GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 29.01.2015 021/15 Kommunestyret 02.02.2015 009/15 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt: Arkiv: 002 Arkivsaknr.: 14/1736-26 Vidare arbeid med kommunereforma i Nordfjord Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg 236965 Revidert utkast til utgreiingsmandat i Nordfjord Bakgrunn for saka: På Nordfjordrådet sitt møte i Hornindal 2. desember i 2014 vart det gjort forsøk på å lage eit felles utgreiingsmandat for Nordfjord-kommunane sitt arbeid med kommunereforma. Møtet konkluderte med at leiaren for Nordfjordrådet og ordføraren i Eid, saman med sekretæren for rådet skulle arbeide vidare med eit utkast til mandat laga av rådmannen i Gloppen. Dette utkastet til mandat er tidlegare lagt fram for formannskapet. Eit revidert utkast til mandat ligg no føre. Saksutgreiing: Utkastet byggjer som sagt på eit framlegg frå rådmannen i Gloppen, som igjen laga sitt framlegg med utgangspunkt i tilsvarande mandat som Sogn regionråd og Samarbeidsforum i Sunnfjord (SiS-kommunane) har vedteke. Samanlikna med utkastet formannskapet tidlegare har fått seg førelagt, er hovudendringa er det er tydeleggjort kva alternativ som skal utgreiast i Nordfjord (punkt 3 i mandatet): Ein felles kommune i Nordfjord Ein modell med to kommunar - ei i ytre/midtre del av regionen og ei i midtre/indre del av regionen Ein modell med tre kommunar i regionen - ytre, midtre og indre. I tillegg har eitt og etter rådmannen si vurdering eit viktig punkt blitt teke ut av utgreiingsmandatet. Dette gjeld punktet om kvar rådhuset/rådhusa skal vere i dei alternativa som blir utgreia. Elles er framlegget til mandat mykje likt dei utkasta som er lagt til grunn. Framdriftsplanen følgjer av punkt 7, og er sjølvsagt stram for å følgje den nasjonale prosessen. Mandatet legg til grunn at det blir tilsett ein eigen prosjektleiar. Styringa av prosjektet er om lag likt Sunnfjord-modellen, med ordførarane som styringsgruppe, rådmennene som prosjektgruppe saman med to tillitsvalde (samla ikkje frå
kvar kommune), og med formannskapa som referansegruppe saman med tillitsvalde. I Gloppen har organisasjonane valt Bjørg Skarstad frå Fagforbundet og Hilde Arnestad frå Utdanningsforbundet som representantar frå organisasjonane. Formannskapet blir då utvida med desse to når det er referansegruppe. --- Etter at framlegget til revidert mandat vart sendt ut, har Stryn og Hornindal kommunar signalisert at dei for sin del ikkje ser det som føremålstenleg å greie ut heile Nordfjord som eitt av alternativa. Når rådmannen skriv dette (21. januar 2015) er det ikkje gjort noko politisk vedtak om dette atterhaldet verken i Stryn eller Hornindal. I begge kommunar kjem saka opp i kommunestyret den 29. januar i år. Stryn og Hornindal kommunar er samde om å køyre eit felles opplegg i saka om kommunereforma. Rådmennene i desse kommunane sine tilrådinga er derfor samordna, og ser slik ut: 1. Hornindal/Stryn kommune viser til dei utgreiingskonstellasjonane som den felles arbeidsgruppa for Hornindal og Stryn kommunar har drøfta og ynskjer følgjande samanslåingsalternativ utgreidde: A. Dagens situasjon 0-alternativet B. Utgreiing av samanslåing Hornindal og Stryn. C. Utgreiing av samanslåing Hornindal, Stryn og Stranda. D. Utgreiing av samanslåing Hornindal, Stryn, Stranda og Norddal. E. Utgreiing av samanslåing Hornindal, Stryn, Ørsta og Volda. F. Utgreiing av samanslåing Hornindal, Stryn og Gloppen. G. Utgreiing av samanslåing Hornindal, Stryn og Eid. H. Utgreiing av samanslåing Hornindal, Stryn, Eid og Gloppen. 2. Det vil vere ein føresetnad for at utgreiingsarbeid blir iverksett at kommunane som inngår i dei skisserte utgreiingsmodellane ovanfor samtykkjer i dette og ser modellen som eit realistisk alternativ til dagens situasjon. 3. Hornindal/Stryn kommune vil oppmode Nordfjordrådet om å ta initiativ til at det vert utarbeidd ein utgreiingsmal som kan nyttast felles for dei ulike utgreiingane. 4. Kvar utgreiing blir prosjektorganisert og Hornindal/Stryn kommune vil oppmode om at det i størst mogleg utstrekning blir etterstreba å nytte same prosjektleiar, og at det blir ein gjennomgåande representasjon i dei styrande organa i prosjekta. 5. Utgreiingane bør ligge føre hausten 2015 slik at dei kan danne grunnlaget for kunnskapsbaserte innbyggarundersøkingar. Den politiske slutthandsaminga vil dermed kunne skje våren 2016. 6. Hornindal/Stryn kommune vel ein prosess som tek sikte på kommunestyrevedtak før sommaren 2016. Med unnatak av Selje kommunestyre har heller ikkje dei andre kommunestyra i Nordfjordrådssamarbeidet behandla framlegget til felles utgreiingsmandat. Selje kommunestyre har gjort slikt vedtak (15. desember 2014): Kommunestyret godkjenner «Mandat Kommunereform i Nordfjord» slik det ligg føre.
