V o s s k o mmu ne ANBODSINNBYDING Voss kommune Konkurranse med forhandling Levering av lett brannbil Tilbodsfrist: 10.03.2014 kl 12.00.
KONKURRANSEGRUNNLAG 1. INNLEIING Voss kommune, i dette dokumentet kalla KUNDEN, har som mål å inngå avtale på levering av ein lett brannbil. Innkjøpsprosedyren er med tilvising til Forskrift om offentlige anskaffelser fastsett ved kgl.res. 7.april 2006 nr. 402 med heimel i lov 16.juli 1999 nr 69. Konkurranse med forhandling. 2. OMFANG Med utgangspunkt i kunngjering i DOFFIN og dette dokumentet, vert De med dette invitert til å gje tilbod på levering av ein lett brannbil levert ferdig registrert og i utrykkingsklar stand i samsvar med kravspesifikasjonen i vedlegg B. Avtalen gjeld eit eingongskjøp. 3. DOKUMENTASJON Ein viser her til vedlegg B Kravspesifikasjonen og vedlegg D krav til dokumentasjon.. 4. DOKUMENT I FØRESPURNADEN I tillegg til dette dokumentet byggjer konkurransegrunnlaget på følgjande dokument: Vedlegg A: Alminnelege kontraktvilkår Vedlegg B: Kravspesifikasjon Vedlegg C: Ikkje relevant for dette anbodet Vedlegg D: Krav til dokumentasjon Skjema for utfylling: Vedlegg E: Prisskjema Vedlegg F: Atterhald i tilbodet 5. PRIS VILKÅR FOR LEVERINGA Pris skal spesifiserast i vedlegg E Prisskjema. Prisane skal vera kalkulert i norske kroner alle kostnader/avgifter medrekna registreringskostnader og vrakpant samt eventuelle gebyr. Prisen skal vera fast frå tilbodsfrist til betalingstidspunkt etter levering. Prisen skal vera fritt levert Voss kommune. 2 av 5
6. BETALING OG FAKTURERING Betaling og fakturering skal vera i samsvar med Vedlegg A Alminnelege kontraktvilkår. 7. INNSENDING AV TILBOD Tilbodet, inkludert alle opplysningar og vedlegg som er kravt i dette konkurransegrunnlaget skal utarbeidast på norsk og sendast i 1 -eit- eksemplar til: Voss kommune Uttrågata 9 Postboks 145 5701 Voss Konvolutten skal merkast tydeleg: "Lett brannbil Det er ikkje høve til å oversenda tilbod på elektronisk post eller telefaks. Heile tilbodet skal leverast på papir. Som ein del av tilbodet skal følgja eit signert og forpliktande tilbodsbrev. Tilbodet skal vera komplett. 7.1 Frist for å stå ved tilbodet Tilbodet skal vera gyldig i 90 dagar frå tilbodsfrist jamfør punkt 6 i dette dokumentet 7.2 Tilbodsopning Det vil ikkje bli føreteke offentleg opning av dei tilboda som er komne inn. 8. KOSTNADER MED Å DELTA I KONKURRANSEN Einkvar kostnad som tilbydar pådreg seg i samband med konkurransen må dekkast av tilbydar. Det same gjeld kostnader som er pådregne ved demonstrasjonar, testar eller liknande. 9. VURDERING Ein gjer merksam på at tilbod som ikkje er i samsvar med vilkåra i denne innbydinga vil bli forkasta. Tilbod som kjem inn etter at tilbodsfristen er ute vil bli avvist og returnert uopna. Det vert teke atterhald om å: avlysa konkurransen med straksverknad dersom det ligg føre sakleg grunn. forkasta alle tilbod dersom resultatet av konkurransen gir sakleg grunn for det Eventuelt forkasta tilbod blir ikkje returnert. 3 av 5
9.1 Kvalifikasjonskriterium Ved vurderinga vil det bli lagt vekt på at tilbydaren har det faglege, tekniske og økonomiske grunnlaget som er nødvendig for å kunna oppfylla pliktene i kontrakten. Ved vurdering av om tilbydar er eigna vil følgjande kriterium bli lagt vekt på: At tilbydar tilfredsstiller krav gitt av offentleg myndigheit til registrering, til dømes registrering i einingsregisteret i Brønnøysund. At tilbydar er à jour med innbetaling av skattar og avgifter. Dokumentasjon det er krav om er omtala i Vedlegg D. 9.2 Tildelingskriterium Tildeling av kontrakt vil skje på grunnlag av det økonomisk mest fordelaktige tilbodet, der ein tek omsyn til følgjande kriterium: Tildelingskriteria Driftsmessigeeigenskapar i forhold til kravspek Pris Teknisk bistand og service Leveringstid Driftstryggleik og funksjonsmessig eigenskapar Brannbilen å dekka kjøparen sitt behov for bruk i ulike driftssituasjonar. Kjøparen sitt brannvern er eit deltidsbrannvern der mannskapet får lite tid til trening med utstyret og ein er difor avhengig av god driftsstabilitet på utstyret og lettforståelege funksjonar. Brannbilen er eit utrykingskjøretøy der det vert stilt store krav til tryggleiken i bruken av bilen både under utrykking på veg og under bruken av sløkkjeutstyr. Pris og leveringsvilkår Pristilbodet må vera sett opp i samansvar med vedlegg E Prisskjema. Dette for at tilboda skal kunna samanliknast med kvarandre. I omgrepet pris ligg og livstidskostnader med kjøretøyet og utstyret. Eventuelle atterhald i tilbodet skal leggjast inn i vedlegg F Atterhald. Alle atterhald skal prisast. Dersom tilbydarar ikkje prisar atterhaldet vil kjøparen setja ein kostnad på atterhaldet og ta dette med i den endelege evalueringa. Teknisk bistand og service Brannbilen er eit utrykingskjøretøy som i prinsippet skal vera operativt 24 timar alle dagar i heile året. Difor vil kravet til responstider på levering av reservedelar vera viktig og tilgang på servicepersonell frå LEVERANDØREN der ein ikkje har tilgang på servicepersonell frå lokale bedrifter. 4 av 5
10. SPØRSMÅL Vi tek atterhald om å ettersenda tilleggsopplysningar til konkurransegrunnlaget inntil 5 dagar før innlevering. Eventuelle spørsmål i samband med denne innbydinga kan rettast til: Teknisk- og faglege spørsmål Kommersielle- og kontraktuelle spørsmål Kontaktperson David Skjerven Kristian Østrem Telefon 56514680 (+47) 56 51 94 12 Mobiltelefon 99207170 e-post David.skjerven@voss.kommune.no Kristian.ostrem@voss.kommune.no Eventuell presisering som blir utarbeidd, og som har konsekvens for konkurransen, vil bli lagt ut i DOFFIN seinast 5 dagar før frist for leverings av tilbod. Same fristen gjeld for spørsmål frå tilbydarane. 11. Innkjøpsvilkår kontrakt Bindande avtale vert ikkje sett på som inngått ved val av tilbydar, og Voss kommune står fritt inntil kontrakt er underteikna mellom Voss kommune og valde leverandør. 12. KONTRAKT Ein eventuell kontrakt vil bestå av følgjande dokument: Bestilling Vedlegg A: Alminnelege kontraktvilkår Vedlegg B: Kravspesifikasjon Vedlegg C: Oversikt over leveringsadresser Vedlegg E: Prisskjema 5 av 5