Prosjekt Bryggen 2011



Like dokumenter
Prosjekt Bryggen - Årsplan 2011

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Prosjekt Bryggen Årsmelding 2010

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

Rutiner overtaking av private VA-anlegg til offentleg drift og vedlikehald. Fagsjef VA Stig Hagenes

NORM FOR VASSMÅLARINSTALLASJONAR Vedteken i Bystyret den i sak 093/09. Norma gjeld frå

OSTERØY VIDAREGÅANDE SKULE - VURDERING AV NYBYGG

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

D/S Stord 1 Månadsrapport - januar 2010

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

For eit tryggare Noreg. Ein del av Forsvarsbygg

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

D/S Stord 1 Månadsrapport april-mai 2011

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Forslag frå fylkesrådmannen

Brukarrettleiing E-post lesar

Døme på utforming av oppmoding om utbetaling og rapportar

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Statens vegvesen. Reguleringsplan for Fossatromma - Vøringsfossen - Fossli i Eidfjord kommune

Eksamen BYG2002 Bransjelære. Programområde: Vg2 Byggteknikk. Nynorsk/Bokmål

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

breivik sementvarer Forskalingsblokk og nopsastein frå Breivik kalkverk

Kulturhistoriske registreringar

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

FJALER KOMMUNE TILBODSGRUNNLAG FLEKKE SKULE Nytt ventilasjonsanlegg

RAULAND ØVRE NIGARD 3684 RAULAND TEKNISK TILSTANDSVURDERING NIVÅ

BRANNFØREBYGGANDE TILTAKSPLAN FOR SAGVÅG SKULE

Team Hareid Trygg Heime

Arbeidsvekebok. Museet, Ny-Ålesund Tore Storm Jortveit

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Lønnsundersøkinga for 2014

Tilskot i Prosjekt Bryggen - Framlegg til presisering av retningsliner

FIBER TIL HEIMEN. Utbygging av fiber. Her følgjer nyttig informasjon knytt til fiberutbygginga. til din bustad.

Verneverdige bygningar i kulturlandskapet

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

RAPPORT. Reguleringsplan Angedalsvegen 47 og 49, Førde ØEN EIGEDOM ROALD ØEN SWECO NORGE AS BRG AKUSTIKK VEGTRAFIKKSTØY OPPDRAGSNUMMER

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

INNKALLING TIL MØTE I SAMNANGER SOKNERÅD / SAMNANGER KYRKJESTYRE Måndag 22. april 2013 kl i kyrkja på Haga.

Kjøp og installasjon av vassmålar

KARTLEGGING AV MILJØPROBLEM I REGULERTE ELVAR I LUSTER

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Standard vedlegg til kontrakt for leige av campingtomt, for campingplasser i Norddal kommune. Side 1 av 6

Oversyn over økonomiplanperioden

RAPPORT. Røldal stavkyrkje. - Dokumentasjon av stavkyrkjeprogrammet

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

U-verdi: 0,10 / 0,16

INNEKLIMATILTAK BUDSJETTENDRING 2

Vi vil begynne med å takke SIU for at dei har gjort det mulig for oss og reise på ein slik lærerik og kjekk tur til Spania, dette er vi veldig

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

FjellVAR AS ber i notatet om at kommunestyret gjer følgjande vedtak når gebyrsatsane for 2015 skal fastsetjast:

TEIKNINGAR KVA VERT KRAVD?

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Brukarrettleiing. epolitiker

Tilskot i Prosjekt bryggen - Framlegg til justering av retningslinjer

Vintervèr i Eksingedalen

Gamlestua, Heierstad. Gbrnr.: 18 / 1. HOF kommune. Askeladden ID

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Kursdagane 2009 Feilfrie bygg

Saksframlegg. Utv.saksnr Utvalg Møtedato 45/14 Plan- miljø og ressursutvalet /14 Kommunestyret

Geoteknisk notat - befaring Joar Tistel Harald Systad Joar Tistel REV. DATO BESKRIVELSE UTARBEIDET AV KONTROLLERT AV GODKJENT AV

Forvaltningsplan for freding Gamle brannstasjon Kartreferanse 05

Geit i Vekst. Prosjektet si heimeside: Friskare geiter kurs nov. 2010

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Til deg som bur i fosterheim år

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

FINANSFORVALTNINGA I 2011

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

TEIKNINGAR KVA KREVST?

Rapport om fysisk arbeidsmiljø på Tysnes skule. November 2012

Datablad 6 Tilpassing av LOXIT byggesystem på byggeplass

Orientering Sør- Aurdalshallen

SÆRUTSKRIFT. GODKJENNING AV ENDRING AV KOMMUNEDELPLAN FOR EIKEN HEIEMARK, LANDDALEN.

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Fotodokumentasjon Forum kino Hordaland fylkeskommune 1

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Etter Eldre hus <=> stort energiforbruk? Nye hus <=> mindre energiforbruk? Kursdagane 2011

Kursdagane ved NTNU, januar Ny NS-EN Utførelse av betongkonstruksjonar FORSKALING (6A) Magne Maage Skanska Norge AS.

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Stabbursberging på Åsen Bygdemuseum

Transkript:

Prosjekt Bryggen 2011 Utført arbeid i dei delprosjekta kor Hordaland fylkeskommune fordelar tilskota PB-100 Istandsetting PB-102 / PB-103 Holmedalsgården, bygning 8a og 8b Delprosjekt byrja: 2004 Delprosjekt planlagt avslutta: 2012 Eigar og tiltakshavar: Stiftelsen Bryggen PB-102.1 og PB-103.1, bygning 8a: Tilbakeføring av empirevindauge i fasaden, med ein førindustriell produksjonsteknikk. Arbeidet med vindauga blei starta opp på slutten av 2010 og fullført i siste halvdel av 2011. Det meste av reparasjonsarbeida av tømmerkassen i 1. etasje var ferdig i 2010. Det stod att å avslutte bakveggen i rom 1.02 og 1.03 inkl. dei øvste omfara av tverrveggar. Likeeins blei laftekassa reparert i første etasje mot gata. Ute i svalgangen i første etasje blei bolverket kappa til i forhold til den utvendige stolperekka. Heile bunnsvillen under den utvendige stolperekka blei fornya som firhogd boks. Stolpene blei skjøtt ned på bunnsvillen. Utvendig kledning blei reparert i de nedre bordgangar. 1. september kunne bygningen endeleg settast ned på plattingen av grov plank på bolverket. For å spare tid var reparasjonane av laftekassen i første etasje utført nedanifrå og opp og ikkje frå oppunder gammalt laft og nedover. Overalt i møte mellom nytt og gammalt laft var det ein glipe på nøyaktig 13 cm. Den bevarte delen av laftekassen blei senka ned på dei nye delane. I september blei det oppdaga at alle tverrbjelkane for golva i kontora i andre etasje var knekt tvers av, der dei passerte den lafta ytterveggen mot passasjen. Dette medførte ein ganske omfattande uførutsett reparasjon av heile tverrbjelkelaget, eit arbeid som haldt fram inn i 2012. På slutten av året byrja førebuingane til reparasjon av dei lafta veggane og loftsbjelkane, mot dråpefallet, i dei bakre delane av andre etasje. Brannsikring I 2011 blei sprinklarleidningen mellombels lagt om i Holmedalsgården for å kunne fullføre reparasjon av lafteveggar i første etasje. Vidare blei tre konsulentfirma invitert til å lage anbod på prosjektering av nytt sprinklaranlegg som skal installerast i dei ferdig restaurerte bygningane. BT brannteknikk A/S ved Jan Haraldseth vant anbodskonkurransen, og starta prosjektering av nytt sprinklaranlegg. PB-102.2, bygning 8b: I 2011 byrja arbeidet med å tilbakeføre det innvendig ståande faspanelet på veggar og i himling. I dei bakre romma i første etasje i 8a og b var det støypt opp ein brystning på om lag ein meter i armert betong langs alle veggar. Etter at desse var reve var det naturleg å fortsette faspanelet ned over det opne feltet etter den tidlegare betongbrystningen, men med ein overgangslist mellom nytt og gammalt 1

panel. Svalen blei avdelt til gang/lager og et personaltoalett, med isolasjon og panel. Dette arbeidet blei påbyrja hausten 2011. PB-104 / PB-105 Svensgården, bygning 4a-d og 5a-c Delprosjekt byrja: 2006 Delprosjekt planlagt avslutta: Ikkje avklart Eigar og tiltakshavar: Vats AS, som del av Olav Thon Gruppen AS Prosjekterande: Elin Thorsnes Arkitektkontor Utførande: Laft og Bygg AS PB-104.2 og PB-105.2, bygning 4b Ved årsskiftet 2010/2011 var nytt bolverk og plankegolv på plass og opplaftinga var i full gong. I 2011 er blant anna følgjande arbeid utført: Gjenopplafting av rom 4B101 med gjenbruk av så mye gammal laft som mogeleg. Samankoplinga av laft i etasjeskiljet 4B101 og 4B201blei særs tidkrevjande på grunna av "opp-ned"-lafting, skeivhetar og vanskeleg tilkomst. I vegg V4 mot passasjen er gammal døropning med beitskier etablert tilbake. Mot dråpefallet til Enhjørningsgården og i glipen mot bygning 4c er rom 4B101 utvendig trekktetta og brannsikra. Bygningen blei senka ned på det nye fundamentet hausten 2011. Bjelkelaget og diverse eldre påforingar er justert og dei gamle golvborda er remontert i rom 4B201, supplert med nokre få kopierte nye bord, festa med smidd spiker. Vindaugsreparasjonar / rekonstruksjonar i rom 4B401 og 4B402 Utvendige arbeider på gavlvegg mot bygning 4c blei sett i sett i gong. PB-104.3 og PB-105.3. Bygning 4c Blant anna er følgjande arbeid utført i 2011: Ferdigstilling av to rekonstruerte krysspostvindauge i ytterveggen i rom 4C201. Påbegynt reparasjon av to gamle vindauge til same rom. Tillaging av profilert listing, inklusive sliping av høvelstål til ny profilert listing til innside og utside av nye vindauge. Tillaging av enkelfalsa sletthøvla ytterkledning til utside vegg V4, rom 4C201. Ferdigstilling inklusive maling av ytterkledningen. Utvendig isolering og kledning samt montering av vindauge og altanrekkverk. Ferdigstilling av sinktekt "altan" utanfor rom 4C201. PB-104.4 og PB-105.4. Bygning 4d Ved årsskiftet 2009/2010 var konstruksjonane i bygning 4d ferdig restaurert og delvis fornya. Blant anna er følgjande utført i 2011: Romma i første etasje er tømt og dei originale golvplankane er reparert og remontert, supplert med noko ny plank. På de reparerte golva er det lagt varegolv. Det står framleis att ein del arbeid med detaljar. PB-104.6 og PB-105.6. Bygning 5b Blant anna er følgjande arbeid utført i 2011: Ferdigstilling av dokumentasjon og utgraving av grunnen under bygningen, ned til ca. kote +100 / +105 cm NN54. Montering av jekkerigg av same type som i 4b. Stabilisering av bygningen på jekkeriggen. Fjerning av ròten laft i botn av lafteveggar og restar av bolverk under lafteveggane. 2

Gjenoppbygging av fundament med to lag bolverk, delvis gjenbruk frå fjerna 1 ein og delvis nytt salta bolverk levert frå Hordatre via Stiftelsen Bryggen. Deretter eitt lag ikkje salta levert frå Hordatre. Never mellom lag 1 og 2. Fiberduk mot gamle massar. Litt avretting med grus under og mellom bolverket, lag 3. Ny kotehøgde for topp nytt golvbjelkelag 1 er kote +155cm NN54. Tørrmura steinsetting under posisjon lafteveggar, som før. Heving og noko justering av bygningens skeivhetar. Reparasjon og fornying av fleire omfar ròten laft i botn alle veggar i rom 5B101 og 102. Takkonstruksjonane er senka nedpå reparert laft i tredje etasje. Senking av den reparerte laftebygningen ned på nytt fundament. Mye gjenstår før 5B er ferdig sett i stand "uansett bruk". PB-106 / PB-107 Bellgården, bygning 7d Delprosjekt byrja: 2011 Delprosjekt planlagt avslutta: 2013 Eigar og tiltakshavar: Bellgården AS Prosjekterande: Gamle3Hus AS Utførande: Laft og Bygg AS PB-106 og PB-107, bygning 7d Hovuddelen av arbeidet fram godt ut på hausten var prosjektering, planlegging og dokumentasjon. I august byrja arbeida med å tømme lokala. Alle moderne installasjonar blei fjerna. Fotodokumentasjon for verktøysporing og detaljfotografering. Anna fotodokumentasjon for produksjon av 3D-bilete og videoillustrasjon. Oppmåling og oppteikning av bygget føregjekk heile hausten, inklusive merking av bygningsdelar for nedplukking og merking av skadde bygningsdelar som skal skiftast ut. Det er utført omfattande stillasarbeid. Rassikring for snø og is og renner for å unngå skade og overbelastning på nabobygningar. Det er montert traverskran i byggeteltet for å kunne gjennomføre arbeidet på en forsvarlig måte. Heile bygningen blei dekka inn med plast og tak over tak. Sikring av gammalt sprinkelanlegg med hovudføringar i dråpefall. I tillegg er naudsynt arbeid utført for å beskytte nabobygg og å avstenge byggeplassen. Det blei utført ein god del arbeid med å klargjøre reparasjonslokala på Fammestad. PB-200 Sikring og prosjektering PB-203 Fellessløyser i fronten Arbeidet blei utført vinteren 2011 Eigarar: Fleire eigarar Tiltakshavar: Stiftelsen Bryggen Utførande: Øyvind Grindeland og Carlsen på taket AS 3

