Anne Kallevik Grutle 5554 Valevåg

Like dokumenter
Anne Kallevik Grutle 5554 Valevåg

Pedagogisk plattform

Stavanger 10. juni 2015

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

Elevundersøkinga 2016

Kvalitetskriterium i PP-tenesta

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag

Vaksenopplæringa i Sula

6-åringar på skuleveg

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Refleksjon og skriving

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

«Mestringsforventningar»

Læreplanverket for Kunnskapsløftet

Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Du må tru det for å sjå det

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule

Lese snakke skrive. OS BARNESKULE, Os, Hordaland (1 7) Av Mari-Anne Mørk

Veiledning til læreplanen i samfunnsfag. 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Modulhefte PROGRESJON I BARNEHAGEN

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Trivsel og vekstvilkår

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget.

Plan for overgangar. for barn og unge

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing

Prinsipp for opplæringa blei fastset av Kunnskapsdepartementet juni 2006.

Fag og fornying sentrale begrep. Smakebitar frå temanotatet med problemstillingar til drøfting. fagfornying

Bjørnehiet SFO - informasjon

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor


Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - Oktober

Programområde for studieførebuande Vg3 innan naturbruk - Læreplan i felles programfag naturforvaltning

Rådgiving for berekraftig mjølkeproduksjon

Arbeidshefte om kommunereforma for ungdomsskulane i Bremanger

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Læreplan i klima- og miljøfag

De Bonos tenkehattar. Slik arbeider de i Luster Tipset er laget av Ragnhild Sviggum. Til bruk i samtalegruppene og i klassemøtene

Læreplan i aktivitørfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Kva kompetanse treng bonden i 2017?

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

8.trinn. Formål med faget:

Trudvang skule og fysisk aktivitet

Ny Øyra skule. Pedagogisk plattform

RAUMA KOMMUNE Kultur- og oppvekstetaten

UTDANNINGSVAL NORDBYGDO UNGDOMSSKULE.

Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

Foreldregruppe i barnehagen

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

SOSIAL KOMPETANSEPLAN FOR 1.-7.KLASSE I SULDAL KOMMUNE

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Læreplanverket for Kunnskapsløftet

Kvifor? Matematikksamtalen Munnlege arbeidsmetodar Munnleg kompetanse i matematikk?

Vintervèr i Eksingedalen

Felles plattform for pedagogisk leiarskap i oppvekst

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Sandeid skule SFO Årsplan

Alle grunnskular. Fagavdeling barnehage og skole

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

PROGRAMOMRÅDE FOR BLOMSTERDEKORATØR LÆREPLAN I FELLES PROGRAMFAG VG2

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Vedtak i sak som gjeld klage på manglande innsyn etter offentleglova

Transkript:

Anne Kallevik Grutle 5554 Valevåg angrutle@online.no 1

Å vera med på kurset pedagogisk entreprenørskap, har vore mykje arbeid og tøff prioritering av fritida. Å starta elevbedrift samtidig som me driv vår eigen bedrift tufta på elevar, er ganske spesielt i skule-noreg, samtidig som det har gjort utdanninga veldig interessant. Som næringslivsaktør innan tenestesytande næring, har eg relatert kunnskapane eg har tileigna meg gjennom kurset til dei erfaringane eg har gjort med vår eigen bedrift. Det har skapt mange tankar og idéar om korleis me kan fletta inn entreprenørskap i den drifta elevane allereie er ein del av, og har gjort det klårare for meg kvifor det er viktig å gjera dette grepet. Dette håpar eg at eg har fått fram i oppgåva. Det har og vore viktig for meg å få fram dei pedagogiske kvalitetane som ligg i det å vera deltakar i ei gardsdrift. Det gjeld faglege og menneskelege kvalitetar, og det gjeld kunnskap om kva som trass alt er viktig i dag som i alle tider, nemleg kunnskap om matproduksjon. Det er mange som har vore med meg i denne prosessen, ikkje minst ektemann og bonde, Leif, som tolmodig har sett meg med nasen i ei bok eller bak ein skjerm samtidig som han har vore med på å gjennomføra den praktiske delen av oppgåva. Og ein takk til alle miljøarbeidarane som har høyrt på meg når eg har formidla brokkar av mine tenkte tankar... Straumøy Gard, 17.02.08 Anne Kallevik Grutle 2

Innhald STRAUMØY GARD LITT HISTORIKK... 4 SKULEN I DAG - EIT VEKSANDE BEHOV FOR ALTERNATIV... 4 PÅ VEG MOT EIN ENTREPRENØRSKAPS-KULTUR... 5 RAMMER FOR ENTREPRENØRSKAP PÅ STRAUMØY GARD... 6 Å driva ein gard = entreprenørskap?... 7 Læring er avhengig av tidlegare erfaringar.... 8 Oppsummering av premissene for entreprenørskap på garden:... 9 EIT MENNESKE I UTVIKLING EIT LIV MED MEINING.... 9 Den andre dagen... 10 Kriterier som bygger opp under den entreprenørielle eleven:... 11 KANINHUSPROSJEKTET... 14 Kvifor kaninhus... 14 Straumøy Gard Snekkerbua... 15 Logo og namn... 16 Stiftingsmøte... 16 Bygging... 16 TANKAR RUNDT DET PRAKTISKE ARBEIDET... 17 SKULEN, SAMFUNNET OG ENTREPRENØRSKAP... 19 KILDER:... 21 VEDLEGG... 22 Vedlegg 1... 22 Vedlegg 2... 23 Vedlegg 3... 24 3

