Arealet Innspel til rullering av kommuneplanens arealdel for Kvinnherad kommune 2014-2018 Det vert synt til varsel om oppstart av planarbeid og høyring av planprogram, vedteke av Formannskapet 06.03.14. Norconsult AS vil, på vegne av Lundarhegni Naturpark, koma med innspel om endra arealbruk i den nye planen. Innspelet og det aktuelle området er skildra under. Arealet ein spelar inn til rulleringa ligg på gnr. 33, bnr 2, Eikeland, nær Hatlestrand. Grunneigar og utviklar av Lundarhegni Naturpark er Knut Johan Nerhus. Arealet ein speler inn er utmarksområdet til garden mot sjø.
Lundarhegni Naturpark Tilhøve til eksisterande plan Området som vert spelt inn til rulleringa er LNF-område og sjø i gjeldande kommunedelplan. Gjennom førre rullering av kommunedelplan for området vart det sett av eit areal for næringsdrifta av Lundarhegni Naturpark. Det pågår reguleringsplanarbeid for å leggje til rette for naturparken. Naturparken er eit konsept utvikla av Knut J. Nerhus. Gjennom ulike aktivitetar og opplevingar skal besøkande takast tilbake i tid, med utgangspunkt i både vår eigen norrøne historie og enno eldre naturmytologi frå andre, gamle kulturar frå heile verda. Tiltaka skal byggjast aust om innmarksareala og gardstunet. Opplevingane skall liggje spreidde utover det varierande terrenget. Kvart område får i hovudsak sitt namn frå norrøne tradisjonar, medan impulsar frå verdsarven vil vera med og påverka formspråk og aktivitetar.
Tiltaka Utmarka mot sjø på 33/2 består i dag av veg, plantefelt av gran og blandingsskog. Forslagsstillar arbeider no med å ta ut hogstmodent tømmer og gje området ein meir naturleg vegetasjon. Dette er eit ledd i å utvikle opplevingsverdien for parken. Ein ser ikkje føre seg "nedbygging" av areala, men spreidde leirplassar og mindre tiltak som kan ha opplevingsverdi. Gnr/bnr 33/2 har i dag ingen tiltak langs sjø innanfor parkområdet som ein kan nyttiggjere seg av i dag. For drifta av parken vil det vere viktig å få etablert ei gjestebrygge som kan ta i mot gjester frå sjøvegen og til friluftsliv langs fjorden. I høve til parken sin mytologiske tematikk er òg tilknytinga mot sjø sentral. Med dette som bakgrunn ynskjer ein å få etablert eit mindre kaianlegg, med eventuell gjestebrygge. Det er etablert skogsbilveg nær strandsona, slik at kaianlegget i liten grad treng ytterlege infrastruktur. Mellom dagens veg og sjøen bør det etablerast gangsti/trapp. Dette vil redusere terrenginngrepet vesentleg og hindre uheldig fjernverknad. KAI
Arealkvalitetar og bruk Infrastruktur Det går i dag landbruksveg gjennom området. Pågåande reguleringsplanarbeid regulerer tilkomst, parkering og området mot fylkesveg 49. Areala som inngår i innspelet er om lag 45 daa skog med særs høg bontitet, samt om lag 3 daa sjø.
Landskap og topografi Arealet ligg i eit kupert terreng mot fjorden. I botnen av Naturparkprosjektet ligg dei lokalgeografiske landskapsverdiane. Når området skal skal leggjast til rette for drift er det viktig med forståing for estetikken som alt finst på staden. Det små-kuperte landskapet deler planområdet inn i små, klart avgrensa landskapsrom - omkransa av slake lier, lave høgder og den flate, breie fjorden. På andre sida av fjorden ligg eit anna landskap; vilt og uframkommeleg med høge, snødekte toppar, djupe juv, og den store fonna, som ein kontrast til det milde landskapet på Eikeland. Dette gjev ein sterk scenisk bakgrunn for naturmytologien som forklarer naturfenomena i ein mytisk kontekst, mellom anna forklaringar på kva som ligg bak neste blåne. Tiltaka som er planlagt i området er svært avgrensa i høve til å kunne gje dominerande landskapseffektar.
Problemstilling Planstatus Barn og unge Naturverdiar Strandsone Friluftsliv Landskap Landbruk Kulturminne Samordna ATP 1 Trafikksikkerhet Risiko og sårbarheit Støy/forureining Tilhøvet til naboar Plankonsulent si sjekkliste ved innsending av innspel til kommuneplanrullering Vurdering LNF-område i dag. Ein ynskjer endring til næringsområde og kaiområde. Området vert ikkje nytta til leik eller opphald for barn og unge i dag. Planendring vil gjere området meir attraktivt og tilgjengeleg Det er ingen kjente naturverdiar utover det normale i området. Avgrensing av næring bør gjerast i høve til funksjonell strandsone. Kaianlegg vil bli lagt i strandsoneareal som i dag er vanskeleg tilgjengeleg. På grunn av bratt terreng er det vanskeleg å gå langs strandsona i dag. Næringsformålet skal tilrettelegge for friluftsliv. I dag er det liten eller ingen bruk av området til friluftsaktivitetar. Nye byggetiltak skal etablerast slik at dei ikkje skapa silhuettverknadar eller framstår som dominerande. Berre mindre tiltak er ynskja frå forslagsstillar si side. Ingen konflikt med dyrka mark. Omdisponering av noko areal med skogsmark av høg bonitet. Ingen kjente eller registrerte. Tiltaka ligg nær fylkesveg og hovudfartsåre mellom Ytre Hardanger og Bergen. Lokaltransport er ei lite aktuell problemstilling. Etablering av sikker tilkomst frå fylkesvegen vert handsama gjennom pågåande reguleringsplanprosess. Ingen kjente problemstillingar. Det skal ikkje etablerast nye støykjelder eller forureinande tiltak av betyding i området. Ingen kjent forureining i grunn eller sjø. Det ligg ikkje bustadar nær det aktuelle området. Oppsummering av argument for å endre planstatus for området Naturparken vil skape næringsverksemd og bygge opp under andre turistprosjekt i kommunen. Naturparken vil føre til ei viktig tilleggsnæring for eit gardsbruk i drift. Endra arealbruk kjem i liten grad i konflikt med gardsdrifta/landbruksinteresser, då innmarka ikkje er omfatta av forslaget. Utmarksområdet vil i større grad bli opna for ålmenta slik at kvalitetane i landskapet kan opplevast av fleire. Kaianlegg i strandsona vil bli lagt på eit areal som i svært liten grad er tilgjengeleg i dag. Med venleg helsing Kristian Eide Jensen Norconsult AS kristian.jensen@norconsult.com, Tlf: 92225840 1 Areal og transportplanlegging.