Nord-Fron kommune Politisk sak Kommunereform - plan for Nord-Fron Utval Saksnr Møtedato Saksbehandlar Formannskapet 154/14 09.12.2014 Arne Sandbu Saksansvarleg Arkiv Arkivsaknr. 14/100 Arne Sandbu 002, &20, &23 Journalpost 14/18576 Vedlegg: 1. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess 2. Svar på brev frå FMO, datert 24.9.2014 Oppsummering av saka: Formannskapet er av kommunestyret gitt fullmakt til å utforme endeleg svar til Fylkesmannen i Oppland. Bakgrunn for saken: Kommunestyret behandla saka «Kommunereform Nord-Fron vidare prosess» i møte 24.11.14, sak 105/14. Kopi av møteboka ligg ved som vedlegg 1. Kommunestyret gjorde slikt vedtak: 1. Kommunestyret vil gi følgjande svar på spørsmåla frå Fylkesmannen, jf. vedlegg 2: Spørsmål om faktagrunnlag og utgreiingar: Nord-Fron kommunestyre har i sak 100/14 vedteke at det er aktuelt å vurdere samanslåing med ein eller fleire av desse kommunane: Sør-Fron, Ringebu og Sel. Saman med ein eller fleire av desse kommunane, dersom dei vil vurdere samanslåing med Nord-Fron kommune, vil kommunestyret avgjera kva for utgreiingar som er nødvendige som grunnlag for å fatte vedtak om framtidig kommunestruktur. Som faktagrunnlag vil Nord-Fron kommune legge vekt på historiske data som kommunale rekneskap, kommunale årsmeldingar og statistiske opplysningar. Spørsmål om administrative og politiske forankringar: Kommunestyret har gjort følgjande vedtak om kommunereform: Sak 35/14. Sak100/14. Desse vedtaka er gjort etter god administrativ og politisk involvering. Spørsmål om korleis ein vil analysere og diskutere vurdering av tenesteproduksjon/kommuneøkonomi/samfunnsutvikling/lokaldemokrati - i forhold til måla for kommunereform: nokon av kommunane Sør-Fron, Ringebu eller Sel vil vurdere nærare ei samanslåing med Nord-Fron kommune. Spørsmål om korleis ein vil sikre forankring og involvering av innbyggarar, næringsliv og andre grupper i kommunen:
nokon av kommunane Sør-Fron, Ringebu eller Sel vil vurdere nærare ei samanslåing med Nord-Fron kommune. Spørsmål om kommunen sine moglegheiter og utfordringar i eit langsiktig perspektiv: Kommunestyret viser her til kommuneplan for Nord-Fron sin samfunnsdel, for 2010 2021, vedteke i okt. 2009, sak 49/09. Denne seier mykje om kommunen sine langsiktige utfordringar. Eitt tiltak i planen er også å vurdere endring av kommunestruktur, jfr. pkt. 3.5. Spørsmål om kva for vedtak som er gjort, i kva for fora og når: Kommunestyret viser her til kommunestyret sine vedtak i sak 49/09, sak 35/14 og sak 100/14. Spørsmål om kommunen sin prosess med nabokommunar og om kva for kommunar ein konkret vil arbeide med: Sør-Fron, Ringebu og Sel kommunar er orienterte om Nord-Fron kommunestyre sitt vedtak i sak 100/14. Det er gjennomført samtaler mellom Nord-Fron formannskap og Sør-Fron si arbeidsgruppe og mellom Nord-Fron formannskap og Ringebu kommune si strategigruppe. Det er planar om fleire slike samtaler. Spørsmål om framdriftsplan og milepælar: Nord-Fron kommunestyre vil vente med å fastsetja framdriftsplan til det er avklart om nokon av dei aktuelle kommunane, Sør-Fron, Ringebu eller Sel, vil vera med på å vurdere ei kommunesamanslåing med Nord-Fron, jfr. kommunestyrevedtak i sak 100/14. 2. Kommunestyret gir formannskapet fullmakt til å utforme endeleg svar til Fylkesmannen. Nye opplysningar: Kommunestyret har gitt formannskapet fullmakt til å utforme endeleg svar til fylkesmannen. Ordførar har den 1.12.14 laga eit notat som gir grunnlag for formannskapet si behandling av saka i møte 9.12.14. Notatet, sjå vedlegg 2, tar utgangspunkt i synspunkta som kom fram da kommunestyret behandla saka 24.11.14, og endringar er skrive med raud tekst i notatet. Administrasjonssjefen legg saka fram for formannskapet med slik Innstilling: Formannskapet gjør følgjande presiseringar / endeleg vedtak i samband med svar på innhald i plan til fylkesmannen i Oppland, jf. fullmakt gitt av kommunestyret i Nord- Fron i sak 105/14 frå møte 24.11.14, knytt til Kommunereformen: * * Administrasjonssjefen i Nord-Fron Arne Sandbu