Straumøy Gard litt historikk Straumøy Gard ligg nord i Sveio kommune og er frå gammalt av eit småbruk som var typisk for kyststroka der ein kombinerte jordbruk og fiske. Leif som er bonden og som forfattaren av oppgåva er gift med, vaks opp i denne tradisjonen. På åttitalet var garden ein Utsyn mot tunet på Straumøy Gard produksjonsbedrift der sau var hovudnæringa. Garden blei lagt om til økologisk drift frå midten av åtti-talet med hjelp frå 30-bruksprosjektet som var eit omleggingsprosjekt som 36 gardar i Norge var med på. Dette prosjektet gjekk over 8 år og rørte ved alle sidene av jordbruket, og dei menneskelege sidene. På denne tida blei det og starta med mjølkeproduksjon, noko som heldt fram til hausten 2005. Endra vilkår i jordbruket dei siste to tiåra har medført endringar i produksjonen på garden. Frå å driva rein jordbruksdrift, kjem no hovudinntekta frå å selja tenester til skule og helse- og sosialtenesta i Sveio og Haugesund. Me som bønder ville gjerne ha arbeidsplassen på garden, og spørsmålet blei korleis det kunne la seg gjera. I 1997 blei me med i eit nytt prosjekt, Levande skule, som var eit samarbeidsprosjekt mellom UMB (universitet for miljø- og biovitenskap) og Det norske Hageselskap. Dette prosjektet gjekk mellom anna ut på å prøva ut ulike pedagogiske grep for å knyta praktisk kunnskap, i denne samanhengen i jordbruket, saman med teoretisk undervisning og læring. Dette var retta mot allmenneleven, og blei for vår del prøvd ut på mellomtrinnet ved Førde skule skuleåra 1997-1999, Valestrand skule og Auklandshamn skule. Etter at me starta opp med allmennelevar, kom førespurnaden om me kunne ta imot elevar med særskilte behov, der eleven skulle ha skuledagen på garden. Dette starta for alvor med ein elev hausten 1997, og som i dag har begynt på det tiande året hos oss. Ryktet om tilbodet spreidde seg og med god hjelp frå Førde skule, Sveio kommune og etter kvart og skular i Haugesund, har tilbodet vakse til å bli arbeidsplass for to på garden. I 2003 blei det bygd eit skulehus for å imøtekoma ei veksande etterspurnad frå skulane. I dag har me 26 elevar kvar veke, og 2 skular brukar oss som eit allmennpedagogisk tilbod for 4.klasse. Elles er skulehuset brukt som avlastingsheim der for det meste Sveio, men og Haugesund har tilsette som tek seg av born og ungdom der familien treng avlasting, i snitt ca 20 døgn i månaden. Både skule- og avlastingsbiten er knytt til gardsdrift og dyrestell. Skulen i dag - eit veksande behov for alternativ Etter mange år som kontaktlærar har eg sett eit stadig stigande behov for alternativ arena for nokre elevar. Dei fleste elevane glir greitt inn i den enno mest brukte undervisningsforma der læraren formidlar og eleven tek imot kunnskap. Men med stadig meir tid på skulen og aukande krav til teoretisk kunnskap, vil gruppa av elevar som vil måtta ha ei alternativ opplæring, veksa. Som kontaktlærar vil ein kunna sjå kven som etter kvart treng ei meir praktisk retta opplæring allereie på småskulesteget. Desse elevane slit med å forstå meininga 4

