Neste månad vil me retta fokus mot høgtlesing og språkstimulerande aktivitetar, men dreg sjølvsagt fokus frå denne månaden med oss vidare.

Like dokumenter
Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Nyttar høve til å minna om at de ringer barnehagen dersom barnet dykkar har fri, er sjuk eller kjem seint i barnehagen. Ring då seinast kl

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Trivsel og vekstvilkår

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Månadsbrev Januar 2017

Månadsbrev Januar `18

MARS. Grøn og oransje. Skogatufto barnehage

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Eg hugsar den dagen eg kunne lesa. Det har eg aldri gløymt. Eg sat på golvet ved sida av bokhylla, og så kunne eg lesa. Då kunne eg velja sjølv.

Info til barn og unge

Pedagogiske rom UTVIKLINGSPLAN Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med barna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marianne

Denne månaden har me hat fokus på kropp, og for dei minste inneber dette omgrepslære, rørsle, utfordringar, handhygiene og songleikar m.m.

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Månadsbrev for Rosa september 2014

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

6-åringar på skuleveg

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

POTET BLIR KUNST. Breidablikk kulturbarnehage KORT OM PROSJEKTET

Samspel og livsmeistring

Månadsbrev for Februar

MAI. Månadsskriv for Nøtteliten. Tilbakeblikk på april:

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

SJØPOSTEN OKTOBER Hei!

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Elevundersøkinga 2016

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

SOSIAL KOMPETANSEPLAN FOR 1.-7.KLASSE I SULDAL KOMMUNE

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Månadsplan for juni -Nøtteliten-

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Saman om Ørstabarnehagen

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Innsats i BTI Barnevern

Dagleg skal vi i barnehagen leggje til rette for eit godt språkmiljø. For å oppnå dette skal vi:

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

MINNAR OM LETTARE KLEDE, SKO, SOLHATT OG SOLKREM!!

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Psykologisk førstehjelp i skulen

Då kan me ønska oktober velkommen allerede! Den 17. august starta alle 2015 borna på grønn gruppe. Med seg fra blå fekk dei Britt-Anna som de kjenner

Undervegs KVALITETSPLAN FOR SFO BØ KOMMUNE

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

Tilbakeblikk på mars:

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE

Då har august månad fyke forbi i stor fart med tilvenning av nye barn, og for dei barna som har gått her før. Etter ein lang sommarferie så treng dei

Månadsbrev for Blå, april 2016

MÅNADSBREV FOR SEPTEMBER:

LEIRELVAPOSTEN SEPTEMBER 2014

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

AVDELINGSPLAN

- Mars 2016 på Nøtteliten

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Informasjon til elevane

FIRFOTMODELLEN. Fødselsdato

Bjørnehiet SFO - informasjon

Ei skisse på essensen i rammeplana. Slik vi ser det.

Utvalg År Prikket Sist oppdatert Hafslo barne- og ungdomsskule (Høst 2015) Trivst du på skolen? 4,3

Kort oppsummering av det faglege utviklingsarbeidet Tjødnalio barnehagen har jobba med dei siste 3 åra

Barns leik og vennskap. Utviklingsarbeid i Mork barnehage hausten våren 2018

Halvårsplan for 1. og 2.steg hausten 2016

Månedsbrev for April

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

Frå barnehagebarn til skuleelev

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Skjema for eigenvurdering

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

Vaksenopplæringa i Sula

Månedsbrev Bikuben februar 2017

PEDAGOGISK PLAN BARNEHAGANE I LOM. Loar og Garmo barnehage

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Kva treng barnet frå dei vaksne, både heime og i barnehagen, for å kunne etablere trygg tilknytning? Tilknytning heime og i barnehagen

Vi lærer om respekt og likestilling

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Halvtårsrapport raud gruppe haust 2017

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

Samspel og livsmeistring

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage.

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Sofies hemmelegheit.

