NOTAT Til: Knut Erik Engh Saksnr. Løpenr. Sakshandsamar Dato 217/57 8376/217 VL 12.6.217 TILBAKEMELDING TIL KOMMUNESTYRET OM ØKONOMISK HANDLINGSROM Analyse av kommune sitt økonomiske handlingsrom Verbalpunkt i økonomiplanvedtaket for 217: «Ulstein kommunestyre ber administrasjonen om å legge fram analyser av kommunens økonomiske handlingsrom i eit lengre perspektiv. Analysen skal vise scenario basert på gjeldsutvikling, folketalsutvikling og renteutvikling. Analysen skal legge grunnlaget for å trekke opp hovudlinjer for kommunen handlingsrom i åra som kjem, gjerne gjennom handlingsreglar eller måltal. Analysen skal leggast fram i løpet av 1. halvår 217». Dette er ei tilbakemelding til kommunestyret knytt til dette vedtaket. Vedtaket er ei orientering. Det er naturleg at det vidare arbeidet med etablering av handlingsreglar og måltal vert lagt inn som ein del av arbeidet med økonomiplanen for 218 til 221. Konklusjon: Basert på 217 inntekter gir framskriving av frie inntekter lite handlingsrom framover. Prognosane basert på 1 % realvekst og folkevekst etter medium alternativet dekker ikkje auka kostnader knytt til demografi. Auke kostander til avdrag vil presse budsjettet. Omstilling og innovasjon vert ein heilt nødvendig faktor for å få budsjetta til å gå i hop. Hovudutfordingane vert å snu mentaliteten i organisasjonen med omsyn til investeringar og arbeide seg ned mot ein normal gjeldssituasjon utan at ein øydelegger balanse mot drift og utvikling. For å få til dette må Ulstein kommune opp på tidlegare nivå med omsyn til skatte inntekter Grunnlag: Det er ei utfording å legge fram ei slik økonomisk analyse, kanskje spesielt i 217. Inntektssituasjonen i 216 var ikkje som i eit normalår og utviklinga i kommune si inntekt avviker sterkt frå det som er normal inntektsutvikling for kommunane i Norge i 216 og så langt i 217. Det er og utfordrande med eit langsiktig perspektiv fordi tildeling av rammetilskot (fordeling av inntekt mellom kommunane) ikkje berre er ei matematisk men også ei politisk modell. Den vert korriger over tid ut frå ending i folketal og alderssamansetting. Den vert korrigert for ending i oppgåver, td finansieringsordning for barnehagar og andre endringar i oppgåvefordeling. Den vert og endra ut frå politisk fleirtal på stortinget. Spesielt går dette på
2 21 22 23 24 25 26 27 28 29 21 211 212 213 214 215 216 217 218 219 22 221 222 223 224 225 226 227 228 229 23 Tal personar 6 541 6 615 6 664 6 721 6 761 6 795 6 813 6 841 6 946 7 52 7 461 7 751 7 828 7 927 8 92 8 292 8 43 8 457 8 723 8 877 8 996 9 119 9 232 9 358 9 466 9 593 9 716 9 836 9 958 1 79 1 193 Side 2 av 8 fordeling av skatteinntekt mellom kommunane. Det vi legg fram, no er ei prognose fram til 23 ut frå noverande fordeling av rammetilskot. Til grunn for denne analysen ligg prognoser frå Telemarksforsking der dei ser på inntektsutvikling ved ulike prognoser for folkevekst fram til 23 basert på modellen og talgrunnlaget for 217. Vidare er det utarbeidd oversikt over endring i demografikostnader. Demografikostander er her eit uttrykk for korleis TBU (Teknisk beregningsutvalg) reknar med at kommunen sine kostnader vil utvikle seg som eit resultat av endingane i alderssamansetting og folketal. 