11"1/1SKODJE KOMMUNE Møteprotokoll Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 26.06.2012 Tid: 17.00 Sak for godkjenning av møteprotokollen frå Kommunestyret 19.06.2012 er ikkje med på denne saklista fordi saklista måtte opprettast og sendast ut før dette møtet vart halde. Desse møtte: Fremskrittspartiet:Terje Vadset, ordførar, Kjell Arve Reiakvam, Rune Misund vararepr. for John Ola Røstad Arbeiderpartiet:Tone Fylling, Bjørn-Andre Stavset, Jan Georg Fossheim vararepr. for Renate Grande Skodje, Kjell Haukeberg. Senterpartiet:Modolf Hareide, Ragnhild Stette, vararepr for Linda Stavset, Johan Honningdal, Elise Stette. Høgre: Lidvar Giskeødegård, Torbjørn Skodjereite, Torunn Mølsæter, Karl Johan Kværnland Venstre: Kari Grindvik, Ole Stokke, vara for Rolf Stavset KristelegFolkeparti:Reidun Hovden Aure, vara for Knut Strand, Gunnar Hauge 19 voterande Frå administrasjonen møtte rådmannen, kommunalsjef førde møteboka. Ingen hadde merknader til innkalling eller sakliste. Tilleggssak: OPPTAK AV VOLDA OG ØRSTA SOM NYE MEDLEMSKOMMUNER I SUNNMØRE REGIONRÅD SR Møteplan for 2. halvår 2012 vart delt ut
SAKLISTE Sak nr. Arkivsak 44/12 12/54 KOMMUNAL PLANSTRATEGI 2012-2016 HØYRING 45/12 12/404 BUDSJETTREVISJON NR. 1 2012 46/12 11/459 FORVALTNINGSREVISJON - SAKER TIL OPPFØLGING 47/12 12/454 TRASEVAL HURTIGTOG 48/12 08/256 SØKNAD OM PERMISJON FRÅ POLITISKE VERV 49/12 06/866 SÆRUTSKRIFT SAK 13/12 - MANGLANDE SAMARBEID 50/12 11/636 OPPTAK AV VOLDA OG ØRSTA SOM NYE MEDLEMSKOMMUNER SUNNMØRE REGIONRÅD IKS I 2
Sak 44/12 KOMMUNAL PLANSTRATEGI 2012-2016 HØYRING Desse hadde ordet i saka: Kjell Haukeberg, Kari Grindvik, Modolf Hareide Kjell Haukeberg sette på vegne av arbeiderpartiet slikt framlegg til endring: Tilføying til pkt 4. i planstrategi, Tekniske planar: Omfanget av forprosjektet blir avgrensa innanfor ytterkantane Dragsund/Furlia i aust, Reitereset i nord, Skodjevika i sør og Grindvika i vest. Røysting: Rådmanen sitt framlegg: Samrøystes vedteke Framlegg til tilføying frå Kjell Haukeberg, pkt 4 i planstrategien: Samrøystes vedteke Skodje kommunestyre vedtek å sende forslag til planstrategi for Skodje 2012-2016 med høyringsdokument, datert 18.06.12, over til nabokommunar og statleg -og regionalt planmynde for uttale. Planstrategisne skal ha følgjande tilføying under pkt 4 : Tekniske planar: Omfanget av forprosjektet blir avgrensa innanfor ytterkantane Dragsund/Furlia i aust, Reitereset i nord, Skodjevika i sør og Grindvika i vest Forslag til planstrategi med innspel. skal kunngjerast slik at innbyggarane får innsyn i arbeidet, og høve til å kome Sak 45/12 BUDSJETTREVISJON NR. 1 2012 Desse hadde ordet i saka: Kari Grindvik, Modolf Hareide, Kjell Haukeberg, Terje Vadset Kari Grindvik sette på vegne av Venstre fram slikt framlegg: 3
