Sluttrapport med rekneskap for prosjektet: Lystgassemisjon frå eng under ulik drift på moldrik jord på Vestlandet -Jordlyst Prosjektet har vore eit samarbeid mellom Bioforsk Vest Fureneset, Bioforsk Økologisk på Tingvoll og Institutt for Plante- og Miljøvitskap ved UMB. Bioforsk Vest, ved Synnøve Rivedal, har koordinerer prosjektet og hatt ansvar for feltarbeid og gassmålingar på Fureneset. På Bioforsk Økologisk har Anne-Kristin Løes vore ansvarleg for feltarbeidet i SoilEffects medan Sissel Hansen har vore ansvarleg for gassmålingane. Institutt for Plante- og Miljøvitskap (UMB) ved Peter Dörsch har kvalitetssikra prosjektet og analysert prøver. Mål for prosjektet Talfeste lystgassutslepp frå eng under ulik drift på moldrik jord på Vestlandet Delmål 1. Effekt av ulik jordpakking på utslepp av lystgass etter gjødsling av eng 2. Effekt av behandling av husdyrgjødsel på lystgassutslepp 3. Formidling av kunnskap om korleis redusere lystgassutslepp frå eng på Vestlandet Gjennomføring - resultat 1. Effekt av ulik jordpakking på utslepp av lystgass (N 2 O) etter gjødsling av eng På Bioforsk Vest Fureneset undersøkjer ein i prosjektet Engbelgvekstar, dyrking, klima, blant anna effekten av jordpakking på avling, botanisk samansetning og nitrogenfiksering i eng. I vekstsesongen 212 vart dette feltet brukt til lystgassmålingar. Det vart målt lystgassutslepp i ei 2. års eng med 3 ulike pakkingsnivå utført ved dobbel spordekking med traktor etter slått: Utan køyring, køyring med lett traktor (3 tonn) og køyring med tung traktor (7 tonn). Om våren vart heile feltet gjødsla med 4 tonn storfegylle per daa, som inneheldt 11 kg nitrogen. Etter 1. slått fekk halvparten av rutene tilført 6 kg nitrogen per daa frå mineralgjødsel. Lystgassmålingane vart gjort rett før gjødsling, kvar andre eller tredje dag i ein periode på ca 14 dagar etter kvar gjødsling, og deretter ein gang i veka i to-tre veker. Til saman vart det teke ut og analysert 1116 gassprøver. Lystgassutslepp etter gylling Etter gylling om våren auka lystgassutsleppet frå enga, men det vart raskt lågare (Figur 1). Traktorkøyring året før auka ikkje det samla utsleppet av lystgass, som låg rundt 1 g lystgassnitrogen per daa i perioden etter gylling. Traktorkøyring etter 1. slått, utan tilføring av meir gjødsel, auka heller ikkje lystgassutsleppet. I sommarperioden låg dette på 7 g lystgassnitrogen per daa der det ikkje var pakka (Figur 3). På upakka eng har ein også målingar gjennom vinteren året før, og det totale lystgassutsleppet gjennom året kan reknast til rundt 12 g lystgassnitrogen per daa. Ein del av dette må ein rekne med ville vore slept ut uavhengig av gjødsling, då all jord har eit visst lystgassutslepp.
