NATURVERNFORBUNDET I TINGVOLL Tingvoll kommune 20. oktober 2010 KLAGE - VEDTAK OM SKOGSBILVEG - ORMSETVEGEN 2 Det vises til vedtak i brev av 27.8.2010, landbrukssaker nr 24/2010. Naturvernforbundet fekk kjennskap til saka tilfeldig, og spurde 7.9.2010 om å få kart og øvrige dokument i saka. Vi har mottatt kart, søknad og vedtak 9.10.2010, men sjekkliste/utrekningar har vi ikkje sett noko til. Naturvernforbundet klager med dette på vedtaket. Naturvernforbundet har si hovudmerksemd på biologisk mangfald og friluftslivet. Viss det er nødvendig kan vi gjere nærare greie for vår rett til å klage. Frå 1.7.2009 tok naturmangfoldloven til å gjelde. Denne lova set ein del standardar for korleis vurderingar av saker som vedkjem biologisk mangfald skal gjerast, og det er formkrav til sjølve vedtaket. I denne saka ser ein ikkje spor av den nye tida. Det første kravet i naturmangfoldloven som ikkje er oppfylt er 7. (prinsipper for offentlig beslutningstaking i 8 til 12) Prinsippene i 8 til 12 skal legges til grunn som retningslinjer ved utøving av offentlig myndighet, herunder når et forvaltningsorgan tildeler tilskudd, og ved forvaltning av fast eiendom. Vurderingen etter første punktum skal fremgå av beslutningen. Det står ikkje noko om naturmangfoldloven i vedtaket. Naturvernforbundet legg til grunn at det ikkje ligg føre slike vurderingar. Det er ein klar mangel som i seg sjølv må føre til at vedtaket blir oppheva og at ein begynner på nytt. Kartvedlegget til søknaden kan med det same forbetrast. Det skal i følgje rettleiinga til søknadsskjemaet vere avmerka eventuelle massetak. Vidare vegar som alt finst. Dekningsområdet for den planlagde vegen skal gå fram. Til sist Naturvernforbundet i Tingvoll v/øystein Folden, 6630 TINGVOLL, tlf. 918 12 542 Epost moreromsdal@naturvern.no Internett www.naturvern.no/moreromsdal
kjente miljøverdiar. MIS-registreringane og nøkkelbiotopar er vel slike. Dessutan er det nokre vurderingstema vi saknar. Naturvernforbundet vil prøve å hjelpe til med dei vurderingane som er nødvendige. 1. Verknad av sjølve vegbygginga. Det ligg alt ein veg på omsøkte strekning i dag. Veglengda på 1370 m som i tilfelle skal rustast opp til ein høgare standard er bygd i hovudsak ved at lausmassar er gravd opp frå grøftene og skråningar og lagt i vegkroppen. Då dette blei gjort i si tid var dette eit sår i landskapet. Dette har no grodd til, og sjølve vegkroppen er også grodd. Veggrøftene kan nokre stader vere til hinder for ferdsel, men elles er i alle fall dei estetiske verknadene av inngrepet no i ferd med å bli nokolunde greie. Skal ein ruste opp denne strekninga til skogsvegstandard vil ein i framtida få ei flate som i mindre grad vil gro. Verknader utover det avheng i stor grad av korleis arbeidet blir gjort. Aktuelt krav til utføring: Det er viktig at utbetringa no blir konsentrert om vegkroppen, slik at grøfter, skjæringar og fyllingar i så stor grad som mogleg blir liggande urørt. Viss det er aktuelt å ta masse i vegtraseen for bruk i prosjektet, må dette stikkast ut særskilt, og det må planleggast korleis uttaket skal skje og korleis området skal stellast til etterpå. For friluftslivet sin del vil det vere ein fordel om det blir brukt ein toppmasse som gror noko. Då vil det over tid bli noko meir ujamnt enn om det blir skrapa, og langt meir behageleg å gå etter. 2. Verknad når det gjeld trafikk Ved opprusting frå traktorveg til bilveg vil vegprosjektet kunne føre til anna mønster når det gjeld motorferdsel. Sidan traktorveg i motorferdselslova er utmark, medan bilveg ikkje er det, vil ein open bilveg kunne føre til lovleg motorferdsel heilt andre stader enn i dag. 2
