FAU og i elevrådet. Avvik som gjeld det fysiske skulemiljøet, vert kontinuerleg innrapportert i Famac eller per brev. januar - februar Evaluering av skulemiljøet i elevrådet. Gjennomføra Elevundersøkinga i 7. og 10. klasse. Drøfta trivsel og trivselstiltak i alle klassar, elevrådet, personalet, klasseforeldremøta, FAU og skulemiljø-utvalet. MOT deltaking i ungdomsskulen. Skulemiljøet og trivsel er tema på elev-samtalane og foreldre-samtalane. Rektor har møte med kontaktlærarane, fokus m.a. på skulemiljø og trivsel. Alle avvik som gjeld det fysiske skulemiljøet, vert kontinuerleg rapportert i Famac eller per brev.

Edvard Jarle Tveit -verksemdsleiarmars - april Elevrådet evaluerer planen for eit betre skulemiljø som vart utarbeidd i september. Planen vert revidert. Skulemiljøet og trivsel er tema på elevsamtalar og foreldre-samtalar. Rektor har møte med kontaktlærarane, fukus på m.a.på skulemiljøet. Skulemiljøet er tema på elev-samtalane og foreldre-samtalane. Rektor har møte med kontaktlærarane, fokus m.a. på skulemiljøet. MOT-deltaking i ungdomsskulen. Analysera og evaluera resultatet frå Elevundersøkinga i klassemøta, klasseforeldremøta, FAU og i elevrådet. Alle avvik som gjeld det fysiske skulemiljøet, vert kontinuerleg rapportert i Famac eller per brev. mai - juni Drøfta skulemiljøet og resultatet frå Elevundersøkinga og andre undersøkingar i aktuelle klassar, i personalet, i elevrådet, FAU og skulemiljøutvalet. Setja inn tiltak der det vert avdekka avvik. Ordens- og åtferdsreglane vert reviderte. Overleveringsmøte barnehage skule og barneskule ungdomsskule. Evaluering av skule-miljøet og tilhøyrande planar. Analyse og drøfting av Ståstadsanalysen. Alle avvik som gjeld det fysiske skulemiljøet, vert kontinuerleg innrapportert i Famac eller per brev. 4. Korleis forklarar skulen endringar eller mangel på endringar i dei aktuelle periodane? Hatlestrand oppvekstsenter, avd. skule fekk i skuleåret 2007/2008 eit svært dårleg resultat då 10. klassingane dette skuleåret svara på spørsmåla om mobbing i Elevundersøkinga. Dette var eit svært overraskande resultat for alle partane i skulesamfunnet. I ettertid har det kome fram at det var ein del elevar i 10. klassen som dette skuleåret hadde bestemt seg for å spela skulen eit lite puss då dei svara på Elevundersøkinga. Skulen valde å ta det dårleg resultatet på alvor.i første omgang brukte me ikkje noko form for energi på å forklara eller bortforklara eit svært dårleg resultat. Det dårlege resultatet og korleis skulemiljøet vårt kunne betrast vart ganske raskt tema i personalet, i FAU, i klasseråda og i elevrådet. Det vart starta opp eit omfattande arbeid for å betra skulemiljøet ved skulen vår. Det er me i dag svært glade for at me gjorde. Eit resultat av dette arbeidet vart ein ny handlingsplan mot mobbing. FAU vart trekt inn i arbeidet, og i dei etterfølgjande åra har elevane sitt psykososiale miljø vore på dagsorden. Det førebyggjande arbeid mot mobbing har vore i fokus. Dei skisserte tiltaka i dette skrivet er nok medverkande årsaker til at skulen vår har eit godt skule- og oppvekst-miljø. Hatlestrand skule, 05.09.2013