E16 Oppheim - Humlabrekke Voss kommune Planprogram for reguleringsplanarbeid Region vest Høyringsutkast Planseksjonen Dato: 6. oktober 2011
E16 Oppheim Humlabrekke, Voss kommune Planprogram til reguleringsplanarbeid Normal praksis er at det vert utarbeida eitt planprogram når det i samband med utarbeiding av ein plan skal gjerast ei særskilt utgreiing av konsekvensane ved prosjektet ei såkalla konsekvensutgreiing. Sidan konsekvensane ved dettee planprosjektet er utgreia i overordna plan 1, så er det ikkje krav om konsekvens sutgreiing for dette reguleringsplanarbeidet. Men; for dette reguleringsplanarbeidet har Voss kommune (planmyndigheit) og Statens vegvesen (tiltakshavar) komme fram til at ein ynskjer å utarbeide eit planprogram, trass i at det ikkje i vil verte gjennomført noko konsekvensutgreiing. Bakgrunnen for at ein har konkludert medd dette, er at ein ynskjer å nå ut med litt meir informasjon, både til grunneigarar og andre bererøte partar, om mellom anna føremålet og føresetnadane for reguleringsplanarbeidet, enn det ein klarer i eit vanleg oppstartsvarsel. Føremålet med reguleringsplanen Utarbeidinga av reguleringsplanen springg ut frå behovet for å legge til rettee for utbygging av ny E16 mellom Oppheim og Humlabrekk ke i tråd med dagens krav til vegutforming. Behovet for å gjere noko med vegløysinga, kjem tydeleg til uttrykk m.a. gjennom alle trafikkuhella som har vore på dagens veg. Overordna rammer for planarbeidet For planarbeidet er det fleire faktorar som er fastsett på overordna nivå og som ein i planarbeidet i ulikt omfang vill ha som føresetnadar. Dette vere seg s til dømes nasjonale normalar for utforming av veganlegg, såkalla vegnormalar. Men skal ein trekkee fram den mest bandleggande overordna ramma for dette planarbeidet, så er nok dette den nemnde kommunedelplanen for mellom anna denne d strekninga. Denne planen har fastset traséen/korridoren som skal leggast til grunn for f reguleringsplanlegginga og som ein skal optimalisere den nye vegløysinga utifrå. I kartustnittet som ligg vedlagt planprogrammet og som synerr planavgrensinga det vert meldt oppstart o innanfor, er denne traséen skissert. Planen si avgrensing I samband med at det vert meldt oppstart for planarbeidet er det sett ei planavgrensingg som gir ei ytre ramme for det arealet som kan verte omfatta av reguleringsplanen. Denne er synt i kartet som ligg vedlagt planprogrammet. Det bør påpeikast at for store deler av planområdet 1 Kommunedelplanen E16 Oppheim - Lundarosenn Side 1 av 4
så kan ein vente seg at når reguleringsplanen er ferdig utarbeida, så vil arealet som er omfatta av planen vere vesentleg mindre enn det arealet som er innanforr denne planavgrensinga. I forhold til planavgrensinga som er sett i oppstartsmeldinga, så skal følgjande kommenterast: Mot aust er avgrensinga trekt så langt at det i planarbeidet vil vere mogeleg å sjå s på løysingar som vil gje rom for ei fullkanalisert kryssløysing mot lokalt vegnett på Oppheim, slik at det ikkje lengre vil vere behov for 50-sone her. I sør er planavgrensinga sett på nedsida av Humlabrekkee slik at dei som er grunneigarar eller har andre interesser i dette området, får avklart korleis det vert her i dette planarbeidet, og slepp s å måtte vere råka av usikkerheita eit slikt planarbeid fører med seg, lengre enn naudsynt. Rv. 13 er inkludert heilt til rundkøyringa ved Vinje for å kunne planlegge gang- og sykkelvegløysing langs rv. 13 på dette strekket. Sentrale utfordringar i planarbeidet Det er mange utfordringar som ein i dettee planarbeidet må handtere og finne løysingarr på. Eit utval av dei mest sentrale utfordringane er desse momenta: Vegløysingar o Ny E16 skal vere avkøyrslefri o To-plankryss ved Vinje o Lokalvegnett på Oppheim o Gang- og sykkelveg langs rv. 13 til Vinje o Kollektivtilrettelegging Landskapsbilete og reiseopplevingg o Kulturlandskap på Oppheim Naturressursar o Dyrka mark (spesielt på Oppheim) o Skogsdrift (spesielt aust for Vinje) Nærmiljø og friluftsliv o Trafikksikkerheit o Tilrettelegging for mjuke trafikantar / universell utforming o Støy Naturmiljø o Hjortetrekk o Verna vassdrag Kulturminne og kulturmiljø o Kva vert direkte råka og kva vert indirekte råka av a tiltaket? Side 2 av 4
