Årsmelding 2013. Senter for yrkesrettleiing i Hordaland



Like dokumenter
Årsrapport Senter for Yrkesrettleiing i Hordaland.

Årsmelding Senter for yrkesrettleiing i Hordaland

Årsmelding 2010 Senter for yrkesrettleiing i Hordaland

Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Gulen. 26.september 2013

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Evaluering av Senter for yrkesrettleiing

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

Skulebruksplan Hordaland fylkeskommune Hordaland fylkeskommune prognosar Vedlegg 4

1. Forord s Innhaldsoversyn s Innleiing s Arbeidsområde s Internt utviklingsarbeid s Vedlegg

Rekruttering til marin sektor Rådgjevarsamling Trond Wahl

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Gjennomføring og val av løp Rett fram eller alternativ modell?

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Til deg som bur i fosterheim år

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Det nytter. Skuleinterne tiltak

Innkalling til møte i Opplærings- og helseutvalet

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

GRUPPER MED REDUSERT ELEVTAL

Ka vil DU velje? - hjelp til å g jere det rette yrkesvalet

Innhald 1:Innleiing :Vidareutdanning Nasjonal satsing Regionalt samarbeid Regionalt prioriterte

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

Samarbeidsavtale mellom Hordaland fylkeskommune og NAV Hordaland om oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

Skule - OPPL AVD. Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Prognoseinntaket 2013: Orientering frå opplæringsavdelinga

Rekruttering i Hordaland. Trond Wahl

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Nytt HFK Intranett

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSUTVALET

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN

Brukarrettleiing. epolitiker

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

IKT-kompetanse for øvingsskular

INNSTILLING. Andre overordna mål:

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal

FORUM FOR OPPVEKST I SUNNHORDLAND HANDLINGSPLAN Prinsippet om vasshjul og sagbruk blir utprøvd i Sveio barnehage

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

Kompetansebehov Spørjeundersøking blant bedrifter i Hordaland Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

Rådgjevarkonferansen 2014 Gjennomføring i vidaregåande opplæring.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Frå tre små til ein stor.

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Kompetanseregionen Nordhordland,

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Orientering til skolane OM INNTAK PÅ SÆRSKILT GRUNNLAG

Referat frå møte

Lågterskeltilbod til ungdom mellom år

Tal på søkjarar til læreplass, tal på lærekontraktar og misforhold mellom tilbod og behov.

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Kunnskapsløftet i vidaregåande opplæring Struktur, innhald og fleksibilitet

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Informasjonsbrosjyre til føresette ved skular som deltek i Two Teachers

Oppmoding om uttale - Hordaland Privatgymnas AS - søknad etter friskulelova

Plan for overgangar. for barn og unge

Masfjorden kommune. Kompetanseutviklingsplan. for grunnskulen. Kultur. for. læring. Vedteke i kommunestyret den

Kompetanseregionen Nordhordland,

PARTNARSKAP FOR KARRIERERETTLEIING SOGN OG FJORDANE

Omfanget av fysisk aktivitet i grunnskulane i Sunnhordland og Nord Rogaland

Referat frå møte i Arbeidsutvalet for foreldre ved Hafslo barne- og ungdomsskule

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane

Strategiplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

ARBEIDSPLAN

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Elev- og lærlingombod i HFK

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Tiltaksplan

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Opplæring av faglege leiarar og instruktørar i lærebedrifter

Årsmelding Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane. Foto: Oskar Andersen

Kvalitetsplan mot mobbing

Transkript:

Årsmelding 2013 Senter for yrkesrettleiing i Hordaland

Forsidefoto: Sverre Kvamme

Årsrapport 2013 1 INNHALD Skule og arbeidslivsprosjekt i 2013 2 Variert etterutdanningstilbod 3 Lærarane viser veg 4 Regionalt og nasjonalt samarbeid 7 Rekordår på mittyrke.no 8

