Styremøte Sameiget Gardinbrygga: Trondheim 19.04.06 Til stades: Tore Hillestad - Styreleiar Espen Johnsen Øystein Melle Ekenes Lise Hostad Vegard Bye Ordstyrer: Tore Hillestad Referent: Tore Hillestad Saker: Eitårsbefaring: o Få prisoverslag på takstmann, og leige inn ein som kan vere med på eitårsbefaring. Vegard Bye tek saka. PTL Byggtaksering o Tank for varmtvatn, utbyggar må byte for dei seksjonane som ynskje dette. o Porttelefon, virkar dårleg, utbyggar lyt ta kontakt med Elpro og få fiksa det ein gang for alle o Porttelefon utandørs er hengt opp skeivt, og manglar delar av beslag. Elpro må rette opp feilen. Støytest: o Høyre med Basale om råd om kven vi skal kontakte, eventuelt ta kontakt med firma og få pris på støytest. Tore Hillestad tek saka. Dugnad/timelønn: o Bebuarane fører timeliste /overslag over brukt tid. Eventuell betaling for uteståande dugnad vert sett ved seinare styremøte. o Tømming av søppelrom, søndag kl 15:00, dugnad, Lise Hostad skriv oppslag til bebuara. Styregodtgjersle: o Styremedlemmane er samde om å vedta styregodtgjersle. Godtgjersle vil verte utbetalt etter reel brukt tid på styresaker. Godtgjersle vert sett ved seinare styremøte. Side 1 av 2
Seksjonering av endeleilighetar: o Tore Hillestad høyrer med Basale om situasjonsrapport. o Boder nede tilhøyrande kvar seksjon er tilfeldig utdelt og arealet blir difor feil i forhold til seksjoneringspapir. Høyrer med Basale om kva som bør gjerast. Tore Hillestad tek saka. Fellesrom: o Sykkelbod: Oppfordre folk til å oppbevare sykklar i bod når dei ikkje blir brukt, samt gå til innkjøp av sykkelstativ innan sommaren. Espen Johnsen tek saka med sykkelstativ. Eventuell utbygging av sykkelrom/søppelrom vert avventa til økonomien er klar. o Askebeger: Akebeger utanfor inngangsdør for å unngå forsøppling av inngangsparti. Tore Hillestad vel og bestiller i næraste tid. o Gelender: Gelender rundt inngangsparti ute. Avventar til økonomien er avklart. o Utsmykking: Blomsterpotte ved inngangsparti, plast blomar og bilete i gang og trapperom. Lise Hostad tek saka. Skaffe oppslagstavle, samt ordne rammer til husordensreglar og vedtekter. Tore Hillestad tek saka. o Namnemerking av Porttelefon: Kjøpe inn Dymo, (lappemaskin) og ordne namn på porttelefon. Tore Hillestad tek saka. o Nøkklar: Få tak i fellesnøkkel, og høyre med Basale om vi kan oppbevare denne hos dei. Endre rekvirent hos Låsgruppen frå Emil Eide Eriksen til Tore Hillestad, ved kopi eller nyopptrykking. Fullmakt frå Emil Eide Eriksen. Synkronisere leilighetsnummer hos Låsgruppen med det som er i bruk i Sameiget Gardinbrygga. Øystein Melle Ekenes ordnar ny lås til port mellom Fjordgata 38 og 40. Neste styremøte: o Vert arrangert innan rimeleg tid, eller ved behov. Side 2 av 2
Styremøte Sameiget Gardinbrygga: Trondheim 20.09.06 Til stades: Tore Hillestad - Styreleiar Espen Johnsen Øystein Melle Ekenes Vegard Bye Ordstyrer: Tore Hillestad Referent: Tore Hillestad Saker: Orientering om prosess med Basale: o Det vil verte eit møte med Hege Nygård fyrstkommande fredag (22.09.06), der det vil verte informert om framgang etter tidlegare møte mellom Thor Brevik, Leif Lande, Ole Kristian Vaagan og Sameiget Gardinbrygga v/tore Hillestad og R. Melle. Dette for å kunne legge fram ein formell henvendelse til selger Fjordgata 38 AS. o Styret ynskjer at det på fredag 22.09.06 kjem opp ein dato for ekstraordinert sameiger møte, der seksjonering av endeleilighetar og styregjodtgjersle vert vedteke. Tore Hillestad tek saka vidare. Økonomi: o Det vart gitt eit kort innblikk i økonomien i Sameiget Gardinbrygga ovanfor resterande styremedlemmer. Styregodtgjersle: o Styret ynskjer at det vert vedteke styregodtgjersle på neste sameigermøte/generalforsamling. Tore Hillestad høyrer med Kristin Spjøtvold om korleis ein skal gå vidare. Seksjonering av endeleilighetar: o Styret vil anbefale ei løysing der ein flyttar veggen så nærme endeseksjonane som mogleg, og at ytterdøra vert trekt vekk frå døra til naboseksjonane. Det er og eit krav at det vert gitt ein kompensasjon til dei næraste seksjonane, sidan inngrepet vil forringe deira inngangssone. Tore Hillestad tek vidare til Hege Nygård. Eitårsbefaring: o Styret har registrert at det har skjedd lite av det som var nemnt i referat frå eittårsbefaring av fellesareal i Sameiget Gardinbrygga 12.05.06. Noko må skje snarast, Tore Hillestad tek saka vidare saman med Hege Nygård. Side 1 av 2
