- Luster kommune Drøftingsnotat Til: Frå: Formannskapet Rådmannen Arkivsak Arkivkode Dato 09/988 614/A2/ 01.10.2009 Sak: Drøftingsnotat vedk. tidlegare Fortun skule Rådmannen ønskjer på dette området å få signal frå formannskapet om kva løysing/alternativ administrasjonen bør arbeide vidare med. Rådmannen legg i denne omgang ikkje opp til at det vert gjort vedtak. Status på eigedom/eigedommar: Gnr; 13/18, 13/19, 13/37. Tomtestorleik: ca 2915 m2. Gamleskulen ca 100m2 bygd i 1912 Tilbygg 175m2 bygd i 1977. 2 mindre/eldre uthus. Tilstøytande kommunal eigedom (andre sida av vegen); Gnr ; 13/83 og 13/46, har vore /er nytta som ballplass/parkering (om lag 2000 m2) Jf.vedlagde bilde og kart. Skuledrifta har vore primærføremålet for eigedommane. Barnehage /privat barnehage har nytta lokale i skulen i periodar. Anlegget har i tillegg dekka funksjonar som offentleg toalett i sommarhalvåret (kommunen har ytt eit driftstilskot på kr 10 000,- pr år til dette) og bygda/lag og organisasjonar har dekka sitt behov for forsamlings/aktivitetslokale. Ungdomshuset vis a vis dekkar og opp mykje av denne aktiviteten. Kommunen har vassverk/uttak av grunnvatn, i nærleiken, der forsyning av skulen har vore det primære. Nabo 13/41 nyttar veg over skuleplassen som tilkomst til sin bustadeigedom. Aktiviteten på uteområdet har vorte/er redusert då det er området i Hesthagen som vert satsa på som bygda sitt fritids- og aktivitetsområde med m.a. bygging av ballbinge.
Budsjett 2009/kostnader I budsjettet for 2009 er det slik omtale; Bruk/eigarskap av skuleanlegget i Fortun bør avklarast i 2009. Dette har samanheng med nedlegginga av skuledrifta. Det er ikkje andre kommunale primæroppgåver kopla til bygget/eigedomen. I "skulesaka" er det føresett innsparing av FDV-kostnadane kopla til eigedommen. Dette er teke vidare inn i budsjettet slik at me ikkje har avsett driftsmidlar til å driva anlegget. FDVforbruket dei seinare år har vore 300-400.000 der vaktmeister/reinhald (lønsutgifter) har vore største delen (50%-75%) og straumutgifter den andre store posten. Sjølv om bruken er minimal så vert straum, forsikring og kommunale avgifter løpande utgifter for kommunen. Inkludert mindre vedlikehald vil dette vere om lag 50.000 pr år, jf eige oppsett nedanfor. Kartlegging og vurdering I kommuneplanen sin arealdel er arealet avsett til byggjeområde, offentleg område. Dette gjer at det vil vere relativt kurant å ev omregulere det til andre føremål. Bygningsmassen er i middels god stand. Taket på gymsalen er eternitt og bør snart skiftast. Gamle skulen har nye vindauge og er i bra stand. Eksisterande bygningsmasse er lite eigna for omgjering til bustadføremål. Det er interesse for bruk av lokale i skulen og gymsalen frå lokale lag og organisasjonar (4H m fl), men bruken er så liten at dette ikkje forsvarar å ha bygningar ståande til dette føremålet. Bygdalaget er oppteken av at eigedommane kan nyttast slik at det gir aktivitet i bygda. Alternativ; 1) Sal som det står. Bustad og eller næring Har ikkje gjennomført formell tilstandsrapport/taksering. Det er ikkje registrert konkret interesse for kjøp av eigedommen/eigedommane. 2)Kommunal eige - utleige. Leigeinntekter vil ikkje dekka kostnader med å ha bygningsmassen ståande. Det er ikkje registrert konkret interesse utover lag/organisasjonar, konkret 4H-klubben, husflid, kunstlag. 3) Fortun næringshage. Overføring av eigedommen til Fortun Bygdalag. lokal næringshage. Basert på dialog er tilbakemelding frå bygdalaget slik (sitat): Bakgrunn: Fortun skule er nedlagt. På Bygdelaget sitt årsmøte (18 februar i år) vart det oppretta ein komité som skulle arbeida med framtida til skulen med tanke på at den framleis kunne nyttast til beste for bygda. Komiteen består av fem personar (Haldis Kilen, Else Steig, Anne Sandvik, Steinar Mørkrid og Øyvind Samnøy). Komiteen har arbeid eit halvt år, sondert noko og fått ein del idear og innspel. Komiteen har enno ikkje kunna gått høgt ut på bana, då me formelt ikkje eig skulen. Likevel har styret for bygdelaget i Fortun funne grunnlag for fylgjande forslag. Fortun Bygdelag kjøper skulen:
1) Fortun Bygdelag overtek Fortun Skule for kr 1,-. Føresetnadane for dette er; Dette vert ei ordning med ei prøvetid på fem år (tidsrom kan diskuterast). Dersom Bygdelaget innan denne tida ikkje har fått i gang tiltak som kan forsvara overtakinga og som kjem bygda til gode, har kommunen rett til å ta skulen attende. Kommentar til fyrste føresetnad: Heile hensikta med at Fortun Bygdelag ynskjer å ta over skulen er at den på ei eller anna form skal koma bygda og bygdefolket til gode. Dette gjeld for det fyrste ulike arrangement, aktivitetar og hobbyar. Kunne det i tillegg fått nye folk og arbeidsplassar til bygda, så er det òg vel. På ei eller anna vis må drifta kunna forsvarast økonomisk. Skulle dette visa seg som umulig, så har det inga hensikt verken for Fortun bygd eller kommunen at bygdelaget vert sitjande med skulen. 2) Kommunen skal dekkja dei faste utgiftene (straum, forsikring og kommunal avgift) i ei overgangstid på tre år (lengda på overgangstida kan diskuterast). Til andre føresetnad: Bygdelaget har alt ansvar for eitt hus. Laget har ikkje økonomi til å sitja med utgiftene til skulen før ein får starta opp noko som kan vera med å bera utgiftene. Erfaringsmessig tek det alltid ei tid for å få slikt til. Me meinar difor dette vil vera ei rett og god investering for kommunen (hjelp til sjølvhjelp). Denne overgangsordninga vil gje oss tiltrengt rom og tid for å få gode tiltak i gang. 3) Kommunen tek ansvar for at skulen har/får vatn med godkjent kvalitet (Dette kjem sjølvsagt òg andre med same vasskjelde til gode). For bygdelaget Jan Norvald Steig (formann) Øyvind Samnøy (komitémedlem) Det kan vere interessant å forfølgje eit slikt lokalt initiativ for å få til ny næringsutvikling. Rådmann er open for dette, men syner til at løysinga representerer årlege kostnader på om lag 50 000 kroner. Ev løpande utgifter utover dette bør initiativtakarane sjølv kunne skaffe dekning for. Rådmannen viser i denne samanheng og til anna lokalt initiativ om lokal næringshage i området. 4) Bustadtomtar. Eigedommane kan vera eigna for bygging av bustader. Byggjeavstand til riksveg og omsynet til støy må takast omsyn til. Alle eigedommane kan på sikt nyttast til bustadføremål, men eksisterande bygningsmasse må rivast for å få ei god og hensiktsmessig utnytting/løysing. Det kan leggjast til rette for bustadtomtar utan store investeringar. Rivingskostnader og VAløysingar vil likevel representere ein kostnad. Rådmannen syner og til prosessen om avregulering av bustadområde i Drægni bustadfelt som vil opna for spreidd bustadbygging. Sluttord Det kan tenkjast ein strategi der ein nyttar ein kombinasjon av alternativa 3 og 4; Bygdalaget får overta eksisterande bygningsmasse i samsvar med tilbod og prøve seg som lokal næringsutviklarar. I første omgang kan eigedommane 13/46 og 13/83 samanføyast og parsellerast ut som 2-3 bustadtomtar. Om det ikkje lukkast å etablere næringsaktivitet på hovudeigedommen kan salsforsøk eller riving og utparsellering av tomtar vidareførast også til denne delen. Tore Eriksen Rådmann.
Vedlegg: I. BILDE: II. KART:
III. Orientering om kommunale kostnader kopla til skuleanlegget; 1) Straum. Skuledrifta har hatt straumkostnader mellom 50-60. 000 kroner + mva dei siste åra. Dette kan reduserast vesentleg, men det må påreknast 20-30.000 ved ein viss bruk av anlegget. 2) Forsikring. Siste åra er det belasta mellom 8-10 000 i forsikring. Kommunen vil kunne stille med forsikring av eigedommen i ein ev utleigeavtale innanfor ein kostnad på i underkant av 10 000 pr år. 3) Kommunale avgifter, vatn, avløp, renovasjon. Siste åra er kostnadane ca 10.000 + mva. Her vil bruken av anlegget vera avgjerande. Minimumsavgift vatn 1.220,- pluss betaling pr.m3, pluss mva. Avløp vil her vera betaling for slamtømming, 225kr * 8m3 er dagens gebyr, tømming 4 kvart år kan halvere dette. Altså 1000 pluss mva / mot no 2000 pluss mva. Renovasjon vil og ha krav om gebyr om anlegget er i fast bruk.(2000-3000 pluss mva.) 4) Nødvendig vedlikehald er ikkje nærare vurdert, men +/- 15.000 pr år vil vere eit utgangspunkt.