Skildring VA-plan Tiltakshavar: Norvald Økland Mars 2017 Side 1 av 8
Innhald 1. Innleiing:... 2 2. Formål med reguleringsplanen... 2 3. Vatn og avløp... 3 Eksisterande forhold... 4 Prinsippløysning for VA... 4 4. Vassforsyning... 5 5. Avløp... 5 6. Overvatnshandtering og flaumvegar... 7 7. Slukkevatn for brann og redningstenesta.... 7 1. Innleiing: Vann og avløpsplanen (VA-planen) er utarbeid i samband med endring av reguleringsplan for næring på Barmen, Austevoll (gnr. 33, bnr. 22 mfl.). VA-planen omfattar korleis vatn og avløp blir handsama i utbyggingsområdet. Det ligg ferdig bygd infrastruktur til VA i dag som ikkje er teke i bruk. Denne vart bygd når området var regulert som naust og er ikkje revidert etterpå. I samband med å få dette anlegget søkt inn, med påfølgande ferdigattest vert det no heller ein ny søknad i lag med revidert reguleringsplan der ein søker inn eit større VA anlegg med tanke på å setta ned større slamavskiljar tankar. Den som er lagt ned i dag vil holda ei stund, men ikkje ved ei større utbygging av utleigebygningane. 2. Formål med reguleringsplanen Hensikta med reguleringsplanen var i fyrste omgang å legga til rette for bygging av naust i 2008. Det vart vidare retta ynskje om å bruka bygningane som næringsbygg for utleige av fritidsbustad, med naust moglegheiter i 1 etasje. I samband med nye kommuneplanen for Austevoll (2012 2023) kom dette område med som næringsområde. Reguleringsplanen for næringsbebyggelse vart godkjent 15.12.2014. Den siste endringa (dagens), kom i gong ettersom tiltakshavar snytes det var sett av for lite areal til næringsbygg i forhold til det som var tenkt. Det var då ynskeleg med ein mindre endring, men kommunen råda om å gå for ei ordinær endring. Side 2 av 8
Figur 1: Utklipp som syner plankartet for omtalte reguleringsplan på Barmen. 3. Vatn og avløp Alle vass- og avløpsrøyr er laga klar til kvar tomt. Det er offentleg vassforsyning medan avløp er ført via felles reinseanlegg med lukka avlaupsleidning utom terskel for innlaupet til Barmen. Det er Austevoll rør som har tatt på seg arbeidet med avløpsplanen, og det er inngått ein vedlikehaldsavtale som følgje av dette. Skulle det visa seg at anlegget blir fult før tømming, vil dette føra til at ein gjennomfører tømming hyppigare enn anna kvart år. Dette vil ein oppdaga i god tid då ein har kontrollar på anlegget med jamne mellomrom. Det blir no lagt til rette for utviding av slamavskiljartanken, slik at ein kan «lita på» anlegget i framtida. Her vil eksisterande tank bli utvida med ein større tank ved sida eller ved at ein tek ut eksisterande og erstattar den med to nye tankar som kvar rommar meir. Sjølve avløpet går ut til straumførande sjø frå to septiktankar på til saman 8m 3 og vert ikkje endra på. Anlegget er innmålt etter ferdigstilling slik bygd i dag og det er kun sjølve slamtankane som vert endra på. Side 3 av 8
Eksisterande forhold Alle vassrøyr og avløp er laga klar til kvar tomt men ikkje tatt i bruk endå. Det er offentleg vassforsyning medan avløp er ført via felles reinseanlegg med lukka avlaupsleidning utom terskel for innlaupet til Barmen. Det er også montert brannkum i og utafor planområde. Eksisterande septiktank i planområdet er 10 PE, og etter kvart som utbygginga startar må ein gjera tiltak for å utbetre dette. Løysninga er enten ein stor ny tank på 55 m 3 eller to mindre tankar på 22,5 m 3 pr. tank, slik at ein får ein dimensjon på 80 PE før området er ferdig utbygd. Nye tankar krev større plass, men er lokalisert i eit område der ein har god plass til utvidinga. Dimensjoneringa er gjort i samarbeid med røyrleggar der ein ser