Ein tydeleg medspelar. Nyskaping og utvikling i eigen organisasjon

Like dokumenter
Kompetanseutvikling i Møre og Romsdal fylkeskommune

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Hospiteringshandbok Møre og Romsdal fylkeskommune

Strategi for kompetanseutvikling

Del 1 Overordna mål og føringar for kompetansestyring og utvikling i tannhelsesektoren

AGP - vegen vidare. Medarbeidarskap og tydeleg kultur for læring og utvikling

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Leiarutviklingsprogram for Møre og Romsdal fylkeskommune

Rettleiar for medarbeidar-/ utviklingssamtalen

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Rettleiar for medarbeidar-/ utviklingssamtalen

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

-Ein tydeleg medspelar. IT-strategi HSAMU

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

IKT og SAMHANDLING e-læring. Arne-Dag Gjærde Kompetansegruppa

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

«Ein tydeleg medspelar, som vågar litt meir!» om koplinga Fylkesplan og samfunnsoppdraget til fylkeskommunen. AGP-konferansen Molde,

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

RAMMEPLAN FOR. FORDJUPINGSEINING I ORGANISASJON OG LEIING (10 vekttal) FØRSKOLELÆRARUTDANNINGA

Rettleiing for nytilsette lærarar i Møre og Romsdal fylkeskommune

Tenesteavtale7. Mellom Stord kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Fagdag om rusmiddelførebygging og rusoppfølging 26. november 2014

Møre og Romsdal fylke som regional utviklingsaktør - "Arbeidsgivarpolitikk for framtida"

Arbeidsgivarpolitikk for alle livsfasar

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Rektorvedtak. Aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF Innhald aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF

Pedagogisk plattform

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

AGP for meg? Jon Hjortdal Rektor, Stranda vgs

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering

Arbeidsgrupper rekruttering har i perioden juni 2012 og fram til 18. februar 2013 arbeidd fram Handlingsplan for rekruttering

Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023

Ein tydeleg medspelar. Arbeidsgivarpolitikk for

Plan for rettleiing av nytilsette nyutdanna pedagogar i barnehage

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Strategisk plan for Høgskolen i Telemark

Fylkesmannen i Møre og Romsdal atab

Tiltaksplan

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Tenesteavtale 7. Mellom XX kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om innovasjon, forsking og utdanning

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

Leiing i skolen. Oppgåver kan delegerast, men ikkje ansvar ARTIKKEL SIST ENDRET: Leiing er å ta ansvar for at

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Ein tydeleg medspelar. KS omdøme. Sluttrapport

Studieplan Funksjonsretta leiing for påtaleleiarar

KOMPETANSEUTVIKLINGSPLAN FOR MELAND KOMMUNE STRATEGISK DEL

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Leiarsamtale utvikling og oppfølging

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Arbeidsgivarpolitikk for framtida

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

Forventningar til og utfordringar for nettlærarane

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing

Informasjon til pasientar og pårørande

STUDIEPLAN VIDAREUTDANNING LEIARKANDIDAT. 15 studiepoeng

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Arbeidsgivarpolitikken: Innsatsområdet identitet og omdømme

Bakgrunn Sentral opplæringsplan blir med dette lagt fram for hovudsamarbeidsutvalet, og gjeld forslag til opplæringstiltak for året 2008.

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke av kommunestyret

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Rettleiing nytilsette lærarar. Møre og Romsdal Fylkeskommune. Handbok i rettleiing av nytilsette lærarar ny som lærar

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Verksemdsplan 2014 for Vest-Telemark PP-teneste

SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE

Mål og meining med risikoanalysar sett frå

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

colourbox FoU-eining for samhandling i samarbeidsavtalene

Verksemdsplan 2012 for Vest-Telemark PP-teneste

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

på vegne av barn og unge

STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND

Transkript:

Ein tydeleg medspelar Nyskaping og utvikling i eigen organisasjon Fylkesrådmannen november 2011

Innhald Innleiing 3 Møre og Romsdal fylkeskommune med tydelig kultur for læring 3 Samandrag 4 Teknologi og nye arbeidsformer 4 Introduksjonsprogram 5 Obligatorisk rettleiingsordning for nytilsette /ny som lærar 5 Intern kunnskapsoverføring 5 Hospiteringsordning 5 Mentorordning 6 Vegen vidare 7 Omslagsfoto:?-??? Lay-out / førtrykk: Info. v/jostein Fuglset Digitaltrykk: Fellestenesta, Fylkeshuset 11. 2011-300 eks Meir om arbeidsgivarpolitikk, kompetanse- og utviklingsarbeid finn du på intranett. http://mrfylke.no/intranett/arbeidsgivar-hr/arbeidsgivarpolitikk/leiar-og-medarbeidarutvikling/kompetanse 2

