Øystre Slidre kommune Saksbehandlar: Knut Frode Framstad Saksframlegg Arkivsaksnr: 07/771 Arkiv: 143, A02 Tlf: 61 35 25 00 Behandla av: Møtedato Saksnr: Planutvalet 02.09.2010 051/10 Revisjon av kommunedelplan for Beitostølsområdet. Grunnlagskart for trafikkanalyse. Utskrift til: Vedlegg: Tabell over tal einingar og tal personar/senger innan kvart område Kart: Planforslag til trafikkanalyse sept. 2010 Kart: Planforslag med tal personar/senger innan kvart område påført Bilete frå tredimensjonell modell blir ettersendt Bakgrunn for saka: Vi skal, i samarbeid med Oppland fylkeskommune og Statens vegvesen, utarbeide ei analyse som tek føre seg kommunedelplanen sine effektar for trafikkavviklinga i området. Avklaringar av omfang og lokalisering av byggeområde og infrastruktur er viktige føresetnader for trafikkanalysen. Føremålet med denne saka er først og fremst å gi eit grunnlag for trafikkanalysen. Gondol I tida etter offentleg ettersyn har det vore ein brei debatt om gondol mellom Beitostølen og Rauddalen. Status er at grunneigarane ikkje ynskjer gondol og aktuell tiltakshavar ynskjer ikkje å bygge gondol så lenge det er grunneigarmotstand. Rådmannen registrerer at fjelldestinasjonar utan gode alpintilbod tapar marknadsandelar og at heisselskapet i samråd med Ecosign ser ein gondol til Rauddalen som verkemidlet for å heve alpintilbodet på Beitostølen. Difor tilrår rådmannen at vi bandlegg ein trase mop. framtidig fleksibilitet. Men vi må føresetje at gondolen ikkje blir realisert i planperioden. Vegar, parkering og skitrekk: Hovudprinsippa frå forslaget som var ute til offentleg ettersyn står fast. -Med alpinparkering utanom sentrum, i Størrtjednlie (P2, P3 og P4) og Finntøppvegen (P1), og skitrekka S1, S2,
S3 og S5 som gir moglegheiter for ski-in, ski-out i store område av eksisterande og nye byggeområde. Endringane er: 1. Ved offentleg ettersyn opna vi for at Størrtjednliheisen (S5) kunne vere stolheis. Vi forslår no at denne kun kan førast opp som skålheis. Ein skålheis er lågare og kan ha ein vinkel som gjer at den visuelle verknaden blir langt mindre dominerande. Og vi vurderer nedfarten til å ha smale og bratte flaskehalsar som gir litt for liten kapasitet til å kunne forsvare ein stolheis. Ein skålheis vil truleg ha den negative effekten at noko mindre av alpinparkeringa vil finne stad på P2-P4. 2. Rådmannen foreslår å ta ut skitrekk-sambandet mot Rauddalen via Tåbakke (S8-S12). Vi stenger ikkje moglegheitene, men ser ikkje grunnlag for å gå vise dette i planen og konsekvensutgreie det no. Turistnæringa har ikkje tru på at dette vil fungere og grunneigarane og hytteeigarane i nord markerer sterk motstand. 3. Rådmannen foreslår å legge til rette for å flytte krysset mellom Fv. 51 og Beitestølsvegen i sentrum mot nordvest. Dette vil gi betre tilhøve for gåande mellom Sentr1 og Sentr2 og evt. lette ei planfri kryssing. Handel og service Også her står prinsippa frå forslaget som var ute til offentleg ettersyn fast. Med detaljvarehandel og servicetilbod i Sentr1 og Sentr 2 og bilbasert handel i aksen Beitostølen handeshus-stølstunet (HB1 og HB2) og i Mørken (HB3). Men for å motverke ei lang konverteringsfase utan ny aktivitet og imøtekome grunneigarane sine ynskje har vi opna for å også kunne legge til rette for vidareutvikling av eksisterande utleigeverksemd i HB2. Leiligheiter for fritidsmarknaden Vi har detaljert utforminga av Størrtjednlie (L3) noko meir og foreslått å også kunne opne for bruk som fritidsbustader ved fortetting av dei eksisterande hytteområda HF1-HF3. Dette siste fordi det er ynskjeleg med ei fortetting i desse sentrumsnære, godt skjerma områda. Utleigeplikt som vilkår for fortetting i desse områda ville i beste fall gi ei lang konverteringsfase utan ny aktivitet. Elles har rådmannen ikkje foreslått endringar. Aktivitets- og campingområde ved Øyangen Vi har foreslått å ta ut den delen av C1 med motviljuge grunneigarar og vi har ikkje foreslått å kompensere dette med nye areal. Vi har foreslått å bandleggje eit areal til denne typen verksemd ved nordenden av Øyangen dersom det på sikt kjem ein gondol med mellomstasjon i området. Fjellgrensa Problemstillingar kring fjellgrensa er sentralt i høve H1, B3 og H6. Difor går vi litt nærare inn på denne. Fjellgrensa vart fastsett i BBG -planen frå 2003. Sitat føresegnene: Planen syner ein øvre byggegrense mot fjellet kalla: fjellgrense. Denne er retningsgjevande som
