ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK Møtedato: 03.09.2015 Møtetid: Kl. 16:00 16:50 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 010/15-014/15 Desse medlemmene møtte: Gunnvor Sunde Ragnar Eimhjellen Bjørg Skarstad Hilde Arnestad Parti SD V Dei tilsette Dei tilsette Forfall/møtte ikkje Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Jeffrey Thomas Sp Hege Lothe SV Anniken Rygg H Ingen Hege Alme Dei tilsette Liv Rønnekleiv Dei tilsette Ugilde Sak i forv.lova Følgjande varamedl. møtte Møteleiar: Frå adm. møtte: Utlevert i møtet: Orientering: Sjå sak 11/15! Sp.mål/interpell.: Synfaring: Diverse: Underskrifter: Gunnvor Sunde Rådmann Jan Kåre Fure Personalsjef Rita Lilletvedt Gunnvor Sunde Side 1
SAKLISTE Sak nr. Sakstittel 010/15 Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste 011/15 Referat og orienteringssaker 012/15 Orientering om sentrale og lokale forhandlingar 2015 013/15 Interpellasjon frå Gloppen Arbeiderparti om å etablere lokal særavtale i samband med nye reglar i arbeidsmiljølova frå 1.juli 2015 014/15 Endringar i reglementet til administrasjonsutvalet m m Side 2
SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Administrasjonsutvalet 03.09.2015 010/15 Avgjerd av: Administrasjonsutvalet Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Arkiv: 033 Objekt: Arkivsaknr.: 15/1124-1 Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste Møteboka frå administrasjonsutvalet sitt møter den 7. mai i år blir lagt fram til godkjenning. Samstundes ber utvalsleiaren om godkjenning av innkallinga og saklista til dette møtet. UTVALSLEIAREN SI TILRÅDING: 1. Administrasjonsutvalet godkjenner møteboka frå sitt møte den 7. mai 2015 2. Administrasjonsutvalet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 3. september 2015. 03.09.2015 ADMINISTRASJONSUTVALET 010/15 VEDTAK: 1. Administrasjonsutvalet godkjenner møteboka frå sitt møte den 7. mai 2015 2. Administrasjonsutvalet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 3. september 2015. Vedtaket var samrøystes. Side 3
SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Administrasjonsutvalet 03.09.2015 011/15 Avgjerd av: Administrasjonsutvalet Saksbehandlar: Rita Arlen Lilletvedt Referat og orienteringssaker Refererte skriv og meldingar: Arkiv: 033 Objekt: Arkivsaknr.: 15/1123 Orienteringar m m: Presentasjon av ny personalsjef og sekretær for administrasjonsutvalet Ein gjennomgang og ei drøfting av saker som er på gang. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Rådmannen legg ikkje fram tilråding i saka. 03.09.2015 ADMINISTRASJONSUTVALET Saker som vil kome: - Rullering av rekrutterings- og kompetaseplanen - Revisjon av arbeidsreglementet og andre tilhøyrande reglement - Heiltids-/deltidsprosjektet. 011/15 VEDTAK: Det vart ikkje gjort vedtak i saka. Side 4
SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Administrasjonsutvalet 03.09.2015 012/15 Avgjerd av: Administrasjonsutvalet Saksbehandlar: Rita Arlen Lilletvedt Objekt: Arkiv: 515 Arkivsaknr.: 15/548-65 Orientering om sentrale og lokale forhandlingar 2015 Ingen vedlegg Bakgrunn for saka: Årets tariffoppgjer var eit mellomoppgjer. Det betyr at det berre skulle forhandlast om lønn. Sentrale forhandlingar: KS og alle forhandlingssamanslutningane LO Kommune, Unio kommune og YS Kommune vart einige i årets tariffoppgjør om at det ikkje skulle gjevast nye lønnstillegg utover det partane blei einige om i fjor. Ved hovedtariffoppgjeret i 2014 blei partane blant anna einige om sentrale lønnstillegg og auka garantilønn frå 1.mai 2015, som samla utgjer ein årslønnsvekst frå 2014 til 2015 på 3,3% (inkludert overheng og glidning). Dette er høgare enn berekna ramme etter årets forhandlingar i frontfaget (som skal være retningsgjevande for andre). Lokale forhandlingar: Då 2015 er eit mellomoppgjør skulle det berre gjennomførast lokale forhandlingar for kapittel 3 (leiarar) og kapittel 5 (nokre av arbeidstakarane). I forkant av forhandlingane vart det gjennomført felles drøftingsmøte med tillitsvalde 28.april (viser til orienteringssak i administrasjonsutvalet 7.mai) Lokale forhandlingar vart gjennomført 2. og 3.juni Før forhandlingane starta hadde arbeidstakarorganisasjonane sendt inn sine krav (frist 18.mai), og kommunen levert sine tilbod (frist 28.mai) Utgangspunktet for tilbodet frå kommunen var eit generelt tillegg på kr. 7.000 til alle, tilsvarande resultat for kapittel 4 i dei sentrale forhandlingane. Utover dette vart det gitt eit høgare tilbod til enkelte med bakgrunn i skeivhet og utdanning. Forhandlingsresultat lokale forhandlingar: Kapittel 3.4.1 (Rådmannen og hans leiargruppe) For å rette opp for stor skilnad mellom rådmann og sektorleiarane vart det gitt eit tillegg på kr. 15.000 til sektorleiarane. Totalt vart det gitt kr. 75.000 til denne gruppa. Formannskapet fastsette ny løn til rådmannen i møte 15.juni, han fekk eit tillegg på kr. 7.000. Side 5