Innleiing Møre og Romsdal fylkeskommune sin politikk for nyskaping og utvikling av tilsette og organisasjon er fastsett av fylkestinget (sak T-7/09). Fylkesrådmannen sin oppfølging og iverksetting av denne politikken inneber ei omforming av arbeidsgivarpolitikken og rolla for utøving av leiing, tillitsvalderolla og tilsette-/medarbeidarrolla. Møre og Romsdal fylkeskommune er ein organisasjon som skal ha ein indre vilje til kontinuerleg utvikling. Dette stiller krav til leiarar og medarbeidarar. Evne til kontinuerleg refleksjon over vegval, mål, tiltak og aktivitetar er grunnleggande. Det må skapast ein kultur for læring og utvikling som er kunnskapsbasert. Møre og Romsdal fylkeskommune vil utvikle sine arbeidsoppgåver på bakgrunn av praksisnær forsking og ved systematisk gjennomarbeiding og refleksjon over eigne og andre sine erfaringar, både i og utanfor organisasjonen. Vår satsing er både i individ- og systemperspektivet: Møre og Romsdal fylkeskommune er ein organisasjon med tydeleg kultur for læring, der leiarar og medarbeidarar viser vilje til kontinuerleg utvikling og refleksjon over eigen praksis. Kompetanseutvikling og utviklingsarbeid er ein del av kjerneverksemda i Møre og Romsdal fylkeskommune, og er ein kontinuerleg prosess. Det unike samfunnsoppdrag vi er tildelt føreset at offentleg sektor skal vere sterk, effektiv og levere tenester av høg kvalitet til innbyggarane 1 m.a. ved å ta i bruk ny kunnskap 2. Ein effektiv og føreseieleg offentleg sektor er også ein sentral rammeføresetnad for næringslivet. Kvaliteten i utdanninga på alle nivå må aukast. Det er viktig å legge betre til rette for samarbeid mellom utdanning og arbeids- og næringsliv. Ein må stimulere til betre utnytting av arbeidskrafta gjennom å styrke den einskilde sine mulegheiter for kompetanseutvikling og læring i arbeidslivet. Tannhelsetenesta 3 står overfor reformer knytt til fire område: geografisk utjamning, sosial utjamning, eit kunnskaps- og kompetanseløft og styrka satsing på folkehelsearbeidet. Fylkeskommunane får eit større ansvar for å styrke kunnskapen om tannhelse og tannhelsetenester og sikre eit faglig kompetanseløft m.a. gjennom oppretting av regionale odontologiske kompetansesentra. Eit prioritert område vil vere forsking, fagutvikling og kvalitetsutvikling. Å sørgje for tannhelsetenester til heile befolkinga, med fokus på betre tannhelse og auka kunnskap om ulikskapar i tannhelse, årsakssamanhengar, metodar og tiltak som har effekt i folkehelsearbeidet, vil stå sentralt. Utdanningssektoren utgjer den største delen av vår verksemd, og er omfatta av mange føringar frå staten. Kompetanse for kvalitet og NOU 2008:18 Fagopplæring for framtida og St.mld. 31 (2007-2008) Kvalitet i skolen er viktige styringsdokument. Møre og Romsdal fylkeskommune med tydeleg kultur for læring I ein lærande organisasjon er alle engasjert i å skape og dele kunnskap om korleis dei best kan nå organisasjonens mål 4 Møre og Romsdal fylkeskommune skal vere ein organisasjon som stimulerer og legg til rette for læring som legg vekt på refleksjon over eigen praksis som kontinuerleg arbeider for å vidareutvikle seg sjølv som er bevisst verdien av kunnskapsdeling Møre og Romsdal fylkeskommune skal ha eit godt system for mottak og opplæring av nytilsette godt samarbeid og informasjonsflyt mellom ulike avdelingar/sektorar Alle grupper tilsette i Møre og Romsdal fylkeskommune skal oppleve at dei kontinuerleg får ta del i eit eller fleire kompetanseutviklande tiltak. Kompetanseutviklande tiltak er ikkje avgrensa til deltaking på kurs, men eit mangfald av tiltak som gir auka kompetanse. 1 St.mld. nr. 7 (2008-2009) 4.2.2 s. 41 2 Ibid., 6.1.1 s. 91 3 St.meld. nr. 35 (2006-2007), Tilgjengelighet, kompetanse og sosial utjevning Framtidas tannhelsetjenester 4 Utdanningsdirektoratet, 2007,En lærende skole, Artikkelstafett, Artikkel 2, side 36,4.avsnitt siste periode. url: http://www.udir.no/upload/skoleutvikling/artikkelstafett/skoler_i_utvikling.pdf?epslanguage=no (2011.11.16) 3