øvre byggegrense mot fjellet utover den planperioda kommunedel planen for Beito Beitostølen Garli gjeld. Vidare står det i saksutgreiinga: Fjellgrensa er grunngjeve i naturlege grenser i terrenget og skal hindre at utbygging mot fjellet bryt horisontlina sett frå Beitostølen. Ut frå dette og det vi kjenner elles frå prosessen var det visuelle omsyn som låg til grunn då fjellgrensa vart fastsett. Bygg skulle ikkje danne horisont sett frå Beitostølen og viktige sentrale punkt, og ein skulle oppleve at ein var utanom hyttebebyggelsen når ein oppheld seg på platået ovanfor fjellgrensa. Omsyn til støling og utmarksbeite var ikkje tema for denne grensa. I planprogrammet heiter det: Hittil i prosessen er det tilnærma einigheit om at fjellgrensa, som er ei langsiktig byggegrense fastsett i gjeldande kommunedelplan, ligg fast ovanfor Beitostølen sentrum. Vi vil vurdere om det er føremålstenleg å utvide denne mot aust og vest. Det kan også vere aktuelt å justere eksisterande grense i nærleiken av endepunkta. Ut frå visuelle omsyn som låg til grunn for fjellgrensa meiner rådmannen fortsatt det er føremålstenleg å justere denne nær endepunkta. I søraust har vi foreslått å justere grensa noko mot sør att i høve forslaget som låg ute til offentleg ettersyn. Foreslått grense går no nedunder eit markert bjørkekledd høgdebrekk mot platået og endar opp i foreslått justert hensynssone som skal ta vare på den visuelle samanhengen mellom Åsestølen og Heimre Hedalsstølen (Siktakse sælet på Valstadstølen sælet på 6/2 + 30m). Bustadområde Fylkesmannen i Oppland varsla motsegn mot B2 og B3 ved Stølslie. Bakgrunnen for dette var konflikt med støls- og landbruksinteresser, men også ei vurdering av at kommunedelplanen legg til rette for tilstrekkeleg med bustadområde elles. Områda B1, B4 og B5 er lite konfliktfylte og bør vidareførast. Alle desse er truleg meir eigna for leiligheiter retta mot sysselsette innan reiseliv og varehandel enn einebustader. B2 er eit eksisterande hytteområde som er vanskeleg å realisere som bustadområde på kort sikt og som bør gå ut i denne planperioden. Dei resterande eigna områda for einebustader er såleis B3, B6 og B7. Beitostølen helsesportsenter er og vil truleg fortsetje å vere største arbeidsgjevar for dei som ynskjer einebustad. B3 er det klart mest eigna og sentrale området for desse. B6 og B7 ligg sørvest for sentrum, og vi vurderer det slik at det eksisterande Klyppemyrhaugen bustadområde vil kunne dekke etterspurnaden i dette området i planperioden. Rådmannen rår til at vi vel vekk B2, B6 og B7 i denne planperioden medan B1, B3, B4 og B5 blir verande i planen. B3 er no justert i høve foreslått ny fjellgrense og hensynssone. I tillegg blir det på anna plan arbeidd med å føre opp eit sperregjerde som skal hindre ulemper ved at beitedyr kjem inn i byggeområda. Med desse føresetnadene ser ikkje rådmannen andre ulemper av B3 mop. landbruksnæringa og kulturlandskapet enn at vel 100 daa godt utmarksbeite og potensiell dyrkingsjord i området H1 og B3 går tapt. Verdien av dette, som ligg 880-925 moh., er svært liten i høve potensiell tomteverdi. I Øystre Slidre er det svært store slike areal. Innan planområdet er dei noko meir begrensa, men det er fortsatt att ca 4000 daa som er klassifisert som lett dyrkingsjord. Beitebruksplanen for Øystre Slidre viser at beitetrykket i dag er ein liten brøkdel i høve historisk bruk og potensialet.
