<F> Postboks 83 5418 Fitjar STATENS VEGVESEN Askedalen 4 6863 LEIKANGER Høyring - framlegg til plan for E39 Stord-Os Vedlagt følgjer eit brev frå. sender posten digitalt. Posten blir distribuert til innbyggjaren sin digitale postkasse hjå Digipost eller eboks, eller til Altinn. Mottakaren får varsel via sms og e-post om at dokumentet kan lesast i den valde postkassen eller i Altinn. Innbyggjarar blir oppmoda om å oppretta ein digital postkasse. Dette kan gjerast på nettstaden www.norge.no. Verksemder og organisasjonar kan lesa dokumentet elektronisk i «Min meldingsboks» i Altinn via rollen «Kommunale tjenester». Varsel blir sendt via sms til registrert mobilnummer eller til registrert e- postadresse. Dokument som ikkje er opna i Altinn innan to verkedagar etter at det er tilgjengelig i meldingsboksen, blir skrive ut og sendt via Posten. For meir informasjon på nett, sjå www.fitjar.kommune.no/digitalpostkasse Dersom du har spørsmål kan du senda e-post til fitjar@fitjar.kommune.no eller ringja til 53 45 85 00. Med helsing
<F> STATENS VEGVESEN Askedalen 4 6863 LEIKANGER Dykkar ref: Vår ref: Sakshandsamar: Arkivkode: Dato: E39 Stord-Os 2015/497 Andreas Moe Larsen L13 12.01.2017 Høyring - framlegg til plan for E39 Stord-Os _ styre vedtok 21.12.2016 å senda følgjande høyringsuttale til framlegg til plan for E39 Stord-Os: går inn for ferjefri E39 over Os, Reksteren, Tysnes og Stordøya som skissert i saka. E39 Stord-Os er eit svært viktig regionalt og nasjonalt prosjekt med positiv samfunnsøkonomisk nytte. Ferjefri veg mellom Bergen og Stavanger vil knyta regionane saman og auka konkurransekrafta til næringslivet. E39 Rogfast kjem til å knyta Stavangerregionen saman med Haugesundsregionen, men full utnytting av dette prosjektet får ein fyrst når heile vegen til Bergen er ferjefri. meiner at prosjektet må framskundast med byggjestart i fyrste del av fyrstkomande nasjonal transportplan. støttar Statens vegvesen sin tilråding av alternativ B. Alternativet gjev best samfunnsøkonomisk nytte, samstundes som det legg til rette for ei stegvis utbygging. Ved i fyrste omgang å byggja frå Mehammar i sør, vil ein redusera kostnadane og gjera det enklare å realisera prosjektet. sin lokale nytte av prosjektet er i tillegg størst ved dette alternativet. utbetra i eit seinare byggjesteg, med kryss på Mehammar. Kommunedelplanen er gjennomført som statleg regulering. meiner staten òg bør stå for detaljreguleringa av prosjektet, men ber om at det i så stor grad som mogleg vert teke omsyn til lokale partar som blir råka av prosjektet. Med helsing Andreas Moe Larsen assisterande rådmann Dette dokumentet er elektronisk godkjent og sendt utan signatur Postboks 83, 5418 FITJAR E-post: fitjar@fitjar.kommune.no Rådmannen Telefon: 53 45 85 00 Org.nr. 944 073 310 Direktetlf. 53458511
Side 2 av 2 Vedlegg: 1 Særutskrift Høyring - framlegg til plan for E39 Stord-Os