Ei eventuell endring i mandatet frå ein eller fleire av dei andre kommunane, men som likevel ikkje medfører at det på nokon måte går ut over det kommunestyret ynskjer utgreidd, blir å handsame som referatsak for kommunestyret. Kommunestyra i Eid og Vågsøy har også sine møte på saka den 29. januar i år. Her er rådmennene sine tilrådingar slik: Rådmannen i Eid: 1. Kommunestyret godkjenner «Mandat kommunereform i Nordfjord» slik det ligg føre. 2. Dersom det ikkje blir semje mellom dei involverte kommunane ønskjer kommunestyret å søkje samarbeid om to ulike utgreiingsarbeid med: Stryn, Hornindal og Gloppen Selje og Vågsøy 3. Eid kommune må engasjere ekstern kompetanse for å gjennomføre utgreiingsarbeidet. 4. Det skal søkjast om skjønnsmidlar til utgreiingsarbeidet innan 01.03.2015. Evt. kommunal eigenfinansiering vert å kome tilbake til. Rådmannen i Vågsøy: Vågsøy kommunestyre godkjenner for sin del mandatet frå Nordfjordrådet om utgreiing av framtidig kommunestruktur. Basert på mogelege avvikande vedtak kommunane i mellom, vert Nordfjordrådet bedt om å utforme endeleg mandat basert på det kommunane står samla bak. Kommunestyret ber også om at det vert arbeidd vidare med eit alternativ på kysten som inkluderar kommunar mot nord og sør. Vi vil altså vite kva dei andre kommunestyra seier når kommunestyret i Gloppen skal behandle saka. Til formannskapet sitt møte den 29. januar vil vi vite kva formannskapa i dei andre kommunane meiner. Nordfjordrådet sitt møte som det blir vist til i fleire av tilrådingane, er måndag 9. februar. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Det er sjølvsagt uråd å seie noko sikkert om dette punktet. Når det gjeld utkastet til Nordfjordmandat, seier pkt 6: Prosessen skal ha eige budsjett. Det skal søkjast Fylkesmannen om støtte til utgreiinga og gjennomføringa av prosessen. Kommunane dekker kostnadene i fellesskap evt gjennom Nordfjordrådet. Ved eventuell eigendel, blir halvparten dekt likt og den andre etter innbyggartal. Kvar kommune dekker arbeid og kostnader i eigen kommune, eventuelt også reise og opphald. Dette gjeld også tilskot og kostnader til å høyre innbyggarane.
