Statusrapport mai 2017
1. Innleiing Pasientbehandlinga i mai har vært om lag som planlagt i høve til budsjett på DRG-poeng og refusjonsberettiga konsultasjonar innanfor psykisk helsevern vaksne. Innanfor psykisk helsevern barn og unge ser ein noko lågare aktivitet enn planlagt. TSB ligg framleis innanfor budsjettert aktivitet ved utgangen av mai. Ventetidene har auka litt i forhold til april, og ligg no akkurat på kravet for gjennomsnittleg ventetid på 57 dagar for avvikla pasientar. Innanfor psykisk helsevern og spesielt innanfor barn og unge har vi kapasitetsutfordringer. Dette ser vi også igjen i ventetidene. Rekneskapen i mai månad viser eit korrigert resultatavvik målt mot budsjett på -9,2 mill. kroner. Resultatavviket i mai skuldast hovudsakeleg høgare medikamentkostnader enn budsjettert og avvik knytt til lønn og innleige. Korrigert prognose for året er framleis -75 mill. kroner, men vi vil følgje utviklinga i sommar og eventuelt kome tilbake med ny korrigert prognose i august. 2. Ventetid Gjennomsnittleg ventetid for pasientar som starta si helsehjelp i spesialisthelsetenesta har vore stabil dei siste månadene, og endringane har vore pluss/minus 1-3 dagar frå månad til månad dei siste 8 månadene. Gjennomsnittleg ventetid var 57 dagar i mai for avvikla pasientar. Gjennomsnittleg ventetid for dei framleis ventande var 52 dagar. Gjennomsnittleg ventetid for avvikla pasientar 90 80 70 60 50 40 30 20 10 0 2017 2015 januar februar mars april mai juni juli august september oktober november desember Ventetid avvikla pasientar HMR
Jamfør styringsdokumentet for 2017 skal gjennomsnittleg ventetid for avvikla pasientar reduserast samanlikna med, og skal vere under 57 dagar totalt. Det settast differensierte krav til ventetider mellom fagområda, og gjennomsnittleg ventetid skal vere Maksimalt 57 dagar for somatikk Maksimalt 45 dagar for psykisk helsevern vaksne Maksimalt 40 dagar for psykisk helsevern barn og unge Maksimalt 30 dagar for tverrfagleg spesialisert rusbehandling Ventetida totalt og for somatikk er omtrent lik, og årsaka til dette er at tal pasientar innan rus og psykiatri utgjer ein liten del av det totale pasienttalet samanlikna med somatikk. Derfor vil ein heller ikkje sjå dei store endringane i talmaterialet når ein ser på somatikk aleine versus totalt. Ventetida innan psykiatrien er framleis ikkje innanfor krava. Innan psykisk helsevern for vaksne er det ein auke i tal tilvisingar. I tillegg er det fleire vakante behandlarstillingar som står ledige, og som gjer at ventetida aukar. Desse vakante stillingane er no i ferd med å fyllast, og ein forventar ein nedgang i ventetida framover. Barne- og ungdomspsykiatrien har reelle utfordringar når det gjeld kapasitet versus arbeidsmengde. Ein arbeidar målretta med temaet, både internt i Helse Møre og Romsdal, og opp mot det regionale helseføretaket. Ventetid avvikla somatikk: 90 80 70 60 50 40 30 20 10 2017 2015 0 januar februar mars april mai juni juli august september oktober november desember Ventetid avvikla pasientar somatikk HMR
Ventetid avvikla Psykisk helsevern voksne: 80 70 60 50 40 30 20 2017 2015 10 0 jan feb mar apr mai jun jul aug sep okt nov des Ventetid avvikla PHV Ventetid avvikla Psykisk helsevern barn og unge: 80 70 60 50 40 30 20 2017 2015 10 0 jan feb mar apr mai jun jul aug sep okt nov des Ventetid avvikla Psyk barn og unge
Ventetid avvikla Tverrfaglig spesialisert rusbehandling: 80 70 60 50 40 30 20 2017 2015 10 0 jan feb mar apr mai jun jul aug sep okt nov des Ventetid avvikla Tverrfaglig spesialisert rusbehandling Fristbrot Det var registrert 120 fristbrot blant pasientane som fekk helsehjelp i mai. For pasientar som framleis ventar er det registrert 64 fristbrot i Norsk Pasientregister i mai. Tal fristbrot for avvikla pasientar 160 140 120 100 80 60 40 2017 20 0 2015 Januar Februar Mars April Mai Juni Juli August September Oktober November Desember Fristbrudd HMR Sjølv om arbeidet med innføring av dei standardiserte pasientadministrative rutinane har vorte vidareført, ser ein fortsatt eit stort tal feilregistreringar. Særs mange av dei registrerte fristbrota skuldast feil i dei pasientadministrative rutinane, og er ikkje reelle fristbrot. NPRtala viser difor eit høgare tal enn det som er reelt i HMR. Iverksetting av det nye
