HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Planseksjonen Arkivsak 201113371-14 Arkivnr. 714 Saksh. Vabø, Anne-Kathrine; Skår, Øystein; Grude, Nils E. Saksgang Møtedato Kultur- og ressursutvalet 12.11.2013 FRÅSEGN TIL ENDRING AV REGULERINGSPLAN FOR SNEKKEVIKA, RADØY KOMMUNE Radøy kommune har sendt forslag til endring av reguleringsplan for Snekkevika på høyring med frist 15. november 2013. I denne saka vert det gjeve fagleg tilråding om motsegn på bakgrunn av nasjonale kulturminneinteresser. Føremålet med planen er å regulere for fritidsbustader og småbåthamn/anlegg med tilhøyrande infrastruktur. Planføremålet er i samsvar med arealplanen til gjeldande kommuneplan (2011-2023) der området er vist som fritidsbusetnad, LNF-område, friområde og naustområde. Hytteområdet i Snekkevika er i kommuneplanen vurdert som egna for fortetting. Fylkeskommunen gjennomførte arkeologisk registrering i august 2013 og det vart påvist fem automatisk freda kulturminne i planområdet, alle buplassar frå steinalder. Slik planen ligg føre er den i direkte konflikt med alle dei fem automatisk freda kulturminna som vart påvist ved undersøkinga, og fylkesrådmannen tilrår motsegn til planen på grunnlag av konflikt med automatisk freda kulturminne, jf. kulturminnelova 3 Forbod mot inngrep i automatisk freda kulturminne. Fylkesrådmannen har også andre merknader og tilrådingar. FORSLAG TIL VEDTAK 1. Kultur- og ressursutvalet er positiv til at reguleringsplanen følgjer opp intensjon i kommuneplanen om fortetting av hytteområdet. Planen rører ved eit regionalt friluftsområde og strandsona. Kulturog ressursutvalet ber om at planen vert justert slik at omsynet til ålmenne interesser vert ivaretatt. 2. Temaområde Kulturminne og kulturmiljø Framlegget til reguleringsplan er i konflikt med fem automatisk freda kulturminne og er i strid med kulturminnelova 3. Kultur- og ressursutvalet fremjar motsegn til reguleringsplan for Snekkevika, Radøy kommune, grunna direkte konflikt med automatisk freda kulturminne.
Motsegna kan trekkast dersom reguleringsplankart og reguleringsføresegner vert i tråd med Hordaland fylkeskommune sine krav. Vedlegg: 1. Plankart m. føresegner Rune Haugsdal fylkesrådmann Bård Sandal regionaldirektør 2
FYLKESRÅDMANNEN, 22.10.2013: 1. Bakgrunn Radøy kommune har sendt forslag til endring av reguleringsplan for Snekkevika på høyring med frist 15. november 2013. Hordaland fylkeskommune vurderer planen ut i frå fylkeskommunens sektoransvar og målsettingar i regionale planar. Kultur- og ressursutvalet har høve til å gje motsegn til planen dersom viktige regionale og nasjonale interesser står på spel. Når motsegn blir fremma må kommunen endre planen dersom den skal eigengodkjennast, som regel etter å ha drøfta problemstillingar og løysingar i møte med fylkeskommunen. Dei fleste motsegnene blir avklart i møte med kommunen, men dersom det ikkje blir semje vil planen gå til mekling hos Fylkesmannen i Hordaland. I denne saka vert det gjeve fagleg tilråding om motsegn på bakgrunn av nasjonale kulturminneinteresser. Dersom dette ikkje vert fylgt opp av politiske organ i fylkeskommunen, skal fylkeskommunen gje melding om dette til Riksantikvaren som kan fremje motsegn i saka. (jf. Forskrift til Kulturminnelova kap. 1, 3) 1.1 Planprosess og medverknad Hordaland fylkeskommune har gitt innspel til oppstartmeldinga i brev av 31. januar 2012. I fråsegna skreiv fylkeskommunen at planen sin verknad på kulturminne og kulturmiljø skal dokumenterast og vurderast som eit av punkta i planutgreiinga ved offentleg ettersyn. Fylkeskommunen skreiv vidare at det ikkje er kjende kulturminne innafor plangrensa, men at det er kjend to automatisk freda kulturminne like sørvest for planområdet. På grunn av desse funna, samt stort potensiale for funn av ukjende automatiske