Fellesrom: o Styret ynskjer at det på sikt skal byggast ein nettingbod inne i søppelrommet, slik at ein får plass til verktøy og anna felles utstyr,. Dette vil og gi mindre plass til å sette frå seg avfall som ikkje skal vere der. o Styret ynskjer at det etter kvart vert kjøpt inn to til tre plastplantar i kvar etasje. Espen Johnsen skjekkar kva det vil koste. o Plate på ytterdør for å hindre at denne vert øydelagt av syklar m.m. Tore Hillestad tek saka. o Ny dørpumpe med tidsforsenking skal kjøpast inn, Tore Hillestad tek saka. Vask: o Styret ynskjer at det vert vaska i heis, både vertikale og horisontale flater, samt at ein tek ytterdører, lamper, postkassestativ og trapp ein gang i kvartalet. Tore Hillestad tek saka vidare med Reninor AS. Systemnøkkel: o Ein av nøkklane bør leverast inn til eit vaktselskap/låssmed, medan den andre vert beheldt av Tore Hillestad inntil vidare. Vegard Bye tek saka. Neste styremøte: o Vert arrangert innan rimeleg tid, eller ved behov. Ved eit eventuelt ekstraordinert sameigemøte er det ynskjeleg med eit styremøte i forkant av dette. Side 2 av 2
Styremøte Sameiget Gardinbrygga: Trondheim 13.12.06 Til stades: Tore Hillestad - Styreleiar Espen Johnsen Øystein Melle Ekenes Ordstyrer: Tore Hillestad Referent: Tore Hillestad Saker: Orientering reklamasjonssaka: o Framlegging og orientering om teikningar, FDV og kontrakt med Schindler m.m. o Nytt møte med partane i reklamasjonssaka er planlagt 19.12.06 kl 14:00. Teikningar over nye veggar ved endeseksjonane må leggast fram på møtet for gjennomsyn av representant for styret. Styret ynskjer ei avklaring på seksjoneringssaka og dei resterande punkta. Ny forvaltar: o Kort orientering om Midt-Norge regnskap AS som vil verte ny forvaltar frå og med 01.01.07. o Spørsmål til forvaltar: Få orden på utbetaling til styre og vaktmeister. Styret ser for seg at det blir satt ein timepris på tenester på kr 150, og at dette blir utbetalt gjennom fritak frå fellesutgifter. Generelle rutine ved t.d. faktura betaling. Ny generalforsamling: o Bør skje i januar 2007, møtelokale må ordnast, Melle Ekenes tek saka. o Nytt styremøte før generalforsamling er statt til onsdag 10.01.07. kl 18:00 o Aktuelle saker til generalforsamlinga: Presentasjon av ny forvaltar Framlegging av budsjett og fjorårets rekneskap. Framlegging av forslag til styregodtgjersle. Framlegging av forslag til timepris for tenester som vaktmeister o.l. Informere om rutinar ved brann og heisalarm. Informere om planar vedrøyrande planlagt oppussing av fasade mot kanal og fellesareal. Side 1 av 2
Rutinar ved brann og heisalarm: o For å få betre oversikt over ansvarsområde ved evt. brann- eller heisalarm ynskjer styret å få opp ulik informasjon til bebuarane. Ny systemnøkkel må bestillast og leverast Falken/Schindler, Hillestad tek saka. Ordne med alarmskilt i heis, Hillestad tek saka. Rutineplan ved brannalarm, Johnsen tek saka. Rømmingsplan, Hillestad tek saka. Styret ser for seg at dei ovanfor nemnde punkta er avklart innan neste styremøte. Fasade mot smug og kanal: o Styret ser for seg at ein innan rimeleg tid pussar opp fasaden mot kanalen. Dette må avklarast med ny eigar av seksjon nr 1 innan neste styremøte. Johnsen tek saka med ny eigar. Bankkort til styret/vaktmeister: o Styre ser for seg at det vert ordna eit bankkort til bruk av styre og evt. vaktmeister. Ei beløpgrense på omlag 5000 kr bør ligge inne. Hillestad tek saka med til ny forvaltar. Bør vere avklart innan neste styremøte. Velkomst skriv til nye bebuara: o Styret ynskjer at nye bebuara skal få eit skriv som inneheld generell informasjon om sameiget. o Øystein tek saka, og kjem med forslag innan neste styremøte. Vatn uttak til vask i fellesområde: o Få ordna med ein utslagsvask, varmtvatnbredar og amatur i sprinklerrom. Tore Hillestad tek saka vidare til Jan Stræte AS. Bør vere klart samstundes som sprinkleranlegg vert oppgradert i januar 2007. Side 2 av 2