Statens vegvesen Referat Dato: 04.05.2017 Tid: 18.00-19.30 Referent: Linda Skare Pryde Sakshandsamar/telefon: Linda Skare Pryde/ tlf.:51911533 Vår dato: 09.05.2017 Vår referanse: 16/73509 E134 Espelandssvingane gong- og sykkelveg - Oppsummering frå gjennomført ope møte i Bygdahuset Ølensvåg Statens vegvesen inviterte til ope møte for å presentere og informere om utarbeida planforslag for ny gong- og sykkelveg gjennom Espelandssvingane i Vindafjord kommune. Møtet vart heldt i Bygdahuset Ølensvåg ein solrik torsdag kveld. Til saman møtte 15 personar som representerte grunneigarar, kommune og Statens vegvesen. Møtet starta med at representant frå prosjekteigar fortalde om bakgrunnen for prosjektet, og at det no er forankra i Haugalandspakken. Deretter presenterte prosjektleiar planforslaget basert på bilete lagt ved i presentasjonen. Etter presentasjon av planforslaget, vert det med gode bidrag frå Vindafjord kommune, sagt noko om planprosessen som har vore og vidare prosess. Til slutt vart det opna for spørsmål og innspel frå salen. Det var generelt mange som var positive til planforslaget, ny gong- og sykkelveg har vore etterlengta lenge. Utbetring av bilveg og betre tilkomstar til eigedomar vart og teke godt imot. Dei som får endra tilkomstveg via gong- og sykkelveg der bilvegen vert lagt om, stilte spørsmål om korleis dette var tenkt løyst. Statens vegvesen oppfordra til å sende inn merknad dersom dei ynskjer svar utover det som står i planforlaget. Det vart og ytra bekymring for Vågselva og kva konsekvensar spesielt anleggsperioden vil ha for vasskvalitet og fisk i elva. Det er i reguleringsføresegna stilt krav til at det skal utarbeidast ytre miljøplan, og naturmangfald i elva vil vere eit viktig tema i byggeplanfase og i byggeperioden.
E134 Espelandssvingane Ny gang- og sykkelveg og utbetring bilveg Presentasjon av planforslaget i ope møte den 4. mai 2017 i Bygdahuset Ølensvåg 09.05.2017
Innhold Velkommen Historikk Framtid Haugalandspakken Planforslaget Planprosessen Spørsmål og innspill 09.05.2017
09.05.2017 E134:Tilbud til gåande og syklande - planer
Verknadar av planforslaget Samanhengande gong- og sykkelveg Tryggare skuleveg Trafikksikkerheit; kurveutretting, sikring mot elv Bevare eller betre total miljøkvalitet i Vågselva 09.05.2017
Planforslaget Gjennomgang bildepresentasjon (slideshow), ev. vise plankart/b-tegning/c-tegning. \\Svv3p11afil02\prof\11E0134R_023\Fagområde\18 Visualisering\Fotomontasje\Bilder.zip 09.05.2017
Planprosessen Reguleringsplan detaljert arealplankart som styrer kva for bygge- og anleggstiltak som kan gjerast i planområdet. Sikre at vi planlegg og bygg gode løysingar. Den endelege planløysinga vert eit resultat av at ulike omsyn vert veid og vurdert mot kvarandre. Det er ikkje gjennomført konsekvensutgreiing, men omsynet til naturmangfald, naturressursar og hydrologi er sterkt vekta i endeleg løysing. 09.05.2017
Planprosessen Medverknad Høyring i samband med varsla oppstart planarbeid Merknader er innarbeidd og/eller svara ut i planforslaget. I samsvar med avtalt planprosess etter plan- og bygningslovens 3-7 vart planforslaget lagt ut til offentleg ettersyn utan politisk 1. gongs handsaming i Vindafjord kommune Frist for merknader er 18. mai 2017. Deretter vert planforslaget oversend Vindafjord kommune for politisk handsaming. 09.05.2017
Vidare prosess fram til ferdig anlegg Kostnadar anslått 89 millionar kr Grunnerverv: vedteken reguleringsplan gir Statens vegvesen formelt grunnlag til å kjøpe grunn. Statens vegvesen tar kontakt med aktuelle grunneigarar angåande kjøp av grunn. Prosjektering 2017-2018 Byggestart vår 2018-2019 (restriksjonar på inngrep i vassdrag vil påverke byggetida) 09.05.2017
Spørsmål og innspel http://www.vegvesen.no/europaveg/e134espelandssvingan e/nyhetsarkiv/planforslag-p%c3%a5-offentleg-ettersyn 09.05.2017