<F> Arkivkode: L13 Saksmappe: 2015/497 Sakshandsamar: Andreas Moe Larsen Dato: 01.12.2016 MØTEBOK Høyring - framlegg til plan for E39 Stord-Os Utval sak Utval Møtedato 100/16 Formannskapet 07.12.2016 77/16 Kommunestyret 21.12.2016 Vedlegg 1 Statlig kommunedelplan for E39 Stord-Os - Høring og offentlig ettersyn av planforslag Bakgrunn: Kommunal- og moderniseringsdepartementet bestemte 22.11.2016 at planforslaget for statleg kommunedelplan for strekninga Stord-Os skulle leggjast ut til offentleg ettersyn og sendast på høyring. fekk dagen etter melding frå Statens vegvesen om høyringa, som har frist 20.01.2017. Alle dokument i saka kan lesast her: www.vegvesen.no/europaveg/e39stordos. Planområdet går frå Ådland i Stord kommune i sør til Svegatjørn i Os kommune i nord. Det er i praksis to alternativ som står att, alternativ B med kryssing over Langenuen frå Raunholm og alternativ F med kryssing frå Jektevik. Statens vegvesen tilrår at ein vel alternativ B. Alternativet inkluderer ein tunnel på ca. 3 km på det bratte og rasutsette partiet nord for Mehammar. På Mehammar er det lagt inn eit kryss for å gi god tilknyting til E39 mot Fitjar. Brua over Langenuen kryssar frå Raunholm til Nese, og total brulengde er 1 910 m. Bruspennet er på 1 235 m. Seglingshøgda er 75 m i 400 m breidde. Ei full utbygging med endeforankra flytebru over Bjørnafjorden, er kostnadsrekna til 43 mrd. kroner. Alternativ F peikar seg ut som det mest aktuelle alternativet til tilrådinga. Frå Agdestein ligg vegen i dette alternativet i tunnel fram til brufestet på Jektevik der brua går over Langenuen til Hodnanes. Brua har ei total lengde på 1 720 m og eit bruspenn på 1 220 m. For dei ikkje-prissette konsekvensane er det gjort ei særskilt utgreiing mellom alternativ B og F. Samla sett meiner Statens vegvesen at alternativ B er heilt marginalt betre enn alternativ F når ein ser alle deltema under eit. Med så liten skilnad vil avbøtande tiltak vera avgjerande for dei ikkje-prissette konsekvensane. Deltema ikkje-prissette konsekvensar: - Sjølv om begge alternativa har store landskapsmessige utfordringar, vurderer Statens vegvesen at alternativ F er betre enn alternativ B for landskapsbilete. - Når det gjeld nærmiljø og friluftsliv blir alternativ B samla sett vurdert som best. - Det er liten skilnad mellom alternativa for naturmangfald. - Sjølv om begge alternativa har utfordringar i høve til dei kulturmiljøa som vert råka, er alternativ B å rekne som betre enn alternativ F. - Samla sett blir alternativ B rekna som betre enn alternativ F innan naturressursar, men avbøtande tiltak i Flatråkervatnet vil gjera skilnaden mindre
Begge alternativa har bru over Bårdsundet. I kommunedelplanen legg Statens vegvesen til grunn endeforankra flytebru (K7) over Bjørnafjorden i kostnadsutrekningane, utan å ha endeleg teke stilling til brukonsept. Investeringskostandane er ulike for dei ulike alternativa, og varierar i tillegg betydeleg med ulike brukonsept over Bjørnafjorden. Alternativ B er vurdert til 40,3 mrd. kroner, medan alternativ F er vurdert til 40,4 mrd. kroner. Alt. B Alt. F Ådland- Veg i dagen 3,1 3,0 Svegatjørn Bruer 7,3 7,4 utanom bru Tunnelar 8,1 8,2 Bjørnafjorden SUM 18,5 18,6 Bru over Bjørnafjorden K1 Hengebru stål 24,0 24,0 K2 Hengebru betong 25,9 25,9 K7 Endeforankra flytebru 21,2 21,2 K8 Sideforankra flytebru 16,9 16,9 Overgang til land/tunell K1/K2 2,4 2,4 Overgang til land/tunell K7/K8 3,3 3,3 SUM med ulike brukonsept K1 44,9 45,0 K2 46,8 46,9 K7 43,0 43,1 K8 40,3 40,4 Alle beløp er i mrd. kroner. Statens vegvesen har gjort ei vurdering av dei prissette konsekvensane. Her inngår nytte for trafikantar og transportbrukarar, operatørar, det offentlege og samfunnet elles. Alternativ B og F har begge positiv samfunnsnytte med høvesvis 2,9 og 1,9 