Samandrag Kompetanseutvikling og utviklingsarbeid er ein del av kjerneverksemda i Møre og Romsdal fylkeskommune, og er ein kontinuerleg prosess. Dette krev at alle einingar i organisasjonen har eit verksamt introduksjonsprogram 5 for mottak og opplæring av nytilsette. Fylkesrådmannen tek i mot alle nytilsette i Møre og Romsdal fylkeskommune på ein eigen introduksjonsdag 6, nytilsette leiarar får ein introduksjonsdag i tillegg. Fylkesutdanningssjefen har skipa til ei rettleiingsordning 7 for alle tilsette som er ny i rolla som lærar. Ny teknologi vil utfordre oss til å ta i bruk nye arbeidsformer og betre deling av innsikt og informasjon på tvers i organisasjonen og mellom dei ulike instansane vi samhandlar og samarbeider med. Vi etablerer ein kultur for intern kunnskapsoverføring 8 som sikrar arbeidsfellesskapa kunnskap og innsikt når tilsette byrjar, undervegs og når nokon sluttar med ei oppgåve eller i si stilling. Fylkesrådmannen har for dei meir obligatoriske opplæringstiltaka i organisasjonen etablert Fylkesakademiet 9. For å halde eit høgt utviklingstrykk i organisasjonen vil vi stimulere til bruk/etablering av faglege nettverk og kompetanseklynger. Vi etablerer Hospiteringsordning 10 for å auke kunnskapsdelinga internt og oppnå ein kultur for auka nyskaping i heile organisasjonen. Leiarrolla er under omskaping. Vi oppmodar våre leiarar til deltaking på etter- og vidareutdanning som vert tilbode leiarar frå utdanningsinstitusjonane. Fylkesrådmannen har i regi av Fylkesakademiet etablert eit eige obligatorisk leiarutviklingsprogram 11 for Møre og Romsdal fylkeskommune. Leiarane er sentrale i arbeidet med utvikling av auka medarbeiderskap orientering. Vi utfordrar våre tilsette gjennom opplevd kompetansemobilisering og kompetansestyring. I møte mellom leiar og tilsett skapast grunnlag for indre motivasjon, lojalitet og lav turnover, som er avgjerande om vi skal møte våre rekrutteringsutfordringar og krav om kvalitet på våre tenester på ein tilfredstillande måte. Vi etablerer Mentorordning 12 for å sikre høgt utviklingtrykk for leiarar og medarbeidarar som skal ha ei fagleg karriere. Alt vi gjer skal vere kunnskapsbasert. Vi vil kople oss tett på og samarbeide med universitets- og høgskulesektoren (UH-sektoren). Det inneber og at vi er opne for å skipe til bi-stillingar for tilsette i UH-sektoren og likeins stimulere til at tilsette kan ha bistilling i UH-sektoren. I rolla som regional