Innovasjon Norge Pb 448, Sentrum Rådmannen Samfunnsutvikling Rosendalsvegen 10 5470 ROSENDAL Tel: 53483100 Fax: 53483130 Org. nr: 964 967 636 Bankgiro: 3460.07.00083 post@kvinnherad.kommune.no www. kvinnherad.kommune.no facebook.com/kvinnherad 0104 Oslo Saksbehandlar Karin Thauland Tlf. direkte innval 90978556 Vår ref. 2012/2036-15 Dykkar ref. EMJES - 20125/103780 Dato 04.08.2015 Inn på Tunet - løftet 2012 - Sluttrapport takkar for løyvinga av kr. 400.000 til IPT-prosjekt «Demente på gårdsbruk» Definisjon på Inn på tunet: «tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tenestene skal gi meistring, utvikling og trivsel. Aktiviteten i tenestetilbodet er knytta opp til garden, livet og arbeidet der». Hovedmål: «Inn på tunet skal vere en naturlig del av et variert og kvalitetssikra tenestetilbod i kommunane, og bidra til økt næringsutvikling i landbruket.» Det har vore satsing på IPT i Kvinnherad sidan 1998, og vi har og hatt ei gruppe personer som har engasjert seg i utvikling av IPT-tilbod i mange år før prosjektet starta. Vi har i dag tilbod innan skule -allmenpedagogikk, barnevern, ferie/fritid og psykiatri. Gruppa vart formelt sett ned som ei styringsgruppe for IPT-løftet. Komite for helse, omsorg og miljø ga tilråding til søknad 15.3.2011 i samband med vår første søknad om IPT-løftmidlar.
Side 2 Styringsgruppa: Tilbydar Målfrid Haugse Landbrukskonsulent Tore Eik NAV v/arild Berg Tiltak og rådgjeving for born og unge (TTBU) v/ Monika Høyer Haugland Pleie og omsorgstenesta (PLOMS) v/leif Kongestøl Prosjektleiar næringsrådgjevar Karin Thauland ved Verksemd for samfunnsutvikling Det har vore fire møter i styringsgruppa og mykje kommunikasjon og erfaringsutveksling pr. telefon og e-post. Rapporteringsfristen var utsett til 1.12.2015. I prosjektperioden har vi gjennomført følgjande: Studietur i kommunen for fagpersonar, tilbydarar og kjøparar Deltakarane på studietur i tunet på Fausk Gard, Omvikdalen Vitjing på Tveito gard - Halsnøy
Side 3 Allmenpedagogisk tilbod i Uskedalen Kurs for tilbydarar Bedriftsetablering og drift v/ Heraklit nov 2013 Prosjektleiar har delteke på kurs og konferanse m. a på nasjonale konferansar i Alta og Stavanger Prøvd ut dagtilbod for demente på Kjærland hjå Anne Kari og Svein Ottar Rørheim i Uskedalen i 10 månader. Ansvarlige for prosjektet ved Rosendalstunet var Laila Hovland og Aslaug Hellesøy. KK fekk midlar frå Helsedirektoratet til tilbod til heimebuande demente. Føremålet med tilbodet Utsette demensprosess, gje pårørande pusterom og gje den demente ein betre kvardag. Rapport vert ettersend. Tilbod til demente ved 2 kryss. Ansvarleg verksemdsleiar Leif Kongestøl. Rapport vert ettersend. Bidrege med innspel til Handlingsplan for IPT- Hordaland 2013. Kvinnherad deltek i forskingsprogram med Møreforsk og Høgskulen i Bergen «Korleis jobbe betre saman om IPT-tilbod?» Kommunane Voss og Bergen er og med, medan Kvinnherad er prosjekteigar. Oppstart 2014. Etablere Grønt arbeid i lag med NAV august 2015 på Erslandsgarden (sjå vedlegg) Oppstart september 2015. Tore Vikane Eide og Britt Kjersti Vikane på Ølve: Støttekontakt kontakt med NAV. Bruket ligg i Ølve. Det er lang avstand mellom dette bruket og potensielle brukarar. Avstand mellom tilbydarar og brukarar er generelt ei utfordring i vår vidstrakte kommune når det gjeld utvikling av IPT-tilbod. Prosjekt Ung Meistring: Samarbeid mellom Aktiv Fritid, Fatland aktivitetshus, Nav, gardbrukar Olav Svalland og