Årsrapport 2013 2 Senter for yrkesrettleiing i 2013: Vidareutdanning, rådgjevarsamlingar og utprøving i heile fylket På rådgjevarsamlingane i Salem konferansesenter kjem rådgejvarar, lærarar og andre interesserte frå heile fylket. Samtlege arrangement hadde svært god deltaking. 2013 var eit innhaldsrikt år for Senter for yrkesrettleiing. Senteret var med å fullføre det første vidareutdanningstilbodet i faget Utdanningsval i landet, samt starte eit nytt kull med heile 20 studentar. I tilegg var SYR med på å arrangere rådgjevarsamlingar, yrkeskonferansar og diverse kurs der samarbeidet mellom skole og arbeidsliv var fellesnemnaren. Senter for yrkesrettleiing er ein del av Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune. Fokus er på kompetanseheving innan yrkes- og utdanningsrettleiing i Hordaland og koordinering av kontakt mellom grunnog vidaregåande skule og mellom skule og arbeidsliv. Både rådgjevarar og lærarar i grunn- og vidaregåande skule, samt NAV-tilsette nyttar seg av eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod frå SYR. Videreutdanninga i faget Utdanningsval var eitt av dei store prosjekta på Senter for yrkesrettleiing i 2013. I april, på avslutningsdagen for det første studentkullet, blei det arrangert ein såkalla Delingskonferanse. Studentane presenterte sine utviklingsprosjekt for ein spesielt invitert forsamling. Tilhøyrarane var både rektorar, representantar for skuleeigar i Fylkeskommunen og kommunar, studentar og andre interesserte. Forutan vidareutdanninga har SYR vore med å arrangere ei rekkje andre kurs, for eksempel foreldrekurs om vidaregåande opplæring, dagskurs om marin næring og dagskurs om anleggsmaskinførarfaget. I tillegg samarbeidde SYR med Bergen næringsråd om å lage to dagskurs på Ågotnes der olje- og gassnæringa var tema. Senter for yrkesrettleiing har også representantar i arbeidsgruppene som lagar yrkesmessa Yrkeslabyrinten i Vestlandshallen, samt den årlege konferansen Rett kompetanse. Sistnemnde rettar seg mot skule og arbeidsliv i Hordaland. SYR er også eit sentral medlem i arbeidsgruppa som arrangerer rådgjevarsamlingar for skulane i Hordaland fylke. Tre gonger årleg samlast rådgjevarar, lærarar og andre interesserte på Salem konferansesenter om aktuelle tema kobla til skulekvardagen. Arrangementa har vore så godt besøkte at dei i 2013 blei flytta frå Bergen kino til større og meir eigna lokalar i Salem konferansesenter.