utviklingsaktør vil vi og stimulere særleg til trepartssamarbeid Møre og Romsdal fylkeskommune, UH-sektoren og næringslivet. Vi vil i samarbeid med UH-sektoren etablere skrivekurs for våre tilsette. Skriving skal/kan inngå som ein lekk i refleksjon over eigen praksis i eit kollegafellesskap, intern kunnskapsoverføring og i det å gjere Møre og Romsdal fylkeskommune meir synleg i medielandskapet gjennom publisering av fagartiklar og rapportar. Teknologi og nye arbeidsformer 14 IT-løysingar og verkty skal tydeleg vise at Møre og Romsdal fylkeskommune er ein kompetanseorganisasjon som nyttar moderne teknologi til effektiv samhandling og tenesteproduksjon. 5 Møre og Romsdal fylkeskommune,2011,ark Introduksjon, url: http://mrfylke.no/content/download/71459/439987/version/1/file/intro.programmet..pdf (2011.11.16) 6 Møre og Romsdal fylkeskommune,2011, Introduksjon, url: http://mrfylke.no/intranett/arbeidsgivar-hr/arbeidsgivarpolitikk/rekruttering/introduksjon (2011.11.16) 7 Møre og Romsdal fylkeskommune,2011, Rettleiing for nytilsette lærarar, url: http://mrfylke.no/content/download/71463/440007/version/2/file/ny+rettleiing+16.11.11+-+liten+spr..pdf (2011.11.16) 8 Møre og Romsdal fylkeskommune,2011, Ark Intern kunnskapsoverføring, url: http://mrfylke.no/content/ download/71460/439992/version/1/file/faktaark+intern+k.overf%c3%b8ring.pdf (2011.11.16) 9 Møre og Romsdal fylkeskommune,2011, Fylkesakademiet, url: http://mrfylke.no/intranett/arbeidsgivar-hr/arbeidsgivarpolitikk/fylkesakademiet (2011.11.16) 10 Møre og Romsdal fylkeskommune,2011, Hospiteringsordninga, url: http://mrfylke.no/content/download/71465/440017/ version/2/file/16.11.11+hospitering+spr+liten..pdf (2011.11.16) 11 Møre og Romsdal fylkeskommune,2011, Leiarutviklingsprogram, url: http://mrfylke.no/intranett/arbeidsgivar-hr/arbeidsgivarpolitikk/leiar-og-medarbeidarutvikling/ Leiarutviklingsprogram (2011.11.16) 12 Møre og Romsdal fylkeskommune,2011, Mentorordninga, url: http://mrfylke.no/content/download/71464/440012/ version/2/file/16.11.11+mentorhandbok+spr+liten..pdf (2011.11.16) 13 Utdanningsdirektoratet, 2006,En lærende skole, Artikkelstafett, Artikkel 1, url: http://www.udir.no/upload/ skoleutvikling/artikkelstafett/skriving_som_reiskap_for_skoleutvikling.pdf?epslanguage=no 14 Møre og Romsdal fylkeskommune,2011, Ark IKT - Samhandling, url: http://mrfylke.no/content/download/71466/ 440022/version/1/file/faktaark+IKT+liten.pdf 4

