Arbeidsmiljøutvalet REFERAT 05/2003 MØTE TYSDAG 9. DESEMBER 2003 Tid: Kl 13.00 14.25 Stad: Møterom 287, biblioteket, Berte Kanutte-huset Til stades frå arbeidsgjevarsida: Til stades frå arbeidstakarsida: Signe Valsø Anne Helen Sundalsfoll (varamedlem) Ingvar Elgesem Marit Vartdal Engeseth, NTL (frå kl 13.10; møter fast så lenge Kjellfrid Osdal er sjukmeldt) Ellen Marie Stokke, 2fo Roy Asle Andreassen, Utdanningsforbundet Frå HMS-Consult Ørsta Volda A/S møtte: Dagleg leiar Ragnhild Garshol (frå kl. 13.10) Forfall: Møteleiar: Referent: Gonnie Smit Løseth Bente Afset, Norsk Forskerforbund. Varamedlem, Bjørn Gunnar Tafjord, kunne ikkje møte. Heidrun Torbjørnson, 2fo. Varamedlem, Anne Humberset, kunne ikkje møte. (Ellen Marie Stokke møtte som 2fo sin representant.) Bjørn Krøvel (melde forfall like før møtet, og varamedlem vart ikkje innkalla.) Hovudverneombod Rune Mo Signe Valsø Sissel Grete Wahlstrøm Innkalling og sakliste Ordinær innkalling og saksdokument vart sende ut i brev 5. desember 2003. Det var ingen merknader til innkallinga, som vart godkjend. Det var følgjande merknader til saklista: Signe Valsø ønskte å ta opp sak AMU-S 20/2003 HMS-tiltak for stipendiatar og doktorgradskandidatar (behandla i førre AMUmøte) under YMSE. Marit Vartdal Engeseth melde denne saka under YMSE: Side 1 av 7
Etterlysing av svar i sak om trim for tilsette Ingvar Elgesem meinte at sak 26/2003 bør vere orienteringssak til AMU og ikkje ordinær sak. Denne saklista vart godkjend: AMU-S 23/2003 GODKJENNING AV REFERAT FRÅ MØTE 04/2003, 11. NOVEMBER 2003 AMU-S 24/2003 EVALUERING AV HMS-DAGEN 18. NOVEMBER 2003 AMU-S 25/2003 AMU-S 26/2003 INNSTILLINGA FRÅ RYSSDAL-UTVALET Jf. AMU-S 21/2003 NY TILPASSINGSAVTALE VED HØGSKULEN I VOLDA INNSPEL TIL KAPITTEL 2: TILHØVET TIL ARBEIDSMILJØLOVA (AML) H 26 AMU-S 27/2003 FRAMLEGG TIL BUDSJETT FOR HMS/ARBEIDSMILJØUTVALET 2004 AMU-S 28/2003 ÅRSKALENDER OG MØTEPLAN FOR 2004 AMU-S 29/2003 YMSE Saksbehandling: AMU-S 23/2003 GODKJENNING AV REFERAT FRÅ MØTE 04/2003, 11. NOVEMBER 2003 Ingvar Elgesem stilte spørsmål ved om to av sakene som var behandla i førre møte eigentleg høyrer inn under AMU sitt ansvarsområde. Dette galdt følgjande saker: Sak 20/2003 Sak 21/2003 HMS-tiltak for stipendiatar og doktorgradskandidatar Innstillinga frå Ryssdal-utvalet konsekvensar for arbeidstakarane sine rettar ei første drøfting Referatet frå møtet 11. november 2003 blir godkjend med dei merknadene som kom fram i møtet. AMU-S 24/2003 EVALUERING AV HMS-DAGEN 18. NOVEMBER 2003 Føremålet med å evaluere HMS-dagen er å få fram tankar om korleis ein slik dag fungerer og kva AMU må merkje seg til neste gong eit slikt tiltak skal planleggjast. Side 2 av 7
AMU-leiaren framheldt at HMS-dagen 18. november var den første i sitt slag ved HVO. I det perspektivet må dette seminaret sjåast på som eit forsøk der noko er bra og andre ting er mindre vellukka. Arbeidsutvalet for AMU innser at planlegginga av HMS-dagen kom i gang i seinaste laget. AMU har merka seg at det vart ein del reaksjonar kring HMS-prisen. AMU ser at det kunne ha vore ein ryddigare prosess på dette punktet. Idéen om å opprette ein HMS-pris vart fremja på eit seint stadium i planlegginga av HMS-dagen (forslag fremja