Medverknad Det er lovfesta i plan- og bygningsloven at det i planarbeid skal leggast til rette for medverknad. Med medverknadd meinast i denne samanhengen att dei som planarbeidet råkar ved får høve til å komme med innspel til planarbeidet, og at desse innspela vert vurdert av tiltakshavar og planmyndigheit. Vidare err det også viktig at partane i planarbeidet får informasjon om bakgrunnen for dei vala som er tatt, og vidare får forståingg for konklusjonane. Møteverksemd Eitt av grepa for å oppnå dettee er å arrangere opne bygdemøter. To slike møter vil verte arrangerte; eitt i samband med varsling avv oppstart for planarbeidet, og eitt t i samband med utlegging av forslag til reguleringsplan till offentleg ettersyn. På det fyrste bygdemøtet vil det i stor grad verte gjennomgått premissar forr planarbeidet (kva føringar ein har frå tidlegare planlegging og andre overordna krav). Det vil også verte gitt generell informasjon om planprosess og reguleringsplanarbeid for at dei vedrørte partanee skal kunnee få grunnleggande kjennskap til dessee momenta. På bygdemøtet som vil verte arrangert i samband med att forslag til reguleringsplan vert utlagt til t offentlegg ettersyn, så vil ein i større grad legge vekt på gjennomgang av dei løysingane planen legg opp til. Bygdemøta a vert annonsert i lokalavisa og på Statens vegvesen sine prosjektnettsiderr www.vegvesen.no/vegprosjekter/e16vinje. I det omfang det vil vere naudsynt, så vil me også legge opp til å arrangere møter der Voss kommune og Statens vegvesen møter enkeltgrunneigarar eller interessentarr eller avgrensa grupperr av desse. I det omfang det er naudsynt vil ein også ha møter m med aktuelle myndigheitsorgan. Behovet for slike møter vil bli avdekka etterkvart som planprosessen skrid fram. Prosjektnettside Som eit anna grep for å sikre medverknad d, har tiltakshavar etablert ei eiga prosjektnettside. Denne er å finne på www.vegvesen.no/vegprosjekter/e16vinje. På P denne nettsida finn ein ymse informasjon om prosjektet, og det vert også lagt ut nyheitssaker som kan vere av interesse på desse nettsidene. Side 3 av 4
Merknadar Det er ynskjeleg at generelle innspel til planarbeidet kjem fram tideleg i planarbeidet gjennom merknadar til oppstartsmeldinga. Når planforslag vert utlagt til offentleg o ettersyn er det også høve til å komme med merknadar, men dåå er det meir aktuelt med innspel mot løysingar i planforslaget. Alle som har innspel til planarbeidet vert oppmoda til å nyttee seg av denne måten å komme med innspel på sidan dett sikrar at ein får desse inn gjennomm dei riktige kanalane. Når det gjeld merknadar til planarbeidet, så skal desse sendast til Voss kommune. Det vert sett pris på om ein syner til saksnr.: 1171179 i merknadar. Adresser for innsending av merknadar: E-post: Post: postmottak@ @voss.kommune.no Voss kommune, postboks 145, 5701 Voss For merknadar til oppstartsmeldinga og ev. merknadar til planprogrammet gjeld det att desse skal sendast inn seinast seks veker etter att vedtak om oppstart avv planarbeidd er kunngjort og planprogram er utlagt til offentleg ettersyn. Det betyr at dei må vera innsendt innan 19. november 2011. For merknadar til planforslag som har vore utlagt til offentleg ettersyn, gjeld det at dett skal gjevast frist på minst seks veker for å komme med merknadar til planarbeidet. Sidan dette ligg lengre fram i tid kan det ikkje seiast nokoo i planprogrammet omm kva dato som vil vertee sett som frist for å komme med slike merknadar. Synfaringar og feltarbeid For å oppnå eit godt planresultat vil det vere naudsynt å gjennomføre ymsee synfaringa og feltarbeid innanfor planområdet som ein del av planprosessen. Med feltarbeid meinast mellom anna geotekniske og geologiske undersøkingar. Rett til å ta seg inn på privat eigedom i slik samanheng følgjer av 4 i oreigningslova. Dersom ein som grunneigar har dokumenterbare økonomiske tap som følgje av synfaringar eller feltarbeid på sin eigedom, vil desse verte dekka av Statens vegvesen. Eventuelle krav om erstatning skal desse sendast til Statens vegvesen så snart ein vert klar overr det økonomiske tapet. Kontaktpersonar Ved handvendingar i samband med planarbeidet kan ein av følgjande personar kontaktast: Marius Slinde Prosjektleiar, Statens vegvesen Telefon: 55 51 62 01 E-post: marius.slinde@vegvesen.noo Jørgen Steensæth Sakshandsamar, Voss kommune Telefon: 56 511 96 21 E-post: jorgen.steensaeth@voss.kommune.no Side 4 av 4
E16 Oppheim - Lundarosen Planavgrensing ved oppstartsmelding 09.09.2011 Målestokk 1:20000 Statens vegvesen Region vest, planseksjonen