datasystemet Klinisk arbeidsflate/myway2pas den siste tida kan vere noko av årsaka til desse feilregistreringane. I statusrapporten frå mars vart det påpeika at talet på nyhenviste i mars 2017 hadde auka med ca 1000 pasientar samanlikna med mars. Samanliknar ein talet på tilviste i april 2017 med april, er det ein reduksjon på 1400 pasientar. I mai er tala meir utjamna samanlikna med, med ein skilnad på 150 pasientar. Dette kan vere på grunn av at påska i var i mars, medan den i 2017 var i april. Det er naturleg at tal tilviste går ned i feriemånader, og ein snakkar her om sesongvariasjonar. For å trekke slutningar må vi sjå på trendane over tid. Tiltak - reduksjon av ventetider/fristbrot: HMR held fram arbeidet med tiltak for reduksjon av talet på fristbrot. Det har særleg vore retta inn mot pasientadministrative rutinar, og det er oppretta ansvarlege på klinikknivå som melder fristbrot inn i ein nasjonal «Fristbrot-portal». I alle fagområder er det fokus på at ein ikkje skal ha fristbrot, og ein arbeider med å fordele ressursar internt i helseføretaket slik at dei blir brukt der behovet er størst. Arbeid med kontinuerleg forbetring av arbeidsprosessar er framleis satsingsområde i HMR, og det gjeld både pasientadministrative og kliniske prosessar, og arbeid med implementering av pakkeforløp. Helseføretaket er og i prosess med å forbetre det føretaksovergripande arbeidet med fristbrot og ventetider, mellom anna med ein systematisk gjennomgang av alle feilregistreringar for å kartleggje årsak og sette inn tiltak for å hindre at same feil blir gjort på nytt. 3. Aktivitet Grafen under viser DRG-poeng knytt til somatiske pasientar frå HMN behandla ved eige helseføretak og DRG-poeng på pasientar behandla utanfor HMN. DRG-poeng frå biologiske legemidlar og gjestepasientar frå andre regionar er ikkje inkludert i grafen.
DRG-aktiviteten i mai er om lag som budsjettert for pasientar som er behandla ved eige føretak. Det er eit lite avvik knytt til pasientar behandla i andre regionar, men dette gir også positivt utslag i lågare kostnader til gjestepasientar. Ved utgangen av mai ligg aktiviteten i overkant av 930 DRG-poeng bak budsjett. Dette er om lag på same nivå som er sett for årsprognosa. Innan psykisk helsevern og TSB er det frå HMN satt mål for konsultasjonar med refusjonsrett for 2017. HMN har med dette gått vekk frå å måle PH-aktivitet. Frå 1.januar 2017 er også poliklinisk aktivitet ved psykisk helsevern og rus inkludert i ISF systemet. Det er sett ein eigen DRG-pris innan området. Hittil i år utført Hittil i år planlagt Avvik i % Refusjonsberettiga konsultasjonar innan psykisk helsevern for vaksne er om lag som budsjettert i mai. Avviket er - 8 % mot budsjett ved utgangen av mai, mot -10 % ved Hittil Aktivitet psykisk helsevern 2017 Avvik Psykisk helsevern voksne: Sum refusjonsberettigede konsultasjoner 34 695 37 760-3 065-8 % 33 514 herav ambulante konsultasjoner 5 571 5 432 139 3 % 5 347 DRG-poeng poliklinikk 5 143 6 398-1 255-20 % Psykisk helsevern barn og unge: Sum refusjonsberettigede konsultasjoner 20 520 23 272-2 752-12 % 21 481 herav ambulante konsultasjoner 602 698-96 -14 % 743 DRG-poeng poliklinikk 6 061 7 027-966 -14 % TSB: Sum refusjonsberettigede konsultasjoner 4 065 4 030 35 1 % 3 418 herav ambulante konsultasjoner 220 197 23 12 % 108 DRG-poeng poliklinikk 470 475-5 -1 %