Utgangspunktet må vere at prosjektet får så mykje utgreiingsstøtte at kostnaden på kvar av kommunane ikkje blir vesentleg. Som sagt i 2015-budsjettet, er det ikkje sett av kommunale midlar til arbeidet med kommunereforma. Kvar kommune er lovd 100.000 kroner frå staten til å dekke utgiftene til informasjon, innbyggarhøyring og eventuelle folkeavrøystingar. Rådmannen vil sjølvsagt syte for at vi i vårt rekneskap fører utgiftene på eit eige prosjekt, slik at vi i alle fall kan halde styr på dei eksterne kostnadene. Rådmannen si vurdering: Det ligg i kommunestyret sitt vedtak i sak 80/14 at vi skal utgreie ei eventuell kommunesamanslåing i Nordfjord. Pkt 3 i kommunestyrevedtaket lyder slik: Kommunestyret ber ordføraren, varaordføraren, ein tillitsvald og rådmannen arbeide vidare med saka, og i første omgang kome med framlegg om kva alternativ i Nordfjord og Sunnfjord som er aktuelle for Gloppen å utgreie nærare. Gloppen som eigen kommune er eit av dei alternativa som er med vidare. ( ) Det må vel kunne seiast å ha vore litt uro rundt Nordfjord-kommunane sitt arbeid med kommunereforma så langt. Rådmannen er ikkje så ottefull for dette, sjølv om det naturlegvis hadde vore ein fordel å bli samde om kven som skal utgreie kva, og i Nordfjord. Først og fremst er det viktig å bli samd om noko no som kan leggast ved søknaden om utgreiingsstøtte. På andre område ligg Nordfjord ikkje så langt etter som vi kan få inntrykk av i den offentlege debatten. Til liks med Gloppen signaliserer både indre og ytre Nordfjord at dei vil sjå på andre alternativ enn ei eller anna «Nordfjord-løysing». Dette må vi sjølvsagt akseptere og ha forståing for. Usemja i Nordfjord dreier seg no om det har noko føre seg å sjå på heile Nordfjord som eitt av alternativa. Når kommunestyret i Gloppen får saka til behandling, veit vi om det er grunnlag for å sjå på heile Nordfjord som eitt alternativ. Det har sjølvsagt ikkje noko føre seg å vurdere dette alternativet viss ikkje alle kommunane går inn for det. --- Kommunestyret i Gloppen har så langt ikkje teke stilling til kva alternativ som kan vere aktuelle å greie ut. Dette gjeld både mot Nordfjord og mot Sunnfjord. Når det gjeld «Sunnfjord-alternativet» legg rådmannen til grunn at vi på fellesmøtet i Førde den 23. januar i år får grunnlag for å ta stilling til kva vi vil vere med på å greie ut den vegen. Eiga sak om dette blir lagt fram. Rådmannen er samd med rådmennene Stryn og Hornindal i at det ikkje har noko føre seg å greie ut alternativ som ikkje er realistiske. Arbeidet med kommunereforma blir omfattande, og vi må konsentrere oss om det vi meiner kan gjennomførast. Rådmannen vil ikkje argumentere for heile Nordfjord som eitt av utgreiingsalternativa no. Viss dei fem andre Nordfjord-kommunane vil sjå på dette alternativet, bør vi sjølvsagt vere med. Viss ikkje, må vi snarast kome i gang med det som er aktuelt å sjå på i Nordfjord.
Det utarbeidde mandat kan langt på veg brukast sjølv om eitt av alternativa fell vekk. Eg stiller meg likevel litt skeptisk til om det er føremålstenleg med ei så omfattande utgreiing som mandatet legg opp til. Eg seier dette sjølv om eg har vore ein av arkitektane bak utkastet. Her siterer eg min kollega i Vågsøy, som skriv i si saksframstilling: Når det gjeld framlegget til mandat, meiner elles rådmannen at det er for omfattande. Ein skal nytte ekstern konsulent bistand og treng ikkje utgreie for eksempel nye oppgåver som kommunen kan ta på seg. Overføring av oppgåver frå stat og fylkeskommunen, vert avgjort av Stortinget og kommunane er i så måte høyringsinstans og ikkje utgreiar. I alle høve må slike spørsmål kunne overlatast til departement/ks og ikkje vere ei sak for enkeltkommunar å utgreie. Basert på at haldningane i Nordfjord er divergerande, må kommunestyret avgrense seg til å godkjenne hovudlinene i mandatet. Det må bli Nordfjordrådet si oppgåve å konkretisere dette. Graden av tilgjengelege midlar til utgreiing vil også måtte spele inn på kva ein blir gjort. Ordføraren og rådmannen har i fellesskap spelt inn til leiaren i Nordfjordrådet at mandatet også burde seie noko om at det skal utgreiast kvar rådhuset/rådhusa skal ligge. Noko tilbakemelding på dette har vi ikkje fått, og det er altså ikkje teke med noko i mandatet om dette sentrale spørsmålet. Utgreiinga i Sunnfjord går framover med stor fart, og det viser seg naturleg nok at det i praksis vil vere uråd for rådmannen sjølv å vere med i begge utgreiingane. Timeplanen