OVERSIKTSPLAN M=1:3000/A3 Tusenårsplassen Samanbinding mellom Kjøpmannsgata og sjøfronten med eksisterande hamnepromenade. Eit vakkert, samlande dekke som vert tilpassa kjøretraséar skaper samanheng. Plassen kan verte eit viktig brot i parkeringsareal og område med mykje asfalt. Eit høgt utsynstårn og ein lysande, kuleforma skulptur med motiv frå vikingbrosje, er foreslått som fokuspunkt. Plassen markerer seg både i sentrum og sett frå sjøsida. Lommeplassar Mindre plassar langs Kjøpmannsgata er foreslått for å gi sitteplassar og variasjon i gateløpet. Det kan utarbeidast eit prinsipp for belegg, møblering med benkar, lyssetting, planting, avfallsbehaldarar etc., som kan brukast ulike stader langs gata. Parken Parken har ei naturleg skålform som vert foreslått forsterka ved å etablere amfi, klatrelandskap, leikelandskap m.m. rundt ein dam og ei scene i botnen av skålforma. På vestre del av miljøtunell knyter eit leikeareal med hinderløype, terrengformer og skateelement, band mot eksisterande leikeareal ved skulen. Der Kjøpmannsgata går forbi parken, er fortaussona foreslått utvida til eit urbant torg med gode sitteplassar, tre, trimapparat, multifunksjonelle former i plassdekket og andre aktiviserande og romdannande element. Over miljøtunellen er det foreslått uteservering i samband med restaurant. Området av parken som ligg nærast Rådhuset er foreslått vidareført som leikeareal, m.a. med ein stor lindorm som kan klatrast på. Dette området må utformast slik at det vert god samanheng med ev. nytt torg mellom tilbygg til Rådhuset. Minnelund Denne staden er tenkt som ein stad der alle som ønskjer det kan komme i ro og fred for å minnast, sørgje eller meditere. Det er foreslått ein felles, skulpturell paviljong med sitteplassar og kunst, med dedikerte minnesmerke plasserte i eit parkanlegg rundt. Det er lagt vekt på skjermande og vakker beplanting og stemningsfull lyssetting.
Uteservering Leik Hinder loype Skateformer Plassdanning med sitteplassar og aktiviserande element Rampe Leikelandskap og klatrevoll Dam Amfi Scene med tak inspirert av muslingform Portal inn mot parken samanbinding mot kaifront Grusplass for leik, ballspel og arrangement Skraning med tre Stiar og sklier mellom trea Lindorm med leikefunksjonar
Perspektivskisse av parken viser amfi, leikelandskap, dam og scene m.m. Scena er her vist utan tak.
Referansebilde frå andre prosjekt, viser idéar til element Gullik i parken Gulliksen Vest AS Landskapsarkitektar mnla
Sykkel parkering Butikkutstilling Butikkutstilling Fortau Hekk Sitteplassar Kunst Uteservering Parkering Lys i dekke Vegbane Parkering Fortau
Perspektivskisse av miljø i Kjøpmannsgata med fortausareal, sitteplassar, beplanting, lys m.m.
Tårn Overgangsfelt Møtesplass Benker Benker Tusenårsplassen Kunstelement Benker Amfi Område avsatt til parkering Sitteelementer
Perspektivskisse av Tusenårsplassen med sikt mot utsynstårn. Her er plassen vist med hekkar som avgrensing mot parkeringsareal.
Paviljong Prydplanting Grusstiar Minnesteinar Skilt Klipte hekkar Store tre Skjerming med fleirstamma tre Avkjorsle Veg MINNELUND Kunstnar Kristine Hareide har teikna ein enkel paviljong; eit kvadratisk tak som står på søyler. Under eit rundt hol i taket ligg ein blank, mørk, skålforma stein som samlar opp regnvatn. Tanken er at dette er ein felles meditasjonsstad med sitteplassar under tak. Minnesteinane (e.l.) som er dedikerte til ulike hendingar, nasjonar etc. står i parkanlegget rundt bygget. Det er forsøkt å lage eit stisystem som leier mellom dei ulike minnesteinane, samtidig som det vert skjerming mellom stadane, fine siktlinjer og universell tilgong. Dei ulike stiane ut frå hovud- stammen kan leggast til etter behov. Skissa viser nesten fullt utbygd minnelund. Kyrkjegard