12 1 8 6 4 2 rundt 15. Folketalsutvikling, 2 til 217 og framskriving til 23 Innvandrarar Framskriving av innvandrarar Befolkninga utan innvandrarar Framskriving av befolkninga utan innvandrarar Utviklinga i folketalet er, som figuren viser, i stor grad knytt til utanlandsk tilflytting. Som det går fram av figuren er også dette lagt til grunn i framskrivinga. Det er altså ein viktig føresetnad for det framtidsbildet vi her trekker opp at folkeveksten kjem tilbake på det nivået vi hadde i 214 og 215. Reell vekst i folketalet i første kvartal 217 er 15 personar. Tala i framskrivinga dei neste åra ligg Renter: Vurderingar knytt til rente er gjort ut frå oversikt over lånegjeld pr. mai 217. Samla lånegjeld for Ulstein kommune og Ulstein eigedomsselskap KF er på 1,462 mrd kr. Til deler av investeringar er det knytt inntekt. For kommune i hovudsak inntekter knytt til sjølvkost innanfor VAR området (vatn og avløp) og for utleige av infrastruktur knytt til Ulstein fjernvarme AS. For eigedomsselskapet knytt til utleigebustader, omsorgsbustader, Ulsteinhallen og Høddvoll. Total VAR Utleige Dekning drift UK 554 77 257 141 32 437 42 49 248 371 4 573 UEKF 97 864 237 49 598 285 498 265 952 1 462 634 494 141 32 437 452 7 533 869 36 524 Vidare i dokumentet kjem vi til å korrigere for kostnader knytt til VAR området. Dette er eit område der vi skal ta inn reell kostnadsauke inkl. endringar knytt til ev. renteoppgang. Det er og tilfelle for utleigekostnader knytt til fjernvarmeselskapet men den økonomiske bereevna i selskapet er liten i oppbyggingsfasen. Difor held vi dette inntektspotensialet utanfor i denne analysen. For inntekter knytt til eigedomsselskapet er det kontaktar og husleigelova som regulere utviklinga og utvikling i rentekostnad vil i liten grad kompenserast med auka leigeinntekter. Kor utsett kommunen er ved endring i rente er avhengig av lånevolum og rentebinding. Dersom vi tek utgangspunkt i gjelda ved utgangen av mai og dei avtaler som er inngått om rentebinding ser bildet slik ut: Postadresse: Informasjonen: 7 1 75 postmottak@ulstein.kommune.no Org. nr: NO 964 979 456
Side 3 av 8 Lån 217 218 219 22 221 222 223 224 UK 314 644 124 314 644 124 314 644 124 314 644 124 314 644 124 314 644 124 314 644 124 314 644 124 314 644 124 1 699 133 1 699 133 1 699 133 1 699 133 1 699 133 1 699 133 1 699 133 91 7 91 7 91 7 91 7 91 7 146 727 146 727 UEKF 38 427 237 38 427 237 38 427 237 38 427 237 38 427 237 38 427 237 38 427 237 38 427 237 38 427 237 141 75 141 75 141 75 141 75 457 687 457 687 457 687 1 462 634 494 623 71 361 623 71 361 624 77 494 624 77 494 716 47 494 858 22 494 1 315 97 494 1 462 634 494 Endring i rentenivå 1 % 6 23 714 6 23 714 6 247 75 6 247 75 7 164 75 8 582 25 13 159 75 14 626 345 2 % 12 461 427 12 461 427 12 495 41 12 495 41 14 329 41 17 164 41 26 318 15 29 252 69 Andel av gjeld knytt til VAR 23 % 23 % 23 % 23 % 2 % 16 % 11 % 1 % Ved ei renteauke på 1 % i 218 vil kostnaden bli 6,2 mill. kr. 23 % av dette kan vi dekke med auka i kostanden på VAR. Etter kvart som rentebindingane på låna til kommune og eigedomsselskapet går ut vil effekten av renteauken stige. Norges bank si prognose for renteutvikling frå Pengepolitisk rapport nr 1/17 frå mars 217 ser slik ut. Den indikere ein moderat vekst i renta frå 219. Dette er det korte rente bildet. Som det går fram av figuren er den nye prognosen redusert i høve til siste prognose i 216. Når ein les tabellen og prognosa frå Norges Banke er det viktig u huske at det rentenivået vi har i dag er basert på ei styringsrente på,5 prosent. Ei ending i styringsrenta frå,5 % til 1 % vil dermed føre til,5 % ending i rentenivået og dermed ein auke i rentekostnaden på 3,1 mill. kr i 218. Tabellen som viser effekt av auke i rentenivået viser at det er det er det langsiktige rente bildet som er viktig for oss. Det langsiktige rentenivået er lavt og det å diskutere vidare rentebinding vil bli viktig i økonomiplanen. Sjølv med aktive grep vil Ulstein kommune ha ei høg gjeld i norsk målestokk i lang tid framover. Det er difor viktig å sikre seg mot effekten av ein høg rente. I Kostra tala for 216 er Ulstein kommune registrert med ei netto lånegjeld på 151 639 kr pr. innbyggar. Dette er gjeld med fråtrekk av unytta lånemidlar og lån til vidare utlån. Snitt for landet er 65 929, snitt for Møre og Romsdal er 83 743 og snitt for