med skulen, har store konsentrasjonsproblem eller er ikkje i stand til å ta imot kunnskap gjennom teoretiske tilnærmingar. Skulane klarer å imøtekoma desse elevane på eit vis på småskulesteget, på mellomtrinnet startar segregeringa på det viset at dei blir skilt frå klassen i deler av undervisninga, og endar opp på ungdomsskulen ofte totalt skilt frå dei andre elevane, mange gonger ut frå eige ønskje. Som mor, lærar og bonde har eg sett lenge at garden og gardsarbeidet har kvalitetar i seg som kan imøtekoma trongen for læringsalternativ. Det handlar om dei elevane som trivs med dyr og fysisk aktivitet. Om dei elevane som treng vera i rørsle for å kunna ta imot kunnskap, om dei som lærer gjennom handa og som må erfara kunnskapen for å kunna ta den innover seg. Etter å ha teke små steg og prøvd ut ulike metodar som kan stetta trongen for alternative kunnskapstilnærmingar, har me kome fram til ein pedagogisk tilnærmingsmåte som har vore prøvd ut i uminnelege tider, nemleg den tause kunnskapsformidlinga der det handlar om å iakta, delta og overta eit arbeid, rollemodellen der meisteren er eit førebilete for lærlingen, og dialogen som gir ei teoretisk ramme og forklaring til arbeidet. Elevane som får Straumøy Gard som eit alternativ til vanleg skule, er her frå ein til to dagar i veka. Dei går inn i ei gruppe med likesinna og opplever venskap på tvers av skule- og kommunegrenser. Dei blir segregert frå skulen, men integrert i ei gruppe, og dei får tilbod om å ha klassekameratar, evt klassen sin på besøk. På den måten kan dei visa fram styrken sin, kva dei kan, ei omvendt integrering. På veg mot ein entreprenørskaps-kultur Det har heile tida vore viktig for oss å vera i ei utvikling for å vera best mogleg skodd til å ta imot elevar med særskilte behov og for å kunna vera ein best mogleg avlastingsarena. Det gjeld den fysiske delen med tilrettelegging av garden og gardsdrifta. Dette gjer at me har eit mangfald av dyr, noko som gjer grunnlag for mange arbeidsoppgåver og trong for mange hender. Dette har og vist igjen gjennom oppbygging av ulike husdyrrom, arbeidsrom og samlingsplassar rundt på garden. Det gjeld den pedagogiske delen med trong for skriftleg-gjering av det me gjer og kvifor me gjer det. For at skulane skal kunna ta i bruk våre tenester, har det vore viktig for oss og dei å kjenna til kva me sel. Det er utarbeidd ein perm som står på alle skulane som seier noko om kva dei kjøper. Der finn dei planar og saksgang, noko om pedagogisk grunnsyn som me jobbar etter, korleis året og dagen er oppdelt i rytmiske sekvensar, HMS, reglar for åtferd med meir. Dei kan og finna stoff om oss på heimesida www.straumoygard.no og i rettleiingsheftet under www.livinglearning.org. Pedagogisk entreprenørskap skal føra oss vidare i denne utviklinga. Dette ser me som ein metode for å få eleven aktiv i si eiga utvikling og kunnskapstilnærming. Det kan hjelpa oss til å få meir struktur på korleis me bygger opp undervisninga. Ei hjelp til å bli meir medvetne om kva og korleis me vidareformidlar teoretisk og praktisk kunnskap, og ein metode for å hjelpa eleven fram mot å bli eit gagnleg menneske for seg sjølv og samfunnet. Min påstand er at det allereie fins eit entreprenørielt klima i gardskulturen og at me gjennom denne kan henta fram og utvikla dei entreprenørielle sidene hos eleven. Vidare i oppgåva kjem eg til å prøva og belysa kva eg meiner er entreprenørielt ved gardskulturen, og korleis me gjennom den kan bygga opp under og leggja til rette for at 5

elevane skal kunna ta opp i seg entreprenørskapskulturen i vid forstand. (Sjå definisjon på entreprenørskap s 6). Entreprenørskap i K06 vil og bli diskutert. Eg vil avslutta oppgåva med å drøfta kvifor entreprenørskap er viktig i eit samfunnsperspektiv og kva utfordringar entreprenørskapskulturen har i skulekvardagen. Rammer for entreprenørskap på Straumøy Gard Nytenkning. Det skapande finst i alle menneske som er opne for overraskelsar og motstand. Å våge å tru at du kan, det gjev moglegheiter. Kåre Lerum Mange elevar kjem til oss fordi dei slit med å finna seg til rette i den vanlege skulen. Av ulike grunnar er dei ikkje motivert for skulearbeid i vanleg forstand. Det kan vera faglege grunnar, sosio-kulturelle grunnar eller rett og slett ei veldig indre uro som gjer det vanskeleg å sitja i ro og konsentrera seg over lengre tid. Elevane på onsdagsgruppa høyrer til denne siste kategorien, og det er denne gruppa som er valt ut til å vera prøvekaninar i entreprenørskapprosjektet. Det er 7 gutar frå 3 ulike skular i Haugesund og Sveio, 4 ungdomskule-elevar, 3 elevar frå mellomtrinnet. Mange av desse elevane har fleire års erfaring i entreprenørskap, om enn noko umedvete. Dei har vore med og gjort garden tilgjengeleg for ulike brukargrupper og dei har vore med på å bygga opp små hus og innreia rom på garden. 6

Å driva ein gard = entreprenørskap? Ein definisjon på entreprenørskap henta frå Se mulighetene og gjør noe med dem! strategiplan for entreprenørskap i utdanningen 2004-2008: Entreprenørskap er en dynamisk og sosial prosess der individer, alene eller i samarbeid, identifiserer muligheter, og gjør noe med dem ved å omforme ideer til praktisk og målrettet aktivitet, det være seg i sosial, kulturell eller økonomisk sammenheng. Entreprenørskapskompetanse Personlege eigenskapar og haldningar. Evne og vilje til å ta initiativ. Nytenking og kreativitet. Risikovilje Sjølvtillit Samarbeidsevne og sosial dugleik. Kunnskap og dugleik Kva Korleis Entreprenørskap handlar om refleksjon i forhold til kva som er mogleg å få til. Ut frå denne definisjonen meiner eg at me allereie tenker entreprenørielt gjennom arbeidet på garden. Utdraget nedafor er henta frå eit foredrag der eg har prøvd å setja ord på korleis me tenker prosjekt: I tillegg jobber vi med prosjekter som kan gå over flere år. Elevene har vært med og bygget opp elevhagen og redskapshuset der. De har formet bed, laget murer, lagt heller og bygget opp en kunstig froskedam. Vi på gården har lagt de store rammene, elevene har vært med på å utforme detaljene og kommet med forslag på utforming. Gjennom bygginga av redskapshuset, lærte de å sette opp et enkelt hus, bl.a. hvordan de lager 90 graders vinkel. Elevene har vært med og bygget en trelavvo der det meste ble til underveis, men som nå bare mangler noen fjøler på taket. De er med på å innrede snekkerbod og de har bygget luftegård til hønsa, bygget nytt hønsehus og skal være med på å innrede ny hundegård. Vi holder på med å planlegge et villmarkstun og vi skal etter hvert bygge brygge, nytt naust og redskapshus. Vi skal bygge eventyrstier der de skal få være med på å finne eventyr og aktiviteter knyttet til disse. Hele tida er det viktig å tenke gjennom hva elevene kan være med på og legge mest mulig til rette for det. Prosjektene går som regel over flere år, og gjennom dem bygger og former vi noe som elevene har et eierforhold til. Prosjektene er noe som går på sida av alt det andre arbeidet som gjentar seg fra år til år, og er noe som engasjerer og motiverer elevene. Det vil som regel være knyttet ekstra kostnader til disse prosjektene. De må derfor ha en verdi for gårdsdrifta eller være noe elevene kan ha utbytte av, også etter at prosjektet er fullført. 7