Området som ligg nærast Stølsvatnet er i dag noko eksponert for trafikkstøy frå RV 70. Hellinga ned mot Sunndalsfjorden er eksponert for støy frå fjordtrafikken. Såleis er det berre ei mindre stripe midt på som er relativt stille og upåverka av trafikkstøy. Området er såleis ikkje mellom dei prioriterte når det gjeld å unngå støy, men det vil vere ein fordel om det blir minst mogleg ny støypåverknad. Ei praktisk løysing av dette spørsmålet er at det blir sett opp bom ved begynnelsen av vegen, eller gjerne ved avkøyringa frå Hafellvegen, slik at det berre er køyring i næringsverksemd knytt til skogen som kan gå føre seg. For å kompensere for dei ulempene ein skogsveg påfører friluftslivet bør det vere ei parkeringslomme for allmennheita ved bommen. 3. Verknaden av auka hogst. Det er alminneleg og vitskapeleg aksept for at det biologiske mangfaldet treng at det blir verna 4,6% av skogen i første omgang, og seinare opp mot 10%, i tillegg til at ikkje all annan skog blir driven som plantasjeskog. Sidan det pr. no er verna i storleik 1,7%, må ein vurdere om noko av den skogen som i dag ikkje har vegløysing og som ved tiltaket kan få ei slik løysing har verneverdiar. Ein skal merke seg at det t.d. ved utbygging av småkraftverk blir lagt vekt på at vi har knapt om fornybar energi og at dette tel i vurderingane. Såleis må det og telje om vi ikkje har nådd vernemålsettingane for skog. Det er truleg hogd i heile området tidlegare, men ein del areal er hogd for relativt lang tid tilbake, og truleg også berre ved plukkhogst. Det er difor mogleg at det nokre stader kan stå skog som har gamalskogsverdiar, om ikkje fullt ut. Vidare er det truleg at det kan finnast nokre område med mykje daud ved og fugleliv som er knytt til dette. Vidare er det fleire bratte skrentar i området som moglegvis kan vere rovfugllokalitetar. Rovfugllokalitetane er skjerma for innsyn og Naturvernforbundet har ikkje tilgang til desse. Til sist finst det spor av slåtter, sommarfjøs og liknande. I tillegg til dei kulturhistoriske sidene påverkar dette det biologiske mangfaldet. Det er ikkje lagt inn naturtypelokalitetar i området som blir løyst ut. MiSregistreringane har ikkje Naturvernforbundet oversyn over. 4. Verdiar registrert ved synfaring Det blir vist til figurar på utlevert bestandskart. I sørvestre del av figur 23 eller på skrapmarka rett vestafor står det ein furugadd med reirhol. I midtre og nordvestre del av figur 25 er det ein del daud ved og lauvskog, truleg ein del besøkt av hakkespett. Det står mellom anna rogn med sølvnever, lungenever, stiftfiltlav, grynvrenge og glyer. 3
I øvre delar av figur 24 er det i dag i hovudsak lauvskog. Mellom anna fleire eldre seljer som tidlegare er styva og som i dag er vertskap for mellom anna sølvnever, lungenever, vanleg blåfiltlav og knappenålslaven gullnål. Området kan vere ein sentral del av ein biotop for kvitryggspett, utan at ein har avgjerande teikn for det. I øvre del av figur 9 er det ein gråorhasselskog med innslag av alm. Søre delane av figurane 10 og 11 har liknande vegetasjon. Det vil ikkje vere heilt overraskande om ein kan finne dvergspett i dette området. Heilt i søraustkanten av denne figuren, eller i nabofiguren på sørsida står det ei levande og ei daud osp med ei rad spettehol. Dei fleste hola høver med storleik til grønnspett, men det største holet er rekna til å vere minimum 7 x 10 cm som tyder på svartspett. Det var hakkespett i området 9.10.2010, mykje mogleg 2 svartspettar. Utanom dei områda som her er nemt var det ein del furuskog med blåbærvegetasjon