MØTEINNKALLING Utval: Fast utval for plansaker Møtedato: 28.10.2014 Møtestad: Ingebrigt Davik-huset, Brattvåg Møtetid: Kl. 15:15 NB! Merk møtetidspunkt Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melda frå så snart råd er, tlf. 70 20 75 32 (00), slik at varamedlem kan bli innkalla. Varamedlemmer møter etter nærare innkalling. Dokument som ikkje er utsendt, kan du få kopi av på rådhuset. Dokument som ikkje er offentlege, vil bli utleverte i møtet. Dersom medlemmene på førehand ønskjer å gjere seg kjent med innhaldet i desse dokumenta, er dei tilgjengelege på rådhuset. Haram kommune 23.10.14 Bjørn Sandnes ordførar Elin A. Moen sekretær
Sakliste Sak nr. Saktittel 037/14 Godkjenning av møtebok 14.10.14 038/14 Gbn 17/11 - Delingssak - Kjerstad - Klagebehandling
HARAM KOMMUNE Sakspapir Utval Møtedato Saksnr Saksbeh. Fast utval for plansaker 28.10.2014 037/14 Elin A. Moen Avgjerd av: Fast utval for plansaker Godkjenning av møtebok 14.10.14 Arkiv: 033 Arkivsaknr 14/1032 Framlegg frå Rådmannen: Møtebok frå møtet 14.10.14 vert godkjent.
HARAM KOMMUNE Sakspapir Utval Møtedato Saksnr Saksbeh. Fast utval for plansaker 28.10.2014 038/14 Camilla Waagbø Nilsen Avgjerd av: Fast utval for plansaker Arkiv: 17/11, L33 Arkivsaknr 14/478 Gbn 17/11 - Delingssak - Kjerstad - Klagebehandling Framlegg frå Rådmannen: Haram kommune held fast på delegert vedtak 161/14 og oversender saka til Fylkesmannen i Møre og Romsdal for endeleg avgjerd. Vedtaket er gjort med heimel i: Forvaltningslova 28-36 Vedlegg: Søknad om deling Søknad om dispensasjon Situasjonskart Merknad til situasjonskart Gbn 17/11 - Delingssak - Kjerstad - Vedtak Uttale frå Lepsøy bygdeutval og Bo ved havet Klage på vedtak - Kjerstad Uttale kjøpar Uttale jordleigar Rundskriv landbruk og matdepartementet Handlingsplan kommune Bilde Bilde Bilde Bilde Bilde Vedlegg til klage
Saksutgreiing: I delegert vedtak 161/14 vart det gjeve avslag på søknad om dispensasjon for frådeling av ein parsell til bustadtomt på gnr 17 bnr 11 på Lepsøy. Vedtaket er påklaga av søkar. I klagen frå Kjerstad ligg det også ved innspel frå Lepsøy bygdeutval/bo ved havet, kjøparar av omsøkt parsell og jordleigar på bruket. Innhald i klagen: 2 Om lag 4-500m dyrkbar mark får endra bruk dersom søknaden vert innvilga. Resten av arealet er no bebygd med den gamle løa og areal som ikkje er dyrkbart. Den gamle løa vil stå til forfalls dersom ikkje nokon andre tek ansvar for ho. Kjerstad har ansvar for fleire andre bygningar. Eit sal av tomta vil bety mindre vedlikehaldsansvar og meir ressursar til å ruste opp andre bygningar. Den aktuelle parsellen rundt løa vil bli driven som før, og tomta er teikna inn for best mogleg effektiv drift. Viser elles til vedlagte dokument for dei andre uttalane. Vurdering: Klagen er rettidig innkome. Vedtaket er påklaga av Arne Jostein Kjerstad som er grunneigar og søkar. Han er part i saka og har klagerett. Kommunen finn at klagen kan behandlast etter forvaltningslova 28-36. Klagebehandling er i utgangspunktet delegert til einingsleiar for byggesak, landbruk og arealforvaltning, men det har kome ønske frå fleire hald om at klagen skal behandlast i fast utval for plansaker. Kommunen si vurdering av klagen: Gjeldande plan er frå 1999, og i denne samanheng noko utdatert, men den er likevel gjeldande. I saksbehandlinga må kvar sak vurderast opp mot godkjend plan og planog bygningslova, samt innkome uttale frå i dette tilfellet landbruksansvarleg i kommunen. Det omsøkte området er utlagt til LNF-område der landbruk er dominerande, og som er ein del av eit verdifullt samanhengande område i landbrukssamanheng. Ein ønsker difor ikkje ytterlegare fragmentering som eit resultat av denne og eventuelle seinare saker ved likebehandling. Verknaden av mange dispensasjoner kan på sikt gjere aktiv landbruksverksemd vanskeleg. I utarbeiding av ny kommuneplan vil ein få eit oppdatert verktøy som dannar grunnlaget for saksbehandlinga, der visse område kan utleggast til LNF-område med spreidd bustadbygging.