Premissene i entreprenørielt arbeid for vår del ligg i strukturen og rammene på garden. Eit landskap har opp gjennom tidene vore utsett for kultivering av menneske. Me har opna landskapet og forma det ut frå våre behov, og det er inn i denne tradisjonen me tek med oss elevane. Landskapet vil heile tida streva mot det opprinnelege, med gjengroing som resultat. Då er det vår oppgåve som eigarar og forvaltarar av dette landskapet å halda vedlike den kultiveringa som våre forfedre starta for at me skulle, og skal kunna, ha eigenprodusert mat på bordet. Det er eit alvor i dette biletet som elevane etter kvart tek innover seg. Gjennom dialogen snakkar me om arbeidet som ligg bak kultiveringa av garden, dei får delta i dette arbeidet, og me prøver å få dei til å bli stolte over arbeidet dei er med på. Etter kvart blir elevane med i planlegginga av garden. Målet er at premissene skal bli innlemma i elevane som ein del av dei, og at dei tenker ut frå det. Kva som er til beste for garden og brukarane. Dei må ta omsyn til økonomi, menneskelege og fysiske ressursar og ikkje minst kva tid dei har tilgjengeleg. Avgrensa tid vil nok vera avgjerande, då onsdagsgruppa er her ein dag i veka, og fjøsstellet må gjerast før dei kan tenka prosjekt. Læring er avhengig av tidlegare erfaringar. Undervisning og læring som skjer på garden er knytt til praktisk arbeid og konkrete erfaringar. Ifølge læreplanverket for Kunnskapsløftet (K-06), det arbeidande menneske, er læring noko som skjer i eleven, medan undervisning er noko som blir gjort av ein annan. God undervisning set læring i gang men blir fullbyrda gjennom eleven sin eigen innsats. Læring skjer ved at det nye må bli forstått ut frå det kjente dei omgrep ein har, avgjer kva ein kan gripa og fatta. (K-06, S 10). Kva erfaringar og kunnskapar eleven og bonden/pedagogen har, legg premisser for kva som er mogleg å få til. Samtidig vil ein entreprenøriell tenking krevja at ein stadig er i utvikling, både elev og rettleiar. Ei entreprenøriell utvikling krev at ein legg lag på lag med kunnskap og erfaringar, og det må setjast av tid til refleksjon og dialog mellom rettleiar og elev for at dei skal gripa kunnskapen. Dette handlar om den tause kunnskapen som allereie ligg i det pedagogiske grepet på garden. Det er difor spennande å ta med seg entreprenørskapstanken i arbeidet med elevane på garden då me allereie er i det praktiske arbeidet. I følge Inger Karin Røe Ødegård er ei av dei største hindringane for opplæring i entreprenørskap i dagens skule, oppstykking av fag og tid. (INGER KARIN RØE ØDEGÅRD: FRAMTIDEN PÅ TIMEPLANEN, PEDAGOGISK ENTREPRENØRSKAP S 167) Medan arbeidsmarknaden leitar etter innovative og ansvarsmedvetne arbeidstakarar som taklar omstilling, omskulering og endringar og som samtidig er visjonære og målbevisste, oppdreg me i skulen den oppveksande slekt til å sitja stille, jobba effektivt til visse tider, tola å bli avbroten for å ha friminutt eller timeskifte, for så igjen å jobba effektivt, mange gonger innafor eit heilt anna fagfelt. Når desse elevane kjem ut i arbeid, er det arbeidslivet sin tur til å forma arbeidstakarane i deira form. Gjennom ei entreprenøriell utdanning vil skulen kunna møte arbeidslivet på ein betre måte. I arbeidet på garden er det inga oppstykking av tid og fag. Det er heller inga inndeling i aldersgrupper. Her blir gruppene sett saman ut frå funksjonsnivå, og då kan eleven like gjerne vera 10 som 16 år. Trong for kunnskap oppstår gjennom arbeidet, anten i forkant, undervegs eller i etterkant. Når det gjeld tidsaspektet, er det kva tid drosjen kjem og morgonen og kva tid han går utpå dagen som er avgjerande. Elevane har mange gonger spurt om dei ikkje kan vera lengre på garden slik at dei får gjera seg ferdige med arbeidet. 8