Kapittel 3.4.2 (Einingsleiarar) Generelt tillegg tilsvarande sentralt tillegg for kapittel 4. Einingsleiarane i Helse og omsorg fekk eit høgare tillegg (kr. 20.000) for å rette opp skeivheit ift einingsleiarar i dei andre sektorane. Nokre andre einingsleiarar fekk også eit høgare tillegg pga skeivhet og utdanning. Totalt vart det gitt kr. 402.500 til denne gruppa Kapittel 5 Med nokre få unntak som fekk høgare tillegg pga skeivhet og utdanning, vart det gitt eit generelt tillegg tilsvarande sentralt tillegg for kapittel 4. Totalt vart det gitt kr. 157.200 til denne gruppa. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Sjå forhandlingsresultat over. Rådmannen si vurdering: Ramma for årets forhandlingar var begrensa, noko som bidrog til at lokale forhandlingar vart gjennomført utan dei store diskusjonane. Ein del av arbeidstakarorganisasjonane aksepterte tilbodet allereie i forkant av forhandlingane. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Administrasjonsutvalet tar saka til orientering. 03.09.2015 ADMINISTRASJONSUTVALET 012/15 VEDTAK: Administrasjonsutvalet tar saka til orientering. Vedtaket var samrøystes. Side 6
SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Administrasjonsutvalet 03.09.2015 013/15 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Rita Arlen Lilletvedt Objekt: Arkiv: 480 Arkivsaknr.: 13/1777-12 Interpellasjon frå Gloppen Arbeiderparti om å etablere lokal særavtale i samband med nye reglar i arbeidsmiljølova frå 1.juli 2015 Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg 252507 Interpellasjon om arbeidsmiljølova Bakgrunn for saka: Endringar i arbeidsmiljølova med verknad frå 1.juli 2015. Gloppen Arbeidarparti har sendt ein interpellasjon til kommunestyret i Gloppen der dei ber Gloppen kommune som arbeidsgjevar om å lage lokal særavtale med organisasjonane som byggjer på dei gamle reglane i arbeidsmiljølova når det gjeld tilsettingar i faste stillingar og arbeidstid. Gloppen arbeidarparti meiner endringane i arbeidsmiljølova vil føre til at arbeidstakarane sine rettar vert svekka og utvida grenser for overtid og hyppigare søndag- og helgetidsarbeid endrar balansen mellom arbeid og fritid og vil ha negativ effekt for likestilling. Etter endringane kan arbeidsgjevar tilsette mellombels i det som er faste stillingar og avslutte arbeidstilhøve utan grunngjeving. Kommunestyret vedtok å sende saka over til administrasjonsutvalet for behandling. Saksutgreiing: Med verknad frå 1.juli 2015 er det gjort fleire endringar i arbeidsmiljølova som omhandlar mellombels tilsetting og arbeidstid: Mellombels tilsetting Det blir opna for at ein kan tilsette ein arbeidstakar mellombels i inntil 12 månadar, utan at det blir stilt krav til at det føreligg særskilte grunnar. (Ny bokstav f) i arbeidsmiljølova 14-9 første ledd) Oppgåvene som skal utførast kan være tidsavgrensa eller varige. Tilsetting mellombels etter denne nye regelen er avgrensa til maks 15% av arbeidsstokken. Der arbeidstakar har vore mellombels tilsett i inntil 12 månader etter den nye regelen og ikkje får anledning til å fortsetje i verksemda, er det innført ein karantene på 12 månadar til å tilsette mellombels til å utføre arbeid av same art Gjennomsnittsberekning av arbeidstida Side 7