I klagen er det vist til at Kjerstad får ressursar til vedlikehald av andre bygningar ved eit sal. I ei dispensasjonsvurdering er dette moment som kun unntaksvis kan sjåast på som relevant. I plansamanheng er oppretthalding av busetjing heller ikkje moment som skal tilleggast nemneverdig vekt, med bakgrunn i at det finst alternativ til bustadtomter ikkje langt unna. Det kan derimot vere eit argument i ei jordlovsbehandling der desse forhold kan vurderast. Kommunen har forståing for at kjøparane ønsker å busetje seg på heimstaden. Det finst som anført i klagen ikkje tomter på Kjerstad. Næraste regulerte område er truleg bustadområde i Rosvika som ligg om lag 1 km unna. Vi kan ikkje sjå at det i klagen er kome nye moment som vil endre vurderinga som er gjort tidlegare. Viser elles til vurderinga i vedtak 161/14, og saksdokumenta som ligg ved. Haram kommune held med dette fast på vedtak 161/14, og sender saka til Fylkesmannen i Møre og Romsdal for endeleg avgjerd. Om fast utval for plansaker finn å vektlegge andre moment som tilseier at klagen bør takast til følgje, kan vedtaket med ei grunngjeving utformast på følgjande måte: Det faste utvalet for plansaker syner til innkome klage, og opphevar vedtak i delegert sak 161/14. Planutvalet viser til at Lepsøya har minkande folketal og er eit område der det er viktig å stimulere til vekst. Planutvalet vurderer at den samfunnsmessige verdien av å kunne tilrettelegge for fast busetting er større enn den landbruksmessige verdien av arealet i det omsøkte området. Før ny kommunal behandling vert saka vert å sende til uttale til Møre og Romsdal fylkeskommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Rådmann Camilla Waagbø Nilsen Ingeniør
RÅDMANN Arne Jostein Kjerstad 6292 KJERSTAD Vår ref. Dykkar ref. ArkivsakID Dato 14/5016/17/11, L33/CWN 14/478 09.09.2014 Delegert saksnr.: 161/14 Avgjord av: Byggesak, landbruk og arealforvaltning Gbn 17/11 - Delingssak - Kjerstad - Vedtak Vedtak: I medhald av plan- og bygningslova 19-2 gjev Haram kommune avslag på søknad om dispensasjon frå kommuneplanens arealdel til frådeling av bustadtomt frå gnr. 17 bnr. 11, då omsynet til landbruket vert vesentleg tilsidesett. I medhald av plan- og bygningslova 20-1 og 2-1 og med bakgrunn i dispensasjonsvedtaket gjev Haram kommune ikkje løyve til frådeling av ei bustadtomt frå gnr 17 bnr 11. Dokument i søknaden: Søknad om deling Situasjonskart Gjenpart av nabovarsel Saksutgreiing: Det er søkt om dispensasjon frå kommuneplanens arealdel til frådeling av ei bustadtomt på om lag 1,5 daa frå gnr. 17 bnr. 11. Gjeldande plan er kommuneplan Haram, og området er avsett til LNF-område der landbruk er dominerande. På det omsøkte arealet står ei driftsbygning. Det er tenkt at kjøparane riv bygget og bygger hus på tomta. Søkjar har grunngjeve søknaden med at driftsbygningen er i dårleg stand, og at det vil vere ei stor lette å avhende bygningen. Dette vil generere meir ressursar til vedlikehald og ivaretaking av bygningane og jorda på hovedbruket (bnr. 10). Arealet mellom omtalte bygning og hovudvegen er ikkje i produksjon grunna dagens maskinelle drift. Noko er heller ikkje eigna til produksjon. Etter søkjers vurdering vil ikkje dette tiltaket berøre jordbruket i området, mellom anna fordi ei eksisterande bygning blir erstatta med ei ny, og det vil ikkje føre til tap av dyrka jord. Det er sjølvsagt i nærleiken til landbruksareal, men slik er det over heile Lepsøya.