av Rune Mo på planleggingsmøte i arbeidsutvalet for AMU). Det vart såleis ikkje nok tid til å offentleggjere dette på førehand, slik at alle HVO-tilsette kunne få høve til å fremje forslag til kandidatar. Arbeidsutvalet sin intensjon var at HMS-prisen skulle vere eit overraskingsmoment, men samtidig signalisere at ein vil setje fokus på tiltak som tilsette initierer sjølve. På same tid ville dette vere ei lansering av at det blir utdelt ein HMS-pris også i åra frametter under føresetnad at at det kjem inn forslag på gode kandidatar. AMU si grunngjeving for å gje prisen til ei gruppe tilsette som på eige initiativ har starta opp med omtrent dagleg trim, har også samanheng med AMU sitt vedtak i sak som gjeld trim for tilsette generelt, jf. AMU-S 15/2003. AMU bad her høgskuledirektøren ta opp saka med arbeidstakarorganisasjonane. Det kom fram synspunkt om at det var positivt at denne første HMS-dagen hadde eit perspektiv utover hovudtemaet (inkluderande arbeidsliv), ved at det m.a. vart streifa innom temaet psykososialt arbeidsmiljø, spørsmål knytt til arbeidsplasstilrettelegging/ergonomi m.v. Til neste år bør ein likevel satse på eit smalare opplegg. Representanten for HMS-Consult Ørsta Volda AS gav uttrykk for at det er ønskjeleg å vere med både i planlegginga og gjennomføringa av neste års seminar. Det var semje om at HMS-dagen i 2004 må annonserast lang tid i førevegen. I forkant av HMS-dagen neste år må det også gjerast tiltak for å trekkje med seg fagleg tilsette i større grad. Noko av grunnen til den dårlege oppslutninga frå fagtilsette kan tilskrivast kollisjon med fagdag for dei tilsette ved Avdeling for lærarutdanning. Konklusjon: Arbeidsmiljøutvalet tek innspela i oppsummeringsrunden til vitande. Dei blir tekne omsyn til i planlegginga av HMS-dag i 2004. AMU-S 25/2003 INNSTILLINGA FRÅ RYSSDAL-UTVALET Jf. AMU-S 21/2003 AMU-leiaren opplyste innleiingsvis at høgskuledirektøren var spurt om å delta på dette møtet for å orientere om Ryssdal-utvalet si innstilling, men han hadde ikkje høve til dette. Spørsmål frå AMU-leiaren: Kva rolle meiner AMU at utvalet skal ha i denne saka? Innstillinga frå Ryssdal-utvalet berører problemstillingar som vil bli debattert i arbeidstakarorganisasjonane og i administrativt leiarforum ved HVO. AMU si oppgåve må vere å følgje med i kva som blir gjort/vedteke i organisasjonen. Vi har ikkje noko skriftleg fråsegn å forhalde oss til enno. AMU kan be om å bli orientert om den vidare prosessen internt ved HVO. På bakgrunn av framførde synspunkt fremja AMU-leiaren slikt framlegg til vedtak: AMU ber om å bli orientert om arbeidet med å formulere ei høyringsfråsegn frå Høgskulen i Volda. Side 3 av 7
Framlegget vart samrøystes vedteke. AMU ber om å bli orientert om arbeidet med å formulere ei høyringsfråsegn frå Høgskulen i Volda. AMU-S 26/2003 NY TILPASSINGSAVTALE VED HØGSKULEN I VOLDA INNSPEL TIL KAPITTEL 2: TILHØVET TIL ARBEIDSMILJØLOVA (AML) H 26 AMU-leiaren presiserte at det dokumentet som låg ved denne saka, berre er eit utkast, som ikkje er ferdigforhandla. Organisasjonane har i fellesskap utforma dette utkastet, etter at det første utkastet (frå arbeidsgjevaren) vart forkasta av organisasjonane tidlegare i år. Arbeidsgjevarsida har bede om å få sjå nærare på innhaldet i det utkastet som no ligg føre. Fleire AMU-medlemmer meinte at dette ikkje er ei sak for AMU, men ei sak som AMU kan ta til orientering. 