AVDELINGSPLAN

Like dokumenter
Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

AVDELINGSPLAN

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar

Månadsplan for Hare November

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

Månadsbrev for Rosa september 2014

LEIK OG VENNSKAP I OLDEN BARNEHAGE V/ Kari Samuelsen Nesdal, Kenneth Lie og Signe Opdal

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Storebjørn. Året Kva vi jobbar spesielt med i år

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

AVDELINGSPLAN

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

SKULEFRITIDSORDNING ÅHEIM SKULE 2016/2017

Informasjon til foreldre

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Bjørnehiet SFO - informasjon

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Halvårsplan for Tyrihans og Askeladden våren 2017

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Månedsbrev Bikuben oktober 2016

Kl AKTIVITET - TUR Dersom barnet kommer senere enn kl Vær vennlig å ring oss!!

- Mars 2016 på Nøtteliten

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE

OSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE

Månadsbrev Januar 2017

Sandeid skule SFO Årsplan

Tilbakeblikk på mars:

Plan for Vestavind høsten/vår

Pedagogiske rom UTVIKLINGSPLAN Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med barna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marianne

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

MÅNADSPLAN GRANAT- oktober 2019

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

MAI. Månadsskriv for Nøtteliten. Tilbakeblikk på april:

Halvtårsplan for Enge barnehage hausten Knerten, Marihøno, Askeladden og Natur.

Månedsplan, april. Grøn gruppe

Halvårsrapport lyseblå haust 2017

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

SJØPOSTEN OKTOBER Hei!

Veslefrikk. Mai Helsing Oddbjørg, Vibeke, Gunn-Iren og Elida

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Då har august månad fyke forbi i stor fart med tilvenning av nye barn, og for dei barna som har gått her før. Etter ein lang sommarferie så treng dei

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Plan for Sønnavind

Skjema for eigenvurdering

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2017

Del 2 ÅRSPLAN FOR SKORGEN BARNEHAGE 2012/2013. BARNEHAGENS VISJON: Trygghet og trivsel.

Aktivitetsplan - Vår 2014 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Å RSPLÅN. Treungen barnehage RELASJONAR

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Årsplan for Trollebo Høsten 2014/ våren 2015

SAMARBEIDSRUTINER FOR OVERGANG HEIM- BARNEHAGE I SKODJE KOMMUNE

VÅGEN SKULE, 5582 ØLENSVÅG Tlf SF0 VÅGEN SKULE 2017/2018. Tlf. Vågen SFO: Vågen skule:

Vaksenopplæringa i Sula

ÅRSPLAN. Jostedal barnehage 2017 / 2018

Månedsbrev Bikuben september 2016

Aktivitetsplan - Vår 2015 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

Halvårsplan for avdeling. Tyrihans. Høst 2012

Halvtårsplan for førskulegruppa. Valestrand barnehage våren Osterøy kommune

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen!

Årsplan Klara`s familiebarnehage 2016

Månedsbrev oktober 2015

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

Avdelingens plan Trollebo

Månedsbrev Bikuben april 2016

Velkomen til SFO på Hafslo barne- og ungdomsskule!

Månadsbrev for Februar

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

HALVÅRSPLAN FOR ASKELADDEN

Frøystad Andelsbarnehage

Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Månedsbrev april 2015

MÅNADSBREV FOR SEPTEMBER:

INDIVIDUELL UTVIKLINGSPLAN - IUP

Årsplan for Trollebo 2016/2017

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

Handlingsplan mot mobbing i Engelsvoll barnehage

Kostholdsplan for Gardstunet barnehage

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2017/18 SFO HAFSLO - INFORMASJON

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Leikande, glade barn og natur hand i hand

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Transkript:

AVDELINGSPLAN 2016-2017 AVDELINGSPLAN 2016 2017 Lyngtua Saman får me verdas viktigaste verdiar til å vekse Osterøy kommune

LYNGTUA AVDELINGSPLAN 2015 2016 Lyngtua er ein av seks avdelingar i Lonevåg barnehage. Avdelinga har barn fødde i 2012 & 2013. Ein ring av gull. Ein riktig stor ein. Med plass til alle hender. Der ingen er størst, der ingen er minst. Der ingen er først, der ingen er sist. Vi held fast, så alle kjenner at ringen er smidd av gode venner Side 2

Barnegruppa 2016/2017 Til saman: 21 barn f. 2012: 10 barn f. 2013: 11 barn Jenter: 9 Guttar: 12 Velkomne til Lyngtua Me som jobbar på Lyngtua ønskjer at barn og foreldre skal kjenna seg trygge og velkomne kvar dag. Kvar dag har ein plan, og me prøver å variere aktivitetane slik at dagane skal bli spanande og lærerike. Personalet Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Lina Vatle Sandgren- Pedagogisk leiar 100 % x x x x x Eliane Mo - Pedagogisk leiar x x x 60 % Ann Therese Fossdal x x x x x Barne- og ungdomsarbeidar - 100 % Tone Steinsland Barne og ungdomsarbeider 100% x x x x x Side 3

Dagsrytme 07:00 Barnehagen opnar (døra er open frå 6.55) 07:30 08:30 Frukost 08:30 Frileik 09:30 Oppstart av aktivitetar 11:00 Samlingsstund og toalettbesøk/handvask 11:30 Lunsj 12:30 Frileik ute 14:30 Fruktmåltid 14:45 Frileik ute eller inne 16:30 Barnehagen stenger Vaksenrolla Kommunen sitt satsingsområde i år er vaksenrolla og tidlig innsats. Dette er eit gjennomgåande tema heile året. I tillegg deltek barnehagen i kompetansehevingsprogrammet «Være sammen», som omhandlar m.a. vaksenrolla, relasjonar og tilknyting. Me vaksne på avdelinga skal sjå barna ut frå kvart einskilde barn sine behov. Me skal ha rom for alle, og blikk for den enkelte. Ut i frå «Være saman» er målet vårt å vera autoritative vaksne. Ein autoritativ vaksen er varm og grensesettande på same tid. Me trur på at forutsigbare, trygge vaksenpersonar skapar trygge barn. Dette kan de lesa meir utfyllande om i barnehagen sin årsplan. Me ønskjer å skapa rom for glede, latter og humor i barnehagekvardagen. Dersom dei vaksne har det kjekt saman, så smittar det over på barna, og me får eit godt klima på avdelinga. Vidare ønskjer vi å gi barna god omsorg i kvardagen - ved å tilby eit fang eller ei hand å holde i til dei som treng det. Side 4

Tur Me vil vera mykje ute og læra barna om å ferdast i naturen. Her vil me gå i ulendt terreng og bli fortrulege med ulike typar underlag. Dette finn me både på dei ulike uteområda i barnehagen, og i nærområdet. Me går tur både med full barnegruppe og i mindre grupper, og me brukar aktivt nærmiljøet vårt når me er på tur. Turgåing er viktig fordi det stimulerer den grovmotoriske utviklinga til barna, samt haldningar til og kjensler rundt naturopplevingar og fysisk aktivitet to viktige verdiar me ønskjer å gi barna. Temaplan Felles tema for barnehagen dette barnehageåret: FARGAR LEIK & VENNSKAP August - desember August-september: Å bli kjent vaksne og barn Januar - juni Januar-februar: Vinteraktivitetar (aking etc) Brannvernveke v 38 September-oktober: Naturen går i dvale haust/vinter Mars: Naturen vaknar til liv, så frø Førebuing til temafest November-desember: Advent/juleførebuing April: temafest fargar Påske: påskevandring, påskeforming & påskefrukost Mai: 17.mai-feiring Juni: Sommarfest, aktivitetsdag Side 5

Vurdering/dokumentasjon - kvalitetssikring I år vil me kvalitetssikra gruppedelinga på Lyngtua Mål: - å betra relasjonane mellom vaksne og barn - å få meir tid til enkeltbarn - skapa betre vilkår for god leik mellom barna - å hjelpa og støtta barna i den sosiale utviklinga (leikekoder, samspel og relasjonar) Kva skal me vaksne gjera for å bli betre på desse områda? - Finna roen med barna, og unngå unødvendig vandring og prat med andre vaksne - Fokusera på å sjå enkeltbarnet - Støtta dei barna som treng ekstra hjelp til å læra sosiale koder og komma inn i leiken - Støtta alle barna i å skapa relasjonar til kvarandre og starta gryande vennskap Korleis skal me dokumentera kvalitetssikringa? (pedagogisk dokumentasjon) - På avdelingsmøter og personalmøter - ta bilete og henga opp i garderoben, med aktuelle utsnitt frå Rammeplanen Side 6

Leik Barnehageåret 2016/2017 har Lonevåg barnehage leik (vaksenrolla i leiken) som felles satsingsområde. Barna må få tilstrekkeleg plass og uforstyrra tid, slik at den gode og frie leiken kan utvikle seg. Ei av våre viktigaste oppgåver er å gje leiken gode vilkår. Leiken har ein verdi i seg sjølv, og er barn si reinaste og naturlegaste utrykksform. I leiken får barna bearbeida opplevingar, prøva ut ting, læra om samarbeid og kommunikasjon, turtaking, omsorg og mykje meir. Vi har fokus på små leikegrupper. Målet vårt er at alle barn treng leikekameratar og vener. Det er dei vaksne sitt ansvar å sjå til at alle barna trivest og har det godt i barnehagen, noko som heng naturleg saman med samspel og vennskap mellom barna. Uteleik er også ein viktig del av kvardagen vår, for vi er stort sett ute kvar dag, uansett vær. Vi ønskjer å gje barna gode uteopplevingar, og at dei skal nytta det terrenget som er tilgjengeleg. Måltid Vi har tre måltid på Lyngtua i løpet av dagen: frukost, lunsj og frukt. Dagens ordensbarn er aktiv i tillaging av lunsj. Elles deltar barna i tillaging av frukosten. Ved måltid har barna faste plasser og faste vaksne å forholda seg til, og kvar dag set vi ein halvtimes tid med bordet. Fokuset under måltida er at barna skal få kjenna glede og samhold til gruppa gjennom at vi gjer ein felles aktivitet. Vidare understrekast dette ved at vi prøve å skapa ei åpen og respektfull stemning rundt bordet. Vi pratar om daglegdagse tema, øver oss på turtaking, å bli gode lyttarar, halda i gang ein samtale, og læra god bordskikk. Ellers får barna finmotorisk øving gjennom m.a. påsmørjing. Gjennom å gi barna varierte og sunne opplevingar i matvegen, ønskjer me å inspirera til eit livslangt rikhaldig og balansert kosthald. Vidare oppfordrar me barna til å smaka på ukjende ting, og gjera seg kjende med nye ingredienser og matrettar. Samlingsstund Samlingsstunda er eit viktig haldepunkt i barnehagekvardagen. Då er vi samla som gruppe, og får kjenna på fellesskap og samhald. Me har både felles samling og delt samling. Fokuset er å sjå kvart enkelt barn, å lytta til andre, ta imot felles beskjedar og dela felles opplevingar. Me syng, les bok, bruker songkort, lærer oss rim og regler, og har ulike leikar. Stjernesekken, løva Simba og hjerteboksen er element som går igjen i samlingsstundene. Side 7

I samlingsstunda skal det vera rom for alle kjensler, opplevingar og meiningar i ulike uttrykksformer. Både song, dans, tull og tøys, samtalar, alvor og triste kjensler, glede, kreativitet og humor får plass i desse stundene. Grupper På Lyngtua bruker me gruppedeling fleire gongar i veka. Me deler barna inn i primærgrupper og leikegrupper. Når me deler oss i grupper har me både frileik og meir organiserte aktivitetar. Inndeling i grupper gir barna lærdom og erfaringar på mange område. Dei får mellom anna øving i sosial kompetanse, som t.d. å ta omsyn til andre sine behov. Gjennom å vera samla i mindre grupper er det lettare å stimulera til slik utvikling, då dei vaksne ser enkeltbarnet, og har gode føresetnader for å følgja opp og støtta kvart enkelt barn. Når me er delt i grupper øver me òg på å venta på tur, å lytta til beskjedar frå dei vaksne, og få kjenna på det å høyra til i ein fellesskap. Gruppedeling legg òg til rette for å utvikla leikekompetansen. Avdelinga er innreidd og tilrettelagt for at barna m.a. skal få utvikla sin leikekompetanse innan Rolleleik ( mor-far-barn (familie) butikk, osv) Konstruksjonsleik (bygging med klossar, lego, duplo osv) Fysisk leik (springa, hoppa, dansa, balansera etc) Samarbeid med heimen Vi er her for å gjera det beste for ditt barn! For at barna skal oppleva trivsel, utvikla seg positivt og ha en ein god barnehagedag, er det viktig at foreldre og personalet har ein god dialog og eit godt samarbeid. Ta kontakt om det er noko de lurer på. Me gledar oss til eit spennande barnehageår saman med ditt barn Telefonnummer til Lyngtua: 56 19 27 11 /409 12 073 Styrarkontoret: 56192700 Helsing Ann Therese, Tone, Lina og Eliane Side 8