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

Transkript:

Denne månaden har me på Marihøno hatt fokus på den frie leiken og leiken si betyding for barna si utvikling og høve til å danne gode venskap. I tillegg har me vaksne hatt fokus på trass og kva dette inneber for barna si utvikling. Me har og markert barnehagedagen 14. mars der tema var «ME VIL LEIKA» Barna har i det siste snakka mykje om «jobb», «mamma/pappa er på jobb», og dei har også gjeve uttrykk for at dei sjølve vil «jobba». Dette var noko me som vaksne greip tak i, og det førte så til prosjektet «JOBBEMANN» som me har halde på med heile månaden. Me vil utarbeida eit prosjekthefte som de vil få på mail så snart det er klart. Neste månad vil me retta fokus mot høgtlesing og språkstimulerande aktivitetar, men dreg sjølvsagt fokus frå denne månaden med oss vidare.

Frileik Læring skal vera morosamt, og i Rammeplanen (2011) kjem det fram at deltaking i leik og det å få vener (relasjonsbygging og samhandling med andre) dannar grunnlaget for læring og sosial kompetanse. Gjennom frileike lærer barna mykje som har stor innverknad på deira utvikling av blant anna deira personlege og kulturelle identitet. Dei får høve til å prøve ut ulike roller som gjer at barnet lærer å forstå både seg sjølv og andre. Barna får prøve ut ulike kjensler og erfaringar på ein trygg måte, og såleis utviklast også empatien gjennom at dei ofte i leiken set seg inn i andre situasjonar og roller. Barna får prøve ut ulike kjensler og erfaringar på ein trygg måte gjennom leiken. Det føregår eit soialt samspel mellom barna som blant anna krev kommuikasjon, samarbeid og konsentrasjon. Leiken stimulerer også kreativitet og utviklar fantasien, og med god fantasi kan barna lettare finna på ting sjølv, noko som bidreg til styrking av både identitet og sjølvkjensle gjennom meistring.

Empati; «Eg ser at du er lei deg, eg vil gjerne trøste» Venskap; «Det er godt å ha nokon å dele interesser med, prøve ut fantasien saman med, le saman med og gjere seg nye erfaringar saman med. Nokon som kan påverke meg, som eg kan påverke og som saman med meg kan påverke omgjevnadane» I trygge omgjevnadar kan eg prøve ut verda på eiga hand, oppdage ny ting, sjå samanhengar og utfalde meg, men du lyt vera der for meg når ting vert vanskeleg og uforståeleg. Sjå meg, høyr meg, og forstå meg. Barn dannar venskap når dei kjem saman i grupper med jamnaldrande heilt i frå 1 års alderen av. MEN venskap syner seg i ulike former gjennom oppveksten, frå å leike «ved sidan av» til å leike «saman med». Venskap er uansett like viktig. «Eg vil prøve sjølv, men treng at du er her saman med meg og støttar meg i mi utforsking» Leik og venskap hand i hand Venskap; «Eg vil gjerne dele opplevingar, erfaringar og utforsking saman med andre»