Dei årlege kontrollane av taka på Bryggen viste at mest alle sløysene mellom frambygningane har fall bakover, fordi frontgavlane sig langsammare enn dei bakre delane av frontbygningane. Vatnet stod difor bakover i sløysene slik at det blei lekkasjar i dråpefalla. Det er utført utbetring av sløysene mellom 1-2a og 1a, mellom 1-2a og 2a, og mellom 2a 3a. Når det gjeld sløysene frontbygningane i Svensgården og nabobygga, samt frontbygningane i Holmedalsgården og nabobygg, blir desse inkludert som ein del av dei pågåande istandsettingsprosjekta. PB-205 Felles brannsikring; Gradvis fornying av sprinklaranlegget Arbeidet blei utført i 2010 og 2011 Eigarar: Alle eigarane på Bryggen Ansvarleg: Stiftelsen Bryggen og Bryggen Private Gårdeierforening Delprosjektet blei starta i 2010. Det er i 2011 arbeidd med digitalisering av noverande sprinklaranlegg på teikningar. Enkle plate/skivemodellar er bygd opp i Archicad med standardiserte etasjar. Rørføringar og sprinklarhovud er registrert og teikna inn. Det vil bli sett saman ein modell med heile Bryggen, med offentleg vassleidning og inntak til private ventilar, men dette arbeidet må avventast til kvar einskild gardrekke er heilt ferdig. Det er arbeidd med å sette saman modellar etter ventilar framføre gardrekker. Her er ventil i Bugården og Bredsgården ferdig. Planen er at oppdateringar leggast inn i den digitale modellen etter kvart som framtidige endringar blir gjennomført. I tillegg er det produsert: Oversiktskart heile Bryggen - Kartlegging av offentleg vassleidning og inntak til Bryggen, dimensjonar og plassering. Oversiktskart brannsikring heile Bryggen - Inneheld plassering av ventilar og dekningsgrad av desse, brannsentralar, BB-safer, brannhydrantar, oversiktstablå, oversikt over bygningars grad av sprinkling. Oversiktskart heile Bryggen - omtrentleg tidfesting av alder på sprinklaranlegget i dei einskilde bygningane. BT Brannteknikk ved Jan Haraldseth blei engasjert for å gi faglege råd til korleis ein bør gå fram for å få til ei systematisk fornying av sprinklaranlegget. PB-208.2 Sikring av bygning 1c, nordre Bredsgården Arbeidet blei utført i 2011 Eigar og tiltakshavar: Stiftelsen Bryggen og Knut Paulsen AS I 2010 byrja tiltakshavar eit forprosjekt for oppjekking av skeivsetningar i nordre Bredsgården og Bugården. Registreringar synte at skeivsettingane var særleg store i bygning 1c. Sikringstiltaket var å mellombels avstemple bygningen med utvendige skråstrevarar i stål. Arbeidet starta med at betong på golv og vegger i første etasje måtte fjernast. Då blei om lag 85 tonn murstein og betong kjørt bort. Så kom gammalt golv og veggar til syne som til dels var fullstendig øydelagde. 4