Budsjettert skatteinngong for 2012 vert auka med kr. 3.784.000,- Budsjettert inntektsutjamning vert redusert med kr. 2.125.000,- Nettoendring fond. i budsjettet kr 1.659.000,- går i si heilskap til å redusere bruken av ubundne Grunngjeving: Rekneskapen for 2011 og utviklinga i 2012 syner diverre at økonomien til Skodje kommune er i ubalanse. Skal vi kunne ha handlefriheit dei komande åra, hastar det med å ta grep for å unngå å verte sett under administrasjon, ved ei plassering på Robek-lista. Det er like fullt beklageleg at vi kanskje ikkje har råd til å levere like gode tenester dei næraste åra som vi gjerne ønskjer og som vert forventa av oss. Beklageleg er det også overfor dei tilsette som gjer ein flott innsats overfor innbyggjarane våre, at deira arbeidsdag kan verte forverra gjennom dei tiltaka vi finn naudsynt å iverksette. KONKRETE TILTAK FOR Å STYRKE SKODJE KOMMUNE SIN ØKONOMI: Tiltak med umiddelbar verknad: Tilsetjingsstopp og ein gjennomgang av av alle stillingsheimlar med tanke på å redusere med 5 stillingar. Planlagde investeringsprosjekt skal utgreiast på nytt med tanke på å halde investeringsramma på eit lavast mogleg nivå. Rådmannen skal straks sørge for at alle einingar tek naudsynte vurderingar og iverkset tiltak for å sikre at drifta skjer etter dei vedtekne økonomiske rammene for 2012. Redusere bruken av eksterne konsulentar. Or anisatoriske re /tiltak med forventa verknad seinast frå 2013: Med bakgrunn i rapportar frå KS og Kontrollutvalet i forhold til forvaltningspraksisen i Skodje kommune og med utgangspunkt i rekneskap og årselding for 2011, vert det oppretta ei arbeidsgruppe, samansett av politikarar, leiarar, tilsette og tillitsvalde som skal gå gjennom den totale forvaltninga i kommunen. Dette gjeld både i forhold til utgifts- og inntektssida og nivået på tenesteproduksjonen. Gjennomgongen skal også sjå på kommunen si administrative organisering med mange einingar med tanke på om dagens ordning fungerar godt i høve til rådmannen si oppgåve med kontroll og oppfyljing av einingane både i høve til forvaltningsoppgåver og økonomi. 4
Målsetjinga skal vere at Skodje kommune igjen skal ha ein sunn kommuneøkonomi og at netto driftsresultat i gjennomsnitt skal vere minst 3 %. I ein slik samanhang er det viktig å kommunisere godt med tilsette og innbyggjarane. Difor ser ein føre seg å halde eit informasjonsmøte med innbyggjarane, og også dei tilsette, som ein del av mandatet til arbeidsgruppa. POLITISKE SIGNAL: Skodje kommunestyre vedtek at Dagsentertilbodet ved SOMS skal halde fram. Grunngjeving: Sjølv om tiltaket ikkje er direkte lovpålagd, ser kommunestyret at dette er eit trivselsfremande tiltak som betrar livskvaliteten for dei eldre i kommunen. Ei nedlegging av dette tiltaket vil kunne føre til auka arbeidsmengde for heimetenestene og auka etterspurnad etter sjukeheimsplass. Einingsleiar har i sine vurderingar også peika på denne risikoen ved ei eventuell avvikling. Organisering av tiltaket må kunne sjåast på i samband med oppstart av frisklivssentralen frå 01.07.2012 Skodje kommunestyre vedtek å framleis vere medeigar i Ørskog energi. Skodje kommune skal snarast råd bidra til at det blir utarbeidd ein felles eigarskapsstrategi og eigarskapsmelding for selskapet. Grunngjeving: Det er positivt at kommunen gjennom sitt eigarskap i Ørskog energi har bidrege til utviklinga av infrastrukturen i området. Avkasting av ansvarleg lån til og utbytte frå selskapet har i tillegg bidrege til å oppretthalde eit godt tenestetilbod i kommunen. Selskapet sin soliditet og innteninga er god. Det vitnar om god leiing og kvalifiserte tilsette. Kjell Haukeberg sette på vegne av