26 i Hovudavtalen for perioden 1. januar 2003 31. desember 2005 lyder slik: I henhold til Kgl.res. av 6. juni 1980 kan arbeidsgiveren og arbeidstakernes organisasjoner fastsette i tilpasningsavtalen at de hovedavtalesaker som også er nevnt i arbeidsmiljølovens 24 nr. 2, helt eller delvis skal behandles etter reglene i Hovedavtalen og tilpasningsavtalen i stedet for i arbeidsmiljøutvalget. Punkt 2 i utkastet til tilpassingsavtale vil vere retningsgjevande for AMU sine oppgåver/verksemd. Dette vil vere eit sterkt signal om kva oppgåver AMU skal konsentrere seg om, og er i så måte presiserande for AMU si verksemd. AMU tek framlegget til ordlyd i utkastet til tilpassingsavtale, kapittel 2 til orientering. AMU-S 27/2003 FRAMLEGG TIL BUDSJETT FOR HMS/ARBEIDSMILJØUTVALET 2004 Eit framlegg til budsjett utarbeidd av sekretæren låg ved saka. Framlegget er sett opp etter same mal som i fjor, men justert for prisstigning. Rekneskapen pr. 5. desember 2003 viser at det står att ein del midlar på fleire kontoar på AMU/HMSbudsjettet. Det er ulike årsaker til dette. AMU vil rapportere om årsakene til høgskuledirektøren. AMU sluttar seg til det forslaget til budsjett som ligg føre. Side 4 av 7
AMU-S 28/2003 ÅRSKALENDER OG MØTEPLAN FOR 2004 Eit framlegg til årskalender for HMS-arbeidet og møteplan for arbeidsmiljøutvalet i 2004 var lagt ved saka. Framlegget til årskalender er sett opp etter same lest som fjorårets, men det er gjort ein del justeringar m.o.t. tidsrom og fristar for dei ulike aktivitetane. Arbeidsmiljøutvalet la i sak AMU-S 11/2003 opp til eit tredelt rapporteringsansvar: AMU utarbeider rapport frå si verksemd gjennom året. Rapportar frå vernerundane HMS-rapportar frå avdelingane/kontora Til saman skal desse delrapportane utgjere den samla HMS-rapporteringa ved HVO. Arbeidsmiljøutvalet har sett opp medarbeidarsamtalar som eitt av dei temaa utvalet ønskjer at avdelingane/kontora skal rapportere om. AMU legg opp til tysdag som fast møtedag også i 2004. AMU sluttar seg til det framlagde forslaget til årskalender og møteplan for 2004. AMU-S 29/2003 YMSE Signe Valsø hadde meldt denne saka: 1 Ny behandling av sak AMU-S 20/2003: HMS-tiltak for stipendiatar og doktorgradskandidatar Med tilvising til framførde merknader under godkjenninga av referatet frå møtet 11. november 2003 tidlegare i møtet, ønskte AMU-leiaren å sluttføre denne saka ved ny behandling. Det var semje om at behandling av denne saka høyrer heime i tillitsvalt-apparatet. Etter ny vurdering i AMU har utvalet bestemt at dette er ei sak som ligg utanfor AMU sitt ansvarsområde. Side 5 av 7
Marit Vartdal Engeseth hadde meldt denne saka: 2 Trim i arbeidstida etterlysing av framdrift i saka AMU-leiaren har førhøyrt seg med høgskuledirektøren om status for saka på bakgrunn av vedtak i arbeidsmiljøutvalet 23. september 2003, sak AMU-S 15/2003. Høgskuledirektøren lova å sjå på saka med det første. Med bakgrunn i HMS-prisen som høgskuledirektøren var positiv til ser AMU på trim i arbeidstida som eit positivt signal og eit helseførebyggjande tiltak. Ragnhild Garshol, HMS-Consult Ørsta Volda AS opplyste at det berre er politiet, Ørsta trygdekontor og Tussa av etatar/bedrifter i Ørsta/Volda-området som har innført trim for tilsette i arbeidstida. Politiet brukar ½ time av arbeidstida til trimaktivitetar kvar veke. Tussa har eige trimrom med diverse apparat, og legg vekt på tilpassing av program for den enkelte tilsette. Intensjonen er å hjelpe personar som har vore sjukmelde p.g.a. rygg- og nakkeproblem. Gruppa som vart tildelt HMS-prisen, har kome til at den vil bruke berre 1 time av arbeidstida til trim pr. veke i lokala til Trening Volda AS. Dersom tilsette ønskjer å trimme utover dette, må denne aktiviteten takast som avspasering. Trimmen i Berte Kanutte-huset er ikkje den einaste aktiviteten i regi av HVO-tilsette. Det er også tilbod om fotballtrening, bading for tilsette og det har vore arrangert fjellturar etter initiativ frå administrativt tilsette i Berte Kanutte-huset. Ragnhild Garshol opplyste at HMS Consult Ørsta Volda AS kan hjelpe til med å setje opp treningsprogram for dei som ønskjer det. Etter framlegg frå Roy-Asle Andreassen gjorde arbeidsmiljøutvalet slikt samrøystes vedtak: AMU-leiar følgjer opp denne saka overfor leiinga. SPØRSMÅL TIL BEDRIFTSHELSETENESTA Ingvar Elgesem hadde spørsmål knytt til punktet Ønskje om samtale med bedriftshelsetenesta i den elektroniske eigenmeldinga. Rutinen er at det går melding frå HVO dersom ein tilsett har kryssa av i dette feltet. Men det blir ikkje rapportert tilbake til høgskulen om at samtale er gjennomført. HMS-Consult Ørsta Volda AS tek direkte kontakt med den tilsette. Teieplikta hindrar vidare innsyn for arbeidsgjevaren. Avhengig av kva vedkomande tilsett sjølv ønskjer, kan signala formidlast vidare til arbeidsgjevaren. Systematiske tilbakemeldingar blir gitt i rapport frå HMS-Consult Ørsta Volda AS i etterkant av avdelingsvise helsekontakter. Ragnhild Garshol opplyste at ganske mange ved HVO signaliserer at dei vil ha samtale med bedriftshelsetenesta. Som regel er det problemstillingar knytt til utbrentheit/det å møte veggen som blir tekne opp, men det kan også vere utanforliggjande tilhøve/totalsituasjonen til vedkomande som verkar inn på psykisk helse i arbeidslivet. HMS-Consult Ørsta Volda AS erfarer at det tek tid å arbeide seg inn i ei bedrift. Arbeidsgjevaren sitt kjennskap til BHT og kva tenesta kan nyttast til, verkar inn på aktiviteten. Det tek også tid å bli trygge på kvarandre. Side 6 av 7
HMS-Consult har også erfart at det er vanskeleg å nå fram med informasjon om bedriftshelsetenesta sitt arbeid. Dei tilsette ved HVO er flinke til å bruke BHT, men leiinga veit kanskje ikkje om dette i tilstrekkeleg grad? HMS-Consult Ørsta Volda AS har rutine på å sende årsrapport til alle medlemsbedrifter med over 30 tilsette. Ofte vil det kome opp spørsmål til dei tala som blir presenterte i rapportane. AMU-leiaren opplyste at utvalet har ført opp psykisk arbeidsmiljø som eitt av satsingsområda i 2004, jf. vedtaket i sak AMU-S 14/2003. Arbeidsmiljøutvalet tok dei munnlege orienteringane til vitande. NESTE MØTE: Tysdag 13. januar 2004 kl 13.00 Høgskulen i Volda, 15. desember 2003 Sissel Grete Wahlstrøm referent Side 7 av 7