Hytteområde Også når det gjeld hytteområde varslar fylkesmannen motsegn mot omfanget. Rådmannen meiner H1, H2, H3 og H5 er lite konfliktfylte og bør ligge fast. Spørsmålet er områda ved Garlislette, H4 og H6, som er konfliktfylte i høve skiløyper og friluftsliv og områda ved Tåbakke, H7-H12, som fylkesmannen og fylkeskommunen betraktar som ein satellitt. I denne planperioden foreslår vi å gå bort frå å sjå på Tåbakke-området som ein mogleg mellomstasjon i ei alpin samanbinding mellom Beitostølen og Rauddalen. Difor fell mykje av grunnlaget for ei storstilt satsing her bort i denne perioden. Men vi er ikkje heilt samde i at området skal betraktast som ein satellitt. Det er hytter i området frå før, det ligg infrastruktur i form av veg, vatn, avløp og straum fram og området er endepunkt for ein eigna og mogleg samanhengande langsiktig utviklingsretning frå Størrtjednlie. Område H7 er mest sentralt i høve eksisterande infrastruktur og den moglege langsiktige utviklingsretninga og er godt eigna og lite konfliktfylt. Difor foreslår vi å behalde det i planen. H9, H10 og H12 er område med noko dårlegare teknisk eignaheit og som er mindre sentrale. Vi foreslår å ta ut dei i denne planperioden. H11 bør gå ut grunna konflikter og grunneigarmotstand. Det gjeld også H13 i Grønolslie. H4 og H6 er ei vidareføring av byggeområda på Garlislette og Markahøvda og representerer endepunkta for den moglege utviklingsretninga mot fjellgrensa nord for Beitotjednet. Vi foreslår å behalde desse i planen. Ei moglegheit er å ta ut H4b og H6b i denne planperioden, då grunneigar av desse områda ikkje er interessert i utbygging. Rådmannen legg saka fram med slikt forslag til vedtak/innstilling: Trafikkanalysen som skal utarbeidast i samband med kommunedelplanen for Beitostølsområdet skal ta utgangspunkt i: Gondol eller annan alpin samanbinding mellom Beitostølen og Rauddalen blir ikkje realisert i planperioden Vegar, parkeringsplassar og skitrekk blir realisert slik det går fram av vedlagt kart Handel og service og leiligheiter blir realisert slik det grå fram av vedlagt kart Nye bustadområde i planen er område B1, B3, B4 og B5 Nye hytteområde i planen er område H1, H2, H3, H4, H5, H6 og H7. I tillegg skal det opnast for ei fortetting i områda HF1, HF2 og HF3 02.09.2010 Planutvalet Behandling: Magnhild Strand er inhabil og deltok ikkje i behandlinga av saka. Odd Erik Holden deltok som vararepresentant. Planutvalet sette fram slikt forslag til kulepkt. 1: Trase for gondol blir ikkje bandlagt. Gustav Fystro sette fram slikt endringsforslag til kulepkt 4:
B3 del som er innafor eksisterande fjellgrense. Gustav Fystro sette fram endringsforslag for kulepkt.5: H1 del som er innafor fjellgrense. H6 - går ut. Det vart røysta punktbvis over punkta. Kulepkt. 1. Forslaget frå planutvalet vart samrøystes vedteke Kulepkt. 2. Samrøystes vedteke. Kulepkt. 3. Samrøystes vedteke. Kulepkt. 4. Forslaget frå rådmannen vart vedteke med 3 mot 2 røyster. Kulepkt. 5. Forslaget frå rådmannen vart vedteke med 3 mot 2 røyster. PL-051/10 Vedtak: Trafikkanalysen som skal utarbeidast i samband med kommunedelplanen for Beitostølsområdet skal ta utgangspunkt i: Trase for gondol blir ikkje bandlagt. Vegar, parkeringsplassar og skitrekk blir realisert slik det går fram av vedlagt kart Handel og service og leiligheiter blir realisert slik det grå fram av vedlagt kart Nye bustadområde i planen er område B1, B3, B4 og B5 Nye hytteområde i planen er område H1, H2, H3, H4, H5, H6 og H7. I tillegg skal det opnast for ei fortetting i områda HF1, HF2 og HF3 Rett møtebok: