Utsnitt av komuneplanen med trasealternativ frå 16.11.09. RAPPORT Fjordstien Damskipskaia / Straumen Datert 17.09.10. 1
INNHALD. 1 BAKGRUNN FOR SAKA... 3 2 PLANSTATUS M.M. I DEI ULIKE DELOMRÅDA... 3 2.1 DAMPSKIPSKAIA KOMMUNAL BADEPLASS I MURVIKA... 3 2.2 OFFENTLEG FRIOMRÅDE/BADEPLASS I MURVIKA GRINDVIKA(BERGSELVA)... 5 2.3 GRINDVIKA(BERGSELVA) GRINDVIKA VESTRE DEL... 7 2.4 GRINDVIKA VESTRE DEL STRAUMEN V/RASTEPLASS FV. 661... 7 2.5 STRAUMEN V/RASTEPLASS FV. 661 STRAUMSBRUENE... 7 3 VEGEN VIDARE... 7 Del av Kultur,-miljø og energiutvalet på synfaring 29.09.10. 2
1 BAKGRUNN FOR SAKA Som utgangspunkt for dette dokumentet, ligg kartutsnitt med traseforslag frå Kultur-, miljø og energiutvalet sitt møte 16.11.09. Turveg/sti frå den gamle damskipskaia i Skodje sentrum til bruene i Straumen strekkjer seg over ein avstand på om lag 5.5 km. Delar av denne traseen følgjer eksisterande stiar og opparbeidde vegar. I dei ulike områda ligg det føre ulike problemstillingar. Dei forholda som vi kjem raskt bort i er m.a. arealplanstatus og grunneigarforhold. Planstatus og grunneigarforhold vil vere sentrale utgangspunkt for vidare arbeid, sett i forhold til framdrift og saksgang etter gjeldande planar og lovverk. Strekninga mellom kaia i sentrum og Straumsbruene, er i dette dokumentet bli definert i ulike delområder. Dei ulike delområda som er foreslått her, kan naturlegvis endrast og justerast dersom det viser seg at det er hensiktsmessig. Det er naturleg å tenke seg at turvegen kan byggast i mange ulike standardar. Det vil seie at det på delar av strekninga kan/bør etablerast trasear og høvelege rasteplassar tilpassa m.a. rullestol, rullator og barnevogn, medan det over andre delområder kanskje ikkje let seg gjere å bygge gangveg tilpassa alle grupper i samfunnet vårt. Kultur,- miljø og energiutvalet gjennomførte synfaring 29.09.10, på del av strekninga frå dampskipskaia i Skodje sentrum til garden Bøen i Grindvika. Bileter frå denne synfaringa er teke med her, m.a. for å synleggjere kvalitetar og evt. utfordringar i området. 2 PLANSTATUS M.M. I DEI ULIKE DELOMRÅDA 2.1 Dampskipskaia kommunal badeplass i Murvika. Turveg er vist frå kaia, over private og offentlege eigedomar på gnr.24, og følgjer del av Murvikvegen fram til offentleg friområde/badeplass. Turvegtrase er omtala i kommuneplanen sin samfunnsdel, og delar av den er vist som framtidig gangveg i arealdelen. Det vart i samband med kommuneplanarbeidet ytra ønske frå fleire hald om etablering av turveg her, og det ligg då i korta at ein ser føre seg høg grad av tilgjengeligheit. Altså ein standard som kan nyttast av menneske i alle aldersgrupper, funksjonsfriske og -svake. Badeplass i Murvika ligg på kommunal eigedom. Badeplassen har tilkomst frå offentleg køyreveg og det er noko parkeringsareal her. Det er mange partar og ein del problemstillingar på delar av denne strekninga. Opparbeidd turveg delvis over etablerte bustadeigedomar krev utarbeidd reguleringsplan, og planprosess med medverknad frå grunneigarar og partar. Kommuneplanen gir ikkje juridisk grunnlag for ekspropriasjon. 3
Utsikt frå Sjøvegen, ned på dampskipskaia Idyllisk naustområde i Skodje sentrum Naust som ligg sør for prestegarden 4
2.2 Offentleg friområde/badeplass i Murvika Grindvika(Bergselva) På strekninga frå offentleg friområde/badeplass i Murvika til Grindvika v/bergselva er turvegtrase her vist langs sjøen. Trase går hovudsakleg over offentleg område og gnr.24 bnr.3, som er eigd av Opplyningsvesenets fond(staten). Delar av dette området er i dag nytta av mange born, unge og eldre, skular, barnehagar og idrettslag. Området har eit vesentleg potensiale for vidareutvikling som offentleg friområde. I kommuneplanen for Skodje 2007-2017 arealdelen, er det aktuelle området avsett til offentleg friområde og framtidig friområde. Ei vidareutvikling av framtidig friområde(på del av gnr.24 bnr.3) er avhengig av langsiktig avtale med Opplysningsvesenets fond om bruk av grunn. Arbeidsgruppa tenkjer seg at det bør etablerast turveg mellom Gomerhuset/skuleområdet og Gomerrøysa. Ein ser vidare at det kan vere av stor verdi for innbyggarane at tilgjengeligheita i dette flotte og sentrumsnære turområdet vert betra, til dømes frå lysløypa og ut til områda ved Yste Murvika. Ved ei satsing og vidareutvikling i dette området, kan ein m.a. utnytte verdien i eksisterande anlegg, noko som er god og framtidsretta areal- og ressursbruk. Murvika Utsikt austover, frå Gomerrøysa 5
Fjordstien Dampskipskaia/Straumen Gomerrøysa. Leirplass for barneskulen Utsikt mot Starumsbruene Yste Murvika Inge og Torbjørn nyt utsikta og solnedgangen. 6
2.3 Grindvika(Bergselva) Grindvika vestre del Turvegtrase går her frå sjøen, hovudsakleg på gnr.27 bnr.6 og over gnr.27 bnr.5, før den kryssar fylkesvegen og følgjer internvegar i bustadområdet i Grindvika vidare mot vest. Del av turvegen som ligg sør for fylkesvegen, går frå Bergsvelva og gjennom område avsett til friluftsområde og LNF/LNF-F område(landbruks,-natur og friluftsområde). Del av område som ligg på gnr.27 bnr.6 er regulert. For resterande del av denne strekninga, gjeld kommuneplanen sin arealdel. Turvegen er ikkje vist i gjeldande kommuneplan, eller reguleringsplan. Det er mange partar og ein del problemstillingar også i delar av dette området. Opparbeidd turveg over privat eigedom, krev utarbeidd reguleringsplan og planprosess med medverknad frå grunneigarar og partar. Krav om at reguleringsplan bør ligge til grunn for utbygging, bør gjelde uavhengig av standard på vegen. Kommuneplanen gir ikkje juridisk grunnlag for ekspropriasjon. 2.4 Grindvika vestre del Straumen v/rasteplass fv. 661. Ein vil på denne strekninga at turvegen skal følgje eksisterande rås nord for fylkesvegen frå vestre del av Grindvika og fram til bustadområdet i Straumen. Strandsonen i denne delen av Grindvika, er på grunn av naturgjevne forhold, lite tilgjengeleg. Vidare vestover må veg kryssast v/kryss og kollektivknutepunkt. I vedteken kommuneplan frå 2007, er sti mellom Grindvika vest og Straumen inne i planen som framtidig turveg. Frå husa i Straumen(gnr.28) er turveg vist gjennom LNF og LNF- B(bustad) område fram til offentleg parkering/rasteplass(på del av reguleringsplan for rv 661 Digernes-Straumen- Stette). 2.5 Straumen v/rasteplass fv. 661 Straumsbruene. Fylkesveg 661 må kryssast for å kome vidare vestover og inn på det gamle vegsystemet til Straumsbruene. I dette området ser vi føre oss at evt. tiltak i første rekke kan dreie seg om tilrettelegging av utkikkspunkt /rasteplass, skilting, informasjon m.m. Straumsbruene med tilkomstvegar er omfatta av reguleringsplan for rv 661 Digernes-Straumen- Stette. I vedteken reguleringsplan frå 2000 er Straumsbruene og arealet rundt desse på land og i sjø, sikra som område for kulturminnevern. 3 VEGEN VIDARE Planlegging og etablering av ny gang/tursti frå Skodje sentrum til Straumen kan skape forventningar og begeistring i Skodjebygda, og kanskje også bekymring hos involverte partar og grunneigarar. Kommunen bør vere realistiske i forhold til prioriteringar, framdrift og utbyggingsplan for dette tiltaket. Finansiering vil bli eit sentralt tema. Det bør arbeidast vidare med denne saka gjennom eit konkret forprosjekt. Forprosjektet kan m.a. klargjere behovet for opparbeiding i dei ulike delområda, og gi ei vurdering av kostnader knytt til dei skisserte tiltaka. Slik kan truleg at delar av Fjordstiprosjektet realiserast gjennom spleiselag og innbyggar-initiativ. Kommunen bør samarbeide med idrettsrådet, lag og organisasjonar i kommunen. Det kan her bli aktuelt å søke om offentleg støtte t.d. gjennom spelemidlar. 7