Gjødsling med mineralgjødsel Etter gjødsling med mineralgjødsel om sommaren auka lystgassutsleppet meir enn etter gylling om våren. Auken var størst og varte lengst der det var køyrt med tung traktor etter 1. slått (Figur 1). Det samla lystgassutsleppet i sommarperioden var her 33 g lystgassnitrogen per daa mot 17 g utan køyring (Figur 2). Vi har ikkje vintermålingar frå areal som er gjødsla med mineralgjødsel. Lystgassutslepp 17. april-1. august 212 14 12 Gylle, 11 kg tot-n Mineral-N, 6 kg N (G2) µg N 2 O-N m -2 h -1 1 8 6 4 2 Slått Køyring 17.4. 24.4. 1.5. 8.5. 15.5. 22.5. 29.5. 5.6. 12.6. 19.6. 26.6. 3.7. 1.7. 17.7. 24.7. 31.7. Utan køyring-g1 Lett traktor-g1 Tung traktor-g1 Utan køyring-g2 Lett traktor-g2 Tung traktor-g2 Figur 1. Flukshastigheit frå eng med ulik gjødsling (G1= 11 kg nitrogen om våren, G2=G1+6 kg nitrogen 22-2-12 gitt etter første slått) og traktorkøyring (utan køyring, lett traktor, tung traktor). g N 2 O-N daa -1 45 4 35 3 25 2 15 1 5 Samla lystgassutslepp over 37 dagar etter gylling Utan køyring Lett traktor Tung traktor 45 4 35 3 25 2 15 1 5 Samla lystgassutslepp over 35 dagar etter sommargjødsling Gylle vår Gylle + NPK Utan køyring Lett traktor Tung traktor Figur 2. Samla lystgassutslepp i perioden etter gylling (17. april-25. mai) og etter sommargjødsling (27. juni til 1. august) 212 frå eng med ulik gjødsling og traktorkøyring. Gunstige vêrforhold Samanlikna med andre målingar av lystgass etter traktorkøyring i gjødsla eng, er målingane av utsleppa på Fureneset små. Dette kan ha samanheng med at vekstsesongen 212 var tørrare og kjølegare enn vanleg på Fureneset. Ved gylling om våren var det gunstig vêr og graset utnytta truleg næringsstoffa i husdyrgjødsla godt. Jorda var forholdsvis tørr ved traktorkøyring etter 1. slått og ved sommargjødslinga. Det var og ei forholdsvis svak gjødsling med mineralgjødsel til ei eng dominert av timotei med stort avlingspotensiale. Konklusjon Traktorkøyring året før auka ikkje lystgassutsleppet etter gylling om våren. Lystgassutsleppet auka etter køyring med tung traktor og gjødsling med 6 kg N per daa. Lågt lystgassutslepp frå eng i vekstsesongen 212
2. Effekt av behandling av husdyrgjødsel på lystgassutslepp I forsøket SOIL EFFECTS på Tingvoll vert gjødsling med vanleg blautgjødsel frå storfe og biorest av same type gjødsel, i to ulike gjødselmengder, samanlikna. Forsøksvekstane er dels langvarig eng, og dels åkervekstar som korn og grønfôr med årleg pløying. I 212 vart det målt lystgassutslepp frå ugjødsla og gjødsla jord gjennom ein del av vekstsesongen. Målingane vart gjort i åkerdelen av forsøksfeltet, i ruter med ugjødsla jord og jord tilført største mengde råtnerest eller ubehandla husdyrgjødsel (17 kg tot N). Gjødsla vart tilført og molda ned for hand 22. mai, deretter vart det sådd fôrraps. Rapsen spirte dårlig, og raigras vart sådd 11. juni. Det medførte at gassmålingane, som vart utført frå 24. mai til 1. juli, vart gjort på jord med svært lite plantevekst. Lystgassmålingane vart gjort rett før gjødsling, kvar andre eller tredje dag i ein periode på ca 14 dagar etter gjødsling, og deretter ein gang i veka i to-tre veker. Til saman vart det teke ut og analysert 36 gassprøver. Fig 3. Lystgassutslepp frå 24. mai til 1. juli 212 fra jord gjødsla med 17 kg total-n av råtnerest av storfegjødsel og ubehandla blautgjødsel, saanlikna med kontroll utan gjødsling (µg N 2 O-N per m 2 og time). «G» og «S» viser dato for gjødsling og første såing. 25 g N 2 O-N per daa 24. mai-1. juli 2 15 1 5 Biorest storfegjødsel Ubehandla blautgjødsel Ugjødsla Figur 4. Samla lystgassutslepp (g N 2 O per daa) i perioden 24. mai til 1. juli 212 frå open åker på Tingvoll etter gjødsling med 17 kg total-n frå biorest storfegjødsel, ubehandla blautgjødsel og kontroll utan gjødsling.