Årsrapport 2013 3 Etterutdanning i regi av Senter for yrkesrettleiing SYR har i fleire år arbeidd for å styrke kompetansen til rådgjevarar og lærarar i ungdomsskolen som arbeider med faget Utdanningsval spesielt, og yrkes- og utdanningsrettleiing generelt. SYR har også som oppgåve å knyte kontaktar mellom Hordaland Fylkeskommune og NAV. Informasjon om vaksenopplæringa og fagopplæringsordninga er her viktige tiltak. SYR arrangerte i 2012 både kurssamlingar og bransjemøte med arbeidsmarknadsinformasjon på lokale NAV-kontor. Innføring i vidaregåande opplæring og arbeidsliv Grundig innføring Målsetjing: gi grundig innføring i vidaregåande opplæring og arbeidsliv Varigheit: 12 heile dagar over halvtanna år. Målgruppe: lærarar/rådgjevarar i Utdanningsval i ungdomsskulen Stad: vidaregåande skular og bedrifter/verksemder i Hordaland Deltakarar: 20 lærarar/rådgjevarar frå ungdomsskulane i fylket Informasjon om vidaregåande opplæring Målsetjing: gi informasjon om vidaregåande opplæring og arbeidsmarknad Varigheit: 2 dagar Målgruppe: rådgjevarar/ lærarar i Utdanningsval i ungdomsskulen Stad: eitt kurs i Sunnhordland og eitt kurs i Nordhordland Deltakarar: totalt 18 lærarar/rådgjevarar fordelt på kurs i dei to regionane Diverse dagskurs «Foreldrekurs om vidaregåande opplæring» for rådgjevarar og lærarar Målsetjing: gi lærarar/rådgjevarar verktøy for korleis involvere foreldra i utdannings- og yrkesrettleiing av sine barn Varigheit: 1 dag (6 timar) Målgruppe: rådgjevarar/lærarar i ungdomsskulen Stad: Bergen, Fylkeshuset Deltakarar: 21 lærarar/rådgjevarar frå ungdomsskulane i fylket Foreldrekurs om vidaregåande opplæring i samarbeid med rådgjevarar ved ungdomsskular Målsetjing: gi verktøy for korleis involvere seg i utdannings- og yrkesrettleiing av barna sine Varigheit: 3 timar på kveldstid Målgruppe: foreldre til 10. klassinger Stad: Søfteland skule, Os og Rådalslien skole, Bergen Deltakarar: totalt 30 elevar fordelt på dei to skulane Dagskurs om marine fag Varigheit: 1 dag Målgruppe: lærarar/rådgjevarar i grunn- og vidaregåande opplæring i fylket Målsetjing: praktisk innføring i yrker i nautiske og marine fag Stad: Tokt med skulebåten «Stø Kurs» Deltakarar: 15 lærarar/rådgjevarar frå grunn- og vidaregåande skular i fylket Bransjemøte for NAV Målsetjing: Gi info om arbeidsmarknad innan utvalde bransjar Målgruppe: NAV-rettleiarar ved åtte NAV-kontor Varigheit: 1 time x 26 møte Stad: Åtte ulike NAV-kontor i Stor-Bergen Deltakarar: I snitt 15-20 deltakarar per møte Kurs i vidaregåande opplæring for NAVtilsette Målsetting: Gi info om vidaregåande opplæring og arbeidsliv Målgruppe: NAV-tilsette Varigheit: éin dag x fire kurs Stad: Bergen Deltakarar: 80 deltakarar fordelt på fire kurs Etterutdanning i samarbeid med andre aktører Rådgjevarsamlingar Samarbeidspartnarar: Fylkesmannen i Hordaland, Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune og Rådgiverforum Hordaland Varigheit: 3 enkeltståande dagar i løpet av året Målgruppe: rådgjevarar i grunn- og vidaregåande opplæring, ansatte i OT/PPT, NAV-tilsette Målsetting: gi faglig påfyll både innan sosialpedagogisk rådgjeving og yrkes- og utdanningsrettleiing Stad: Sentralt i Bergen Deltakarar: om lag 350 fordelt på 3 samlingar «Rett kompetanse» Samarbeidspartnarar: LO, NHO Bergen kommune, Bergen Næringsråd og opplæringskontora. Varigheit: 1 dag Målgruppe: Leiarar og rådgjevarar i heile grunnopplæringa, tilsette i arbeidslivet med ansvar for rekruttering og politikarar. Målsetjing: Styrke samarbeidet mellom skule og arbeidsliv. Gi bedriftar og bransjar høve til å påvirke innhaldet i faga, slik at tilbodet i vidaregåande opplæring blir styrka og dermed er betre rusta til å levere rett kompetanse til arbeidslivet. Deltakarar: 200 frå mellom anna HFK, NAV og opplæringskontora.

Årsrapport 2013 4 Vidareutdanninga i Utdanningsval: Lærarane viser veg Anders Kletthagen føler seg privilegert som har ein rektor som la til rette for at han kunne studere faget Utdanningsval. Noko av det beste med studiet har vore å gjennomføre konkrete tiltak som kan brukast direkte inn i undervisinga. I løpet av dei fem samlingane har eg fått ei verktøykasse som eg deler med dei andre lærarane på Olsvik skule, seier Anders Kletthagen, ein av dei første studentane i faget Utdanningsval. Tirsdag den 30.april, på avslutningsdagen for det første kullet av vidareutdanninga, blei det arrangert ein konferanse på Grand Hotel Terminus i Bergen. Arrangementet blei kalla Delingskonferansen fordi studentane presenterte sine utviklingsprosjekt for ein spesielt invitert forsamling. Vidareutdanninga på 15 studiepoeng er eit samarbeidsprosjekt mellom Senter for yrkesrettleiing (SYR), Papirbredden karrieresenter og Høgskolen i Buskerud. Det er det første i sitt slag i Norge og fekk prisen «Årets dristigste» i 2012 av «Vox - Nasjonal enhet for karriereveiledning». Faget Utdanningsval blei innført i ungdomsskulen i 2008 i samband med Kunnskapsløftet. Både fagleg ansvarleg Kjartan Kversøy, leiar for SYR Kjell Helge Kleppestø og leiar på Papirbredden karrieresenter Unni Høsøien rosar det nasjonale teamarbeidet som ligg til grunn for etableringa av studiet. Dei er svært stolte av studentane sin innsats. Det grundige arbeidet deira som kom tydeleg fram i paperpresentasjonane på konferansedagen på Grand Terminus Hotel. Her viste studentane til ei rekkje konkrete tiltak og undervisingsopplegg på sine skular, mellom anna treårsplanar for utdanningsvalundervisinga i ungdomsskulen, elevfilmar og undervisingsopplegg der elevane blir sertifisert og rettleiar kvarandre. Bør ha utdanning Skal du undervise i Utdanningsval bør du ha ei utdanning i faget, på lik linje med krava i norsk, matte og engelsk. Det var på høg tid dette studiet kom på plass. Endeleg, seier rådgjevar på Bremnes ungdomsskule Randi Totland Bremnes. Ho fortel at faget utdanningsval er nytt, samtidig som det skal løysast av lærarar utan den naudsynte kompetansen. I tillegg er forventningane store til kva lærarane skal utrette. Situasjonen gjer at etterspurnaden etter kompetansen i faget er høg. Det eg likar med studiet er at det er allsidig. Det er fagleg godt, praktisk nyttig og har stor breidde. Faget

