Vinje kommune DP Suistog Trovatn Plan ID 20050007 Framlegg til mindre reguleringsendring Revisjon B, 30. Mai 2013 Plankontoret Hallvard Homme AS
INNHALD INNHALD 1 1 BAKGRUNN 2 1.1 LOKALISERING 2 2 VURDERINGAR 3 2.1 LOKALISERING AV NYE HYTTETOMTER 3 50 M BELTET KRING NEDRE TROVASSTJØNN 4 2.2 BIOLOGISK MANGFALD 4 1 3 PLANOMTALE 5
1 BAKGRUNN Ole Kristian Nyhus har i 2005 fått utarbeidd ein reguleringsplan for delar av Suistog Trovatn, gnr/bnr 120/. Denne planen er delvis utbygd. Ein ynskjer med dette endringsforlaget å vise hytter og tomter slik dei faktisk er bygd. Hytter, tomter og vegar er bygd nok annleis enn i vedteken plan, dette med grunnlag i at opphavleg plan ikkje tok nok omsyn til terreng og grunnforhold under utarbeidinga. Ein har i tillegg gjort ein vurdering av tomter og vegar som ikkje er gjennomført og gjort tilpassingar og funne ei meir optimal plassering av desse som tek meir omsyn til terrenget. Det blir i tråd med etterspurnad lagt opp til hytter med høg standard, veg fram til hytte og felles løysingar for vatn og reinseanlegg. Gjeldande plan er vedteke med heimel i PBL 1985, mens planendringa føretakast med heimel i PBL 2008. Heile plankartet vart difor omarbeidd i tråd med nye forskrifter. Føresegner vart omstrukturert, men ikkje endra. 2 Ein har vald å fremje ei reguleringsendring utan full prosess. Planleggjar meiner at dette er forsvarleg, då gjeldande plan er vedteke for berre 7 år sida og prosessen kring denne har vore god. 1.1 LOKALISERING Planområdet er identisk med gjeldande plan for Suistog Trovatn. Det er lokalisert til Nedre Trovasstjønn si austre bredde om lag 3 km frå Øyfjell sentrum.
2 VURDERINGAR 2.1 LOKALISERING AV NYE HYTTETOMTER Utdrag av føresegner til kommuneplanens arealdel: Lokalisering Ved lokalisering av spreidd hyttebusetnad nær grendene, skal det i tillegg til det som er nemnt i pkt. 4.2.1, leggjas vekt på at - Hytter og tilkomstvegar skal ikkje leggjast i konflikt med gardstun eller driftsvegar. - Hytter skal ikkje leggjast nærare dyrkamark og landbruksbygg enn 50 meter. 3 - Viktige kulturlandskap skal takast omsyn til. Nye hyttetomter innpassast i eksisterande planen etter synfaring. Tomtepunkt vart målt inn med GPS-utstyr, dei synast på plankartet med blå markør. Tomtene vart arrondert i høve til terrengform, fareområder, avstand frå vatn og avstand frå annan busetnad. Det er ingen gardstun eller driftsvegar i området. Det er ingen dyrka mark i området. Det er ein staul i området, denne er regulert med egna føremål. Ingen av dei føreslåtte endringane er i konflikt med dette området. Utsnitt av revidert plankart med innmålte nye tomteplasseringar. Målepunkt vist med blått.