IT-verkty skal fremje samhandling internt i organisasjonen, på tvers av avdelingar og i høve til eksterne samarbeidsparter. Nødvendige malar vert utforma før implementering så langt som råd. Verkty skal være fleksibelt, intuitivt og lett å ta i bruk for nye tilsette. IT-verkty skal også nyttast i samband med opplæringstiltak. Introduksjonsprogram I ny arbeidsgivarpolitikk for Møre og Romsdal fylkeskommune er det gjort val av retning for leiar- og medarbeidarutvikling. Alle leiarar har ansvar for å legge til rette for høg kvalitet på medarbeidarutviklinga, og gode system for introduksjon. Introduksjonsprogram ved kvar driftseining skal sikre høg kvalitet på leiar- og medarbeidarutviklinga frå første dag. Introduksjonsprogram ved driftseininga gir rask innføring til fagområdet og informasjon om organisering, samhandling, medråderett, informasjonssystem og kven som har ansvar for kva, samt introduksjon til alle praktiske sider ved driftseiningane. Fylkesakademiet arrangerer to gonger kvart år felles introduksjonsdag for alle nye leiarar og medarbeidarar i fylkeskommunen. Hovudtema er fylkeskommunen sine store samfunnsoppdrag, fylkeskommunen som regional utviklingsaktør, regionalpolitisk forvaltningsnivå og fylkeskommunen som arbeidsgivar. Målet med dagen er auka kunnskap om fylkeskommunen, som grunnlag for sterkare felles identitet. Alle nytilsette leiarar vil i tilegg få ein introduksjonsdag for nye leiarar. Hovudtema er fylkeskommunen sine styringssystem. Målet med dagen er auka kunnskap om leiarrolla og etablering av nettverk for nye leiarar. Obligatorisk rettleiingsordning for nytilsette /ny som lærar I Møre og Romsdal fylkeskommune er rettleiing ein utviklande relasjon mellom leiar/rettleiar og nytilsett lærar, kor rettleiar deler kunnskap, kompetanse og erfaringar med den nytilsette for å sikre ein god introduksjon i skulen. Gjennom hovudtema som kontakt- og faglæraren, den pedagogiske fellesskapen, skulen som arbeidsplass, skuleeigarrolla og fylkeskommunen som organisasjon skal rettleiinga stimulere til utvikling og personleg vekst, og hjelpe og støtte den nytilsette læraren til å realisere sine profesjonelle målsettingar. Rektor har ansvaret for at nytilsette lærarar på eigen skole får nødvendig rettleiing og oppfølging, rettleiinga skal ha oppstart før skolestart. Dei som blir tilsett etter skolestart skal ta til med slik rettleiing innan 1 månad. Det er utarbeidd ei rettleiingshandbok, eit målsettingsdokument og ein samarbeidsavtale som er ramma for samarbeidet mellom leiar/rettleiar og den nytilsette læraren. Dette er og ein modell som skolane bør vurdere for å femne alle tilsette etter kvart. Intern kunnskapsoverføring Målet er å utvikle ein politikk og rutiner for intern kunnskapsoverføring for heile organisasjonen som sikrar meir systematisk overføring av kunnskap. Kunnskapsoverføring ved tilsetting av nye medarbeidarar er todelt; frå organisasjonen til den nytilsette og frå den nytilsette til organisasjonen. Sentralt i denne samanhengen er organisasjonskunnskap, praktisk informasjon, sektor- og fagspesifikk kunnskap. Mykje av dette blir ivaretatt gjennom Introduksjonsprogram for nytilsette. Samstundes vil det vil vere viktig å nytte kunnskap og erfaringar som den nytilsette har, for å vidareutvikle organisasjonen. Det blir foreslått at einingane utviklar rutiner for å sikre at dette skjer. Når det gjeld kunnskapsoverføring ved deltaking på kompetansetiltak, blir det foreslått å stille krav om at dei som deltek på kurs, konferansar og andre kompetansetiltak lagar eit samandrag for drøfting i avdelinga. Det er ei utfordring for organisasjonen at verdifull kunnskap kan gå tapt når nokon sluttar. For å hindre dette, bør avdelinga/einingane utarbeide ein plan for kunnskapsoverføring i god tid før den tilsette sluttar. Avdelingane er frie til å velje metode for kunnskapsoverføring. Hospiteringsordning Hospitering er ein metode for å erverve ny kunnskap ved erfaring. Hospiteringsordninga skal vere eit tiltak for å oppnå kompetanseutvikling både for organisasjonen og for den einskilde arbeidstakar. Kompetanseutvikling i form av hospitering skal settast i verk i heile organisasjonen og er eit tilbod til alle tilsette. Målgruppa er alle tilsette. Ordninga skal opne for individuelle ønskjer, behov og opplegg. Alle avdelingar/einingar i organisasjonen skal legge til rette for at tilsette kan hospitere og opne for at dei sjølve kan ta imot hospitantar. Hospiteringsordninga kan settast i gang når som helst og kor som helst i organisasjonen. Leiarar, mellomleiarar og tilsette kan nytte hospiteringshandboka og lage opplegg som høver for einskilde eller for fleire. 5

Mentorordning I Møre og Romsdal fylkeskommune er mentoring definert som ein utviklande relasjon mellom mentor og adept, kor mentor deler kunnskap, kompetanse og erfaringar med adepten for å stimulere til utvikling og personleg vekst, og for å hjelpe og støtte adepten til å realisere sine profesjonelle målsettingar. Målgruppa for mentorordninga er leiarar og enkeltpersonar som organisasjonen ønskjer å satse på i høve til ei fagkarriere 15. Målet med ordninga er fagleg og personleg utvikling. For etablerte leiarar er mentororninga dessutan eit verkty i situasjonar kor det er behov for særleg bistand/støtte. Mentorpartane blir satt saman i samarbeid mellom adeptens leiar og personalseksjonen. Mentoring er ein tidsavgrensa prosess på inntil eitt år, og kan variere etter behov eller målgruppe. Det er utarbeidd ei mentorhandbok, eit målsettingsdokument og ein samarbeidsavtale som er ramma for samarbeidet mellom mentor og adept. 15 Det er i tillegg utarbeidd ei særskilt rettleiingsordning for nye lærarar. Sjå eige samandrag og kapittel. 6

Vegen vidare Vi er ikkje i mål. Arbeidet vil halde fram. Vi vil sjå nærare på fire områder. Samarbeid med universitets- og høgskule- sektoren Tre-partssamarbeid Møre og Romsdal fylkeskommune, UH-sektoren og næringslivet. Skriving og refleksjon over eigen praksis Bistillingar - forskningsoppdrag a) Samarbeid med universitets- og høgskolesektoren Møre og Romsdal fylkeskommune vil vidareutvikle eksisterande samarbeid med universitets- og høgskolesektoren. Dette vil tilføre ny kunnskap til organisasjonen. Nedanfor trekker vi fram nokre kompetanseutviklande tiltak der samarbeid med UH-sektoren er viktig. i.) Interne kurs Møre og Romsdal fylkeskommune vil samarbeide med UH-sektoren når ein planlegg interne kurs for dei tilsette i fylket. Det vil vere positivt om desse kursa kan gi utteljing i form av studiepoeng om ein til dømes skriv ei oppgåve i etterkant av kurset. Dette vil gjere det mogleg for fleire tilsette å få tilført meir formell kompetanse. ii.) Vidareutdanning av lærarar ( jf. punkt b) Det vil vere viktig at skoleeigar har eit samarbeid med UH-sektoren når det gjeld kvalitet og relevans av vidareutdanningstilboda for lærarar, jf. Kompetanse for kvalitet. Dette stiller krav til god oversikt over kompetansebehovet og -haldninga i skolen. iii.) iv.) Utviklingsprosjekt Møre og Romsdal fylkeskommune vil søke samarbeid med UH-sektoren knytt til ulike utviklingsprosjekt vi arbeider med. Det er viktig å utvide perspektivet for ei god utvikling av organisasjonen. Praksisplasser Møre og Romsdal fylkeskommune er ein tydeleg medspelar for elevar og studentar, og vi tek imot personar under utdanning i ulike typar praksisordningar. b) Tre-partssamarbeid - Møre og Romsdal fylkeskommune, UH-sektoren og næringslivet Det er viktig å bygge ut eit godt tre-partssamarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, UHsektoren og næringslivet. Utvikling av kompetansehevande tiltak gjennom eit slikt tre-partssamarbeid vil vere svært nyttig til dømes for yrkesfaglærarar. Eit godt internt samarbeid i fylkeskommunen på tvers av avdelingar må ligge til grunn for å utvikle ein slik tre-partsmodell. c) Avsett tid til skriving av fagartiklar/rapportar For å sikre høgt utviklingstrykk i organisasjonen vil tilsette kunne bli utfordra til å bruke meir av arbeidstida på skriving av fagartiklar eller rapportar. Leiarar må avsette tid til denne typen arbeid. Fagartiklar og rapportar som blir publiserte vil også medverke til å gjere Møre og Romsdal fylke meir synleg i medielandskapet. d) Bistillingar/forskingsoppdrag knytt til universitet og høgskolar Møre og Romsdal fylkeskommune ser det som positivt at tilsette også kan ha bistillingar innanfor UHsektoren. Dersom tilsette har ein kompetanse UHsektoren ønskjer å nyttiggjere seg, må arbeidsgjevar legge til rette for at dette kan vere gjennomførbart. Slike oppdrag er både motiverande og utviklande for den det gjeld. Det er ønskjeleg at tilsette i UH-sektoren kan ha bistillingar i Møre og Romsdal fylkeskommune, slik at deira arbeid kan bli nærare knytt til praksisfeltet. Begge typar bistillingar vil vere viktig for Møre og Romsdal fylkeskommune. Organisasjonen vil dra nytte av denne typen arbeidsforhold ved at vi får auka innsikt i korleis UH-sektoren arbeider og korleis ein betre kan samarbeide med dei. Møre og Romsdal fylkeskommune må også legge til rette for at tilsette kan utføre forskingsoppdrag i dei tilfella det er aktuelt. v.) Stipendiatstillingar Møre og Romsdal fylkeskommune vil etablere ei finansieringsordning for stipendiatstillingar knytt til fylket. Dette gjer det mogleg å få eit forskarblikk inn i eigen organisasjon, noko som vil vere verdifullt i ein eigenvurderings- og utviklingsprosess. 7

Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset 6404 Molde Telefon 71 25 80 00 E-post: post@mrfylke.no www.mrfylke.now 8