Årsrapport 2013 5 tar utgangspunkt i studentane sin ståstad og utviklar kompetansen deira derfrå, seier Randi. Begeistra Anders Kletthagen fortel at mange lærarar er einige i intensjonane for Utdanningsvalfaget, men står fast fordi dei ikkje veit konkret kva dei skal gjere. Høgskulestudiet gjer det mogleg å utvikle verktøy til bruk i undervisinga. I løpet av året har eg fått prøve noko nytt og ikkje minst fått bekrefta begeistringa eg har for faget, seier han. Han er svært takksam og føler seg privilegert som har ein rektor som la til rette for at han kunne studere. Det blir spennande å sjå i fortsetjinga korleis vi kan styrke faget i vår eigen organisasjon, seier Anders. Vil du anbefale studiet for andre? Ja, definitivt. Studiet har ein god struktur, eit godt innhald og er relevant for arbeidet på skulen. Faget er ikkje minst spennande fordi det, til forskjell frå andre fag, dreier seg direkte om elevane sjølve og deira framtid. Får internasjonal merksemd Hordaland Fylkeskommune ved Senter for yrkesrettleiing var med på å starte eit vidareutdanningstilbod i faget Utdanningsval i 2011. I juni skal ein rapport om studiet presenterast på verdas største konferanse om karriererettleiing. Det skal skje i Québec i Canada. Forskaren Stein Løvgaard frå Høgskulen i Oslo- og Akershus har laga forskingsrapporten som skal leggast fram på IAEGV-konferansen (International Association for Educational and Vocational Guidance). Han følgde det første studentkullet tett frå 2012-13. Faget Utdanningsval, som blei innført i 2008, er eit ungdomsskulefag og er dermed kommunane sitt ansvar. Formålet med faget er mellom anna å gi elevane erfaringar med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar i vidaregåande opplæring noko som gjer det viktig for fylket. Eg gler meg til å presentere rapporten. Norge er det einaste landet i verda med eit fag som Utdaningsval på timeplanen. Vidareutdanninga er viktig fordi behovet for denne kompetansen i grunnskulen er stort. Vidareutdanninga i Hordaland er det einaste studiet i sitt slag i Norge. Det burde vore behov for denne kompetansen i alle dei 428 kommunane i landet, seier Løvgaard. Han stiller seg undrande til at Utdanningsval er det einaste faget utan kompetansekrav for å undervise. Kjell Helge Kleppestø innleier avslutningskonferansen for det første studentkullet. FAKTA/ Vidareutdanninga i Utdanningsval På delingskonferansen presenterte studentane sine paper. Fagleg ansvarleg: Kjartan Kversøy, Høgskolen i Buskerud Keynote speaker: Kjell Helge Kleppestø, Senter for yrkesrettleiing, Hordaland fylkeskommune Tilsette på Senter for yrkesrettleiing og Papirbredden karrieresenter har i stor grad vore brukt som førelesarar i faget. Studiet i faget Utdanningsval starta hausten 2012 Det er 15 studiepoeng og det første i sitt slag i Norge. Leiar for Senter for yrkesrettleiing, Kjell Helge Kleppestø, er svært glad for at arbeid Hordaland Fylkeskommune initierer for kommunane blir lagt merke til. Vi har starta ei vidareutdanning med innverknad på kvardagen til elevar i heile fylket. Det finns ikkje liknande studiar andre stader i landet, seier Kleppestø. Han er glad for at studiet blir lagt merke til både i Norge og internasjonalt. Hordaland Fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet. Dette gjer vi gjennom vidareutdanninga. Ungdomsskuleelevar som gjer gode val, har stor effekt på skuletilbodet i Hordaland og samfunnet generelt, seier Kleppestø. Stein Løvgaard, forskar ved Høgskolen i Oslo- og Akershus