Viser og til jordlova 12 angåande omsyn til busetjing. Søkjer nevner og at det er viktig å få tilflytting til øya, spesielt unge barnefamiliar. Rådgjevar jordbruk har gjeve følgjande uttale til søknaden; «Arne Jostein Kjerstad søkjer om deling og oppretting av ny eigedom frå 17/11 på Lepsøya. Føremålet med frådelinga er bustadtomt. Det står ei eldre løe på deler av den omsøkte parsellen. Restarealet på tomta er fulldyrka jord. Deling krev løyve etter jordlova 9 og 12 for eigdom som blir/kan nyttast til jordbruk eller skogbruk. Bruken av parsellen til bustadføremål krev først vedtak etter 9 om omdisponering, før eventuelt løyve til frådeling etter 12, kan gjevast. 12 i jordlova framhevar vern av dyrka og dyrkbar jord som eignar seg til jordbruksproduksjon. Kun i særlege høve kan ein dispensere frå forbodet mot deling. Det skal då ligge føre samfunnsinteresser av stor betydning. Omsyn til drift og bruksstruktur skal vektast. Lepsøya har ein relativt liten bruksstruktur, der naturleg tilhøyrande bygningsmasse utgjer ein relativt stor del av arealbruken slik det er i dag. Bruk av dyrka og dyrkbar jord til bustadføremål vil stride direkte mot vern av jorda til jordbruksproduksjon. Landbrukskontoret ser det som viktig at samanhengande jordbruksareal ikkje blir omdisponert og at ein unngår, i størst mogleg grad, å etablere bustadbygging i produktive jordbruksarealer. Bustadbygging medfører fare for utvida interessekonflikter mot drift av nærliggande arealer. Oppstykking av teigar gir, i tillegg, auka driftsulemper i jordbruksdrifta. Det er generelt trong for gode arronderte areal for å kome i møte auka krav til rasjonell drift i jordbruket. Bustadbygging bør, så langt råd, leggast til regulerte områder for føremålet. Fortetting i bebygde områder med uproduktive arealer, vil også gi mindre negative konsekvensar for jordbruket. Landbrukskontoret finn ikkje grunnlag for å tilrå frådeling av omsøkt parsell til bustadføremål.» Deler av den omsøkte tomta ligg innanfor aktsomhetsområde for skred og steinsprang. Løa som ligg på tomta er registrert i SEFRAK-registeret, og det er opplyst at ho vart flytta dit ho no står i 1903. Ein søknad om riving av løa må difor sendast til Møre og Romsdal fylkeskommune for uttale. Bygging av nytt hus vil krevje løyve frå Statens vegvesen til utvida bruk av avkjørsle, samt dispensasjon frå veglova for plasseringa av bygg nærare fylkesvegn enn 50 meter. Fråsegn frå andre: Saka er ikkje sendt på høyring til regionale sektormynde. Dispensasjon: Det er ein føresetnad for å kunne gi dispensasjon etter plan- og bygningslova 19-2 at omsyna bak regelen det dispenserast frå ikkje blir vesentleg tilsidesett. Vidare må fordelane ved å gi dispensasjon vere klart større enn ulempene etter ei samla vurdering, jf 19-2 andre ledd.
Det er her søkt dispensasjon frå kommuneplan Haram for frådeling av bustadtomt på om lag 1,5 daa. Arealet er avsett til LNF-område der landbruk er dominerande. Gjeldande kommuneplan er gammal, og det er sett i gang arbeid med å lage ny. Kommunen meiner det er naudsynt med ei ny vurdering av kva område som skal settast av til landbruk, og kva område som kan leggjast ut til bustadområde, evt. spreidd bustadbygging. Det aktuelle området er dominert av landbruket, enkelte stader er gamle våninghus frådelt hovudbruket, som her. Nokre av bustadane er også nytta som fritidsbustad. Kommunen er positiv til spreidd bustadbygging på bygdene, men det bør fortrinnsvis skje via avklaring i kommune- eller reguleringsplan, eller på eigna område der ein ikkje kjem i konflikt med landbruks-, natur og friluftsinteresser. Ein ønsker difor ikkje å gje løyve til frådeling av bustader som gjer at landbruksområda vert ytterlegare oppstykka enn det er i dag, men legge bustadbygging til område som er regulert for føremålet. Det er fleire ubebygde regulerte bustadtomter i området, samt nye område for bustader som skal godkjennast. Kommunen ønsker først og fremst at desse avsette områda vert nytta. Etter ei samla vurdering meiner kommunen at omsynet til landbruk vert vesentleg tilsidesett ved det omsøkte tiltaket, og finn at det ikkje er grunnlag for å gje dispensasjon. Nabovarsel: Naboar og gjenbuarar har blitt varsla og dei har ingen merknader til frådelinga. Saksbehandlingsgebyr: Dispensasjon: 14a. Kommuneplan Kr. 5408,- SUM: Kr. 5408,- Faktura sendast: Roar Seth, 6292 Kjerstad Klagerett: Vedtaket er enkeltvedtak etter forvaltningslova, og den som er part, eller har rettslig klageinteresse i saka, har klagerett etter 28 og 29 i same lov. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtaket er komme til vedkommande part. Klageinstansen er Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Ei eventuell klage skal være skriftleg, og sendast til Haram kommune, som kan ta klaga til følgje, som gjev ny klagefrist for alle parter, eller halde fast vedtaket, og sende saka til fylkesmannen for endelig avgjerd. Ei klage kan føre til at vedtaket vert omgjort. Kommunen er ikkje ansvarleg for tap som tiltakshavar ev. måtte lide ved ei slik omgjering. Med helsing Camilla Waagbø Nilsen Ingeniør