freda kulturminne, varsla fylkeskommunen at det var naudsynt med ei arkeologisk registrering. I tillegg bad fylkeskommunen om at regional arealpolitikk vart vurdert og fylkespolitiske retningsliner lagt til grunn. Planforslaget som er på høyring er i direkte konflikt med fem automatisk freda kulturminna som vart påvist ved undersøkinga gjennomført av Hordaland fylkeskommune. Kartfesting av kulturminna vart sendt plankonsulent digitalt pr. e-post den 22. august 2013 slik at dei kunne oppdatere reguleringsplankartet. Plankonsulent skulle ta opp funn med tiltakshavar, og Hordaland fylkeskommune skulle få tilbakemelding om dei automatisk freda kulturminna var i konflikt med planlagd arealføremål. Hordaland Fylkeskommune har ikkje motteke tilbakemelding på dette og reguleringsframlegget er ikkje oppdatert i forhold til dei automatisk freda kulturminna. 2. Innhald i planen I det følgjande blir innhaldet av planen kort referert. Planområdet er lokalisert på austsida av Radøy, om lag tjue minuttars køyring frå Knarvik i Lindås kommune, og om lag ti minuttars køyring frå Manger, kommunesenteret i Radøy kommune. Området ligg like aust for fylkesveg 565 Slettevegen. 3
Kartutsnitt henta frå planskildringa Radøy kommune, ved Hovudutval for plan, landbruk og teknisk, vedtok i møte 26. juni 2013 at framlegg til reguleringsendring er i tråd med overordna planar for området, samt kommuneplanen med føringar, og at planframlegget skulle leggjast ut til offentleg ettersyn. Planen består av følgjande dokument: - Planomtale - Føresegner (juridisk bindande) - Plankart (juridisk bindande) Føremålet med planen er å regulere for fritidsbustader og småbåthamn/anlegg med tilhøyrande infrastruktur. Planføremålet er i samsvar med arealplanen til gjeldande kommuneplan (2011-2023) der området er vist som fritidsbusetnad, LNF-område, friområde og naustområde. Planområdet er på 109,5 daa. Gjeldande reguleringsplan vart godkjent i 1983 og revidert i 1985. Reguleringa følgjer i hovudsak plangrensene til gjeldande reguleringsplan for området. Traktorveg/tursti nordvest for planområdet er lagt utanfor planavgrensinga, tilkomstveg frå fylkesveg 565 er inkludert. Hytteområdet i Snekkevika er i kommuneplanen vurdert som egna for fortetting. Utsnitt frå kommuneplan for Radøy 2011-2023 4
Gjeldande reguleringsplan Framlegg til endring av reguleringsplan 3. Vurdering av regionale interesser I dette avsnittet vurderer vi korleis regionale interesser vert ivaretatt i planen. 3.1 Kulturminne og kulturmiljø Hordaland fylkeskommune har vurdert saka som regional sektorstyresmakt innan kulturminnevern. Krav om arkeologisk registrering for å oppfylle undersøkingsplikta jf. kulturminnelova 9 vart varsla i brev datert 31.01.2012. Kostnadsoverslag vart oversendt tiltakshavar for godkjenning 13.04.2012. Godkjenning på kostnadsoverslaget vart motteke 08.04.2013, og undersøkinga vart prioritet i Hordaland fylkeskommune sin feltplan og satt i gang 05.08.2013. Det vart påvist fem automatisk freda kulturminne i planområdet, alle buplassar frå steinalder. Kulturminna er registrert i Riksantikvaren sin kulturminnedatabase Askeladden og har Id. 172350, 172351, 172352, 172353 og 172354. Kartfesting av buplassane vart sendt plankonsulent digitalt pr. e- post den 22.08.2013 slik at dei kunne oppdatere reguleringsplankartet. Plankonsulent skulle ta opp funn med tiltakshavar og Hordaland fylkeskommune skulle få tilbakemelding om dei automatisk freda kulturminna var i konflikt med planlagd arealføremål. Hordaland fylkeskommune fekk saken sendt over frå Radøy kommune på offentleg ettersyn i brev datert 03.10.2013. Slik planen ligg føre er den i direkte konflikt med alle dei fem automatisk freda kulturminna som vart påvist ved undersøkinga, og fylkesrådmann tilrår motsegn til planen på grunnlag