Rett etter gjødselspreiing var lystgassutsleppet størst frå jorda med ubehandlet husdyrgjødsel (Fig. 3). I siste del av måleperioden var utsleppa størst frå jord med råtnerest. Samla lystgassutslepp var størst frå jord gjødsla med råtnerest, og akkumulert gjennom måleperioden utgjorde det ca. 2 g N 2 O-N per daa. Jord med ubehandla husdyrgjødsel gav utslepp på ca. 18 g N 2 O-N per daa, mens utsleppa frå ugjødsla jord var ca. 11 g N 2 O-N per daa (figur 4). Det var ikkje statistisk sikker skilnad på utsleppa frå råtnerest og ubehandlet gjødsel. Av den store mengda N som vart tilført, 17 kg per daa, var det ca. 1 % som gjekk tapt som lystgass. Men nitrogen kan ha gått tapt også på andre måtar, for eksempel ved fordamping av ammoniakk og avrenning og utvasking av nitrat. Dei låge avlingsutslaga for gjødsling i åkerdelen av forsøket i både 211 og 212 tyder på at mykje N gjekk tapt før plantene klarte å nyttiggjere seg det. Det betydelege utsleppet av lystgass også frå jord som ikkje var gjødsla, er interessant. Det skuldast truleg at jorda på forsøksfeltet er moldrik, med i gjennomsnitt 6,6 % organisk materiale. Sjølv utan tilførsel av gjødsel vil det bli mineralisering og frigjering av nitrat som kan omdannast til lystgass frå slik jord. Når det ikkje er noko plantevekst til å ta opp det nitrogen som blir platetilgjengeleg, kan nitrogenet gå tapt, blant anna som lystgass. Målinger av lystgassutslipp etter gylling av eng på Tingvoll Gard og på Bioforsk Vest Fureneset viser lågare verdier enn det vi har presentert her. Fleirårige vekstar er klare til å ta opp nitrogen tidleg om våren, i motsetning til eittårige åkervekstar som treng tid til spiring og danning av røter. Rask etablering av plantedekke etter tilførsel av husdyrgjødsel til åkervekstar er viktig for å redusere lystgassutslepp og andre tap av nitrogen. Konklusjon Liten skilnad i lystgassutslepp mellom behandla og ubehandla husdyrgjødsel etter spreiing og nedmolding i open åker. Større lystgassutslepp frå open åker enn frå eng etter spreiing av husdyrgjødsel Jordarbeiding og midlertidig «brakklegging» av ugjødsla moldhaldig jord kan gje forholdsvis store utslepp av lystgass. 3. Formidling av kunnskap om korleis redusere lystgassutslepp frå eng på Vestlandet PP-presentasjon Det er laga ein presentasjon som skal kunne nyttast i rådgjevingssamanheng. Denne vil vi sende til NLR og FMLA på Vestlandet. Vidare skal den leggast ut på Bioforsk si nettside og på Agropub. Presentasjonen er lagt ved og kan om ynskjeleg leggast ut på SLF si nettside. Rivedal, S., Hansen, S., Løes, A-K., Dörsch, P. 213.God agronomi i grovfôrdyrkinga viktig for klima og avling. Markdagar/samlingar Markdag på Bioforsk Økologisk påtingvoll i samarbeid med Norsk Bonde- og Småbrukarlag oktober 212 med tema klimatiltak i landbruket. Innlegg ved Sissel Hansen og Anne-Kristin Løes: Hansen, S. 212. Drivhusgasser effekt av agronomiske tiltak. Løes, A-K. 212. Drivhusgasser bruk av biorest som gjødsel.