Årsrapport 2013 6 Samarbeid grunnskule,vidaregåande skule og arbeidsliv Utprøving av utdanningsprogram SYR har teke ansvar for å få system på alle ungdomsskoleelevar i Hordaland sine utprøvingar av utdanningsprogram i vidaregåande opplæring. På heimesida vår www.mittyrke.no finst eit verktøy som koordinerer desse utprøvingane. Systemet er laga med tanke på at elevane skal få simulert korleis ein gjer for å søkje om plass i vidaregåande skule. Dette skal lette arbeidet for begge skuleslaga slik at koordineringsbehovet blir tatt hand om. I Hordaland er det no 29 av 33 kommunar som brukar dette systemet. I 2013 tok skular i Etne, Kvam og Samnanger i bruk mittyrke.no for første gong. 6600 elevar i fylket brukte nettsida for å søke utprøving, mot 4200 i 2011 då systemet blei tatt i bruk. Frå 2011 til og med 2013 har rundt 16 500 elevar frå heile Hordaland vore med på utprøving i vidaregåande opplæring. Ungdommane er både frå det 9. og 10. trinnet. Over desse tre åra har nær 1700 elevar vitja TIP, 700 Musikk,dans,drama, 500 Naturbruk, 1000 Studiespesialiserande formgjeving, 1500 Media & kommunikasjon, 1500 Idrett og 1000 Bygg & anlegg. Utprøvingar av yrker i bedrift I februar og mars hadde elevane ved tre ungdomsskular på Askøy utprøving i bedrift delvis organisert gjennom internettsida www.mittyrke.no. 27 bedrifter ga tilbod om til saman 128 stillingar. Bedriftene fekk søkjarar til 46 av desse stillingane. Tilbodet om å få hjelp til koordinering av utprøving i verksemder gjeld alle kommunar i Hordaland. Informasjonsmøte - verksemder vitjar ungdomsskular Senter fot yrkesrettleiing legg til rette for at verksemder i Hordaland kan vitje ungdomsskular. Også denne ordninga koordinerast gjennom nettsida mittyrke.no. Aktuelle verksemder set seg på ei liste for velviljuge verksemder som ønskjer å besøke skular og fortelje om sine yrker og sin bransje. Rådgjevarane har tilgang til denne lista i mittyrke.no og avtalar informasjonsmøta direkte med bedriften. Ved å leggje alt inn i mittyrke.no, vil lokal nettverksbygging komme i system og vere tilgjengeleg for alle på skulen. Verksemder som ønskjer å gjere seg synleg,har dermed ein høveleg kanal til det. Over 40 verksemder var registrerte i 2013. Brukarforumet Haugalandet Skule og Arbeidsliv Hordaland fylkeskommune er ikkje aleine om å nytte det digitale koordineringsverktøyet som er tilgjengeleg på mittyrke.no. Den aktuelle løysinga har vi kjøpt oss inn i hos «Haugaland skole og arbeidsliv». Saman med Akershus Fylkeskommune, Buskerud Fylkeskommune og Troms Fylkeskommune har vi vore med å vidareutvikle systemet. I 2012 var vi med å skipa eit brukarforum for løysinga. Dette forumet var samla to gonger i 2013-21.mars og 17.oktober. Vidaregåande skule Prosjekt til fordjuping Mittyrke.no skal også vere til hjelp i vidaregåande skular sitt arbeid med koordinering av utprøving i faget Prosjekt til fordjuping. I Prosjekt til fordjuping skal elevane på VG2 som hovudregel ha praksisperiodar i bedrifter. I 2013 arbeidde Senter for yrkesrettleiing med Askøy vidaregåande skule og Hatteland Solutions for å gjere koordineringa enklast mogleg for bedriftene.

Årsrapport 2013 7 Regionalt og nasjonalt samarbeid Regionalt nivå Det skjer mykje spennande i heile fylket i arbeidet med å skape gode arenaer for samarbeid mellom skule og arbeidsliv. Fleire kommunar har eigne prosjekt. Andre stader er det sett i verk interkommunalt samarbeid som til dømes i Nordhordland og Odda/ Ullensvang. SYR sitt arbeid krev godt samarbeid med lokale krefter. I 2013 har vi, som tidlegare, delteke aktivt i denne type arbeid. SYR sine samarbeidspartnarar: Samarbeidsforum skole-arbeidsliv Odda/Ul lensvang, nettverksgruppe Askøy kommune skole arbeidsliv samarbeid, styringsgruppe Stord skole og arbeidslivsforum, nettverksgruppe 0 Forum for oppvekst i Sunnhordland Ka vil DU bli? Bergen kommune sitt samarbeid prosjekt med Hordaland Fylkeskommune På bakgrunn av samarbeidet på regionalt nivå tok SYR sommaren 2011 initiativ til å samle koordinatorane i desse prosjekta i eit koordinatorforum. Koordinatorforumet er etablert som ein fast aktivitet der SYR har referat- og innkallingsansvar. Hovudfokus i arbeidet er erfaringsdeling og deling av gode idear og aktivitetar, og nye koordinatorar vert inviterte inn etter som vi vert kjend med dei. Partnarskapsavtale avslutta NAV Hordaland og Hordaland fylkeskommune var tidlegare del av ein partnarskapsavtale der NAV finansierte éi av stillingane ved Senter for Yrkesrettleiing. Avtalen blei inngått ved oppstarten av SYR i 2005. 2013 var det første året Hordaland fylkeskommune overtok over ansvaret for denne stillinga. Sjølv om NAV Hordaland ikkje lenger er ein del av partnarskapet, er dei framleis ein god samarbeidspartnar. Nasjonalt nivå Hausten 2012 var leiar for SYR med å skipa nettverk for leiarar av karrieresenter i Norge. VOX Nasjonal eining for karriererettleiing i Norge var representert, og ser dette nettverket som ei viktig gruppe å ha dialog med. Gruppa møtest fast etter Vox sine årlege karriereveiledningskonferansar. Nasjonal enhet for karriereveiledning arrangerte Karriereveildeningskonferansen 2013 i Trondheim. SYR deltok på dette arrangementet saman med representantar frå karrieresenter i heile landet. Aktørkart SYR har på bestilling frå Næringsalliansen i Bergen utarbeidd ei førsteutgåve av eit såkalla aktørkart. Aktørkartet har namnet Samarbeid skule og arbeidsliv i Hordaland fylke - eit mangfald av innovative aktørar. Det er publisert elektronisk på: http://www. mittyrke.no/no/artikler/ Om-senter-for-yrkesrettleiing/ Aktørkaret skal gi eit oversyn og samstundes stimulera til auka kontakt mellom partane, verksemder (privat og offentleg) og skule. Aktørkartet skal vere ein ajourført utgåve av kva som skjer på feltet. Det er eit dynamisk dokument på den måten at det alltid er ope for tilføring av nye aktuelle aktørar.

