Hemsedal kommune SAKSUTSKRIFT Arkivsak-dok. 16/00633-3 Saksbehandler Ola Frogner Økonomi- og handlingsplan 2017-2020 Saksgang Møtedato Saknr 1 Hovudutval for Plan og Ressurs og Hovudutval for Livsløp 07.11.2016 80/16 2 Formannskapet 15.11.2016 68/16 3 Formannskapet 22.11.2016 77/16 4 Formannskapet 06.12.2016 85/16 5 Kommunestyret Hovudutval Plan og Ressurs har behandla saka i møte 07.11.2016 sak 80/16 Rådmannens framlegg til budsjett for 2017 syner eit mindreforbruk/overskudd på kr 1.881.890,- Netto driftsresultat er kr 575.890,- som er 0,3 % av driftsinntektene for kommunen. Fylkesmannen rår til at netto driftsresultat er 1,75 %. Hovedutvala fekk ein svært grundig og god gjennomgang av budsjettet av etatane. Gjennomgangen syner at det er eit svært stramt budsjett der ein skal ha ei god kostnadstyring gjennom året. Hemsedal er ei vekstkommune, noko som er svært bra, men det gjev også utfordringar i høve både drift og investeringar. Slik budsjettet ligg er det ikkje rom for nye tiltak utan at kostnadspostar går ut eller at inntekter aukar. Generell eigedomsskatt vart det ikkje teke stilling til. Investeringsbudsjettet - dei store investeringane framover ligg på sentralskule og utbyggingar innan pleie, omsorg og helse generellt. Det vil også kome større investeringar innan VA- sektoren og med tanke på å førebu for nye bustadsområder. Samrøystes, felles for Hovudutval for Livsløp og Plan og ressurs. Vedtak Hovedutval for Livsløp og Hovedutval for Plan og Ressurs rår til at det framlagte budsjett vert vedteke med ein auke i posten for skulebøker på HBU med kr 40.000,-. side 1 av 6
Det store samla prosjektet som mogelegheitstudien syner bør ha ei politisk avstemming før vidare arbeide. Avstemminga bør sjå på alle sider av den framlagte skissa og også vurdere alternative løysingar og etappevise utbyggingar. Gangvegen Moavegen Tuv bør vurderast inn i 2017 budsjettet og eventuelt som eit OPS prosjekt. Formannskapet har behandla saka i møte 15.11.2016 sak 68/16 Ordførar delte ut eit notat frå utvalsleiarane Holde og Brøndbo i møtet som er eit referat frå fellesmøte i hovudutvala, utvalsleiarane legg fram notatet. Notatet ligg som vedlegg til protokollen. Utvalsleiarane forlot møte etter gjennomgang av referatet. Formannskapet starta gjennomgang av forslag til handlingsplan og økonomiplan 2017-2020. Det var diskusjonar, spørsmål og avklaringar. Formannskapet fortset handsaminga i neste møte. Samrøystes Innstilling Formannskapet starta gjennomgang av forslag til handlingsplan og økonomiplan 2017-2020. Det var diskusjonar, spørsmål og avklaringar. Formannskapet fortset handsaminga i neste møte. Formannskapet har behandla saka i møte 22.11.2016 sak 77/16 Endringar i handlingsprogram og økonomiplan 2017-2020 i høve rådmannen sitt framlegg: Forslag i frå Ordførar Oddvar Grøthe: Grunna bortfall av eigedomsskatt på kraftverk vert inntektene justert slik: Reduksjon av eigedomsskatt Auke av sum ramme og skatt i samsvar med Ks sin prognosemodell Auka uttak frå Hemsedal Energi KF - 2, 4 mill kroner + 1,5 mill kroner + 0,9 mill kroner Det vert lagt inn ein auke i ramma til Kultur og Oppvekst til fornying av skulebøker med 40.000,- kroner Auka ramme til avtale om felles FIG lager 25 000,- kroner side 2 av 6
Verbalt punkt. Hemsedal kommunestyre vil legge til rette for gjennomføring av gangveg mellom Holdebakken og Tuv. Gangvegen bør gjennomførast i samband med bygging lysløype /skiløype på same strekninga. Hemsedal kommune ynskjer at idrettslaget saman med andre aktuelle partar står for utbygginga, og at kommunen yter tilskott til gjennomføring. Eventuelt tilskott vert finansiert frå disposisjonsfondet når prosjektet skal gjennomførast. Samrøystes vedteke Innstilling Fylgjande endringar blir innarbeid i handlingsprogram og økonomiplan 2017-2020 i høve til rådmannen sitt framlegg: Grunna bortfall av eigedomsskatt på kraftverk vert inntektene justert slik: Reduksjon av eigedomsskatt Auke av sum ramme og skatt i samsvar med Ks sin prognosemodell Auka uttak frå Hemsedal Energi KF - 2, 4 mill kroner + 1,5 mill kroner + 0,9 mill kroner Det vert lagt inn ein auke i ramma til Kultur og Oppvekst til fornying av skulebøker med 40.000,- kroner Auka ramme til avtale om felles FIG lager 25 000,- kroner Verbalt punkt. Hemsedal kommunestyre vil legge til rette for gjennomføring av gangveg mellom Holdebakken og Tuv. Gangvegen bør gjennomførast i samband med bygging lysløype /skiløype på same strekninga. Hemsedal kommune ynskjer at idrettslaget saman med andre aktuelle partar står for utbygginga, og at kommunen yter tilskott til gjennomføring. Eventuelt tilskott vert finansiert frå disposisjonsfondet når prosjektet skal gjennomførast. Formannskapet har behandla saka i møte 06.12.2016 sak 85/16 Innstilling vedteke Samrøystes Innstilling Endringar i handlingsprogram og økonomiplan 2017-2020 i høve rådmannen sitt framlegg: side 3 av 6