50 M BELTET KRING NEDRE TROVASSTJØNN Utdrag av føresegner til kommuneplanens arealdel: 5.1 Byggjegrenser til vassdrag ( 11-11 nr. 5) 5.1.1 For vassdrag som går fram av plankartet (jfr. n50 rasterkart i 1: 50 000), gjeld ei byggjegrense på 50 meter. Same reglar gjeld for regulerte vassdrag med lite vassføring. Som vatn blir rekna dei som er på 2 da eller meir. ( ) 5.1.4 I område som er omfatta av gjeldande reguleringsplanar, følgjer byggjeavstand til vatn og vassdrag dei byggjegrensene som ligg føre i den einskilde plan. 4 Gjeldande reguleringsplan syner ingen generell byggjegrense til vassdrag. Alle bygg står 50 meter eller meir frå den kartfesta vasslinja, men det er ei tomt ( F3 ) som er nærare enn 50 meter frå strandlinja ved Nedre Trovasstjønn. Ein har på plankartet teikna inn ei 50 m grense langs vassdrag som illustrasjon. Grensa er parallellforskuve innsjøkant med 50 m. 2.2 BIOLOGISK MANGFALD Ein har vurdert at det i dette tilfellet ikkje er nødvendig med ein meir omfattande biologisk kartlegging. Området er slik planleggjar vurderer det prega av blåbærskogtyper og fattigmyr. Dette er svært vanlige vegetasjonstyper i Norge. Det er ikkje registrert trua naturtyper og eller dyrearter i området. (Kjelde: www.miljostatus.no ) Kartutsnitt henta frå : http://geo.ngu.no/kart/arealisngu/
3 PLANOMTALE Osf Faresone høgspenning Høgspentkabel i vatn regulerast til faresone høgspenningsanlegg i samsvar med 11-8 a.3). Områda merkast med raud skravur og Osf_ på plankartet. Bff Fritidsbusetnad frittliggande Eksisterande og nye hyttetomter regulerast som fritidsbusetnad frittliggande og merkast Bff på plankartet. Føremålet er privat. Asl Skiløype 5 Innafor dette føremålet er det tillete og rydde skog og gjere naudsynte terrengtilpassing for å kunne kjøre opp skiløype med 6 m breidde. Føremålet er felles. Be Energianlegg Innafor dette føremålet er det tillete og sette opp trafo, el-skåp og naudsynt infrastruktur for dette føremålet. Områda er merka med Be i plankartet. Føremålet er felles. Bv Vannforsyningsanlegg Innafor dette føremålet er det tillete og bore etter vann og føre opp naudsynt infrastruktur for dette føremålet. Områda er merka med Bv i plankartet. Føremålet er felles. Ba Avløpssanlegg Innafor dette føremålet er det tillete og føre opp naudsynt infrastruktur for handtering av avløp frå fritidsbustader. Områda er merka med Ba i plankartet. Føremålet er felles. Bs Småbåtanlegg Områda er regulert som småbåthavn og merka Bs i plankartet. I området kan det gjerast mindre tiltak for opplegg av båtar som bygging av mindre moloar og rydding. Føremålet er felles. Sk - Køyreveg Innafor dette føremålet er det høve til å opparbeide veg, føremålet er privat. Sg Gangveg, sti Gangsti ned til båtanlegg regulerast med ei breidde på 2,5 meter og merkast Sg i kartet. Sag Anna veggrunn, grøntareal Anna veggrunn regulerast med 3 meter breidde langs større veg og med 2 meter breidde langs mindre tilkomstvegar. Føremålet merkast Sag i plankartet. Skt Kombinert teknisk infrastrukturtrase
LNFj - Jordbruksføremål Området er regulert som Jordbruksføremål og merka LnfJ i plankartet. Foruten enkle turstigar og turløyper er det ikkje tillete med byggetiltak innanfor føremålet. Føremålet er privat. LNFs - Seterområde Det ikkje tillete med nye byggetiltak innanfor føremålet. Restaurering og istandsetting av eksisterande bygningar tillatast. Føremålet er privat. 6 LNFf Friluftsføremål Det ikkje tillete med nye byggetiltak innanfor føremålet. Vs Bruk og vern av sjø og vassdrag Føremålet er merka Vs i plankartet
Dato 13.04.2004 Revisjon A: Framlegg til mindre endring samt omarbeiding til PBL 2008 Bø, den 19. Desember 2012 Revisjon B: Endringsvedtak i plan- og miljøutvalet Åmot, den 30. Mai 2013 7 For Plankontoret Hallvard Homme AS Ole Marius Gulbrandsen Varsel om oppstart av planarbeid: dato 1. handsaming i det faste utvalet for plansaker: sak: 05/37 18.05.2005 Utlagt til offentleg ettersyn i tidsromet: 31.05 30.06.2005 2. handsaming i det faste utvalet for plansaker: sak: 05/66 10.08.2005 Eigengodkjent i kommunestyret den: K-Sak05/57 15.09.2005 Vedtak om mindre endring i plan- og miljøutvalet sak 13/18 27.02.2013 Stad, Dato Sign. Stempel