av konflikt med automatisk freda kulturminne, jf. kulturminnelova 3 Forbod mot inngrep i automatisk freda kulturminne. Dei automatisk freda kulturminna må visast i plankartet som omsynssone H730, og det må vidare leggast inn i ei større omsynssone H570 rundt kulturminna. Desse skal kombinerast med arealføremål som t.d. friluft eller grønstruktur. Omsynssonene må ha føresegner som sikrar kulturminna mot alle typar inngrep, påfyllingar og mellombelse lagringar og tiltak. Følgjande tekst må inn i reguleringsføresegnene: Omsynssone H730 er automatisk freda kulturminne frå steinalder, og er bandlagt etter kulturminnelova. Det er ikkje tillate å setje i gang tiltak som kan skade, øydeleggje eller utilbørleg skjemme kulturminnet, eller framkalle fare for at det kan skje. I omsynssone H570 ligg det automatisk freda kulturminne som er bandlagt etter kulturminnelova. Det er ikkje tillate å setje i gang tiltak som kan skade, øydeleggje eller utilbørleg skjemme kulturminnet, eller framkalle fare for at det kan skje. 5
Motsegna vert trekt når reguleringsplankart og reguleringsføresegner er i tråd med Hordaland fylkeskommune sine krav. Kartet viser dei automatisk freda kulturminna i forhold til arealføremåla i planen. 3.2 Planfagleg Gjeldande reguleringsplan regulerer seks hyttetomter, ei småbåthamn og to naustområder, samt friområde og tilkomstveg til friområdet. Framlegg til reguleringsendring vil berre endre deler av planen, slik at eksisterande plan fortsatt skal gjelde for delar av området. For å sikre ålmenn tilgjenge til friluftsområder og strandsona er viktig å sjå heilskapen i området. Dette vert nærare omtala under dei ulike temaområda. 3.3 Friluftsliv, folkehelse og barn og unges interesser Regionalt friluftsområde Ein del av planområdet i nord-vest inngår i det viktige regionale friluftsområdet Haukåsen Snekkevika. Dette er ikkje omtala i planskildringa. Planen må sikre ålmenn tilgjenge til dette området. I planframlegget er traktorveg/tursti frå fylkesvegen til friluftsområdet lagt utanfor planavgrensinga, ikkje inkludert som i gjeldande reguleringsplan. Plangrensa er justert i høve til oppstartsvarslinga, der delar av traktorvegen inngjekk. Fylkesrådmannen tilrår at plangrensa vert justert til å omfatte tilkomsten til friområdet i nord, slik plangrensa er i gjeldande reguleringsplan, og at det vert regulert inn turveg. 6
Regionalt friluftsområde, kartutsnitt frå www.kart.i.vest.no Gangvegar Det er ønskjeleg at området, spesielt strandsona, vert ålment tilgjengeleg. Vi visar til gjeldande reguleringsplan kor det er regulert inn stiar til områda E2/UN2 og E3/UN3,f_SB, samt fram til Kjesettjørna. Fylkesrådmannen tilrår at det vert regulert inn gangvegar, turvegar eller stiar som følgjer opp gjeldande reguleringsplan. Felles uteopphaldsareal Fylkeskommunen er positiv til at det leggjast til rette for felles uteopphaldsareal i planen. Areala som er sett av til felles uteopphald, f_ut1, f_ut2 og f_ut3 ligg ved høvesvis Kjesettjørna og i strandsona i Snekkevika, det er difor svært viktig at områda vert ålment tilgjengelege. For å sikre ålmenn tilgjenge tilrår fylkeskommunen at områda til felles uteopphald vert regulert som friområde (3040) og at ålmenn tilgjenge til friområda vert spesifisert i føresegnene. Leikeareal Planlegginga skal ta omsyn til barn- og unges interesser. Dette kjem fram både i føremålet til plan- og bygningslova og arealpolitiske retningsliner i fylkesplan for Hordaland. For å sikre barn- og unges interesser må areal til leik regulerast. Fylkesrådmannen tilrår at det vert regulert areal til leik. 3.4 Strandsone I føresegnene til gjeldande reguleringsplan står det at «I E1 kan det berre førast opp fellesnaust med totalt 14 einingar. Det må utarbeidast detaljplan for dette.» Det er oppført syv store naust utan at