som såg ut til å vere noko meir ordinær. Men dimensjonsmessig hadde desse teigane ikkje komen så langt. Desse opplysningane skriv seg frå turar i området 9. og 17.10.2010 og er ikkje tilstrekkeleg for ei fullstendig vurdering, då det er potensial for funn av fleire artar som kan ha spesiell interesse. Figur 24 og delar av figurane 9, 10 og 11 har naturkvalitetar som gjer at dei bør vurderast nærare til naturtypekartlegging. Nordvestre del av figur 25 kan også ha slike verdiar. Areal sør for figur 9 er ikkje synfart. Viss ein over tid ser for seg hogst og tilplanting av desse areala, vil det lett bli eit redusert biologisk mangfald. Når ein også veit at store areal i hellinga mot Stølsvatnet er grøfta og tilplanta med gran, og mykje av furuskogen er hogd ut dei siste tiåra, er det grunn til å vurdere sumverdien av desse inngrepa. 5. Nødvendige forbetringar og sakshandsaming: I søknaden og i vedtaket er det følgjande manglar og svake punkt: - Når transportvinsten er oppgitt å vere 185 000 kroner og kostnaden er 364 820 kroner, så er det anten noko rart med utfyllinga eller så er kostnaden større enn vinsten og vilkåret for å handsame søknaden etter landbruksvegforskriften ikkje til stades. Det normale då er at det er ei sak etter plan- og bygningsloven. - Kartet som følgjer søknaden manglar innteikna dekningsområde. 4
- Kartet som følgjer søknaden manglar innteikna område som nøkkelbiotopar o.l. - Kartet manglar innteikning av massetak. - Vedtaket manglar vurdering og grunngjeving jf. 7 i naturmangfoldloven. - 9 i naturmangfoldloven er aktuell med omsyn til vurdering av areal som er aktuelt å verne, jf. det kjente udekte behovet. - 8 i naturmangfoldloven er aktuell for å få på plass ein del opplysningar om dekningsområdet. Rikbarkstre, eldre lauvskogsuksesjonar, gamle tre, bergveggar, hole lauvtre, ståande daud ved og liggande daud ved. Dette er innafor normalprogrammet til "Miljøregistrering i Skog" og bør ligge føre. Alle dei nemnte typane er aktuelle for området. Etter Levende skog-standarden som ikkje gjeld lenger var det krav om særskilt kartlegging viss det ikkje var MiSkartlagd. Det vil vere underleg om krav til kartlegging ikkje er minst på dette nivået som følgje av den ordinære lovgjevinga der naturmangfoldloven er komen til i seinare tid. - Det er vist til hogstvolum i noverande vedtak. Dette er truleg eit bruttovolum der bestand som eventuelt ikkje bør hoggast går til frådrag. Når skogen er eit moment i saka som tømmer må han også vere eit moment i saka i form av verneverdi. Dette vedkjem det økonomiske grunnlaget for vegen og søknaden. Naturmangfoldloven 8 og 14 er i alle fall aktuelle. - Rovfugl og skogsareal som har spesiell funksjon som følgje av dette må vere tema. 6. Ønska endringar i vedtaket: Ut frå noverande kunnskap er det etter Naturvernforbundet si vurdering ikkje rett å legge til rette for hogst i vesthellinga utan at det er vurdert om arealet trengst for å oppfylle vernekravet på 4,6/10%. Strekninga som er planlagd i ny trase har då lita meining og må difor avslåast. Strekninga som er omsøkt opprusta er langt meir prega av plantasjeskog, hogstfelt og furuskog med blåbærmark som har meir ordinære verdiar. Når saka er tilstrekkeleg utgreidd er det mykje mogleg at denne vegstrekninga kan byggast, men med nokre vilkår. Aktuelle krav er bom på vegen og at det må ordnast til parkeringsplassar slik at friluftslivet kan ha ein praktisk tilgang til området. Det må også setjast krav til utføringa av arbeidet. Med helsing Øystein Folden Leiar i Naturvernforbundet i Tingvoll Kopi: - Fylkesmannen i Møre og Romsdal 5