for seg at det er folk i bygningane i 180 dagar om året sidan dette er bygg for utleige. Prinsippløysning for VA Alle vassrøyr og avløp er laga klar til kvar tomt. Posisjon og trase for 110 MM PVC NT6 selvfallsledning (raud), 63 MM PEL NT 10 trykkledning avløp (grøn), og 150 MM PEL NT 10 trykkledning vatn kan sjåast på figuren under. Det er som nemnt tidlegare behov for utbetring av septiktanken i området ettersom den ikkje har kapasitet til å handtera meir enn 10 PE, og ferdig utbygd område treng om lag 80 PE. Figur 2: Utklipp av avløpsplan som syner selvfallsledning, trykkledning avløp og trykkledning vatn. Side 4 av 8
4. Vassforsyning Det er offentleg vassforsyning til planområdet. Vatnet kjem inn gjennom trykkledningen (150 MM PEL NT 10) som er synt i blått på figuren over. 5. Avløp Spillvatn blir ført via felles reinseanlegg med lukka avlaupsleidning utom terskel for innlaupet til Barmen. Slam blir liggjande igjen i tanken(e) og tømt kvart andre år. Dimensjonen på selvfallsledninga (110 MM PVC NT6) snytast i raudt på figuren over, mens trykkledninga (63 MM PEL NT 10) synast i grønt. Slamavskiljarane sin posisjon er heilt sør vest i planområdet ved moloen. Figur 3: Bilete som syner posisjonen til slamavskiljarane sør vest i planområdet. Det er 3 pumpekummer og 4 stakekummer for avløp i området, P1 er synt på bilete under, posisjonane til dei resterande kan sjåast i kart for rammeplanen. Side 5 av 8
Figur 4: Bilete som syner lokaliseringa til P1 (pumpekum for avløp). I bakgrunnen ser ein det ubygde planområdet. Figur 5: Bilete som syner posisjonering av pumpekum, slamavskillar og stakekum. Side 6 av 8
6. Overvatnshandtering og flaumvegar Planområdet ligg tett til sjøen og overvatn drenerast direkte til sjø. Det er ikkje elver, bekker eller liknande som skaper stor vatn tilførsel frå land. Utbygginga bygger ikkje ned eksisterande flaumvegar, eller bidreg på nokon måte for auka fare for flaum for nærliggjande byggemasse. Sida området ligg tett inntil sjø er stormflo eit aktuelt tema. Vern i forhald til dette er sikra ved at bryggjene forran bygga ikkje vert liggjande lågare enn kote 2 moh. Plasseringa av bygga i bukta vernar området for bølgjer. Moloen ytst er også med på å minske risikoen for bølgjeslag. 7. Sløkkevatn for brann og redningstenesta. Det er montert ned 150 mm leidning med brannkum i enden på planområdet ved slamavskiljartanken. I dette området kan ein difor sløkka brann med reint vatn i staden for ved hjelp av sjøvatn. Det er eller innanfor krava med 25 50 m frå påkopling til sløkkevatn for heile området enten med bruk av brannkum eller ved bruk av sjøvatn. Ved bruk av brannkum vil område i midten vera utanfor 50 m regelen, men kommunen kjem i tillegg med tankbil med store mengder sløkkevatn. I tillegg har ein ambulanse båten som ofte vert nytta til brannsløkkearbeid og då med sjøvatn. Dette vil og føra til redusert bransmitte på nærliggande bebyggelse. Brannsjefen har påpeika ynskje frå dei at ein rår til at det vert montert inn brannkummar også i område ved sjø. I e post frå 28.03.17 skriv han: - «Brann- og redning er av den meining at sjøvatn skader brann materiell og utstyr og egner seg dårleg som slokkevatn. Når det er sagt så har eg fått informasjon om at det ellerede er lagd ned ei 150 mm vassleidning med brannkum ved molo og ved abkjøyrsle til gml Barmen fergekai, (sjå billede ovanfor) Side 7 av 8
Eg rår derfor til at det prosjekterast med slokkevatn og brannkummer i samsvar med TEK10, (med 50 meter avstand frå BK til bygg).» Storebø: 20.03.2017 P. E. T. Flotve Rev: 29.03.17 R. Haukanes Brannkum er teikna inn mm Side 8 av 8