Arbeiderpartiet slikt framlegg: Pkt 4: Grunngjevingsavsnittet går ut Nytt pkt 7: Formannskapet bilir bedt om å kome attende til kommunestyret med ein plan for gjennomgang av alle stillingsheimlar. Målet med gjennomgangen er å sjå om det er noko å spare utan at ein reduserer på standard og aktivitet/tenestetilbod og produksjon. Nytt pkt 6: ( samanslått pkt 6 og 8) Med utgangspunkt i rapportar frå KS og Kontrollutvalet sin rapport om forvaltningspraksisen i kommunen, vert det oppretta ein ad hoc- komite som skal gå gjennom den totale forvaltninga i kommunen. Dette gjeld både i forhold til utgifts- og inntektssida, nivået på tenesteprosuksjonen og administrativ organisering av kommunen. 5
Formannskapet blir bedt om å kome attende til kommunestyret med framlegg til mandat, arbeidsform og samnsetting av komiteen. Kommunesstyret ser at gjennomgangen vil ta tid, og ber om at arbeidet vert lagt opp slik at område der Kostra- tal syner at kommunen har høge kostnader og revisjonsrapporten syner forbetringspotensiale, vert prioritert først. Arbeidet må breitt forankrast i kommunen og kommunestyret ser det naturleg med bruk av folkemøte i arbeidet. Modolf Hareide sette på vegne av senterpartiet slikt endringsforslag: Tillegg til pkt 7. ( Tiltaksliste) i budsjettrevisjonen: Rådmannen får fullmakt til å gjennomføre reduksjonane Det vart halde gruppemøte Det vart halde prøverøysting over følgjande punkt: L Innstilling frå formannskapet: samrøystes vedteke Innstilling frå formannskapet: samrøystes vedteke Innstilling frå formannskapet: 11 røyster Forslag frå Kari Grindvik for Venstre. 8 røyster Innstilling frå formannskapet med grunngjeving: 0 røyster Framlegg frå Kjell Haukeberg pkt 4 utan grunngjeving: 19 røyster Innstilling frå formannskapet: samrøystes vedteke Forslag frå arbeidarpartiet: samanslåing av pkt 6 og 8 til nytt pkt 6.: Samrøystes vedteke 7: Innstilling frå formannskapet opp imot framlegg frå Modolf Hareide, for Senterpartiet, om tilføying til pkt 7. Innstillinga frå formannakspet: 0 røyster Framlegg frå Modolf Hareide for senterpartiet. 19 røyster Framlegg frå Modolf hareide til nytt pkt 7 opp imot forslag framlagt av Kjell Haukeberg, for Arbeiderpartiet: Modolf Hareide for Senterpartiet sitt framlegg: 15 røyster Kjell Haukeberg for Arbeiderpartiet sitt framlegg: 4 røyster Innstillinga frå formannskapet: 12 røysta for,, 7 røysta mot Innstillinga frå formannskapet: Samrøystes vedteke Det vart røysta over framlegg lagt fram av Kari Grindvik, for Venstre: 6
Nytt pkt i budsjettrevisjonen: Rådmannen skal straks sørge for at alle einigar tek naudsynte vurderingar og iverkset tiltak for å sikre at drifta skjer etter dei vedtekne økonomiske rammene for 2012 Røysting: Samrøystes vedteke Tillegg til nytt pkt 6: Målsetjinga skal vere at Skodje kommune igjen skal ha ein sunn kommuneøkonomi og at netto driftsresultat i gjennomsnitt skal vere minst 3 % Røysting: Samrøystes vedteke Politisk signal: Skodje kommunestyre vedtek at Dagsentertilbodet ved SOMS skal halde fram Røysting: Samrøystes vedteke Det vart røysta over samla justeringar i budsjettrevisjon 1 2012. Røysting: Samrøystes vedteke Skodje kommunestyre vedtek følgjande budsjettrevisjon nr 1 i 2012: Budsjettert