Samling for Norsk Landbruksrådgjeving på Vestlandet 19.-2. september 212 på Bioforsk Vest Fureneset. Innlegg ved Synnøve Rivedal: Rivedal, S. 212. Verknad av jordpakking på avling og utslepp av lystgass. Artiklar i fagtidsskrift og på nettstader Rivedal, S., Hansen, S., Dörsch, P. 213. Lystgassutslepp frå eng. Verknad av jordpakking etter gjødsling. Bondevennen 116 (22): 14-15. Hansen, S., Rivedal, S., Dörsch, P. 213. Lystgassutslepp ved ulik drenering på engareal. Bondevennen 116 (26/27):16-17. Serikstad, G.L., Løes, A-K, Dörsch, P., Hansen,S., Johansen, A., Pommeresche, R., Riley, H., Rivedal, S. 213. Biorest like bra som vanlig husdyrgjødsel? Økologisk Landbruk 32 (3) (Under trykking) Serikstad, G.L., Løes, A-K, Dörsch, P., Hansen,S., Rivedal, S. 213. Utslipp av lystgass fra eng og åker og hvordan de kan reduseres. Artikkel til Agropub (under publisering). Bioforsk-konferansen 213 Vi fekk presentere resultat frå prosjektet som plakatar på Bioforsk-konferansen og som artikkel i Bioforsk FOKUS. Rivedal, S., Hansen, S., Dörsch, P.213. Lystgassutslepp frå eng. Verknad av traktorkøyring på utslepp etter gjødsling. Plakat. Løes, A-K., Hansen, S., Rivedal, S., Dörsch, P. 213. Lystgassutslipp fra åker- tilført biorest eller blautgjødsel. Plakat. Rivedal, S., Hansen, S., Løes, A-K, Dörsch, P. 213. Utslepp av lystgass frå moldrik jord på Vestlandet. Bioforsk FOKUS 8, 2: 366-368. NJF-konferansen"Organic farming systems as a driver for change" August 213, Danmark. I samband med at Løes viste ein plakat frå Soileffects-prosjektet på NJF seminar 461 i Danmark 21.-23. August 213, tok vi og med oss den norske plakaten frå Bioforskkonferansen 213, og synte begge plakatane saman på seminaret. Plakatane fekk mykje merksemd fordi alle plakatar vart presentert med 5 minutt lange muntlege innlegg. Den som vart vist saman med den norske hadde følgjande referanse: Løes, A-K., Johansen, A., Pommeresche, R., Riley, H. Anaerobic digestion of manure consequences for plant production. NJF Report Vol 9 No 3 213, p 117-118. Plakat. Vidare formidling På FMLA Sogn og Fjordane si kommunesamling 22.-23. oktober 213 er det avklart eit innlegg om husdyrgjødsel og klimagassutslepp ved Synnøve Rivedal.
Rekneskap Budsjett Rekneskap Delprosjekt 1: Jordpakking Fureneset prøver/timar pr prøve/time sum prøver/timar pr prøve/time sum Gassprøver 12 1 12 1116 1 1116 min-n ekstrakt 3 1 3 11 8 88 Arbeid 138 695 9591 138,5 699 96787 Sum 24591 217187 Delprosjekt 2: Behandling husdyrgjødsel Tingvoll prøver/timar pr prøve/time sum prøver/timar pr prøve/time sum Gassprøver 4 1 4 36 1 36 min-n ekstrakt 1 1 1 4 8 32 N-planteprøver 2 8 16 Arbeid 55 695 38225 65,5 689 45115 Sum 89825 84315 Delprosjekt 3: Samanstilling og formidling timar pr time sum timar pr time sum Fureneset 1 88 88 29,5 922 193216 Tingvoll 115 12 1173 161 12 164312 UMB 1 1 1 24 Reiser/trykkeutgifter 9682 Sum 2153 38761 Diverse prosjektkostnader sum sum Administrasjon 2 19753 Utstyr: Glas, sprøyter, ledningar 66 7339 Andre analyser Sum 266 2792 Totalt kostnadsoverslag 577635 71624 Finansiering Klimamidlar SLF 35 35 Fylkesmannen i Møre og Romsdal 5 5 Bioforsk Vest Fureneset, fagsentermidlar 5 6 LMD-midlar 3 Bioforsk eigeninnsats 127635 22624 Total finansiering 577635 71624