TOMANNSBUSTAD MED CARPORT I ØRSTA
Status Ledig Eieform Eier (Selveier) Boligtype Tomannsbolig Pris 3 490 000,- Primærrom 126 M² Brukesareal 126 M² Soverom 3 Antall etasjer 2 Energimerking Kommunenr 1520 Gårdsnr 14 Bruksnr 733
KONTAKTINFORMASJON Adresse SOLLIA 8 6150 Ørsta MEGLERE Bernt Humberset PROSJEKTLEIAR E-post: bernt@mesterhussunnmore.no Telefon (jobb): +47 900 36 978 Telefon (mobil): +47 900 36 978 E-post: post@mesterhussunnmore.no Telefon (jobb): +47 70 05 59 10
FREMDRIFT Byggjeløyve er gitt FASILITETER Aircondition, Balkong/Terrasse, Barnevennlig, Garasje/P-plass, Offentlig vann/kloakk, Parkett, Peis/Ildsted, Fiskemulighet, Turterreng. BELIGGENHET Tomannsbustaden vert bygd i eit triveleg og etablert byggjefelt sentralt i Ørsta, gangavstand til barnehage, barneskule, ungdomsskule, busshaldeplass og butikkar. BESKRIVELSE Ferdigstilling: Bustaden vert levert i tråd med Teknisk Forskrift 2010. Bustadene vert levert etter vårt nøkkelferdige konsept. Der er ikkje inkludert kvitevarer og belysning, og ved overtaking kan du berre vaske ned bustaden og flytte rett inn. Utvendig overflate: Utvendig bordkledning vert levert med eit strøk grunningsfarge. På taket vert det levert takpapp. Berande konstruksjonar og dekke på balkong/terrasse består av trykkimpregnerte materiale. Innreiing/måling: Bustaden vert levert med ferdigmåla tak- og veggplater. Veggplater er av typen rullemalt 3 bords caffelatte. Dører, vindauge, listverk og fôringar til vindauga er kvite. Veggar og golv på bad er flislagde. På soverom og i yttergang vert det lagt laminatgolv og på golva i stove og kjøkken vert det lagt eik parkett. På innvendig bod vert lagt fliser på golv. Kjøkken, bad og garderobe innreiing: Kjøken er av type Nordsjø kvit profil, og badinnreiing av type Nordsjø slette frontar og med lysarmatur og spegl. Desse vert levert i h.h.t. arkitektteikning. Det vert levert 1m garderobeskap til kvar sengeplass, og vert montert i h.h.t teikning. Rørleggar- / sanitærarbeid : Anlegget vert levert komplett, og omfattar blant anna varmtvasstank (200L), avløp og uttak for vaskemaskin og oppvaskmaskin, eittgreps blandebatteri, dusjbatteri med dusjsett til bad,
i h.h.t teikning. Det vert levert utvendig kran. Ventilasjon: God ventilasjon er avgjerande for eit godt innemiljø og for å halde oppvarmingsutgiftene så lave som mogeleg, og derfor vert bustaden levert med balansert ventilasjon med varmegjenvinnar. Anlegget består av reguleringsbrytar, avtrekkskanalar og ventilar frå kjøkken,bad, wc, og samt tilførselskanalar og ventilar til opphaldsrom/soverom. Sentralstøvsugar: Støvpartiklar i innelufta kan virke irriterande for luftvegane, men med sentralstøvsugar vil desse støvpartiklane forsvinne ut av huset. Anlegget består av ei sentraleining og røyropplegg med naudsynte kontaktar i kvar etasje. Elektriske installasjonar: Elektrisk anlegg er utført etter gjeldande forskrifter som sikrar nok elektriske punkt. Varmekabel på golv vert levert på bad. Sikringsskap med automatsikringar, jordfeilbrytar. Elektrikar gjer greie for punktplassering. Uteplass: Leilegheitene vil få luftebalkong mot sør-vest, og terrasse på bakken framfor huset. Uteområdet vert levert maskinplanert, og vidare arbeid med raking og tilsåing nå kunde ta som eigeninnsats. Snuplass, avkjørsle, parkeringsplass og carport vil bli asfaltert! For meir detaljer sjå leveringsskildring. NØKKELFERDIG Leilegheita vert levert nøkkelferdig. Det vil seie at du slepp å gjere noko eigeninnsats. Du vaskar berre ned og flyttar rett inn den dagen du tek over. Det som ikkje er med er kvitevarer, dusjkabinett og lampar (anna enn den over spegl på bad) Alt av innreiing, som parkett på stove og kjøkken, laminat på alle andre tørre rom, ferdigmåla panelplater på vegg, kvite listverk og fôringar, kvite takplater, fliser på bad, fliser og varmekablar på golvet på bad, kjøkkeninnreiing, badrominnreiing, 3 stk klesskap, stålpipe og vedomn, alt av elektrisk- og rørleggingsarbeid, armatur, dusjgarnityr, toalett, varmtvasstank, vert inkludert i prisen og med i leveringa. STANDARDLEVERANSE Vi har ein standard på vår leveranse som er av varer av god kvalitet og moderne uttrykk. Vi har valt fine og nøytrale fargar, og alt er inkludert i prisen. Dersom ein ønskjer å avvike frå standarden så er det sjølvsagt mogleg. Endrar ein noko på
standarden fører vi dette opp i ei endringskontrakt der fråtrekk eller tillegg i pris vil bli sett opp. PRIS Prisen på leilegheita er fast. Det er ingen budrunde, og det er førstemann til mølla. Det er fast pris, og inga indeksregulering. Du betalar til den dagen du tek over leilegheita.