Saksframlegg Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Gbada, Svanhild Hjorteland K2 - L12, PlanID - R55, gnr/bnr - 71/24 15/1395 «Beskrivelse» «Paragraf» Saksnr Utvalg Type Dato 018/17 Areal- og forvaltningsutvalet PS 09.03.2017 ENDRING AV REGULERINGSPLAN R55 - SJØOMRÅDET UTANFOR VIGANESET Vedlegg: 0 Planskildring_Viganeset 2 Reguleringsføresegner 1 DREG_ViganesetNord-A3-L 3 ROS Analyse Fiskarlaget Fiskeridirektoratet Fylkesmannen i Hordaland Kystverket Rogaland fylkeskommune Stavanger maritime museum Forslag til vedtak: Hjelmeland kommune godkjenner endring av R55 Viganeset nord industriområdet slik vist i plankart frå KonSul AS mottatt 01.02.2017, og reviderte førsegner/planskildring 10.02.2017. Endringa gjeld kun delar av regulert sjøområde, og går ut på å bytte om på areal til sjøverts ferdsel og akvakultur, slik at ventemerdar kan etablerast mot land til Viganeset. Saka blir ikkje sendt ut til offentleg ettersyn då det ikkje kom vesentlege merknader til oppstartsvarselet (og dei som kom er ivarteke i planforslaget) og fordi endringa ikkje gjeld ny arealbruk, men ombytte av gjeldande arealbruk. Planendringa blir lagt inn i planbasen med ny planid «R169 Reguleringsplan Viganeset sjøområde» Hjelmeland, den 20.02.2017 Sigve Hia18/17 Rådmann
Areal- og forvaltningsutvalet - 018/17 AFU - behandling: Behandling: Samrøystes AFU - vedtak: Hjelmeland kommune godkjenner endring av R55 Viganeset nord industriområdet slik vist i plankart frå KonSul AS mottatt 01.02.2017, og reviderte førsegner/planskildring 10.02.2017. Endringa gjeld kun delar av regulert sjøområde, og går ut på å bytte om på areal til sjøverts ferdsel og akvakultur, slik at ventemerdar kan etablerast mot land til Viganeset. Saka blir ikkje sendt ut til offentleg ettersyn då det ikkje kom vesentlege merknader til oppstartsvarselet (og dei som kom er ivarteke i planforslaget) og fordi endringa ikkje gjeld ny arealbruk, men ombytte av gjeldande arealbruk. Planendringa blir lagt inn i planbasen med ny planid «R169 Reguleringsplan Viganeset sjøområde» Saksopplysninger: Samandrag KonSul AS har på vegne av heimelshavar av industriområdet på land på Viganeset, Vighedlå AS gnr 71 bnr 24, levert inn forslag til endring av sjøområdet i gjeldandre reguleringsplan «R55 Viganeset nord industriområde». Planendringa omfattar kun sjøområde, og det går eigentleg på ombytting av arealbruk i sjø mellom kor det skal kunne plasserast akvakulturanlegg og kor sjøverts ferdsel (båttrafikk) skal prioriterast. Føremålet med planendringa er å leggje til rette for plassering av ventemerdar tilknytt fiskeslakteri på land. Det er varsla oppstart av endringa både til eksterne myndigheiter og berørte partar. Det har ikkje kome merknader til endringa. Difor meiner rådmannen at saken kan avklarast med ei politisk behandling i AFU, utan påfølgjande offentleg ettersyn. Dvs som ei mindre endring. Av planpraktiske årsaker blir likevel planen definert som ny plan med eigen planid og eige namn; R168 Viganeset sjøområde Fakta Skildring av området: Planendringa gjeld sjøområdet utanfor Viganeset industriområde. På land er det regulert til industri,
og heile tomta til Vighedlå AS er i tilegg spreng/planert ut, og forøvrig klar for utbygging til næringsformål. Sjøområdet like utanfor her er pr i dag ikkje i aktiv bruk til anna næringsverksemd el.a Skildring av omsøkt endring: Viser til vedlagd plankart og føresegner + planskildring frå KonSul AS. På land på Viganeset er arealet regulert til industri, og eit eventuelt fiskeslakteri er i tråd med formålet på land. Dersom det skal vere fiskeslakteri på land, må det av praktiske/næringsmessige årsaker vere rom for å plassere ventemerdar i sjøområdet direkte utanfor, slik at slaktefisken får ei rask/trygg produksjonslinje frå sjø til produksjonslokalene. plankart frå 2002. Ingen endring på land VA = Akvakultur, ventemerd. VFE = ferdselsområde på sjø Omsøkt endring vist oppå gjeldande Slik det er regulert i dag, sjå utsnitt av plan under, er det ei stripe av sjområdet langsmed land på Viganes-sida