FOR-154/14 09.12.2014 Behandling: Olav Røssum la fram eit endra forslag til svar til Fylkesmannen i Oppland. Forslaget frå Olav Røssum vart samrøystes vedtatt. FOR-154/14 09.12.2014 Vedtak: Formannskapet gjør følgjande presiseringar / endeleg vedtak i samband med svar på innhald i plan til fylkesmannen i Oppland, jf. fullmakt gitt av kommunestyret i Nord- Fron i sak 105/14 frå møte 24.11.14, knytt til Kommunereformen: Vi viser til brev av 24. september 2014 frå Fylkesmannen, med oppmoding om å utarbeide ein plan for arbeidet med kommunereform. Kommunestyret i Nord-Fron kommune vedtok 15. september 2014, i sak 83/14, at Nord-Fron kommune vil ta aktivt del i arbeid knytt til nasjonal kommunereform. Vedtaket vart fatta på bakgrunn av brev frå statsråd Jan Tore Sanner i Kommunalog moderniseringsdepartementet av august 2014. Kommunestyret prioriterte i vedtaket ulike alternativ til ny framtidig kommuneinndeling. Nord-Fron kommunestyre ser det ikkje som formålstenleg å lage nokon detaljert plan for vidare arbeid med kommunereform nå. Før ein kan gjera det må det avklarast om aktuelle kommunar, saman med Nord-Fron kommune, vil vurdere nærare ei eventuell samanslåing. Med dette som bakgrunn gir Nord-Fron kommune følgjande svar på Fylkesmannen sine spørsmål av 24. september: Spørsmål om faktagrunnlag og utgreiingar: Nord-Fron kommunestyre har i sak 83/14 vedteke at det er aktuelt å vurdere samanslåing med ein eller fleire av desse kommunane: Sør-Fron, Ringebu og Sel. Saman med ein eller fleire av desse kommunane, dersom dei vil vurdere samanslåing med Nord-Fron kommune, vil kommunestyret avgjera kva for utgreiingar som er nødvendige som grunnlag for å fatte vedtak om framtidig kommunestruktur. Som faktagrunnlag vil Nord-Fron kommune legge vekt på historiske data som kommunale rekneskap, kommunale årsmeldingar og statistiske opplysningar. Spørsmål om administrative og politiske forankringar: Kommunestyret har i 2014 gjort følgjande vedtak knytt til kommunereform: Sak 35/14. Sak 83/14. Desse vedtaka er gjort etter god administrativ og politisk involvering.
Dei tilsette i Nord-Fron kommune er orienterte om vedtaka, gjennom administrasjonsutvalet. I eventuelt vidare utgreiingsarbeid om samanslåing med andre kommunar, skal dei tilsette i Nord-Fron kommune involverast. Spørsmål om korleis ein vil analysere og diskutere vurdering av tenesteproduksjon/kommuneøkonomi/samfunnsutvikling/lokaldemokrati - i forhold til måla for kommunereform: nokon av kommunane Sør-Fron, Ringebu eller Sel vil vurdere nærare ei samanslåing med Nord-Fron kommune. Spørsmål om korleis ein vil sikre forankring og involvering av innbyggarar, næringsliv og andre grupper i kommunen: nokon av kommunane Sør-Fron, Ringebu eller Sel vil vurdere nærare ei samanslåing med Nord-Fron kommune. Spørsmål om kommunen sine moglegheiter og utfordringar i eit langsiktig perspektiv: Kommunestyret viser her til kommuneplan for Nord-Fron sin samfunnsdel, for 2010 2021, vedteke i okt. 2009, sak 49/09. Denne seier mykje om kommunen sine langsiktige utfordringar. Eitt tiltak i planen er også å vurdere endring av kommunestruktur, jfr. pkt. 3.5. Spørsmål om kva for vedtak som er gjort, i kva for fora og når: Kommunestyret viser her til kommunestyret sine vedtak i sak 49/09, sak 35/14 og sak 83/14. Spørsmål om kommunen sin prosess med nabokommunar og om kva for kommunar ein konkret vil arbeide med: Sør-Fron, Ringebu og Sel kommunar er orienterte om Nord-Fron kommunestyre sitt vedtak i sak 83/14. Det er gjennomført samtaler mellom Nord-Fron formannskap og Sør-Fron si arbeidsgruppe og mellom Nord-Fron formannskap og Ringebu kommune si strategigruppe. Det er planar om fleire slike samtaler. Det er for Nord-Fron kommunestyre ikkje aktuelt å vurdere ei ny kommuneinndeling som omfattar andre kommunar enn Sør-Fron, Ringebu og Sel. Kommunestyret meiner dette er særleg viktig med tanke på samfunnsutvikling og lokaldemokrati. Spørsmål om framdriftsplan og milepælar: Nord-Fron kommunestyre vil vente med å fastsetja framdriftsplan til det er avklart om nokon av dei aktuelle kommunane, Sør-Fron, Ringebu eller Sel, vil vera med på å vurdere ei kommunesamanslåing med Nord-Fron, jfr. kommunestyrevedtak i sak 83/14.
Kontaktperson i Nord-Fron kommune for spørsmål knytt til kommunereform: Ordførar Telefon: 61 21 61 03 Mobiltelefon: 48 00 34 13 Epost: olav.rossum@nord-fron.kommune.no