kommunegruppe 11 er 75 728. Kommunen har ei svært høg eksponering mot gjeld og det er heilt nødvendig at denne vert redusert kraftig og raskt. Vurderingar knytt til drift: Det vert vist til vedlegget «Anslaget for frie inntekter Ulstein kommune 217 23» frå Telemarksforsking. Der ligg anslag for utviklinga basert på folkevekst etter medium alternativet. Det er vidare lagt til grunn føresetnadane frå revidert nasjonalbudsjett 217. Utviklinga i inntekt er vist i tre alternativ. Skilnaden mellom desse er føresetnadane om realvekst. Alternativ 2 «Nøktern versjon» legg til grunn 1 % realvekst, dei to andre alternativa «Pessimistisk» og «Optimistisk» legg til grunn % og 2 % realvekst. I det Telemarksforsking legg fram som «eit realistisk anslag for frie inntekter» ligg realvekst mellom 1,2 og 1,5 % (svart kurve i figuren) Postadresse: Informasjonen: 7 1 75 postmottak@ulstein.kommune.no Org. nr: NO 964 979 456
Side 4 av 8 Bud År 217 Bud År 218 Skatt og rammetilsk -448 47-444 88 Eigedomsskatt - -14 Sum -448 47-458 88 Netto avsetning -516 824 831 879 Bruk av midlar -448 563 824-457 976 121 Inntekt anslag Telemarksforsking -439 8-444 8 8 763 824 13 176 121 Legg vi inn tal frå økonomiplanen 217 ser vi at Telemarksforsking har eit redusert anslag for skatt og rammetilskot i 217 enn det Ulstein kommune har i sitt budsjett. Ein del av forklaringa er at vi har lagt inn forventning om kompensasjon for trekket for frivillig liten kommune. For 218 er anslaget på skatt og rammetilskot likt, men vi har i tillegg disponert inntekt frå eigedomsskatt i budsjettet. Postadresse: Informasjonen: 7 1 75 postmottak@ulstein.kommune.no Org. nr: NO 964 979 456
Side 5 av 8 Ser ein på middelversjonen av framskrivinga er realvekst i frie inntekter rekna til 61,4 mill. kr for perioden fram til 23. Kommunen står overfor betydelege utfordringar knytt til endringar i demografi. Aldersgruppa 8 til 89 år vert nær dobla i tidsperioden fram til 23. Også aldersgruppa 9+ aukar med nær 3 %. Demografikostnadane er venta å auke med 11 mill. kr fram til 23, av dette må 84 mill. kr dekkast av frie inntekter. Auke i aldersgruppa til 5 år og 6 til 15 år trekker i retning av auka kostandar til barnehage og grunnskule. Auken i eldre over 67 fører til auka kostnader i pleie og omsorg. Med dei utfordingane vi står overfor med omsyn til demografi er det klart at kommunane ikkje kan «kjøpe seg ut» av denne utfordringa. Der er ikkje tilgjengeleg arbeidskraft eller økonomi til å løyse desse utfordringane slik vi gjer i dag. Vi må ta i bruk nye løysingar og ny teknologi. Det vil krevje kunnskap og teknologi og det vil nok strekke ressursane våre når det gjelder økonomi og personell. Berre med å samanlikne demografikostander med forventa realvekst i inntekter ser vi at vi skal være heldig om Postadresse: Informasjonen: 7 1 75 postmottak@ulstein.kommune.no Org. nr: NO 964 979 456
Side 6 av 8 der er eit handlingsrom. Ser vi på medium vekst alternativet går vi truleg i minus i analysa frå Telemarksforsking. I tillegg er det ei side Telemarksforsking ikkje ser på. Det er gjeldssida. Her er utvikling i gjeldsavdrag i konsernet Ulstein kommune (Ulstein kommune og Ulstein eigedomsselskap KF). Som det går fram av figuren vil avdraget stige også i 218. Desse avdraga er innarbeidd i økonomiplanen, men ein må ta dei med i vurderingane i det bildet vi teinar no med realvekst. Auka avdrag må dekkast med friske pengar eller det må dekkast med effektivisering eller redusert drift. Lån ved utgangen av mai 217 var 1,462 mrd. kr. Minsteavdrag i 217 er på 39,5 mill. kr. Nedbetalingstid er då 37 år med minsteavdrag. I økonomiplanen er det budsjettert auka avdrag når effekten av alle planlagde investeringar kjem inn i 218. Avdrag vert då auke til 46,3 mill. kr. Dette gir ei nedbetalingstid på 31,6 år gitt ingen nye investeringar. Den reelle utviklinga i kommunen si lånegjeld vil være avhengig av kva som vert gjennomført som investering med låneopptak. Det er ikkje realistisk å sjå føre seg investeringsstopp i Ulstein kommune over lang tid. Nokre investeringar må påreknast, men vi må vurdere investeringsnivå og gjennomføringstakt. I Ulstein har vi vent oss til at vi gjennomfører store investeringsprosjekt i rask rekkefølge. Her må vi snu, og det vert ein utfordrande prosess. Investeringstakta må ned og vi må finne enklare løysingar på investeringsbehov eller finne samarbeidspartar. Netto driftsresultat: TBU legg til grunn ein mal der netto driftsresultat i prosent av driftsinntekter over tid skal være 1,75 % for ein kommune. Ser vi på utviklinga frå 212 og prognosane fram til 22 basert på vedtatt økonomiplan ser vi at vi budsjettmessig ligg under for heile perioden med unnatak av 213. Rekneskapsmessig har vi hatt eit betre resultat. Ser vi på budsjett for 217 og 218 er budsjettet på. Også for 219 og 22 ligg vi under målet. For perioden 218 til 22 ligg det inn eigedomsskatt som inntektsgrunnlag med 14 mill. kr årleg. Deler av dette beløpet er sett av til fond med,8 mill. kr, 8, mill. kr og 8,3 mill. kr. I praksis betyr det at eigedomsskatt er disponert til drift i 218. Postadresse: Informasjonen: 7 1 75 postmottak@ulstein.kommune.no Org. nr: NO 964 979 456
Side 7 av 8 Konklusjonen er at kommune sitt handlingsrom er svært stramt. Der er lite frie midlar. Der vil kome eit aukande trykk på drift som følgje av vekst i aldersgruppene 5, 6 15 og over 67 Auka avdrag vil binde opp meir midlar Det budsjetterte netto driftsresultatet må opp for å nå 1,75 % nivået. Viktige moment som bestemmer rammene framover: Sysselsetting og skatteinntekt i kommunen Folketilvekst Utvikling i rentenivå Innovasjon i tenesteproduksjonen / effektivisering Økonomistyring Eigedomsskatt Utvikling i lånegjeld Styringsindikatorar: Kommunal gjeld: Kommunen si gjeld må reduserast. Det betyr stramme prioriteringar for investering. I arbeidet med styringsindikatorar må ein diskutere kor rask nedbetalingstid ein vil legge til grunn og korleis ein skal prioritere tilgjengelege investeringsmidlar. Med stramme rammer må en legge reglar for vurdering av investeringar med tilhøyrande inntekt, og om ein skal legge inn krav om eigenfinansiering. Kommunale fond: Det må gjerast ei vurdering av oppbygging av driftsfond, kor stort fond skal ein ha? Langsiktig stabil drift: Skal ein legge til grunn at kommunen skal budsjettere med eit netto driftsresultat på 1,75 %? Utfordinga er at alle indikatorar heng saman på den måten at dei tek midlar av den same driftspotten, skal ein auke avdrag, auke resultat eller bygge opp fond må ein halde att pengar frå drift. Konklusjon: Basert på 217 inntekter gir framskriving av frie inntekter lite handlingsrom framover. Prognosane basert på 1 % realvekst og folkevekst etter medium alternativet dekker ikkje auka kostnader knytt til demografi. Auke kostander til avdrag vil presse budsjettet. Omstilling og innovasjon vert ein heilt nødvendig faktor for å få budsjetta til å gå i hop. Hovudutfordingane vert å snu mentaliteten i organisasjonen med omsyn til investeringar og arbeide seg ned mot ein normal gjeldssituasjon utan at ein øydelegger balanse mot drift og utvikling. For å få til dette må Ulstein kommune opp på tidlegare nivå med omsyn til skatte inntekter. Verner Larsen rådmann Postadresse: Informasjonen: 7 1 75 postmottak@ulstein.kommune.no Org. nr: NO 964 979 456
Side 8 av 8 Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur. Vedlegg: 1 Analyse for frie inntekter Ulstein kommune 2 Demografikostander Ulstein kommune Postadresse: Informasjonen: 7 1 75 postmottak@ulstein.kommune.no Org. nr: NO 964 979 456