som er regulert til ferdsel/trafikkområde i sjø, medan arealet lengre ute er akvakultur. Endringa går ut på å bytte om på arealbruken, slik at ein får rom for ventemerd inne ved land; og sjøverts fardsel meir «midtfjords» mellom Viganeset og Hundsnes. Føresegnene gir kun rom for ventemerdar i akvakulturområdet; ikkje andre tiltak er tillate. Og i ferdselssona gis det føresegner om at installasjonar og/eller ankring som hindrer båttrafikken ikkje er tillate. ROS-analyse KonSul har utarbeidd ei risiko-og sårbarheitsanalyse, sjå vedlegg. Ein konkluderar med at anlegget blir konstruert slik at dei tålar dei miljøpåkjenningar som er påreknelege for området. Det er ikkje påvist spesiell risiko; og dermed ikkje lagt inn avbøtande tiltak. Lovar, føresegner, rundskriv Plan og bygningslova kap 12. Økonomiske konsekvensar For kommunen ingen kjende. Men samfunnsøkonomisk er det av stor interesse at næringsområda i kommunen blir optimale ift behov - i dette tilfellet til havbruksnæringa; som ei av dei viktigaste næringane i kommunen. Gjeldande planar, retningsliner og vedtak
I gjeldande kommuneplan er det lagt inn eit stort akvakulturområde A15 med utgangspunkt i Hundsnes, som strekk seg nesten heilt bort mot Viganeset, medan ei +/- 100 m brei stripe langs land på Viganeset er avsett til ferdsel (trafikkområde sjø). Nytt planområde er markert her med grøn strek, medan gjeldande reguleringsplan er markert med skarvur. Prioritert fiskeområde i Essvika er markert med mørk blå farge påskrift FO23. Gjeldande reguleringsplan for både land-og sjøområdet her er «R55 Viganeset Nord industriområde» frå 2002. Reguleringsplanen viser eigentleg det same som kommuneplanen her; dvs trafikkområde sjø/ferdsel langsmed land (mørk blå farge) og akvakultur lengre ute (lys blå farge her). Føresegnene for sjøområda i gjeldande reguleringsplan
Innkomne uttalar KonSul AS varsla oppstart 16.12.2016. Det har kome følgjande innspel: 1. Fiskarlaget Vest: Det må tas omsyn til kaste-og låssettingsplanssen i Essvika, slik at denne fortsatt kan nyttast 2. Fiskeridirektoratet: Det må tas omsyn til kaste-og låssettingsplassen i Essvika, slik at den fortsatt kan nyttast. 3. Fylkesmannen i Rogaland: Det må tas omsyn til registert naturtype «ålegraseng» i Essvik; ettersom arealet kun bli lagt ut til ventemerd utan foring vil utslepp av partiklar/næringssalter bli mindre enn ved akvakultur generelt, og påverknad av omkringliggjande naturtypar blir difor mindre. 4. Kystverket: Det må sikrast tilstrekkeleg areal til sjøverts ferdsel. Elles må omreguleringa ikkje kome i konflikt med navigasjonsrettleiinga frå Ølesund lykt. 5. Rogaland Fylkeskommune, kulturavdelingen: har lagt fram saken for Stavanger Sjøfartsmuseum; som vurderer omfanget av tiltaket som for lite til at det blir kravd marinarkelogisk undersøking. Minner om generelle reglar ift kulturminner. Saka er òg varsla til Marine Harvest + naboar på Viganeset + annonsert på kommunen si heimeside, utan at det har kome merknader. Vurdering og konklusjon Ein kan ikkje sjå at k/l-plassen i Essvika blir svekka som følgje av endringa; det er framleis sikra fri ferdsel med båt inn til vika; og ein ventemerd vil ikkje ha så stor påverknad på sjømiljøet som ei ordinær merd. Ventemerdområdet ligg over 1-200 m frå k/l-plassen. Det same gjeld omsynet til naturkvalitetane som ligg nord og sør for planområdet; sjå elles vurdering i planskildringa. Endringa legg forøvrig elles ikkje opp til ny arealbruk; men ombytte av gjeldande avklart arealbruk. Sjølve ventemerda må elles avklarast med påfølgjande konsesjonssak ift akvakulturforskrifta. Kommunen har spurt søkjar om storleik/avgrensing på akvakulturområdet; og spesielt på at det
«beslaglegg» ca 100 m av kystlinja i industriområdet: svaret er at akvakulturområdet har slik avgrensing pga ankringa (som er inkludert i området, og framgår av fig 4 i planskildringa). Ein må då rekne med at planfremjar Vighedlå AS er innforstått med dette; og det er framleis over 100 m kystlinje igjen nordover til anna prioritert næringsverksemd.