Me ser no ei stor utvikling i gruppa vår der både venskap dannast og trassen gjer seg gjeldande. Dette er sikkert noko de som foreldre/føresette også merkar meir av i heimen no. Venskap og trass Venskap Barn dannar venskap når dei kjem saman i grupper med jamnaldrande heilt i frå 1 års alderen av. Me veit at gode språkferdigheitar og evna til å regulere eigne kjensler er blant nokre av dei faktorane som spelar inn i høve til det å danne venskap, difor er dette noko me jobbar mykje med. Trass Barna vil gjerne «gjere sjølv», dei stiller fleire spørsmål kring kvardagslege hendingar, og inni mellom berre «vil ikkje». Dei små barna skjønar gjerne mykje meir enn det dei sjølv klarar å få uttrykt gjennom eige språk. Det kan ofte føre til frustrasjon når dei ikkje kjenner seg forstått eller ikkje klarar å formidle eigne behov og ynskjer. Trass er ein viktig del av barna si utvikling, og dei treng tydelege, varme, rettleiande og grensesettande vaksne. Dei veit ikkje alltid sjølv kvifor dei reagerer som dei gjer. Det er lov å gje uttrykk for eigne kjensler. Barna får uendelege mengder med erfaring, denne perioden, og dei kjem ofte styrka ut av det. Dei oppdagar at «eg er meg» og vil prøve å finne ut av kva det er i stand til sjølv kva kan eg bestemme sjølv? Kor mykje kan eg protestere? Osv Dette er ein naturleg del av det å få teste ut korleis omgjevnadane reagerer og å finne ut av korleis eg kan påverka mine omgjevnadar. Barna treng øving, men dei treng og å finne ut av at det er grenser, og at det er dei vaksne som bestem kvar grensa går. Korleis forstå barnet si åtferd? Ikkje slem, men trist Ikkje bråkete, men uregulert Ikkje sint, men redd Ikkje ond, men utrygg Ikkje intensjonell, men triggerstyrt Ikkje vond vilje, men eit uttrykk for smerte Små barn treng å lære seg korleis dei skal tenkje. Ikkje kva dei skal tenkje. -Margaret Mead

Me har jobba mykje! «Leiken er barna sin jobb» - Margreth Olin

Leik Når barna leikar, då har dei blant anna: Teke initiativ Vore eit barn Lytta til andre Vore ein del av fellesskapen Opplevd latter og glede Samarbeida Omarbeida erfaringar og opplevingar Vorten utfordra Opplevd venskap Øva på konsentrasjon Byggd sjølvtillit Øva på konfliktløysing og forhandling Øva på turtaking Opplevd samspel mellom barn-barn, og barn vaksen Brukt fantasien Vore kreativ Lært noko om eigen identitet og eigne grenser Teke ansvar Øva på tolmod Gjort nye erfaringar Øva motorikken Øva på kommunikasjon m.m. (Lånt frå Elgen barnehage) «Barn skal mestre ferdigheter både for å komme inn i lek og for å opprettholde den. Barns lek kan være komplisert, og noen leker krever erfaring og øvelse. Mange barn lærer av å observere andre i lek, noe de må få tid og rom til å gjøre (Udir, 2016)

Vår og påske Våren er endeleg på veg, og med den dukkar også småkrypa opp, og dagane har vorten lysare. Me har vore på turar, me har funne småkryp og sitt andre vårteikn som blant anna tre ørner som har sirkla over hovudet på oss, grågås som har landa på bakkane nedanføre barnehagen og snøklokker som dukkar opp i beda. Me har også fått tjuvstarta litt på påskeførebuinga med å pynte vindauga med fjær og kreppapir i påske- og vår- fargar.

Rolleleiken byrjar å tre fram! Det er morosamt å gå på kafè, lage mat til «babyen» og vera mor og far eller snikker osv. Barna elskar å gå inn i ulike roller for tida, og det å få late som om ein er ein annan. I denne forma for leik kan barna prøve ut ulike måtar å vera på, snakka på og oppføra seg på. Dei hentar inspirasjon til leiken frå ting dei opplev i kvardagen sin.

Ein ettermiddag kom Nathaniel og Wilhelm å spurte om me kunne jobba litt. Det var seint på dag, så eg treiv berre tak i nokre hålemaskinar som stod lett tilgjengeleg og spurte om dei ville prøve å jobbe med desse. Gutane var strålande fornøgde. Me sette oss på golvet å laga haugevis med hål, stor stas når gutane fekk dette til (måtte litt øving til i byrjinga). Etter ei tid spurte eg om me skulle sjå om det var komen litt «snø» i maskinen. JA! Eg tømde ut innhaldet, og me leika med snø! «KJEMPEGØY! SANT ELSE JORUNN?» - Ja! «ELSE JORUNN, DU HAR MASSE SNØ I HÅRET DITT!» - LATTER!! - Og så god hjelp med å få det ut att. HÅLEMASKIN- MAGI