Verksemd for samfunnsutvikling. Oppstart august 2015 Ung meistring: «Ung meistring er eit tiltak basert på samarbeid mellom ulike tenester i kommunen. Samarbeidet består av Aktiv Fritid, Fatland Aktivitetshus, Nav og Inn på tunet. Tiltaket rettar seg mot unge vaksne mellom 18-25 år som mottar sosialstønad frå Nav. Tiltaket fokuserer på friluftsliv i skog og natur Me har fått eit samarbeid med bonde Olav Svalland på Fatland. Han stiller grunn til disposisjon for oss i Ung Meistring. Inn på tunet er tilrettelagde og kvalitetsikrede velferdstenester på gårdsbruk. Tenestene skal gi meistring, utvikling og trivsel. Eit av tenesteområda er
Side 4 helse og omsorg retta mot rus, funksjonshemming, psykisk helse m.m. I denne samanheng er det å nytta skogen og utstyr fra garden som er aktuelt, samt at bonden på garden er tilgjengelig arbeidskraft.» (sjå vedlegg) Tiltaket er kostnadsrekna til kr 592 000. Kr 90.000 er budsjettert kostnad til gardbrukaren som godtgjerdsle til eige arbeid og å nytte bruket og utstyr. Det er løyvd kr 50.000 frå IPT- løftmidlar til gardbrukaren. Tiltak for born og unge: Verksemd for Tiltak og tenester for barn og unge gjer vedtak om støttekontakt og besøksheim/avlastning i hht. Lov om Barnevern og Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester. Sidan 2011 har 4 barn/unge fått desse tiltaka knytta til to gardar i kommunen. Det dreier seg om 2 gardar og 2 barn på kvar gard. Tilboda på gard representerer meistring og tryggleik for barnet, samstundes som tilboda har vist seg å vera svært stabile og forutsigbare over tid, - noko som kjem både barna, foreldra og kommunen til gode. På den eine garden hadde desse 2 borna tilbod samstundes, kor ein støttekontakt fekk arbeidsgodtgjersle for det eine barnet, og bonden fekk arbeidsgodtgjersle for det andre barnet. Bonden hadde ansvaret for planlegging og koordinering av aktivitetar for «gruppa» (og veiledning av støttekontakten), og fekk ekstra betalt for det. Takka vera at bonden hadde mykje erfaring med barn med ulike behov (+relevant utdanning) + at tilbodet var forutsigbart og varte over tid, vart dette eit velfungerande tilbod som alle partar var fornøgd med. Så kort sagt det er nødvendig at nokon, og i dette tilfellet, bonden, har lyst og tek deler ansvaret i samarbeid m. oss i kommunen. Wenche Slåke, TTBU Oppsummering av resultatet av med IPT-løft i Kvinnherad. Fått solid erfaring med fleire typar IPT-tenester Sett IPT i fokus gjort omgrepet betre kjend. Lagt grunnlag for forskingsarbeid kring temaet Samarbeid og nettverksbygging mellom tilbydarar og kjøparar. Auka kompetanse hos kommunen og samarbeidspartnarane med omsyn til administrasjon, innkjøp og rutinar. Mobilisere interesse gjennom samlinger og studiereiser Jo tettare koblinga er til det kommunale tjenesteapparatet, jo betre fungerer IPT!
Side 5 vil med bakgrunn i dei positive erfaringane vi har fått, halde fram med å jobbe aktivt for å vidareutvikle Inn på tunet tilbod. Styringsgruppa for IPT-løftet vert no endra til ei arbeidsgruppe. Det er tidlegare utbetalt kr 180.000. Vi bed med dette om at restbeløpet kr. 220.000 vert utbetalt til sin konto 3460 0700083 merka Prosjekt 5825 Med helsing Karin Thauland næringsrådgjevar Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Vedlegg Prosjektrekneskap og hovedbok Prosjektbeskriving Ung Meistring Prosjektbeskriving Erslandsgarden Kursinvitasjon frå Heraklit Politisk vedtak Komité for Helse Kopi til økonomikontoret