SENSURVEILEDNING SA 230, vår 2009. Det er laga ei sensurrettleiing til kvar oppgåve. Alle kandidatane skal svara på oppgåve 1 og oppgåve 2A eller 2B. Båe oppgåvene må kunne vurderast til karakteren E eller betre for at kandidaten skal stå til eksamen. Oppgåve 1 er vekta 40 % og oppgåve 2 er vekta 60%. Oppgåve 1 EMNEKODE OG NAVN* Samfunnsfag 2, SA-230 SEMESTER/ ÅR/ EKSAMENSTYPE* Vår 2009, skriftleg eksamen 6 timar Du skal svara kort og presist (inntil 1/2 side) på kvar av desse deloppgåvene a) Definer desse omgrepa: Sekularisering, islamisme, sionisme b) Kva er/var: Ungtyrkarane, det osmanske imperiet, panarabisme? c) Kva er/var: Hashemitt-styre, Baath-partiet, Muslimsk brorskap? d) Gjer kort greie for kva som ligg i omgrepet Holocaust-industrien. Heile pensum er relevant. EKSAMENSKRAV* o Studentane skal gje korte og presise definisjonar av omgrepa. Alle er sentrale omgrep som studentane skal vera kjende med gjennom pensum og gjennom førelesingar eller obligatoriske oppgåver. o Karakteren på denne deloppgåva må byggja på ei heilskapsvurdering av heile oppgåvesvaret. Dersom studenten svarar blankt eller mangelfullt på nokre delar av oppgåva, kan det likevel bli ein god karakter, dersom resten er svaret er av god kvalitet. 1
Form/ struktur/ språklig fremstilling og logisk sammenheng Det viktigaste her er å vera presis og kortfatta, og oppgåveteksten set klåre grenser for omfanget Dersom det blir for langt og omstendeleg, skal det trekkjast for det. OPPGAVENS KARAKTER TOLKING AV OPPGAVETEKSTEN Dette er konkrete oppgåver, skulle ikkje vera naudsynt å gje fortolking av oppgåveteksten. FAGLÆRER/ OPPGAVEGIVER Oppgåve 2 Langsvaroppgåve A SENSURVEILEDNING EMNEKODE OG NAVN* SEMESTER/ ÅR/ EKSAMENSTYPE* Samfunnsfag 2, SA-230 Vår 2009, skriftleg eksamen 6 timar Drøft indre og ytre faktorar som har hatt påverknad på den politiske utviklinga i Syria etter 1946. Store delar av pensum er relevant, men i fyrste rekkje desse bøkene: Selvik, Kjetil og Stenslie, Stig; Stabilitetens pris. Stat og politikk i Midtøsten. Bergen, Fagbokforlaget 2007 (særleg s. 184-208). Held, Colbert C.; Middle East Patterns. Places, peoples, and politics. Boulder [Colorado], Westview Press 2006 (s. 267-290). Owen, Roger; State, Power and Politics in the Making of the Modern Middle East. London, Routledge 2004. 2
EKSAMENSKRAV* o Studentane har vore på obligatorisk feltkurs i Syria, og hatt mykje undervisning om landet i forkant av turen. Feltkurset og undervisninga som er gitt i tilknyting til det, er difor bakgrunnen for at Syria er tema for oppgåva. Det er forventa at studentane kan gjera greie for hovudtrekk i utviklinga i Syria frå landet vart sjølvstendig i 1946, og fram til i dag. Sjølv om oppgåveteksten seier at det dei skal drøfta den politiske utviklinga, kan det også aksepterast om dei diskuterer politikk i nokså brei meining, og legg vekt på både militære, økonomiske og sosiale tilhøve i landet. o Studentane skal kunne drøfta korleis ulike faktorar har påverka utviklinga i Syria, sjå dei i samanheng, og drøfta kva faktorar som har vore viktigast i ulike samanhengar. Ytre faktorar som bør nemnast er tilhøvet til naboland og stormakter, særleg konfliktar med Israel og i Libanon, korleis dette har endra seg gjennom perioden, og korleis det har påverka landet på ulike måtar i ulike tidsperiodar. Pensumboka Selvik og Stenslie framhevar Syria som kjerneeksemplet på en stat som har tatt from under konflikt med Israel. Korleis konflikten med Israel har prega landet er difor sentralt. Dei bør kunne forklara t.d. korleis tilhøvet til og alliansar med stormaktene har endra seg, og årsaker til dette. Indre tilhøve som bør leggjast vekt på, er tilhøvet mellom etniske og religiøse grupper, økonomiske utvikling og ressurssituasjon, tilhøvet mellom styresmakter og militærvesen og byråkrati. Ideologiske element, som arabisk nasjonalisme bør også vera med. Dei to presidentane Hafiz og Bashar al-asad sine personlege roller og strategiar for å halda på makta er også vesentlege. o Oppgåvesvar som greier å drøfta desse faktorane i samanheng, og viser forståing for heilskap og lange linjer i utviklinga skal premierast. Form/ struktur/ språklig fremstilling og logisk sammenheng Oppgåvesvara bør ha ein gjennomtenkt, samanhengande og logisk disposisjon, og bør greia å gjera dei ulike momenta relevante for oppgåveteksten. OPPGAVENS KARAKTER TOLKING AV OPPGAVETEKSTEN Det skulle ikkje vera naudsynt å gje fortolking av oppgåveteksten. 3
FAGLÆRER/ OPPGAVEGIVER Oppgåve 2 Langsvaroppgåve B Drøft kva slags innverknad stormaktene har hatt på konflikten mellom Israel og palestinarane etter at staten Israel vart oppretta. Dette er eit tema som er omtalt svært mange stader i pensum, men det vert ikkje teke opp som eit eige tema. Så godt som alle bøkene på pensum er relevante. EKSAMENSKRAV* o Studentane skal kunne gjera greie for hovudtrekk når det gjeld kva stormaktspolitikken og stormaktsinteressene har hatt å seia for staten Israel, og konflikten mellom Israel og palestinarane frå ca 1948 til i dag. o Dei bør kunne gjera greie for sentrale hendingar og aktørar, som t.d. Suezkrisa, krigane i 1967 og 1973, og fredsframstøytar i nyare tid som t.d. Osloprosessen, og visa på kva slags måtar dette har prega konflikten. Dette er eit stort og omfattande tema, og studentane kan gjerne gjera eit utval, og fordjupa seg i delar av temaet. Men dei bør i så fall gje tydeleg uttrykk for at dei har gjort eit slikt val, og grunngje det. o Det som kan skilja dei gode oppgåvesvara frå resten, er i kor stor grad dei greier å drøfta stoffet, og gjera det til meir enn oppramsing av fakta. T.d. bør dei kunne drøfta ulike årsaker til at stormaktene har interessert seg for og blanda seg inn i /evt. ikkje blanda seg inn i konflikten, og kva slags motiv som har lege bak, og korleis dette har endra seg gjennom perioden. Form/ struktur/ språklig fremstilling og logisk sammenheng Oppgåvesvara bør ha ein gjennomtenkt, samanhengande og logisk disposisjon, og bør greia å gjera dei ulike momenta relevante for oppgåveteksten. 4
OPPGAVENS KARAKTER TOLKING AV OPPGAVETEKSTEN Dette er eit omfattande tema som er omtalt mange stader i pensum, utan at det er teke opp som eit eige tema. Studentane kan difor velja å konsentrera seg om delar av temaet, og fordjupa seg i dette, men bør grunngje dette valet. FAGLÆRER/ OPPGAVEGIVER 5