FLORA KOMMUNE Innkalling til Flora eldreråd Møtedato: 27.02.2017 Møtestad: Alderssenteret Havglytt Møtetid: 11:00 Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er, tlf. 57 75 60 00, eller til organisasjonogpersonal@flora.kommune.no, slik at varamedlem kan bli innkalla. Varamedlemar møter etter nærare innkalling. Alternative framlegg til vedtak i nokon av sakene kan du sende på e-post til arne.schei@flora.kommune.no. Flora kommune Jostein Midtbø leiar Arne Schei sekretær
Saknr. Tittel Sakliste 001/17 Godkjenning av møtebok ORIENTERINGSSAKER: Ragnhild Holm orienterer om Planarbeid for PU. Trond Ramstad Olsen/Ragnhild Holm orienterer om arbeid kring sjukefråvær. Bente Nilsen orienterer om rapport om bruk av midlar frå Helsedirektoratet 2016 og søknad til Helsedirektoratet om midlar for 2017. Tilbakemelding frå evt. møte. NB: Denne gongen er det ikkje sendt ut saker som det skal gjerast vedtak i utanom godkjenning av møteprotokoll frå sist møte. Dersom det likevel er ønskjeleg, kan det gjerast vedtak i ei eller fleire saker alt etter kva rådet ønskjer, og den/desse sakene vil då bli påført saksnummer i etterkant. Mvh Arne
FLORA KOMMUNE Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 001/17 Flora eldreråd PS 27.02.2017 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Arne Schei K1-033 17/272 Godkjenning av møtebok Framlegg til vedtak: Møteboka vert godkjent slik den ligg føre. Terje Heggheim Rådmann Dette dokumentet er elektronisk godkjent og har difor ingen signatur.
FLORA KOMMUNE Saksopplysingar: 32T Protokoll - Flora eldreråd - 05.12.2016
FLORA KOMMUNE Møteprotokoll for Flora eldreråd Møtedato: 05.12.2016 Møtestad: Alderssenteret Havglytt Møtetid: 11:00-13:00 Desse møtte Eldbjørg Rognsøy Jostein Midtbø Laila Nygård Lala Steindal Solbjørg Tonheim Arlene Oddbjørg Vågene Parti Arbeidarpartiet Høgre Forfall meldt frå følgjande medlemar Audbjørg Langøy Parti Møteleiar: Jostein Midtbø Merknad til innk.: Ingen merknader. Godkj. sakliste: Godkjent, med tillegg av gjennomgang av HSO-planen Frå adm. møtte: Møtesekretær/adm.kons. Arne Schei. Utlevert i møtet: Orientering: Trude Gulbranson - om brukarundersøkinga og HSO-planen. Norunn Stavø om budsjett og handlingsprogram 2017. Den kulturelle spaserstokken: Leiar orienterte om situasjonen. Spm./interpell.: Synfaring: Ymse: Innspel: Pleie- og omsorgssjef Ragnhild Holm vert invitert til å snakke om sjukefråvær og bu- og miljøtenesta i eit seinare møte.
Sakliste Saknr. Tittel 040/16 Godkjenning av møtebok 041/16 Budsjett og handlingsprogram orientering ved kommunalsjef Norunn Stavø 042/16 Pleie- og omsorgsplan orientering ved Trude Gulbranson Eventuelt: Innspel til møte- og delegeringsreglement/godtgjersleregulativ Sjå vedlegg: Innspel om delegeringsreglement frå KRFMNF.
040/16: Godkjenning av møtebok Framlegg til vedtak: Møteboka vert godkjent slik den ligg føre. Handsaming: Framlegget til vedtak vart samrøystes vedteke. Vedtak: Møteboka vert godkjent slik den ligg føre. --------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------- 041/16: Budsjett og handlingsprogram orientering ved kommunalsjef Norunn Stavø Handsaming: Leiar Jostein Midtbø la fram følgjande framlegg til uttale frå eldrerådet i samband med budsjett og handlingsprogram-handsaminga i bystyret: Eldrerådet ser det som positivt at det i budsjettet er lagt opp til at omsorgstenestene får behalde eventuelle innsparingar i bu- og miljøtenestene. Siste brukarundersøking syner at ein del heimebuande ikkje får melding om for sein eller manglande frammøte frå heimetenesten. Dette er beklageleg. Elderrådet er uroa for at dette i hovudsak skuldast manglande ressursar til tenestene. Vi ber bystyret ha dette med i den vidare handsaminga av budsjettet og syte for at budsjetteringa på dette feltet er god nok. Framlegget til vedtak vart samrøystes vedteke. --------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------- ----------- 042/16: Pleie- og omsorgsplan orientering ved Trude Gulbranson Handsaming: Leiar Jostein Midtbø la fram følgjande framlegg til uttale frå eldrerådet i samband med HSO-planen: 1. Eldrerådet vurderer planen som godt gjennomarbeidd og dermed ein solid basis for omsorgs- og helsetenestene i planperioden. Gruppa som har arbeidd med planen har brei kompetanse. Dette bør bety at dei mange momenta i tenestene blir tekne godt vare på. 2. Eldrerådet er samd i hovudtrekka i planen: Ei sterk heimebasert omsorg og nok intitusjonsplassar når behovet er der. 3. Eldrerådet har spesielt merka seg at plangruppa meiner sjukehusområdet bør nyttast til senior- og omsorgsføremål. Dette er eldrerådet samd i. Eldrerådet ber kommunen snarast råd sikre området til slike føremål gjennom plan- og reguleringstiltak, slik plangruppa har diskutert. 4. Eldrerådet vil også peike på området velferdsteknologi, noko vi ser er på veg inn i omsorgstenestene. Her er det vårt syn at det er viktig for å få dette til å bli vellukka, at brukarar og pårørande får kjennskap til og blir vande med teknologien før dei reelt treng den. 5. Eldrerådet ser det som positivt at det i planen blir lagt til rette for styrking av dagtilbod. Dette vil også vere til stor hjelp for pårørande.
Framlegget til vedtak vart samrøystes vedteke. -------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------- 043/16: Innspel til møte- og delegeringsreglement/godtgjersleregulativ Eldrerådet sluttar seg til uttalen som Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne har gitt i samband med godtgjersleregulativet. ------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------