utgangen av april. I høve til viser tala ein vekst på 3,5 %. Avviket knytt til DRG er på 20%. Innan psykisk helsevern for barn og unge var aktiviteten lågare enn budsjettert i mai. Avviket er knytt mot budsjett og har auka frå -10 % i april til -12 % i mai. Tilsvarande utvikling ser ein også på DRG-poeng poliklinikk. Innanfor barn og unge er det ein nedgang i refusjonsberettiga konsultasjonar i høve til. Nedgangen her er på 4,5 %. TSB ligg 1 % føre budsjett ved utgangen av mai. Mai månad viste noko lågare aktivitet enn budsjettert. I høve til er det ein vekst i refusjonsberettiga konsultasjonar på 18,9 %. DRG-poeng poliklinikk er om lag som budsjettert. 4. Rekneskap Rekneskapen i mai månad viser eit resultatavvik målt mot budsjett på -6,1 mill. kroner. Korrigert for pensjonskostnader er avviket -9,2 mill. kroner. Hittil i år er resultatavviket på -41,5 mill. kroner eller -57 mill. kroner korrigert for pensjonskostnader. Resultatavviket i mai skuldast hovudsakeleg høgare medikamentkostnader enn budsjettert og avvik knytt til lønn og innleige. Inntekter knytt til pasientbehandlinga ved sjukehusa var om lag som budsjettert i mai. Tabellen under viser rekneskap, budsjett og korrigert resultat per mai. Under vil vi knytte nokre kommentarar til rekneskapen. Inntekter Mai månad viser eit positivt avvik mot budsjett på 1,7 mill. kroner. Meirinntektene skuldast inntekter knytt til refusjonar og uttak av fond. Dei pasientrelaterte inntektene er om lag i balanse i mai med unntak av DRG-inntekter knytt til pasientar behandla utanfor HMN. Lågare inntekter knytt til kjøp av gjestepasientar speglar seg igjen i lågare kostnader enn budsjettert under varekostnader knytt til kjøp av pasientbehandling. Avvik hittil i år på totalt -9,9 mill. kroner er knytt til pasientrelaterte inntekter.
Varekostnader Varekostnadene er høge i forhold til budsjett også i mai. Målt mot budsjett utgjer meirkostnadene -6,2 mill. kroner. Avviket skuldast først og fremst høgare medikamentkostnader enn budsjettert. Meirkostnader innan området utgjer i mai -5,8 mill. kroner og -13,9 mill. kroner hittil i år. Samanlikna med same periode i er auka på 28,7 mill. kroner. Medan dei biologiske legemidlane ligg på budsjett syner avviket knytt til legemidlar innanfor klinikk for medisin og rehabilitering eit budsjettavvik på -14,1 mill. kroner. Grafen under viser utvikling i kostnader til medikament i og 2017. Talla er inkludert mva. Som ein kan sjå av grafen er mars og mai spesielt høge månader, medan det i var eit meir jamt pådrag på kostnadssida. Vi vil analysere nærare årsaka til dette og venter mellom anna på rapportar frå sjukehusapoteket på forbruk fordelt på medikament. Utviklinga dei fem første månadene tyder på at budsjettet som gjeld medikament vil vere for lågt også resten av året. I mai månad blei helseføretaket belasta med 2,9 mill. kroner knytt til psykiatritenester frå St. Olav. Kostnaden var ikkje teke høgde for i budsjettet, og dette er ein kostnad som utganspunktet burde vært kostnadsført jamt over dei fem første månadene. Det er også ein meirkostnad knytt til innleie av helsepersonell frå byrå tilsvarande -1,4 mill. kroner i høve til budsjett. Hittil i år er avviket på -5,2 mill. kroner mot ein kostnad på totalt 9,2 mill. kroner. Dette utgjer ein dobling av kostnadene i høve til. Høgast har innleia vært knytt til sjukepleiarar. Nokon av meirkostnadene på varekostnadssida blir utlikna av lågare kostnader enn budsjettert i mai knytt til gjestepasientar innan somatikk. Lønn Utgifter knytt til løn viste i mai eit avvik mot budsjett på -187 000 kroner. Justert for pensjon er avviket på -3,3 mill. kroner. Hittil i år viser løna eit avvik på -2,2 mill. kroner eller -17,8 mill. kroner korrigert for pensjon. Det er først og fremst variable lønnskostnader som viser eit avvik i høve til budsjett. Bruk av overtid og ekstrahjelp ligg om lag på same nivå som i.
Det er sett i verk ein rekke tiltak innanfor lønsområdet, men det er vanskeleg å sjå effektane av dette allereie i mai månad. Dette speglar seg også i netto/brutto månadsverk samanlikna med same periode i. Vi viser til eigen graf under kapittel om månadsverk. Helseføretaket går no inn i ein periode med ferieavvikling. I tillegg til ekstra vakter knytt til eksisterande personale er føretaket avhengig av innleie for å få ferieturnusen til å gå i rundt. Ein må derfor rekne med at det vil bli ein del variable kostnader knytt til ferieavviklinga dei neste månadene slik som tidlegare år. Innan dei områda det er mogleg vil det bli gjennomført vekselvis feriestenging og redusert aktivitet. Andre driftskostnader Det er ingen store avvik knytt til andre driftskostnader, men det er framleis avvik knytt til drift av bygningar og reparasjonar og vedlikehald. Under andre driftskostnader er det også gjort ein avsetning for uteståande fakturaer. Prognose Årsprognosen er framleis sett til -37,7 mill. kroner eller -75 mill. kroner korrigert for endra pensjonskostnader. Prognosen er usikker og det er stor risiko for at prognosen må endrast ved neste rapportering dersom kostnadsbildet held fram. Per mai har føretaket eit høgt negativt avvik, særleg knytt til avvika dei tre siste månadene. Utfordringa er størst innan dei «gamle» kirurgiske klinikkane i tillegg til klinikk for kvinner barn og unge. Organiseringa i dei to nye klinikkane innanfor kirurgiområdet har til no kravd mykje tid og forankring. Dei fleste leiarane er no på plass i desse to klinikkane og det vil bli eit større fokus på drift og kostnadskontroll framover. Utviklinga i bruk av legemiddel kan vere vanskeleg å styre, og vi ser at små pasientgrupper kan gje gi store utslag. Andre driftskostnader kan i større grad styrast innanfor områda der det ikkje er faste avtaler. På lønsområdet vil det være fokus på tiltak knytt til variable kostnader. Vi viser her til tiltakslista som blei lagt fram i statusrapportering for mars. 5. Sjukefråver Sjukefråveret for mai var på 6,9 prosent, og er same tal som i mai. Målsettinga for 2017, slik det går fram av HMS-handlingsplan (vedtatt i AMU i 2017), er eit arbeidsnærvær på 93 %. Til og med mai 2017 ligg snittet på 92 % arbeidsnærvær. Grafen under viser netto sjukefråver i Helse Møre og Romsdal HF i perioden 2015-2017.
Aksetittel Netto sykefravær 10,0 % 9,0 % 8,0 % 7,0 % 6,0 % 5,0 % 4,0 % 3,0 % 2,0 % 1,0 % 0,0 % 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 2017 8,7 % 8,7 % 8,3 % 7,4 % 6,9 % 2015 7,9 % 8,9 % 8,1 % 7,4 % 7,2 % 7,6 % 8,2 % 6,7 % 7,6 % 7,7 % 8,1 % 8,4 % 8,8 % 9,4 % 8,2 % 7,7 % 6,9 % 7,5 % 7,4 % 6,9 % 7,4 % 7,2 % 8,0 % 8,7 % 6. Utvikling i månadsverk I 2017 har vi valt å rapportere på både brutto- og netto månadsverk. Bruttotala vise dei moglege arbeidsressursane, inkludert all arbeidstid der det er registret fråver, som t.d. permisjon, ferie og sjukdom. Netto-tala vise den faktiske bemanninga som fysisk var på jobb, og er vesentleg for dei tenestar vi levere, og er også eit vesentleg tal i berekning av kostnad per pasient. Bemanning brutto /innleige Bemanning og forbruk av timar (brutto månadsverk) vise at vi ligg 40 månadsverk høgare en snittet for januar t.o.m mai. Totalt utbetalte månadsverk i perioden januar t.o.m mai 2017 er på 26.331. Same periode i ble det utbetalt 26.130 månadsverk. Overtidsbruken er fortsatt høg, og for mai var overtidsbruken om lag lik med tilsvarande månad i. Talet for mai visar eit forbruk på 18.523 timar, mot 18.563 i mai. Snittet fram til no i år ligg om lag heilt likt med same periode. Grafen under viser utviklinga i både brutto og netto månadsverk for perioden 2015-2017.
6 000 5 500 5 000 4 500 4 000 3 500 3 000 2 500 5 272 5 300 5 224 5 253 5 282 4 468 4468 4467 4514 4344 Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des Brutto 2017 Netto 2017 Brutto 2015 Brutto Netto 2015 Netto