Betongen hadde vore med å bere bygningen, og det var naudsynt å montere nye søyler og veggforsterkingar. Ein langsgåande dragar på nordveggen overførar vekta av fasaden til stålsøylene, som står på ein betongdragar nede i bakken. Arbeidet med å fjerne betongen blei utført av entreprenør Knut Paulsen A/S, medan tømmerarbeida er utført av Stiftelsen Bryggen. For å kunne legge nye mellombelse golv var det naudsynt å fjerne delar av bolverket i det austlegaste rommet. Her var bolverket totalt øydelagt, og mykje av den synlege skeivsettinga skyldast at laftebygningen har sege gjennom det rotna bolverket. Bolverket er dokumentert og ein mindre utgraving av rommet blei gjennomført i samarbeid med NIKU. I samband med dette arbeidet blei det avdekka eit steinsett golv og ein tverrgåande, smal mur av steinhellar. Nye provisoriske golv er lagt, med kryssfiner oppå. På nokre av veggene er dei skadde lafteveggane kledt med kryssfiner som mellombelse overflatar. Tiltakshavar meiner at bygningen vil vere sikra dei næraste fem til ti åra. PB-209.1 Forprosjekt bygning 2a, Bredsgården Arbeid i 2010 og 2011 Eigar og tiltakshavar: Stiftelsen Bryggen Det blei i 2010 gitt tilsegn om tilskot til utarbeiding av eit forprosjekt for istandsetting. Forprosjektet blei innlevert hausten 2011. Det er naudsynt med nærare undersøkingar av fundamenteringa for bygningen og for nabobygningen 1-2a, då ein antek at bygningane har samanbygd bolverk. PB-209.2 Forprosjekt bygning 2d, Bredsgården Arbeid i 2010 og 2011 Eigar: Margrethe Storheim Tiltakshavar: Stiftelsen Bryggen og Jan Lohne Arkitekter Det blei i 2010 gitt tilsegn om tilskot til utarbeiding av eit forprosjekt for istandsetting av bygningen. Forprosjektet er ikkje ferdigstilt, og tilskotet er overført til 2012. PB-2010 Sikring av bygning 8e, Holmedalsgården Arbeidet utført vinteren 2010/ 2011 Eigar: Holmedalsgården AS ved Hans Hag Tiltakshavar: Holmedalsgården AS Veggen mot nord, mot dråpefallet til Bellgården, har i alle år stått utan bordkledning. Dette har ført til råte i lafteveggen på grunn av sprut frå tak på nabobygningen og rekn direkte på veggen. For å hindre ytterligare utvikling av rote i veggen, samstundes som inneklimaet og kunne forbetrast, isolerte ein veggen med papp, 10 cm mineralull, nytt papplag og utvendig ny kledning. Fylkeskommunen har vurdert arbeidet som dels sikring og dels vedlikehald, og har difor berekna høgare eigendel for eigar. 5

PB-2011 Sikring av bygning 3a og 3c, Enhjørningsgården Arbeidet byrja hausten 2011 Eigar: Enhjørningsgården Tiltakshavar: Thongård AS (som leigetakar) Ansvarleg søker og RIB: Konstruksjonsteknikk AS Utførande: Laft & Bygg AS PB-2011.1, bygning 3a Det blei i 2007 gjort sikringsarbeid i andre etasje i veggen mot dråpefallet / Svensgården. I 2011 blei det gitt tilskot til å fullføre påbyrja sikringsarbeid og å utføre ytterlegare forsterkingar. Mesteparten av arbeidet vil gjerast i 2012. PB-2011.2, bygning 3c Det er registrert lokale skader på bygning 3c som dei ein førebels ikkje finn klare årsakssamanhengar til. Tiltak for bygningen skal diskuterast nærare, og vil bli satt til utføring våren 2012. PB-500 Fellesoppgåver PB-501 Driftsoppgåver Utførande: Stiftelsen Bryggen Stiftelsen Bryggen utførte fellesoppgåver og tenester for alle eigarane på verdsarvstaden Bryggen, til dømes vakthald, taksjekk og brannsikringsarbeid. PB-502 Materialbank Utførande: Stiftelsen Bryggen Materialbanken er lokalisert i og utanfor eit moderne uisolert lagerbygg på Kokstad, og er oppretta som et fjernlager for dei store materialmengdene som i periodar trengst til istandsettingsarbeida på Bryggen. Her føregår òg saltimpregnering av materialar. Leveransane har så langt hovudsakeleg vært til istandsettinga i Holmedalsgården. Det kan hentast ut ein del laftestokkar, bolverk og rundstokkar til istandsettingane i Svensgården og Bellgården. PB-505 Tilstandsvurdering Utføring: Vinteren 2011 / 2012 Utførande: Bygningsverntenesta, HFK 13 bygningar blei påbyrja tilstandsregistrert hausten 2011. Dette gjeld bygningar som er tidlegare sett i stand, og som ein ikkje reknar med vil inngå i Prosjekt Bryggen. I 2012 vil ein gjere nærare vurderingar av resultata frå tilstandsregistreringa i perioden 2010 (39 bygningar) 2012/2012 (13 bygningar). 6

Tabell 1: Tilskot og forbruk i 2011 Forbruk 2011 eks PB 100 Istandsetting Tilskot 2011 eigendel PB-102 Holmedalsgården, bygn 8a og 8b 5 596 000 5 596 000 5 325 255 PB-103 Brannsikring ism istandsetting 372 000 372 000 121 360 Delsum 5 968 000 5 968 000 5 446 615 PB-104 Svensgården, bygn 4a-d og 5a-c 6 640 000 6 640 000 5 040 998 PB-105 Brannsikring ism istandsetting 114 600 114 600 289 800 Delsum 6 754 600 6 754 600 5 330 798 PB-106 Bellgården, bygning 7d 2 940 700 2 940 700 3 658 630 PB-107 Brannsikring ism istandsetting 260 000 260 000 81 194 Delsum 3 200 700 3 200 700 3 739 824 Totalt 15 923 300 0 15 923 300 14 517 237 PB 200 Sikring og prosjektering Tilskot 2011 Øyremerka, ikkje utbet. tilskot 2010 Disponibelt totalt Forbruk 2010 / 2011 eks eigendel PB-203 Fellessløyser i fronten 0 120 000 120 000 68 309 PB-205 Gradvis fornying av sprinklaranlegget 155 000 350 000 505 000 441 930 PB-207 Sikring bygningar, ubrukt 88 88 0 PB-208.2 Sikring bygning 1c, nordre Bredsgården 1 574 000 1 574 000 1 681 528 PB-209.1 Forprosjekt bygning 2a, Bredsgården 0 250 000 250 000 329 281 PB-209.2 Forprosjekt bygning 2d, Bredsgården 0 250 000 250 000 209 144 PB-210 Sikring bygning 8e, Holmedalsgården 0 158 000 158 000 195 056 PB-211 Sikring bygning 3a og 3c, Enhjørningsgården 304 000 304 000 125 424 Totalt 2 033 088 1 128 000 3 161 088 3 050 672 PB 500 Fellesoppgåver Tilskot 2011 Øyremerka, ikkje utbet. tilskot 2010 Diponibelt totalt Forbruk 2010 / 2011 eks eigendel PB-501 Driftsoppgåver 300 000 300 000 706 264 PB-502 Materialbank 76 000 480 000 556 000 127 718 PB-505 Tilstandsvurdering 0 408 885 408 885 209 451 Totalt 376 000 888 885 1 264 885 1 043 433 PB 800 Administrasjon Budsjett 2011 Forbruk 2011 Totalt 750 000 0 750 000 677 611 SUM 19 082 388 2 016 885 21 099 273 19 288 953 Midlar i Prosjekt Bryggen 2011 som blei administrert eller fordelt av Riksantikvaren I 2011 var totalt kr. 7.922.000,- av Prosjekt Bryggens samla budsjett hovudpostar eller delprosjekt som Riksantikvaren administrerte: PB-300 Grunn og miljøovervaking grunn, PB-400 Kunnskapsinnhenting og overvaking av bygningar, PB-503 Dokumentasjons- og rapporteringsstandard, PB-504 Arkiv, PB- 506 Fargeundersøkingar, PB-700 Formidling og publisering og PB-805 Diverse. I tillegg kom kr. 45.000.000,- til grunnvassrestaurering. 7