mrd. kroner, medan dei andre alternativa har negativ samfunnsnytte: Alternativ B Alternativ F Anleggskostnad 43,0 43,1 Netto nytte 2,9 1,9 Netto nytte per 0,08 0,05 budsjettkrone Rangering 1 2 Beløp i dei to fyrste radane er i mrd. kroner. Sjå planomtale side 96 for nærare informasjon og føresetnader. Ei ROS-analyse av alternativa viser at alternativ F kjem noko betre ut en alternativ B. Det er store skilnadar i lokale og regionale verknader mellom dagens situasjon og alle alternativa, men liten skilnad mellom alternativa. Statens vegvesen meiner alternativ F kjem best ut. Statens vegvesen tilrår ei etappevis utbygging: «Det er i ein første utbyggingsfase mogleg å nytte dagens E39 frå Ådland til Mehammar og bygge ny E39 i alternativ B vidare til Gjøvåg. Den nye vegen får då ei mellombels enkel påkopling med T-kryss til dagens E39 på Mehammar. Strekninga Ådland Mehammar kan byggast samtidig med parsellen sør; Heiane Ådland, som også er under planlegging.» Kommunal- og moderniseringsdepartementet ber høyringspartane om å gje tilbakemelding på om det er ønskjeleg med statleg detaljregulering av strekninga.
Vurdering: Rådmannen meiner det er liten skilnad mellom dei to alternativa B og F. bør likevel gå inn for Statens vegvesen sin konklusjon, både fordi den har best samla samfunnsnytte og fordi den gjev best lokal nytte i. Dersom ein vel alternativ B, kan ein starte bygginga ved Mehammar og difor redusera kostnadane i fyrste del av prosjektet med fleire milliardar. Dette er ein føremon i kampen om dei nasjonale samferdslemidlane, i tillegg til at det styrkar alternativ B. Rådmannen meiner bør gå inn for ei slik løysing. Rådmannen meiner det er svært viktig at byggjestart blir framskunda til fyrste del av neste periode for nasjonal transportplan. Prosjektet har positiv samfunnsøkonomisk nytte, og er viktig for konkurranseevna til verksemdene på Vestlandet. Kommunedelplanen er utarbeidd som statleg plan. Rådmannen meiner at staten kan stå for detaljreguleringa. Alternativa råkar ein liten del av, og med krava til vegstandard er det lite truleg at kan ta større omsyn til lokale interesser enn staten vil gjera i ein statleg detaljregulering. Framlegg til vedtak/tilråding: Formannskapet rår kommunestyret til å gjera følgjande vedtak: gjev følgjande høyringsuttale: går inn for ferjefri E39 over Os, Reksteren, Tysnes og Stordøya som skissert i saka. E39 Stord-Os er eit svært viktig regionalt og nasjonalt prosjekt med positiv samfunnsøkonomisk nytte. Ferjefri veg mellom Bergen og Stavanger vil knyta regionane saman og auka konkurransekrafta til næringslivet. E39 Rogfast kjem til å knyta Stavangerregionen saman med Haugesundsregionen, men full utnytting av dette prosjektet får ein fyrst når heile vegen til Bergen er ferjefri. meiner at prosjektet må framskundast med byggjestart i fyrste del av fyrstkomande nasjonal transportplan. støttar Statens vegvesen sin tilråding av alternativ B. Alternativet gjev best samfunnsøkonomisk nytte, samstundes som det legg til rette for ei stegvis utbygging. Ved i fyrste omgang å byggja frå Mehammar i sør, vil ein redusera kostnadane og gjera det enklare å realisera prosjektet. sin lokale nytte av prosjektet er i tillegg størst ved dette alternativet. utbetra i samband med prosjektet E39 Heiane-Ådland/Nordre Tveita, med kryss på Mehammar. Kommunedelplanen er