Statens vegvesen Notat Til: Plan og forvaltningsseksjonen v/ Magna Vangsnes Frå: Planseksjonen Kopi: Hans Erik Buene Sakshandsamar/innvalsnr: Ellen Slinde - 57655795 Vår dato: 6.10.2015 Vår referanse: Notat om alternative tunnelløysingar for rv. 5 i Sogndal Det er utarbeidd ein «Muligheitstudie for miljølok i Gravensteinsgata» datert 30. september 2015. For omtale av dagens situasjon både når det gjeld trafikktal, plansituasjon og miljøtilhøve viser vi til denne rapporten. Sogndal kommune har i tillegg bede Statens vegvesen om å vurdere om det eventuelt er aktuelt å arbeide vidare med løysingar med lengre tunnel. Dette er omtalt dette notatet. Figur 1: Oversiktskart med gatenamn Postadresse Telefon: 02030 Kontoradresse Fakturaadresse Statens vegvesen Telefaks: 57 65 59 86 Askedalen 4 Statens vegvesen Region vest firmapost-vest@vegvesen.no 6863 LEIKANGER Landsdekkende regnskap Askedalen 4 6863 Leikanger Org.nr: 971032081 9815 Vadsø Telefon: Telefaks:
Det er ikkje utført grunnundersøkingar i dette arbeidet. Trafikkavvikling i anleggsperioden er ikkje planlagt men vurdert ut frå det vegnettet som fins i dag. Veglinjene er ikkje prosjekterte, så omfang av inngrepa, mellom anna kor mange bygningar som må rivast, er usikkert og kan vera framstilt for enkelt i denne omgang. 2 Figur 2: Oversiktskart for miljølok i Gravensteinsgata Planhistorikk for rv. 5 i Sogndal På 80-talet var det gjort fleire vurderingar av ulike løysingar for rv. 5 gjennom Sogndal. Dei mest omfattande løysingane starta med tunnel frå Hagalandet, under Loftesnessundet og vidare i tunnel forbi sentrum til Kvåle. Ein variant omfatta bru over sundet og ny tunnel frå Kløvhola. Ved Kvåle-Skjeldestad var det planlagt kryss med Fjærlandsvegen som då var under planlegging. Frå dette krysset var det lagt opp til tunnel Skjeldestad-Bondeviki, slik at trafikk mot Leikanger kunne gå utanom sentrum. Denne løysinga var med i vurderingane då Sogndal fekk ny kommunedelplan for sentrum i 1994. Men då var tilrådinga å satsa på senking av Gravensteinsgata med betongtunnel/lok i sentrum. Eit av argumenta var at denne tunnelen ville ta all trafikk, både lokaltrafikk og fjerntrafikk. Ein omkøyringsveg tek tungtrafikken, men sjeldan meir enn 20-30% av totaltrafikken. Vidare planprosessar var basert på denne løysinga. Med planvedtak i 1998 for Kvålslid Vest vart tunnelen ved Kvåle skrinlagt. Seinare har planprosessar for Fosshaugane, Kvåle skule/idrett, Stedjebergtunnelen og Loftesnesbrui også sett bort frå den lange tunnelløysinga.
3 Figur 3: Skisse frå 1993 Tunnelalternativ mellom Stedje bru og Loftesnesbrua Vi har grovt sett på desse alternativa: Alternativ A1. Miljølok gjennom Gravensteinsgata forlenga med fjelltunnel fram til Solhov. Alternativ A2. Miljølok gjennom Gravensteinsgata forlenga med fjelltunnel fram til området Nes/Kløvhola. Alternativ B. Tunnel frå skysstasjonen til området ved Solhov. Alternativ C. Tunnel frå skysstasjonen til området ved Nes/Kløvhola.
Alternativ A1. Miljølok gjennom Gravensteinsgata forlenga med fjelltunnel fram til Solhov. 4 Alternativ A1 bygger på alternativet med lok under Gravensteinsgata som fortset vidare under bakken til Solhov. Tunnelen tek utgangspunkt i miljøloket under Gravensteinsgata, men i staden for å avslutte mot rundkøyringa ved kulturhuset, går ein vidare under bakken mot Loftesnesbrua. Ein aktuell stad å avslutte kan vere ved Solhov. Der er det fjell, og kommunen disponerer eigedomen. Veglinja går i rettlinje under Gravensteinsgata og held fram i rett linje under rundkøyringa og vidare inn i fjell ein stad nord-aust for Hofslund hotell. Vidare i ein boge mot påhogg ved Solhov. Det er skissert ei rundkøyring med tre armar ved Solhov. Både tunnelportal, veg og rundkøyring vil ta mykje plass og gi store inngrep i bustadområdet. Det er også usikkert om rundkøyringa kan byggast sidan det er dårlege grunnforhold for utfylling i fjorden. Alternativt må ein flytte veg og kryss endå lenger inn i bustadområdet for å unngå fylling i sjø. Det kan vera eit alternativ å ikkje ha kryss ved Solhov men trafikk frå sentrum må kunne passere og det same gjeld trafikk austfrå mot sentrum. Tilbod for gåande og syklande vert endra, med kryssing av gater og uheldig lang kryssing over tunnelportalen. Solhov og minimum 2 bustadhus (truleg fleire) må rivast. Gjennom bustadfeltet mellom kulturhuset og Solhov er avstand frå vegbane i tunnel til overflate terreng mellom 11 og 26 meter. Det er ikkje fjell i dagen ved desse bustadane og terrengmurane er 1-2 meter høge. Det
verkar krevjande i høve til å ikkje skade husa. Byggegropa kan fort bli omfattande dersom det er langt til fjell. Alternativ A1 er vanskeleg å bygga teknisk og ikkje minst vil trafikkavvikling i anleggsperioden vera svært vanskeleg. Løysinga gir mange ulemper for bustader og omfang av ulempene er vanskeleg å sjå på dette grunnlaget sidan grunntilhøve må undersøkast nærare. 5 Alternativ A2. Miljølok gjennom Gravensteinsgata forlenga med fjelltunnel fram til området Nes/Kløvhola. Dette er same alternativ som A1 men ein har forlenga fjelltunnel fram til Nes/Kløvhola slik at ein kan knyta seg inn på fv. 55 der. Dette er same løysing som A1 mot rundkøyringa ved kulturhuset og vidare gjennom det utfordrande området til tunnelinnslag. Vidare kan ein sikkert bygge tunnel i fjell mot Kløvhola, men det er vanskeleg å sjå korleis tunnelen skal kunne knytast til fv. 55, dvs oppfylle kurvatur- og avstandskrav som er i nærleiken av vegnormalkrav. Vi ser på alternativ A2 som uaktuelt sidan det gir lengre veg enn dagens og sidan tilknyting til fv. 55 er vanskeleg å få til med akseptabel kurvatur på vegen. Det er også stort arealbeslag både i samband med tunnelpåhogget og i samband med krysset som må byggast for å knyte rv. 55 til ny trace for rv.5. Store utfordringar er det også med tanke på arealinngrep og trafikkavvikling aust for rundkøyringa ved kulturhuset.
6 Alternativ B. Tunnel frå skysstasjonen til området ved Solhov. Alternativ B er ein lausmassetunnel som startar ved Billagstomta/Skysstasjonen fram til om lag øvre enden av Leighgota der den fortset i ein fjelltunnel inn under Leitevegen og vidare til Solhov. Vi har lagt til grunn byggegrop i lausmassar, og sannsynlegvis ganske gode massar, vest for Leighgota. Mellom Leighgota og Leitevegen kan det vere eit vanskeleg men ganske kort parti. I beste fall kan ein etablere påhogg og drive tunnel i fjell i dette området, eventuelt med litt justering av linja, og med svært forsiktig sprenging. Vi reknar med normalt godt fjell slik at resten av tunnelen til Solhov drivast ganske greit, men med forsiktig sprenging på grunn av relativt lita overdekning. På grunn av relativt lita overdekning og mange hus over tunnelen må ein ha forsiktig sprenging også for å unngå lekkasjar som eventuelt kan føre til setningar og skadar. Slike forhold må vurderast av geolog dersom ein vel å utgreie alternativet nærare. Trafikkløysing Det er ikkje gjort trafikkanalysar i dette planarbeidet men førebels vurdering er at det kan vera få som vil velja å køyra her sidan det er lenger veg enn å køyra gjennom Gravensteinsgata. Det meste av trafikken i Gravensteinsgata er lokaltrafikk og denne tunnelløysinga vil berre vera eit tilbod til dei som ikkje skal til Sogndal sentrum, altså eit tilbod til gjennomgangstrafikken. Løysinga fangar ikkje opp lokaltrafikk så godt som alternativet med miljølok. Det kan vera vanskeleg trafikkmessig og arealkrevjande å kople seg til eks. veg ved Solhov.
7 Om dette er ei løysing som får folk til å velja tunnelen eller om det blir for enkelt å velja Gravensteinsgata også etter at tunnel er bygd har vi ikkje fått analysert. Skissa gir ein peikepinn på arealbeslaget og viser at det går med minimum 3 bygningar men kanskje meir realistisk 3-6 bygningar, der ein av dei er Solhov. (Same som for alternativ A1). I tillegg vil det gå det truleg gå med 4-7 bygningar i området frå Bilagstomta til området Trudvang/Leighgota. Gåande og syklane Løysinga fremjar ikkje sykling. Gravensteinsgata vil bli lokalgate med ein god del trafikk så løysinga gjer det ikkje bilfritt mellom Storsenteret og Kommunehuset. Grunnforhold (Same som for alternativ A1). Det er fjell i dagen ved Solhov. Det er usikkert kor mykje fjelltunnel og kor mykje lausmassetunnel ein treng i denne løysinga. Det er vanskeleg å bygge fjelltunnel så nær under eit tettbygd område. Dersom deler er lausmassetunnell blir inngrepa endå større. Fylling i sjø i området ved Solhov er vanskeleg (jf. Grunnboringar Loftesnesbrua). Arealbruk Alternativ B med tunnel frå Skysstasjonen til området ved Solhov flytter arealinngrepa frå Gravensteinsgata til bustadområda ved Trudvang og til området ved Solhov. Byggegropa vil ligge nær skule og sjukeheim. Estetisk kan inngrepa ved Solhov bli negative sidan ein får ein tunnelportal og eit vegkryss inn i eit eldre bustadområde. Eigedomstilhøve Kommuneadministrasjonen minner om at i samband med fjordsti-prosjektet vil eksisterande bygningar langs strandlinja mellom ny Loftesnes bru og bustadhus (g/bnr. 15/16) nærme rundkøyringa ved Sogningen storsenter, verte innløyst og sanert. Det er også kommunen som eig og fritt disponerer arealet på g/bnr. 11/35 på nordsida av Rv5 mellom ny Loftesnes bru og rundkøyringa ved Sogningen storsenter. Billagstomta blir nytta til veganlegg. Anleggsperioden Trafikken kan gå i Gravensteinsgata medan deler av tunnelen blir bygd, men ved Solhov vil trafikkavviklinga bli svært vanskeleg (Same som for alternativ A1). Rystelsar og støy kan bli meir omfattande, men dette er mellom annan avhengig av kor mange bygningar ein vel å løyse inn for å sikre seg eit stort nok anleggsområde.
8 Alternativ C. Tunnel frå skysstasjonen til området ved Nes/Kløvhola. Alternativ C er ein lausmassetunnel som startar ved Skysstasjonen og går fram til om lag øvre enden av Leighgota der den fortset i ein fjelltunnel inn under Leitevegen og vidare til Kløvhola. Det ser ut til å ligge bra til rette for å etablere kryss med Fv. 55 mellom Kløvhola og Nes. Frå Kløvhola må det etablerast tilbod for gåande og syklande. Ulemper med denne løysinga er at: - Ein får ca. 50 % lenger veg enn gjennom sentrum. Det gjev negativ økonomisk nytte for trafikantane og det skal såleis svært gode grunnar til for å få aksept for ei slik løysing. - Ein får stor lekkasje. Dvs. mange vil velja å køyre kortaste veg gjennom Sogndalsfjøra sjølv om dei ikkje har ærend der. Eventuelt må ein legge inn betydelege hindringar for å unngå uønskt gjennomkøyring. Det er positivt at ein med omkøyringsveg får ein ei meir robust vegløysing gjennom/forbi Sogndal. Trafikkfordeling Korleis trafikken vil fordele seg i ulike alternativ er usikkert. Vi har ikkje oversikt over det på noverande stadium. I nokon grad kan trafikken styrast slik at dei som ikkje har ærend i sentrum vel å køyra utanom.
9 Vurdering Vi ser på alternativ A1, A2 og B som uaktuelle. Alternativ C kan gjennomførast enklare og med mindre arealinngrep, men ein vil framleis få betydeleg trafikk gjennom sentrum slik at ein ikkje kan gjera Gravensteinsgata mellom Leighgota og Politihuset bilfri. Tilhøva for gåande og syklande blir ikkje vesentleg forbetra. Gjennomgangstrafikken vil på si side få lenger veg og auka køyrekostnad. Ut frå dette tilrår Statens vegvesen at Sogndal kommune held fast ved tidlegare vedtak om lok mellom Ålkrysset og rundkøyringa ved kulturhuset.