for Sunnfjord-utgreiinga kolliderer i stor grad med dei faste rådmannsmøta i Nordfjord (siste fredagen kvar månad). Rådmannen har valt å løyse dette ved at organisasjonssjefen blir «Gloppen-rådmann» i Sunnfjord-utgreiinga, medan rådmannen sjølv tar Nordfjord-utgreiinga. Det hastar med å fastsette ein meir nøyaktig tidsplan for Nordfjord-utgreiinga og ikkje minst å få tak i ein god prosjektleiar. Derfor må vi halde tidsfristen som er lagt opp til og ta stilling til mandatet på første kommunestyremøte i 2015 (den 2. februar). Viss dei tilrådingane som no ligg føre til kommunestyremøta i januar blir vedtekne, er Nordfjord-alternativet for Gloppen sin del ei utgreiing i lag med Hornindal, Stryn og Eid. I denne gruppa er det desse alternativa for Gloppen: Alle fire kommunane som ein ny kommune Hornindal, Stryn og Gloppen som ein ny kommune Eid og Gloppen som ein ny kommune Gloppen som eigen kommune også i framtida. --- Rådmannen vil til slutt ta opp igjen at utgreiinga i Nordfjord også bør seie noko om dei vanskelege temane. Vi må ikkje utsette til slutt å diskutere kvar rådhuset/husa skal ligge og kva den eller dei nye kommunane skal heite. Særleg er dette viktig i Nordfjord, både fordi vi ikkje har nokon klar og sjølvsagt kandidat til kommunesenter (slik vi har det i Sunnfjordutgreiinga) og ikkje minst på bakgrunn av dei erfaringane vi har frå før når noko skal «ned på jorda» i Nordfjord. Rådmannen tar derfor med dette i si tilråding. RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
1. Gloppen kommunestyre godkjenner for sin del framlegget til mandat for kommunereformarbeidet i Nordfjord slik det ligg føre som vedlegg til denne saka 2. Sjølv om kommunestyret i Gloppen ønskjer at også heile Nordfjord som ein kommune blir utgreidd som eit aktuelt alternativ, meiner kommunestyret at mandatet kan leggast til grunn for andre løysingar i Nordfjord. Kommunestyret legg til grunn at det i løpet av februar månad 2015 er avklara kva kommunar i Nordfjord vil gå saman om ei felles utgreiing 3. Kommunestyret ber om at det i utgreiingsarbeidet blir drøfta kva eventuelle nye kommunar i Nordfjord skal heite og kvar rådhusa/kommuneadministrasjonen skal ligge i dei alternativa som blir utgreidde. 29.01.2015 FORMANNSKAPET Framlegg frå Ragnar Eimhjellen (V): Pkt 1 som rådmannen sitt framlegg Pkt 2 skal lyde Dersom det ikkje blir semje om å utgreie heile Nordfjord som ein kommune, meiner kommunestyret at mandatet kan leggjast til grunn for utgreiing av andre samanslåingsalternativ i Nordfjord. Her vil ein peike på samanslåing Gloppen/Eid som eitt alternativ alternativ som må vurderast, og i tillegg dei to kommunane saman med Stryn og Hornindal og Gloppen kommune saman med Stryn og Hornindal. Pkt 3 som rådmannen sitt framlegg Nytt pkt 4 skal lyde Dei ulike alternativa skal også målast opp mot fordeler/ulemper ved å halde fram som eigen kommune. Det vart røysta alternativt mellom rådmannen si tilråding som fekk fem røyster og framlegget frå Ragnar Eimhjellen som fekk fire røyster. 021/15 VEDTAK: Rådmannen si tilråding vart innstilt med fem røyster. 02.02.2015 KOMMUNESTYRET Framlegg frå Ragnar Eimhjellen (V): Pkt 2 skal lyde: Dersom det ikkje blir semje om å utgreie heile Nordfjord som ein kommune, meiner kommunestyret at mandatet kan leggjast til grunn for utgreiing av andre samanslåingsalternativ i Nordfjord. Her vil ein peike på samanslåing Gloppen/Eid som
eitt alternativ alternativ som må vurderast, og i tillegg dei to kommunane saman med Stryn/Hornindal og Gloppen kommune saman med Stryn/Hornindal. Ved alternativ røysting fekk framlegget frå Ragnar Eimhjellen ti røyster og formannskapet si innstilling 16 røyster. 009/15 VEDTAK: 1. Gloppen kommunestyre godkjenner for sin del framlegget til mandat for kommunereformarbeidet i Nordfjord slik det ligg føre som vedlegg til denne saka 2. Sjølv om kommunestyret i Gloppen ønskjer at også heile Nordfjord som ein kommune blir utgreidd som eit aktuelt alternativ, meiner kommunestyret at mandatet kan leggast til grunn for andre løysingar i Nordfjord. Kommunestyret legg til grunn at det i løpet av februar månad 2015 er avklara kva kommunar i Nordfjord vil gå saman om ei felles utgreiing 3. Kommunestyret ber om at det i utgreiingsarbeidet blir drøfta kva eventuelle nye kommunar i Nordfjord skal heite og kvar rådhusa/kommuneadministrasjonen skal ligge i dei alternativa som blir utgreidde. Pkt 1 og 3 vart samrøystes vedtekne. Pkt 2 vart vedteke med 16 røyster.