Oppsummering av premissene for entreprenørskap på garden: Gardsarbeidet er eit godt utgangspunkt for praktisk arbeid og kunnskapar bygd på erfaring. Garden som bedrift kan vera ei hjelp til å få aktive og engasjerte elevar. Elevar som blir deltakande i drift og planlegging. Dagen blir ikkje styrt av klokka i same grad som på skulen. Det er ikkje byte av fag og lærarar. Friminutt fins ikkje. Gruppene er sett saman ut frå funksjonsnivå, ikkje etter alder. Alle elevane på onsdagsgruppa er på garden berre ein skuledag i veka, noko som gjer at det kan bli knapt med tid. Økonomi kan vera ein avgrensande faktor. Eit menneske i utvikling eit liv med meining. Kva andre trur og meiner om oss, er ofte med på å avgjera kva tankar me har om oss sjølve. Me blir den me trur andre vil at me skal vera. Dersom dette er sant, er det avgjerande korleis me som vaksne møter born og ungdom. Ole Frederik Lillemyr skriv om anerkjennande kommunikasjon: Hva andre sier og gjør i sammenheng med barnets forsøk på å klare en utfordring, har stor betydning for i hvilken grad barnet føler anerkjennelse for det som er utført. ( OLE FREDRIK LILLEMYR: MOTIVASJON OG SELVFORSTÅELSE S. 185) Me vaksne har eit stort ansvar her. Det er vår oppgåve å syta for at me ser eleven, og at eleven veit at me ser han. Me må visa tydeleg at me trur på at eleven vil meistra oppgåva si, men samtidig er det vårt ansvar å gi han oppgåver han er i stand til å løysa. Han må få passande utfordringar der han har noko å strekka seg etter ut frå hans meistringsnivå. På denne måten kan me vera med på å styrka eleven sitt sjølvbilete. Eleven vil oppleva meistring, noko som gir næring til nye utfordringar, som igjen vil føra til auka kompetanse. Følelsen av å være kompetent, er nært knyttet til mestring. Følelsen av å være en som kan klare utfordringer, en som selv har tro på at han kan mestre, er det sentrale drivet bak anstrengelsen. ( OLE FREDRIK LILLEMYR: MOTIVASJON OG SELVFORSTÅELSE S. 179) For å finna ut kva ein har kompetanse i, kan ein ofte spørja etter kva ein likar å halda på med. Ein rektor i Tromsø stilte medarbeidarane sine dette spørsmålet. På den måten fekk ho svar på kva dei hadde kompetanse i, kva dei meistra. Ut frå det fekk lærarane oppgåver i prosjektet dei skulle i gong med. Det blei suksess, lærarane fekk jobba med det dei kunne og treivst med. Dei ivra for det dei heldt på med, noko som igjen smitta over på elevane. Mange lærarar kjenner seg igjen i dette. Dei timane me føler me lukkast best i, handlar ofte om tema der me sjølv har spesielle interesser og der me har eit stort engasjement. Det å føla at me kan, me vil, og me kan få det til, er av grunnleggande betydning for innsats og prestasjonar på alle nivå i livet. Det er retningsgjevande for kor me føler meistring, som igjen bygger opp under sjølvkjensla. Gjennom elevbedrifta vel elevane roller ut frå kva dei føler dei meistrar, og dette blir grunnlaget for vidare utvikling. Dei må få bygga kunnskapen lag på lag og ta dei stega dei treng. 9

Tidlegare rektor på Holmen skole på Karmøy, Jakob Madsen, har uttrykt dette slik: Det er ei perle i alle menneske. Nokre gonger sår og horvar me på beinhard jord, og me må kanskje så gong på gong før det spirer. Me må då veta at det ikkje er noko snarveg til herlegheita, og me må veta at retninga er rett. (FOREDRAG AV JAKOB MADSEN OG TORE KVALEVÅG 3/1-1997) Det er vår oppgåve som rettleiarar i elvebedrifta å finna fram til perla i eleven og hjelpa dei fram mot eit mål. Ei anna viktig side er at eleven må føla at oppgåva han skal utføra har ei meining for han. Han må ha ei forståing av kvifor han skal utføra oppgåva. I arbeidet med elevbedrifter blir det stadig påpeikt at det er viktig at elevane tek sine eigne val med minst mogleg innblanding frå dei vaksne. Me er uansett alder, best til å ta ansvar for noko som me har eit eigartilhøve til, og dette er bakgrunnen for at elevane sjølve må finna ut kva dei vil produsera og selja i si bedrift. Når skulen er ramme rundt bedrifta, er dette utan tvil sant. Skulen gir ingen signaler på kva som skal liggja til grunn for bedrifta, det må komma frå elevane sjølve. På garden er det annleis. Der er dei allereie med i ein bedrift. Det blir produsert varer for sal, og som hos oss stort sett er i form av kjøtt. I det verkelege livet snakkar ein om knoppskyting i bedrifta. På garden er elevbedrifta ein slik knoppskyting. Ut frå behovet i morbedrifta oppstår det behov som det kan bli ein eigen produksjon ut av, i dette tilfellet eit kaninhus. Ei elevbedrift her på garden må anten ha utgangspunkt i garden sine behov slik som kaninhuset, eller i nokre av råvarene på garden som kan foredlast vidare. Døme på det er ved, foredling av kjøt og ull, produksjon av grønsaker, frukt, bær, krydderurter med meir. Den andre dagen. Mykje av arbeidet på garden og i samfunnet elles var arbeid som born og ungdom tidlegare var ein del av. Tom Tiller snakkar om dette i si bok Den andre dagen (TOM OG RITA TILLER 2002: DEN ANDRE DAGEN). Han gjekk anna kvar dag på skulen, og anna kvar dag var han eit nyttig og verdsett medlem av lokalsamfunnet. Den andre dagen var det den tause kunnskapen som rådde der han vaks inn i arbeidet etter kvart som han blei eldre. Etter å ha observert fire born som har vakse opp her på garden, har eg sett at det stemmer. Dei utvikla seg frå å vera med på fjøsstellet og vera der i leiken på sida av dei som arbeidde, til å delta og til slutt kunna ta over heile arbeidet og vera avløysar. På denne måten blir ikkje det å ta ansvar noko som skjer over natta. Det får utvikla seg gradvis over mange år, og det kjem ikkje som eit sjokk den dagen dei kjem ut i arbeidslivet. Samtidig som dei blir oppdregne til å ta ansvar, føler dei at det er bruk for dei. Kanskje det er på dette området at samfunnet sviktar dei unge i dag. Ungdom blir ikkje rekna med i arbeidslivet på same måte som før. Dei blir gøymt bort i utdanningsinstitusjonar til samfunnet meiner det er bruk for dei, noko som kan gjera overgangen mellom utdanning og arbeid til ein kritisk fase i dei unge sitt liv. 10