skatteinngang for 2012 blir auka med kr 3.784.000. Budsjettert inntektsutjamning blir redusert med kr. 2.125.000. Auke budsjettramma til Skodje barnehage med 650.000 kr, Stette barnehage med 315.000 kr og Valle barnehage med 75.000 kr. grunna auke i tal born i barnehagane frå august 2012. Skodje kommunestyre vedtek å framleis vere medeigar i Ørskog energi. Skodje kommune skal snarast råd bidra til at det blir utarbeidd ein felles eigarskapsstrategi og eigarskapsmelding for selskapet. Planlagde investeringsprosjekt skal utgreiast på nytt med tanke på å halde investeringsramma på eit lavast mogleg nivå. Med utgangspunkt i rapportar frå KS og Kontrollutvalet sin rapport om forvaltningspraksisen i kommunen, vert det oppretta ein ad hoc- komite som skal gå 7
gjennom den totale forvaltninga i kommunen. Dette gjeld både i forhold til utgifts- og inntektssida, nivået på tenesteprosuksjonen og administrativ organisering av kommunen. Formannskapet blir bedt om å kome attende til kommunestyret med framlegg til mandat, arbeidsform og samnsetting av komiteen. Kommunesstyret ser at gjennomgangen vil ta tid, og ber om at arbeidet vert lagt opp slik at område der Kostra- tal syner at kommunen har høge kostnader og revisjonsrapporten syner forbetringspotensiale, vert prioritert først. Arbeidet må breitt forankrast i kommunen og kommunestyret ser det naturleg med bruk av folkemøte i arbeidet. Målsetjinga skal vere at Skodje kommune igjen skal ha ein sunn kommuneøkonomi og at netto driftsresultat i gjennomsnitt skal vere minst 3% Ein gjennomgang av av alle stillingsheimlar med tanke på å redusere med 5 stillingar. Rådmannen får fullmakt til å gjennomføre endringane Seie opp leigeavtalen med Coop Møre og tilby ungdomsklubben kommunale lokale Redusere bruken av eksterne konsulentar Rådmannen skal strakt sørge for at alle einingar tek naudsynte vurderingar og iverkset tiltak for å sikre at drifta skjer etter dei vedtekne økonomiske rammene for Skodje kommunestyre vedtek at Dagsentertilbodet ved SOMS skal halde fram Sak 46/12 FORVALTNINGSREVISJON - SAKER TIL OPPFØLGING Desse hadde ordet i saka: Terje Vadset, Modolf Hareide Modolf Hareide legg fram følgjande forslag frå Senterpartiet: Endre pkt 2 i innstillinga til: Kommunestyret bed rådmannen legge fram oversikt over og framdriftsplan for tiltak i høve dei manglane ved internkontrollen som rapporten avdekker. Røysting: Pkt 2 i innstillinga opp imot forslag til endring av pkt 2 Innstilling frå kontrollutvalet: 9 røyster Senterpartiet sitt forslag: 10 røyster 8
Det vart røysta over instillinga frå kontrollutvalet med endringsforslag frå senterpartiet: Samrøystes vedteke Skodje kommunestyre tek Forvaltningsrevisjonsrapport nr. 02/2012: Evaluering av internkontrollen i Skodje kommune til vitande. Skodje kommunestyre ber rådmannen legge fram oversikt over og framdriftsplan for tiltak i høve dei manglane ved internkontrollen som rapporten avdekkjer. Sak 47/12 TRASEVAL HURTIGTOG Samrøystes etter innstillinga. Skodje kommune ser at høgfartsbane ligg fram i tid. For oss er det likevel viktig å sikre at ein framtidig trase Oslo Trondheim vert bygd gjennom Gudbrandsdalen. Dette ser vi og er avgjerande for Møre og Romsdal. Skodje kommune ser det