Årsrapport 2013 8 Rekordår på mittyrke.no Nettsida mittyrke.no er ein viktig informasjonskanal for SYR. Her retter vi oss mot elevar, rådgjevarar, foreldre og verksemder med både rettleiingsråd, informasjon og nyttige lenkjer. På sida kan elevar, lærarar og bedrifter logge seg på vårt koordineringsverktøy - systemet som mellom anna administrerer utprøving i vidaregåande skule og arbeidsliv. Mittyrke.no skal vere ein portal der brukarane får viktig informasjon om yrkesrettleiing, samt blir losa vidare til gode nettstader med inngåande informasjon om ulike utdanningsretningar. Det er eit mål med sida at den skal vere undervisningsstøtte for lærarar og rådgjevarar til bruk i faget Utdanningsval. På mittyrke.no er det mogleg for elevar å skrive såkalla yrkesintervju, der elevane intervjuar ein arbeidstakarar om yrka deira. Intervjua som er gode nok til å bli publiserte på nettsida, premierast med kinobillettar. Utprøving av utdanningsprogram og arbeidsliv I løpet av to år har SYR utvikla www.mittyrke.no frå berre å formidle informasjon til òg å vere ein portal som organiserar elevane si utprøving av utdanningsprogram i vidaregåande skule, samt utprøving av yrker og arbeidsliv. Erfaringane frå både grunnskole og vidaregåande skule så langt er at SYR har treft godt gjennom å bidra til auka effektivisering og god synlegjering av både arbeidslivet og elevane sine moglegheiter i fylket. nesten 17000 fleire enn året før. Trafikken har auka mykje dei siste åra, men i 2013 var veksten spesielt stor. Vel 42 000 var unike brukarar. Med dette meiner ein kor mange treff nettsida har frå enkeltvise IP-adressar. Prosentvis hadde mittyrke.no 31% nye brukarar og 69% tilbakevendande brukarar i 2013. År Tal på besøk Unike brukarar 2011 35 082 24 799 2012 43 023 28 868 2013 59 877 42 195 Sterk auking i talet på brukarar Verktøyet Google Analytics, som måler nettsidetrafikk, viser at mittyrke hadde om lag 60 000 besøk i 2013,

Årsrapport 2013 9 Tilsette ved Senter for yrkesrettleiing Kjell Helge Kleppestø, leiar SYR 100 % Tore Muren 100 % Kjersti Kvaløy 100 % Anbjørn Holme 100 % Trond Lygre 100 % Ruben Fosse 30% frå 01.06 Ragnhild Hvoslef Krüger 100 % fram til 01.03 T: 55 23 94 57 M: 997 17 156 E: kleppesto@hfk.no Agnes Mowinckelsgt 6 pb 7900 5020 Bergen Hordaland fylkekommune

Årsrapport 2013 10 Samarbeidspartnarar i 2013 i forbindelse med etter- og vidareutdanningskurs Bedrifter og virksomheter Bergensavisen AS BA Coast Center Base AS (CCB-basen, Ågotnes) Hellebakken Barnehage Husfliden Bergen AS BKK AS Hjemmesykepleien, Bergenhus, Sentrumsgruppen Kinne Gård, Voss v/ Lars Istad NAV, avdeling Lindås Nordhordland Handverk- og industrilag Norsk Landbruksrådgiving Otera Delta AS Palografen Statoil ASA Sætrevik Interiørsnekkeri Thon Hotel Bergen Airport Tine Rådgjeving Walløe & Nilsen AS (tidl. A.K. Walløe Møbeltapetserer AS) Opplæringskontor Blikkenslagmestrenes Opplæringskontor Murermestrenes Opplæringskontor Live 2 Learn Opplæringskontor for Sotra og Øygarden Opplæringskontoret for anleggs- og bergfagene Opplæringskontoret for fiskerifag/norsk Sjømatsenter Opplæringskontoret for tømrerfaget Opplæringskontoret i Norhordland Videregående skoler /opplæring Fagopplæringskontoret, avdeling Stord Fagopplæringskontoret, HFK Bergen Senter for voksenopplæring, Bergen katedralskole Senter for voksenopplæring, Årstad videregående skole Askøy videregående skole Bergen maritime videregående skole Fana Gymnas (Studiespes.) Langhaugen videregående skole (Musikk, dans og drama) Lønborg videregående skole (HS) Nordahl Grieg Videregående skole (MK) Sandsli videregående skole (RM) Slåtthaug videregående skole (Elektro) Sotra vidaregåande skule, Avdeling Bildøy (SS) U. Pihl videregående skole (Idrettsfag) Voss Jordbruksskule (NB) Årstad videregående skole (DH) Åsane videregående skole (BA)

Årsrapport 2013 11

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalands samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelse tenester og kollektivtransport til inn byggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, nærings utvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen. Agnes Mowinckels gate 5 Postboks 7900 5020 Bergen Telefon: 55 23 90 00 e-post: hfk@hfk.no www.hordaland.no Månad År. Avdeling/seksjon.