Linda Jolly snakkar om at born treng ei sterk oppleving av koherens, dvs. at dei treng føla at dei er vevd saman med verda for å kunna utvikla ei god helse. (LINDA JOLLY 2007: GÅRDEN SOM PEDAGOGISK RESSURS S 12) Grunnleggande for å føla koherens er at verda er forståeleg og mogleg å gripa inn i og forandra på, og at ein får oppgåver som det går an å løysa. For å fremja entreprenørskap, må elevane få tru på at dei kan påverka verda rundt seg. Me må vel erkjenna at me vaksne er flinke konsumentar, og at me oppdreg ungane våre inn i denne tradisjonen. Dette er ikkje med på å fremja entreprenøriell tenking. Då må me over i produsentrolla. Det viser seg at ungar som veks opp i eit miljø prega av entreprenørskap, lettare blir entreprenørar sjølve, og at det er større sjanse for at elevar som har vore med i ein elevbedrift startar eigen bedrift som vaksne. Det kan ha noko med at dei har knekt koden om korleis samfunnet fungerer når det gjeld produksjon og konsum. Elevane må få erfara at eit produkt har eit opphav, at det som ligg i butikkhyllene har blitt produsert ein eller annan stad i verda. Elevane må få oppleva at det går an å laga såpa som ligg i butikkhyllene, dei må få sjå at det er ei produksjonsline frå råstoff til ferdig produkt. Her på Straumøy Gard har me teke tak i dette gjennom ulike tema. Me har laga såpe frå bjørkeoske og feitt, me lagar tjære frå tyri og me jobbar med lin frå frø til tråd. Dette gjer me for at elevane skal få ei forståing av at me treng ikkje berre vera konsumentar, me kan og vera produsentar. Gjennom å visa elevane slike heilskapelege prosessar, øver me dei opp i entreprenørskap. Gjennom elevbedrifta kan elevane få innsyn i korleis samfunnet fungerer, og at dei gjennom den kan påverka samfunnet rundt seg. Det handlar om å vera delaktige i sitt eige liv. Kriterier som bygger opp under den entreprenørielle eleven: Det må skapast eit miljø for kreativitet og nytenking. Eleven må ha opplevd meistring for å vera trygg nok til å gje seg i kast med noko ukjent. Det må vera nokon som trur på hans kompetanse på det aktuelle området. Eleven må oppleva eit eventuelt elevbedriftsprosjekt som meiningsfylt. Eleven må føla at han blir teken på alvor, at andre har bruk for den varen eller tenesta han er med på å produsera. Eleven må ha oppdaga at alt har eit opphav, at råvarer blir til eit ferdig produkt som nokon etterspør. Eleven må føla seg som ein viktig aktør i samfunnet, og som andre set pris på. Det må vera lov å vera god. Humørbonden Geir Styve seier noko om kva som må til for å bli ein god entreprenør: Draum utan handling vert berre det, - ein draum. Handling utan draum er... tidsfordriv. Draum og handling saman er ei uimotståeleg skaparkraft. (GEIR STYVE: BÅTEN BLIR TIL MENS DU ROR S71) 11