som avgjerande at InterCity-banen går heilt til Lillehammer, og at banenettet vert bygd slik at det kan vere starten på ei framtidig høgfartsbanesatsing i resten av Sør-Noreg. Likeeins ser vi det som avgjerande for lønsemda i ei høgfartsbanesatsing at nettet vert utbygd som eit fleirbukskonsept slik at langdistansetrafikk, godstrafikk og regionaltrafikk går på same banenett. Sak 48/12 SØKNAD OM PERMISJON FRÅ POLITISKE VERV Samrøystes etter innstillinga. Rådmannen har ikkje merknader til søknaden. 1. Skodje kommunestyre imøtekjem søknaden frå Renate Grande om fritak frå politiske verv frå 06.08.12 og inntil eit år framover. 9
Sak 49/12 SÆRUTSKRIFT SAK 13/12 - MANGLANDE SAMARBEID Desse hadde ordet i saka: Terje Vadset, Modolf Hareide, Kari Grindvik, Kjell Haukeberg Modolf Hareide legg fram følgande forslag frå senterpartiet: Siste setning i pkt 3 skal strykast. Kari Grindvik legg fram følgjande forslag til tilleggspunkt formannskapsmedlemmane : til innstillinga, på vegne av 1.Kommunestyret vil snarast råd kalle inn til dialogmøte med tema; kontroll- og tilsynsordningane i kommunen. 2. Ekstern forelesar vil halde innleiing og styre dialogen. Følgjande blir kalla inn til møtet; Kommunestyremedlemmane, kontrollutvalsmedlemmene og sekretariatet, revisor,, rådmannen, ass. Rådmann, kommunalsjef, økonomisjef, einingsleiarane og tillitsvalde. Det vert halde gruppemøte Det vart røysta over kvart punkt i innstillinga frå kontrollutvalet: Pkt 1. Samrøystes vedteke Pkt 2. Samrøystes vedteke Pkt 3 i innstillinga opp imot framlegg frå Modolf Hareide på vegne av senterpartiet Kontrollutvalet si innstilling fekk 13 røyster, Senterpartiet sitt framlegg til endring av pkt 3 fekk 6 røyster Nytt pkt 4: Samrøystes vedteke Nytt pkt 4: Samrøystes vedteke Kommunestyret opphevar vedtaket i kommunestyresak 79/11 punkt 5. Ei eventuell framtidig utgreiing av kontroll- og tilsynsordningane i Skodje kommune skal i samsvar med KL 78 nr. 3 utførast i regi av kommunen sitt kontrollutval. Kommunestyret vil presisere at rådmannen må innrette seg med å gi skriftlege svar og gi innsyn i dei opplysningane som kontrollutvalet krev. Det å ikkje innrette seg slik, er eit brot på arbeidsavtalen som er å likestille med ordrenekt og brot på gjeldande lov og regelverk. Kommunestyret vil snarast råd kalle inn til dialogmøte med tema; kontroll- og tilsynsordningane i kommunen. Ekstern forelesar vil halde innleiing og styre dialogen. 10
Følgjande blir kalla inn til møtet;kommunestyremedlemmane, kontrollutvalsmedlemmene og sekretariatet, revisor, rådmannen, ass. Rådmann, kommunalsjef, økonomisjef, einingsleiarane og tillitsvalde. Sak 50/12 OPPTAK AV VOLDA OG ØRSTA SOM NYE MEDLEMSKOMMUNER I SUNNMØRE REGIONRÅD IKS Samrøystes vedtak. Skodje kommunestyre godkjenner Volda og Ørsta kommuner som medlemmer av Sunnmøre Regionråd Orienteringssak frå ordføraren: Barnehage på Stette: Orientering om innleige av konsulent til utreding av mulege løysing for barnehageutbygging på Stette. Rapport frå Nordplan, med kostnadsberekning vert ferdigstilt innan 1. Juli. Konsulentfirmaet har utreda tre forslag. Ordføraren kallar inn til møte i byggenemda så snart forslaga er oss i hende. MØTET SLUTT tkd Terje Vadset ordførar 11