Det er gitt utvida rammer for avtale med den enkelte arbeidstakar og tillitsvalte, samt utvida adgang for arbeidstilsynet til å gi dispensasjon til alternative arbeidstidsordningar innanfor områda helse- og omsorgsarbeid, vakt og overvakingsarbeid samt for dei med lang avstand mellom arbeidsstad og arbeidstakars bustad. Dei totale rammene for arbeidstid er ikkje utvida, men det kan avtalast å arbeide meir konsentrert i periodar mot tilsvarande fri i andre periodar Beredskapsvakt (heimevakt) utafor arbeidsstaden Tidlegare blei 1/5 av beredskapsvakta rekna med som alminnelig arbeidstid. Brøken er no endra slik at 1/7 av vakta skal reknast med i den alminnelige arbeidstida. Grensene for overtidsarbeid Det er gitt utvida rammer for avtale med tillitsvalte, samt auka rammer for arbeidstilsynet sin dispensasjonsadgang. Dei totale rammene for overtidsarbeid pr år er ikkje utvida. Søndagsfri Det kan avtalast lokalt å arbeide i gjennomsnitt annankvar søndag, men slik at vekekvilen skal falle på søn- eller helgedag minst kvar 4. veke og ikke kvar 3. veke som tidlegare. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Ingen økonomiske konsekvensar ift tidlegare praksis. Men dei nye reglane for arbeidstid gjev meir fleksibilitet ift utarbeiding av alternative arbeidsplanar, og ei særavtale om å fylgje dei gamle reglane i arbeidsmiljølova kan såleis få ein økonomisk konsekvens i framtida. Rådmannen si vurdering: Som ein ansvarleg og seriøs arbeidsgjevar vil ikkje Gloppen kommune søke å misbruke moglegheitene som endringane i arbeidsmiljølova opnar for. Når det gjeld tilsetting i fast stilling vil kommunen i dei aller fleste tilfelle fylgje dagens praksis, men ein kan ikkje sjå vekk frå at det i enkelte tilfelle kan være føremålstenleg å tilsette mellombels etter dei nye reglane i arbeidsmiljølova. Endringane mht arbeidstid/overtid opnar for meir fleksibilitet, noko som kan komme både arbeidsgjevar og arbeidstakar til gode. Det er viktig å merke seg at dei totale rammene for arbeidstid og overtid ikkje er endra. Det er såleis lite ynskjeleg å lage ei lokal særavtale som begrensar kommunen sine moglegheiter til å nytte dei nye reglane der ein finn det fornuftig og føremålstenleg. RÅDMANN SI TILRÅDING: Kommunestyret viser til at arbeidsmiljølova er ei vernelov som skal ivareta arbeidstakarane sine arbeidsvilkår. Bakgrunn for endringane pr 1.juli 2015 er å få eit meir fleksibelt lovverk som også skal komme arbeidstakarane til gode. Kommunestyret meiner difor at ein ikkje kan setje til side dei nye reglane i arbeidsmiljølova. Gloppen kommune skal vere ein ansvarleg og seriøs arbeidsgjevar med ei reflektert haldning til kva tiltak som er viktige for å sikre gode arbeidsvilkår for dei tilsette og styrke dei kommunale tenestene. Side 8
03.09.2015 ADMINISTRASJONSUTVALET Framlegg frå Bjørg Skarstad (dei tilsette): Administrasjonsutvalet utset saka utsett slik at organisasjonane får høve til å uttale seg om saka. Framlegget vart samrøystes vedteke. Merknad frå Hege Lothe (SV): Det må gå fram av saka at interpellasjonen kjem frå ein eller fleire av medlemmene i kommunestyret, ikkje frå eit politisk parti. 013/15 VEDTAK: Administrasjonsutvalet utset saka utsett slik at organisasjonane får høve til å uttale seg om saka. Vedtaket var samrøystes. Side 9
SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Administrasjonsutvalet 03.09.2015 014/15 Avgjerd av: Administrasjonsutvalet Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt: Arkiv: 033 Arkivsaknr.: 11/1401-9 Endringar i reglementet til administrasjonsutvalet m m Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg 254720 Reglement for administrasjonsutvalet Bakgrunn for saka: Dette er siste møte i dette administrasjonsutvalet. Sitjande kommunestyret har vedteke at vi framleis skal ha eit administrasjonsutval, etter om lag same ordning som i dag. Ei endring blir det: Ein av dei folkevalde medlemmene i administrasjonsutvalet skal også sitje i kommunen sitt arbeidsmiljøutval. Rådmannen vil så fort det nye kommunestyret er konstituert og utvala er valde legge fram forslag til nødvendige endringar i utvalsreglementa. Dette vil også gjelde administrasjonsutvalet sitt reglement. Dagens reglement ligg ved. Rådmannen inviterer det avtroppande administrasjonsutvalet til ei meiningsutveksling om reglementet og om det er tilhøve som rådmannen bør endre på eller følgje opp når det nye utvalet kjem i arbeid. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Rådmannen legg ikkje fram tilråding i saka. 03.09.2015 ADMINISTRASJONSUTVALET Tema som vart tekne opp: Skal adminisatrasjonsutvalet ha noko rolle i tilsetting og eventuell oppseiing av rådmannen? Behov for meir opplæring av medlemmene i utvalet? Rådmannen si rolle i utvalet. 014/15 VEDTAK: Side 10
Det vart ikkje gjort vedtak i saka. Side 11