gjennomført som statleg regulering. meiner staten òg bør stå for detaljreguleringa av prosjektet, men ber om at det i så stor grad som mogleg vert teke omsyn til lokale partar som blir råka av prosjektet. Behandling i Formannskapet - 07.12.2016: Ordførar Wenche Tislevoll (H) orienterte om saka. Tilråding til kommunestyret: (Samrøystes) gjev følgjande høyringsuttale: går inn for ferjefri E39 over Os, Reksteren, Tysnes og Stordøya som skissert i saka. E39 Stord-Os er eit svært viktig regionalt og nasjonalt prosjekt med positiv samfunnsøkonomisk nytte. Ferjefri veg mellom Bergen og Stavanger vil knyta regionane
saman og auka konkurransekrafta til næringslivet. E39 Rogfast kjem til å knyta Stavangerregionen saman med Haugesundsregionen, men full utnytting av dette prosjektet får ein fyrst når heile vegen til Bergen er ferjefri. meiner at prosjektet må framskundast med byggjestart i fyrste del av fyrstkomande nasjonal transportplan. støttar Statens vegvesen sin tilråding av alternativ B. Alternativet gjev best samfunnsøkonomisk nytte, samstundes som det legg til rette for ei stegvis utbygging. Ved i fyrste omgang å byggja frå Mehammar i sør, vil ein redusera kostnadane og gjera det enklare å realisera prosjektet. sin lokale nytte av prosjektet er i tillegg størst ved dette alternativet. utbetra i samband med prosjektet E39 Heiane-Ådland/Nordre Tveita, med kryss på Mehammar. Kommunedelplanen er gjennomført som statleg regulering. meiner staten òg bør stå for detaljreguleringa av prosjektet, men ber om at det i så stor grad som mogleg vert teke omsyn til lokale partar som blir råka av prosjektet. Behandling i Kommunestyret - 21.12.2016: Framlegg frå ordførar Wenche Tislevoll (H) om å endra nest siste avsnitt i høyringsuttalen til å lyda slik: utbetra i eit seinare byggjesteg, med kryss på Mehammar. Ved røysting fekk framlegg med endring frå ordføraren 16 røyster, formannskapet sitt framlegg fekk 0 røyster og fall. Det ligg etter dette føre slikt; Vedtak: (16 røyster) gjev følgjande høyringsuttale: går inn for ferjefri E39 over Os, Reksteren, Tysnes og Stordøya som skissert i saka. E39 Stord-Os er eit svært viktig regionalt og nasjonalt prosjekt med positiv samfunnsøkonomisk nytte. Ferjefri veg mellom Bergen og Stavanger vil knyta regionane saman og auka konkurransekrafta til næringslivet. E39 Rogfast kjem til å knyta Stavangerregionen saman med Haugesundsregionen, men full utnytting av dette prosjektet får ein fyrst når heile vegen til Bergen er ferjefri. meiner at prosjektet må framskundast med byggjestart i fyrste del av fyrstkomande nasjonal transportplan. støttar Statens vegvesen sin tilråding av alternativ B. Alternativet gjev best samfunnsøkonomisk nytte, samstundes som det legg til rette for ei stegvis utbygging. Ved i fyrste omgang å byggja frå Mehammar i sør, vil ein redusera kostnadane og gjera det enklare å realisera prosjektet. sin lokale nytte av prosjektet er i tillegg størst ved dette alternativet. utbetra i eit seinare byggjesteg, med kryss på Mehammar. Kommunedelplanen er gjennomført som statleg regulering. meiner staten òg bør stå for detaljreguleringa av prosjektet, men ber om at det i så stor grad som mogleg vert teke omsyn til lokale partar som blir råka av prosjektet.
Atle Tornes Rådmann Saksframlegget er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift.