Notat Til: Kopi: Kommunestyret Frå: Ordførar Arkivkode Arkivsaknr. Løpenr. Dato MOT 033 17/551-3 2652/17 14.02.2017 Svar - Interpellasjon møte i Kommunestyret den 16.02.2017 Før eg svarer på spørsmåla vil eg vise til at fleire av spørsmåla har Høgre sendt over til Kontrollutvalet, og Kontrollutvalet har i fleire møte hatt ein grundig gjennomgang av gjennomføringa av ny almen taksering i 2015 og 2016. Kontrollutvalet sitt underlag og vurderingar ligg som saksdokument på kommunen si nettside (http://www.sogndal.kommune.no/offentlig-mote-kontrollutvalet-13-06- 2016.391476.nn.html?mid=502.454bad5f1a). 1. Lovlegheitskontroll. Er det utført ein lovlegheitskontroll av arbeidet i høve takst til eigedomsskatt av eigedommar i Sogndal kommune frå 2005-2016? Om ikkje, ber me om at dette vert gjort. Dersom det er utført ber me om eit avklarande svar av lovlegheitskontrollen. I kommunelova 59 heiter det mellom anna: «Tre eller flere medlemmer av kommunestyret eller fylkestinget kan sammen bringe avgjørelser truffet av folkevalgt organ eller den kommunale eller fylkeskommunale administrasjon inn for departementet til kontroll av avgjørelsens lovlighet. Krav om lovlighetskontroll framsettes for det organ som har truffet den aktuelle avgjørelse. Hvis dette opprettholder avgjørelsen, oversendes saken til departementet. Krav om lovlighetskontroll medfører ikke at iverksettelsen av den påklagede avgjørelsen utsettes med mindre det organ som har truffet avgjørelsen, kommunalt eller fylkeskommunalt organ overordnet dette eller departementet fatter slikt vedtak. Departementet kan på eget initiativ ta en avgjørelse opp til lovlighetskontroll.» I saka om eigedomsskatt har kommunestyret gjort vedtak om at det skal vera eigedomsskatt i heile kommunen og at det skulle gjennomførast ny almen taksering i 2016, sakkunnig nemnd har gjort vedtak om takstar på alle eigedomane som får takst fastsett av nemnda, formannskapet har gjort vedtak om ikkje å klage på takstane og klagenemnda for eigedomsskatt har handsama klager frå skatteytar. Det er fylkesmannen som gjennomfører lovlegkontroll. Fylkesmannen har ikkje på eige initiativ gjennomført lovlegkontroll av nokon av desse vedtaka. Det er heller ikkje tre eller fleire medlemmar av kommunestyret som har bedt om lovlegkontroll av nokre av desse vedtaka. Side 1 av 5
2. Overgang frå «gamal» til ny nemnd. Kvifor vart ikkje arbeidet vidareført frå gamle til nye nemnder slik det skal etter valet? Arbeidet med innkjøp av takseringsteneste vart starta våren/sommaren 2015 og arbeidet starta opp før valet av ny takseringsnemnd. I november 2015 vart det vald ny nemnd. Det burde vore ein kompetanseoverføring mellom gamal og ny nemnd, men det skjedde ikkje. Korkje eg som ordførar, eigedomsskattekontoret eller leiar av ny eller gamal nemnd tok initiativ til det. 3. Anbod a. Kvifor er ingeniørtenester sett som hovudpunkt i utlysinga når andre kommunar har fokusert på takstkompetanse i sine anbod? b. Kven utforma anbudet? Dersom administrasjonen gjorde dette, vart det gjort kjendt og/eller godkjendt av sakkunig takstnemnd? evt. kvifor ikkje? c. Kven bestillte taksten?, og var S.T.E. (Sakkunnig takstnemd eigedomsskatt) teken med i anbodsutlegginga for taksering/verdsetting? d. Kva vart gjort for kvalitetssikring av kompetanse i takseringselskapet?, m.a. medlem av Norsk Takseringsforbund?, var dei godkjendt for landbrukstaksering? a Utlysninga med kravspesifikasjon er utforma på ein slik måte at den når den målgruppa føretak som kan utføre takseringsoppdrag. Det er primært takseringskompetanse som er etterspurd i kravspesifikasjonen til kommunen, ikkje ingeniørkompetanse. Sidan takseringa også omfattar næring og verk og bruk, der produksjonsmiddel kan inngå, kan ingeniørkompetanse vera ein tilleggskompetanse i takseringarbeidet. Men det var ikkje eit vilkår at firma skulle ha ingeniørkompetanse, berre eit vilkår at dei skulle ha takseringskompetanse. b og c Anbodet vart utforma av eigedomsskattekontoret i samsvar med dei vedteken for eigedomstaksering som var gjeldane i kommunen då. Desse vedtaka stilte ikkje krav om at eigedomsskattekontoret skulle få anbodet godkjent i nemnda. Leiar i sakkunnig nemnd vart likevel kalla inn for å gjennomgå konkurransegrunnlaget og kravsspesifikasjonen før dette vart sendt ut og hadde eit møte med kommunalsjef Inger Pedersen om dette 27. mai 2015. Dette er i samsvar med kravet i ny vedtekter for eigedomsskatt. d Kvalitetssikringa av kompetansen i takseringsselskapet blei gjort gjennom innsendt dokumentasjon frå selskapet etter krav i kravspesifikasjon, og innhenting av referansar. Det var i anbodet ikkje satt særskilt krav om kompetanse knytt til landbrukstaksering. Verditakst AS hadde slik spisskompetanse i staben sin. Side 2 av 5
4. Kommunikasjon mellom S.T.E, administrasjon og Verditakst AS. a. Var S.T.E. med å godta snitt input kr 20.000,-m2 på bueiningar i Sogndalkommune? b. Hadde sakkunnig takstnemnd og klagenemnd i forkant av arbeidet til Verditakst AS einast om retningslinjene og prinsipp for taksering? c. Eller vart dette godkjendt mellom Verditakst AS og administrasjonen utan S.T.E. sin medvirkning? d. Hadde dei to nemndene einast om retningslinjene og prinsipp som sikrar at verdiane blir sett i høve til eigedomsskattelova 8A-2? Leiarane i Sakkunnig nemnd og Klagenemnd blei i møte 6. januar 2016 presentert metoden som skulle nyttast av Verditakst AS ved taksering. Denne presentasjonen inneheld også sjablongverdiar pr. m2 for bustadareal. Etter møtet 6. januar 2016 sende administrasjonen ut informasjon om metodikk og prinsipp til alle nemndsmedlemmane. Her var det berre leiar av sakkunnig nemnd som melde tilbake at han ikkje hadde merknader til at dette vert lagd til grunn for det vidare arbeidet. Verditakst AS har i samband med Kontrollutvalet si vurdering av saka opplyst at dei oppfatta dette møtet som ei godkjenning av retningslinje og ramme. Nemnda eller nemnda oppfatta nok ikkje at dei godkjente ramme og retningslinjer før takseringsarbeidet vart gjennomførd. I februar 2016 vart det gjennomførd fleire møter med Sakkunnig nemnd der dei blei førelagt og godkjente takstane som vart nytta ved takseringa. Eigedomsskattekontoret gjorde ingen godkjenning av retningslinjer og prinsipp. I brev til Kontrollutvalet skriv rådmann følgjande om dette: «Som følgje av at manglande deltaking på møtet 6.1, sende ESK ut ein e-post til alle medlemmane av nemndene den 7.1.2016 med den gjennomgangen av metode som Verditakst as. la opp til å nytte i takseringarbeidet, og eksempel på takseringar ved den tilrådde metoden. I e-posten vart det bedt om tilbakemelding frå medlemmane av nemndene der det vart peika på at: «Det er difor viktig med tilbakemelding på ting som er uklart og/eller ev. spørsmål knytt til takst slik at nemndene får eit «eigar-tilhøve» til prinsipp og metode som vert nytta.» Leiar i sakkunnig nemnd var den einaste som melde tilbake på e-posten av 7.1. der han svarer at «Eg har gått gjennom mottekne skriv og har ikkje spesielle merknader til at dette vert lagt til grunn for et vidare arbeidet. Eg vil likevel forbehalda meg retten til å vurdera sakene etter kvart som dei kjem meg i hende.» I ettertid er det min vurdering at det burde blitt kalla inn til eit nytt møte grunna manglande deltaking i møtet 6. januar, der sakkunnig nemnd handsama metode for taksering.» Side 3 av 5