Entreprenørskap i Kunnskapsløftet Mange opplever entreprenørskap som ei utfordring i forhold til Kunnskapsløftet. Med innføringa av Kunnskapsløftet blei fagplanane meir vektlagt og det er tydelege krav til kva elevane skal kunna på ulike nivå. Pisa-undersøkingane som blei offentleggjort i desember 2007 har vore med på å styrka dette der det viser seg at norske elevar kjem dårleg ut når det gjeld basiskunnskapar. I alle fag i Kunnskapsløftet trer behov for basiskompetanse tydeleg fram: Å kunna uttrykka seg munnleg. Å kunna uttrykka seg skriftleg. Å kunna lesa. Å kunna rekna. Å kunna bruka digitale verktøy. Generell del i Kunnskapsløftet som er den same som i L97, er ikkje så framtredande som tidlegare, og er mest fråverande i diskusjonar om framtidsskulen. Generell del handlar om kva som blir vektlagt av menneskelege eigenskapar og kva kvalitetar som skal til for å skapa eit godt samfunn. Det handlar om ulike sider ved mennesket som alle fag skal ta opp i seg. Det store målet med læreplanen er å bli ein god samfunnsborgar til glede og nytte for seg sjølv og andre. Kva som skal til for å nå dette målet, er konkretisert i Læringsplakaten, og utdraget nedafor er henta frå Utdanningsdirektoratet sine nettsider, under Prinsipper for opplæringen i Kunnskapsløftet. (http://www.udir.no/templates/udir/tm_artikkel.aspx?id=2112 ) : Skolen og lærebedriften skal: gi alle elever og lærlinger/lærekandidater like muligheter til å utvikle sine evner og talenter individuelt og i samarbeid med andre stimulere elevenes og lærlingenes/lærekandidatenes lærelyst, utholdenhet og nysgjerrighet stimulere elevene og lærlingene/lærekandidatene til å utvikle egne læringsstrategier og evne til kritisk tenkning stimulere elevene og lærlingene/lærekandidatene i deres personlige utvikling og identitet, i det å utvikle etisk, sosial og kulturell kompetanse og evne til demokratiforståelse og demokratisk deltakelse legge til rette for elevmedvirkning og for at elevene og lærlingene/lærekandidatene kan foreta bevisste verdivalg og valg av utdanning og fremtidig arbeid fremme tilpasset opplæring og varierte arbeidsmåter legge til rette for at lokalsamfunnet blir involvert i opplæringen på en meningsfylt måte Punkta seier noko om kva samfunnet anser som viktig i utdanninga, og entreprenørskap kan vera ein god metode for å nå desse måla. Dette står absolutt ikkje i motsetnad til krav om basiskunnskapar som er nemnt tidlegare i kapittelet. Basiskunnskapane er nødvendige for å kunna vera ein god samfunnsborgar - og entreprenør - i eit kunnskapsbasert samfunn. Når det gjeld fagplanane i Kunnskapsløftet, er entreprenørskap nemnt i fag som Samfunnsfag, Kunst og Handverk, Mat og Helse og Naturfag. 12

Dette er fag der det kjem tydeleg fram at skulen skal ta i bruk entreprenørskap. Ved å bruka entreprenørskap som ein metode, vil det i tillegg vera bruk for basiskunnskapar som er knytt til alle fag, som munnleg framstilling, lesing, skriving, rekning og bruk av digitale verktøy. Ut frå dette konkluderer eg med at ved å ta i bruk entreprenørskap i skulen, anten det er i form av elevbedrift eller som ein metode i den daglege undervisninga, vil ein oppfylla mange mål i fagplanane, samtidig som ein tek med seg måla i generell del og ivaretek store deler av læringsplakaten. Med Kunnskapsløftet blei det innført eit nytt fag på ungdomsskulenivå, Programfag til val. Gjennom dette faget skal elevane få kjennskap til ulike utdanningsløp og yrke. Ein god måte å gi elevane denne kunnskapen, er gjennom entreprenørskap og elevbedrift. Elevane får på den måten erfaring med arbeidslivet og kva det vil seia å driva ein bedrift. Gjennom elevbedrifta kan dei oppdaga sine eigne talent og som igjen kan hjelpa dei til å velja utdanning vidare. I den lokale læreplanen for Programfag til val for kommunane i FOS (Forum for oppvekst i Sunnhordland), er entreprenørskap og elevbedrift plassert på 9.klassetrinn, og ein del av dei 52,5 timane som er sett av kan brukast til dette. http://www.fos-sunnh.no/pages/programfag.php Ifølge Vedlegg 1 til rundskriv F-012-06 Rev. 07.08.2007 Fag- og timefordelinga i grunnopplæringa Kunnskapsløftet, er det og mogleg å omdisponera 25% av timetalet i dei ulike faga ut frå visse kriterier: Skoleeier kan omdisponere inntil 25 prosent av timene som er fastsatt i det enkelte fag når det er grunn til å anta at dette vil kunne føre til bedre måloppnåelse i fagene samlet sett for den enkelte elev. Slik omdisponering av timer forutsetter at målene i læreplanene for fag ikke blir fraveket, og krever samtykke fra den enkelte elev/lærling/foresatte....på ungdomstrinnet kan omdisponering også skje til programfag til valg med lokalt fastlagt læreplan i henhold til nasjonale retningslinjer. http://www.regjeringen.no/upload/kd/rundskriv/2006/f_12_06_vedlegg1_fag_timefordeling_kunnskapsloeftet_rev070807.pdf Konklusjonen må bli at Kunnskapsløftet gir stor plass til entreprenørskap i skulen. Det trer tydeleg fram i Generell del, i Læringsplakaten og i fleire fag. Regulering av 25% av timeramma i dei enkelte faga kan i tillegg gi stort handlingsrom for enkeltelevar. 13

