Turid Øye Skeisstoa 163 Fellestenester Politisk sekretariat Rosendalsvegen 10 5470 ROSENDAL Tel: 53483100 Fax: 53483130 Org. nr: 964 967 636 Bankgiro: 3460.07.00083 post@kvinnherad.kommune.no www. kvinnherad.kommune.no facebook.com/kvinnherad 5217 HAGAVIK Saksbehandlar Kjartan Thoresen Tlf. direkte innval 53483168 Vår ref. 2012/2559-3 Dykkar ref. Dato 17.12.2012 Særutskrift - DS - 176/3 - deling av grunneigedom - Varaldsøy - Turid Øye Kvinnherad forvaltningskomité hadde saka føre i møte 12.12.2012 som sak 2012/203. Vi legg ved utskrift av møteboka og syner til vedtak. Dersom du vurderer å klaga på vedtaket, viser vi til reglane i forvaltningslova samt eventuelt bestemmelsar i særlov om klage. Med helsing Bente Høyland Møtesekretær Kopi til: Kjartan Thoresen
Side 2 Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2012/2559-2 Kjartan Thoresen Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2012/203 Forvaltningskomiteen 12.12.2012 Behandling dispensasjon - 176/3 - deling av grunneigedom - Varaldsøy - Turid Øye Innstilling frå rådmannen: Kvinnherad forvaltningskomite gjev ikkje dispensasjon frå pbl 1-8 om forbod mot tiltak langs sjø og vassdrag. Planlagt deling kan difor ikkje omsøkjast og handsamast i samsvar med pbl kap 20 og tilhøyrande bestemmelsar. Avslaget er heimla i pbl 19-2 då omsyna til dei interessene kommunedelplanen skal ivareta vert tilsidesette, og ulempene ved dispensasjonen er større enn føremona. Behandling i Forvaltningskomiteen den 12.12.2012 Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteken. Vedtak frå Forvaltningskomiteen den 12.12.2012 Kvinnherad forvaltningskomite gjev ikkje dispensasjon frå pbl 1-8 om forbod mot tiltak langs sjø og vassdrag. Planlagt deling kan difor ikkje omsøkjast og handsamast i samsvar med pbl kap 20 og tilhøyrande bestemmelsar. Avslaget er heimla i pbl 19-2 då omsyna til dei interessene kommunedelplanen skal ivareta vert tilsidesette, og ulempene ved dispensasjonen er større enn føremona.
Side 3 Saksutgreiing: Søkjar: Turid Øye, Hagavik. Søknad dagsett: 25.09.12 Figur 1: Oversiktskart, Langskipsnes - Varaldsøy. Om søknaden og eigedommen: Det er søkt om frådeling av LNF-område i 100- metersbeltet (sjå illustrasjon). Arealet skal delast frå gnr/bnr 176/3 og leggjast til 176/29. Det er ikkje søkt om endring av arealføremål. Arealstatus og strandsone Det omsøkte arealet er i gjeldande kommunedelplan vedteken 24.03.2011, avsett til LNF-område. Heile parsellen ligg innafor 100m - beltet frå sjøen. Området ikring er frå før utbygd, og området er delvis privatisert. Sommaren 2012 fekk tiltakshavar dispensasjon til utlegging av flytebrygge på gnr/bnr 176/3. Ettersom arealet er LNF-område gjeld allemannsretten for området i dag, og det er friluftskvalitetar i området. Figur 2: Situasjonskart - skravert område er søkt frådelt.
Side 4 Figur 3: Kommuneplansituasjon og ortofoto. Nabovarsel Søknaden er nabovarsla, det har ikkje kome merknadar. Naturmangfaldlova Det er ikkje gjort registreringar av viktig naturmangfald eller naturtypar i eller ikring området. Kulturminne Det er ikkje registrert automatisk freda kulturminne eller sefrak-bygg i området. Støy Ikkje relevant. Klimatilpassing Ikkje relevant. Veg, vatn og avløp Det er ikkje naudsynt at veg, vatn og avløp er avklara i samband med denne dispensasjonsbehandlinga. Aktuelle lovheimlar Den planlagte frådelinga krev dispensasjon etter pbl 1-8 om forbod mot tiltak langs sjø og vassdrag, reguleringsføresegner osv. Dersom det skal gjevast dispensasjon må omsyna bak reglane det vert dispensert frå, eller omsyna i føremåla til lova, ikkje verta vesentleg sette til side. I tillegg må fordelane ved å gi dispensasjon vere klart større enn ulempene etter ei samla vurdering. Vurdering og grunngjeving Administrasjonen rår ifrå frådelingar i LNF-område i strandsona. Frådelingar, spesielt i strandsona, bør vurderast i kommuneplansamanheng. Ei slik frådeling vil seinare kunne gje auka byggjepress i strandsona sjølv om det ikkje ligg føre planar om byggjing i dag. Administrasjonen vurderer den omsøkte eigedommen til å liggja innanfor funksjonell strandsone.
Side 5.