5. Dokumentasjon a. Det var eit møte 6.januar. kven kalla inn og kven vart innkalla? Var verditakst AS informert om kven som skulle ha vert innkalla? b. Dersom det var gjort feil her. Kvifor vart det ikkje retta opp i? c. Me er blitt opplyst at det finst ikkje protokoll fra møtet den 6. januar då det ikkje var gjort vedtak i dette møte, men at rådmann sendte ut ein e-post til nemnda i etterkant av møte. d. Når rådmann er tydleg på at det ikkje vart gjort vedtak i dette møte, kvifor handsama han denne e-posten som om den var eit vedtak, og utan S.T.E. sitt samtykkje? e. Er det vanleg at det ikkje føreligg ikkje møteprotokollar frå av møta i S.T.E. i tida før denne mangelen vart påpeikt? a Administrasjonen kalla inn til møtet mellom nemndene og Verditakst AS, 6. januar 2016, og Verditakst vart informert om kven som skulle vore innkalla til møte. b På grunn av ein svikt i e-postkorrespondansen nådde invitasjonen berre leiarane i nemndene. Administrasjonen sende difor 7. januar 2016 alle nemndsmedlemma naudsynt informasjon om metode og prinsipp presentert i møtet 6. januar 2016 utan innspel eller kommentar frå nemndsmedlemma i etterkant. Leiar i nemnda stadfesta skriftleg at han ikkje hadde merknader til metode og prinsipp. c Det er rett at det ikkje ligg føre protokoll frå møtet 6. januar. d Det er sakkunnig nemnd som vedtek retningslinje og ramme. Verditakst AS har i samband med Kontrollutvalet si vurdering av saka opplyst at dei oppfatta møtet 6. januar som ei godkjenning av retningslinje og ramme. e Vedtaka i sakkunnig nemnd har tidlegare i stor grad vore gjort ved at nemnda sine medlemmar skriv under på dei vedtekne takstane. Det har i varierande grad blitt førd protokollar slik vi kjenner dette frå politiske møte. Side 4 av 5
6. Politikarane Er det noko politikarane kunne ha gjort betre i denne saka? Eg svarer på 6 og 7 samla. 7. Unnskyld Er ordførar og administrasjonen einig i at heile denne saka om eigedomsskatt kom særs uheldig ut og at Sogndal kommune representert ved ordførar og rådmann, skuldar innbyggarane våre ei unnskyldning for å ha påført dei unødvendig irritasjon og ekstraarbeid? Det store engasjementet i saka trur eg har fleire årsaker. Sterk auke i takstane generelt, døme på at nokre takstar hadde fått svært sterk auke og som måtte vera feil takst og prosessane ved overgangen frå gamal til ny sakkunnig nemnd. I ettertid ser eg at me kunne handtert dette på ein betre måte. Det er mange læringspunkt i det me gjorde. All uroen har ført til meirbelastning på mange. I ettertid ser eg at det er fleire tinga å forbetre, og det har me gjort. Vedtektene våre er oppdaterte, og sakkunnig nemnda av vedteke korrigerte retningslinjer og rammer. Vi har betra informasjonen eigedomsskatt på nettsida vår til innbyggarane. Vi kom i ein situasjon der mange av innbyggarane følte sinne og frustrasjon, og prosessen ved takseringa var på nokre punkt mangelfull. Det beklagar eg på det sterkast. I ettertid er det gjort tiltak og forbetringar for å syte for betre rutinar, slik at vi i framtida unngår å kome i liknande situasjonar. Side 5 av 5