det føreligg detaljplan. Det er ønskjeleg med ein plan som vidarefører det auka fokuset på strandsona som fellesressurs. Strandsona er eit område med store og ulike arealinteresser, og omsynet til tilkomst til strandsona bør vektleggjast sterkt. Dette kjem fram både av plan- og bygningslova 1-8, dei nasjonale retningslinene for forvaltning av strandsona og arealpolitiske retningsliner i fylkesplan for Hordaland. Naustområde bør tilpassast eksisterande terreng og oppretthalde ein samanheng mellom sjø og bakanforliggjande landskap. For å unngå at naust vert nytta som fritidsbustad/bustad og for å sikre ålmenn tilgjenge er storleik og utforming avgjerande. Fylkesrådmannen tilrår at naustområda vert regulert som ein del av denne planen, med oppdaterte føresegner om tilgjenge, storleik og utforming. 7
3.5 Landskap og arkitektur/estetikk Det er viktig at planlegginga tek omsyn til landskapsverkandene av nye byggetiltak og infrastruktur. Planlegginga bør legge vekt på terrengtilpassing med fokus på både nær- og fjernverknad, og ein bør unngå store skjeringar og planering. Viktigheita av dette er spesifisert i konsekvensutgreiinga til gjeldande kommuneplan: «Landskapet vert forringa ved sterkare utnytting. God tilpassing av bygningar er naudsynt.» (s.38). Vi saknar omtale og snitt som visar korleis nye bygg vert lagt i terrenget og korleis utforminga kan verte tilpassa omgjevnadene. Planeringshøgder for tomtene spesifisert i føresegnene, men ikkje landskapstilpassing. Fylkesrådmannen tilrår at landskapstilpassing av nye byggjetiltak vert inkludert i føresegnene. 3.6 Samferdsel Fylkeskommunen er positiv til at krysset ved FV 565 vert utbetra med omsyn til trafikktryggleiken. Det er i dag avgrensa parkeringsmoglegheiter i Snekkevika. Brukarane av friområdet parkerer på parkeringsplass ved fylkesvegen øvst i Dyråsen. Reguleringsframlegget legg opp til ein sentralt plassert felles gjesteparkeringsparkeringsplass. I planomtala står det at denne også kan nyttast av andre brukarar av området. Fylkesrådmannen tilrår at det vert presisert i føresegnene at parkeringsplassen kan nyttast av ålmenta. 4. Konklusjon Hordaland Fylkeskommune er positivt til reguleringsføremålet som følgjer opp kommuneplanen der hytteområdet er vurdert som egna for fortetting. Fylkeskommunen gjennomførte arkeologisk registrering i august 2013 og det vart påvist fem automatisk freda kulturminne i planområdet, alle buplassar frå steinalder. Plankonsulent ble varsla om funna, men har ikkje tatt høgd for dette i planframlegget. Slik planen ligg føre er den i direkte konflikt med alle dei fem automatisk freda kulturminna som vart påvist ved undersøkinga, og fylkesrådmannen tilrår motsegn til planen på grunnlag av konflikt med automatisk freda kulturminne, jf. kulturminnelova 3 Forbod mot inngrep i automatisk freda kulturminne. Vidare har fylkesrådmannen følgjande tilrådingar: - Fylkesrådmannen tilrår at plangrensa vert justert til å omfatte tilkomsten til friområdet i nord, slik plangrensa er i gjeldande reguleringsplan, og at det vert regulert inn turveg. - Fylkesrådmannen tilrår at det vert regulert inn gangvegar, turvegar eller stiar som følgjer opp gjeldande reguleringsplan. - For å sikre ålmenn tilgjenge tilrår fylkesrådmannen at områda til felles uteopphald vert regulert som friområde (3040) og at ålmenn tilgjenge til friområda vert spesifisert i føresegnene. - Fylkesrådmannen tilrår at det vert regulert areal til leik. - Fylkesrådmannen tilrår at naustområda vert regulert som ein del av denne planen, med oppdaterte føresegner om tilgjenge, storleik og utforming. - Fylkesrådmannen tilrår at landskapstilpassing av nye byggjetiltak vert inkludert i føresegnene. - Fylkesrådmannen tilrår at det vert presisert i føresegnene at parkeringsplassen kan nyttast av ålmenta. 8