Forslag i frå Ordførar Oddvar Grøthe: Grunna bortfall av eigedomsskatt på kraftverk vert inntektene justert slik: Reduksjon av eigedomsskatt - 2, 4 mill kroner Auke av sum ramme og skatt i samsvar med Ks sin prognosemodell + 1,5 mill kroner Auka uttak frå Hemsedal Energi KF + 0,9 mill kroner Det vert lagt inn ein auke i ramma til Kultur og Oppvekst til fornying av skulebøker med 40.000,- kroner Auka ramme til avtale om felles FIG lager 25 000,- kroner Verbalt punkt. Hemsedal kommunestyre vil legge til rette for gjennomføring av gangveg/turveg mellom Holdebakken og Tuv. Gangvegen bør gjennomførast i samband med bygging lysløype /skiløype på same strekninga. Hemsedal kommunestyre ber rådmann starte planarbeid for det aktuelle området. Hemsedal kommune ynskjer at idrettslaget saman med andre aktuelle partar står for utbygginga, og at kommunen yter tilskott til gjennomføring. Eventuelt tilskott vert finansiert frå disposisjonsfondet når prosjektet skal gjennomførast. Det vert tatt stilling til eigedomskatt i samband med avklaringar for investeringar innan oppvekst og helse. Det vert førebudd ei sak som synleggjer mogligheiter og konsekvensar av innføring av eigedomskatt i Hemsedal kommune side 4 av 6
ØKONOMI- OG HANDLINGSPLAN 2017-2020 Saka vert avgjort av: Kommunestyret Vedlegg: Økonomi- og handlingsplan Gebyrregulativ for tekniske tenester Plan for vedlikehald og investeringsramme eigedom Dokument i saka: Ligg i sak 16/00633 Saksopplysningar: Rådmann presenterte økonomi- og handlingsplan på politisk arbeidsdag tirsdag 18. oktober. I medhald av nytt økonomireglement er saksgangen slik at hovudutvala skal få økonomiplan til gjennomgang, og ha høve til å gje ei uttale/ tilråding til Økonomiutvalet før dei får saka opp til handsaming. Forhold til overordna plan: Miljøkonsekvenser: Helse-/miljø og beredskapstilhøve: Økonomiske konsekvensar: Vurdering: Dei økonomiske rammene for Handlingsprogrammet 2017 2020 bygger på rammene for budsjettog økonomiplan 2016 2019 og endringar vedteke i budsjettrevisjon juni 2016. Handlingsprogrammet bygger vidare på Kommuneproposisjonen 2017, Revidert Nasjonalbudsjett 2016 og framlegg til Statsbudsjett for 2017. Kommunesektoren har store utfordringar knytt til mellom anna auka gjeldsvekst, auka pensjonskostnadar, og finansiering av statlige lovpålegg og reformer. Det framlagte budsjettet viser eit netto driftsresultat på kr.575.890,-. Tilrådninga frå fylkesmannen er 1,75% av driftsinntekter, dvs. kr. 3.774.789. Rådmannen sitt forslag når ikkje dette målet i det framlagte forslaget til Handlingsprogram 2017 2020. Årsak til dette er mellom anna ei auke i kostnadar for interkommunale verksemdene, som og heng saman med auke i folketal i Hemsedal forhold til dei andre Hallingdalskommunane. Det er ein mengde tiltak og prosjekt som det ikkje er funnet rom for i budsjettet for 2017. Rådmannen har foreslått dei mest naudsynte oppgåvene som kommunen er pliktig til å utføre, sjølv side 5 av 6
om ein samstundes ser det er ei rekkje tenester det på ulikt hald vert forventa at kommunen skal følgje opp. Veksten i folketal gjer at kommunen har «vekstsmerter» på fleire nivå i organisasjonen. Me skal levere tenester til fleire innbyggjarar enn før. Diverre ser me også at ei auke i krav til innrapporteringar, ulike førespurnader og deltaking i ulike prosjekt i frå staten, skapar eit auka byråkrati. Desse faktorane gjer at me i 2017 og åra framover må omdisponere bruken av ressursar. Som eit døme på det vil ein fortløpande vurdere om ledige stillingar skal haldast vakante, vurdere innføring av eigedomsskatt, samt sjå nærmare på oppgåver og tiltak som kan løysast i samarbeid med andre aktørar. Det vil likevel vera behov for å tilpasse tenesteproduksjon til kommunens økonomiske bereevne. Ei sentral utfording vil bli å effektivisere og vidareutvikle tenestetilbodet gjennom kontinuerlege innovasjonsprosessar. For investering bør ikkje lånegjelda knytt til ordinære anleggsmidlar auke meir enn auken i frie inntekter og økonomisk bæreevne. Handlingsprogrammet vidarefører kommunen sin fokus på: - Førebygging og tidleg innsats - God og heilskapleg samhandling - God kvalitet - Nødvendig kompetanse Rådmannen sitt framlegg til vedtak gir anbefaling på driftsrammer og tenesteutvikling for 2017 2020. Ved handsaming i kommunestyret i desember er det kommunestyrets prioriteringar og vedtak som blir førande for kommunen sine rammer for 2017 2020. Rådmannen si innstilling: Framlegg til samla økonomi- og handlingsplan 2017-2020. Underskrift RETT UTSKRIFT DATO 6.desember.2016 side 6 av 6