Kaninhusprosjektet Kvifor kaninhus Tanken med oppgåva i starten var å prøva ut korleis eit slikt entreprenørskap-prosjekt kunne bli eit samarbeidsprosjekt mellom garden og skulen. Etter møte med to skular kom eg fram til at det ville bli vanskeleg. Skulane driv på med sine opplegg på same måte som me driv med våre. Samtidig vil det krevja mykje arbeid frå vår side å informera skulane nok til at dei kan kjenna på at dei er innafor prosjektet. Det blir etter kvar skuledag her på garden sendt referat og bilete til den aktuelle skulen. Dette brukar mange av lærarane i undervisninga. Det blir og laga temasider der me prøver å gi elevane kunnskapar om det dei held på med her på garden. Døme på slike temasider er frå tyri til tjære, frå bjørkeoske og feitt til såpe, historia om dei ulike dyreslaga, litt om gran og furu, Pytagoras, eller om då aska blæs ned og la grunnlaget for ei side om norrøn mytologi og Yggdrasil. Dette blir den raude tråden mellom skulane og garden i tillegg til kommunikasjon via e-post, telefon eller direkte til miljøarbeidarar som føl nokre av elevane frå skulen. Me har bygd opp små hus og rom saman med elevane fleire gonger, men gjennom kaninhusbygginga skal me prøva å gi dei breiare kunnskap. Dei skal læra å starta, driva og avvikla ein bedrift i veldig forenkla form, og dei skal vera mykje tyngre med i planleggingsfasen av bygget. Dei skal få kjenna på ansvar, at dei må halda ut og at dei må samarbeida for å klara dette i løpet av våren. Samtidig som me held på med kaninhuset må og andre ting gjerast på garden, mellom anna det som føl årstidene og som må gjerast når tida er inne. Fjøsstellet vil og måtta ta tid, meir jo lengre ut på våren me kjem med grising, kjeing, kalving og lamming. Dette krev samarbeid. Dei må fordela arbeidet mellom seg, og nokre gonger må ein gjera arbeid som blir opplevd som kjedeleg og slitsamt. Det vil ikkje bli ein bedrift som tener pengar i første omgang. Me kan godt kalla det prøveproduksjon, både når det gjeld etablering av bedrift og kaninhusbygginga. Bakgrunnen for kaninhuset er at me har ei kanin som er huslaus. Me har eit lite kaninbur i elevhagen, men det held på å falla frå kvarandre. Kaninen bur for tida i hønsehuset, men skal me ha fleire kaninar, treng me eit eige hus til dei. Dette blir og ein eigen aktivitet for brukarane av garden i staden for at det blir ein del av hønsestellet slik som no. Forretningsidéen er at dei som vil kjøpa kaninhus, gjerne vil ha større bur enn dei som blir solgt i dyrebutikkane i dag. Me på garden har bestilt eit kaninhus der det kan vera fleire bur og der kaninane har tilgong på romsleg uteareal. Me skal kunna oppbevara litt høy og tørrfor der og det skal vera ein benk der ein kan setja seg ned og ha ein kanin på fanget. Luftegarden skal vera så høg og romsleg at ungar opp til 160cm skal kunna stå der inne, setja seg ned og kosa med kaninane. Kaninane må kunna skiljast i eigne bur og luftegardar for å ha kontroll med kaninproduksjonen. Huset skal ikkje stå langt frå skulestova/avlastingshuset slik at det blir naturleg for elevar og brukarar elles å stella kaninane og kosa med dei. Med andre ord fekk ikkje desse elevane velja fritt slik som tanken bak entreprenøskap er. Det blei sett ganske stramme rammer, og det var eit bestillingsprodukt frå oss på garden. Samtidig har dei opplevd at det gamle kaninburet er for dårleg, og har sjølv meint at me treng nytt. På den måten var motivasjonen for å bygga kaninhus allereie til stades. Eg trur og elevane har blitt motivert for meir snikkararbeid gjennom prosjekt dei har vore med på før og som dei har hatt mykje glede av som trelavvo, hundegard, hønsegard, snikkarbu og urtetørke. Dei har vore med på mange diskusjonar om kva me treng å gjera her på garden, alt frå millionprosjekt som me gjerne kunne tenkt oss å få gjort men der midlane manglar, til mindre prosjekt som me har kunna gjennomføra og som har vore med på å leggja garden meir til rette for elevar og brukarar. 14

Samtidig som me planlegg dette kaninhuset, prøver me å tenka korleis me kan laga det på ein enkel måte mellom anna som element, slik at me etter kvart kan bygga fleire for sal dersom det viser seg å vera etterspurnad. Dette er ei utfordring til både kreativitet, kunnskapar og logisk tenking, noko som er i tråd med entreprenørskapstanken. Straumøy Gard Snekkerbua Onsdag 21. november starta prosessen. Då blei tanken om bedriftsetablering lufta med onsdagsgruppa. Me hadde allereie vore inne på tanken om å bygga eit kaninhus, men måtte gjera ferdig urtetørka først. Det var full klaff frå første stund. Dette var noko dei hadde lyst til og som dei tok alvorleg. Denne onsdagen snakka me om kva Straumøy Gard er for noko gjennom stikkord som Eit lite samfunn Ein gard med mange dyr Ei bedrift Privat Anne og Leif Avlasting Dette blei gjort for å få elevane til å forstå at dei allereie er deltakarar i ei bedrift, og at dette blir ei bedrift i bedrifta. Etterpå snakka me om kva det vil seia å vera ein entreprenør: Ein som ser ressurser og moglegheiter rundt seg, får idear og kan omsetja dei i handling. Ein som ser løysingar og kjem med forslag. Ein som er med og gjer noko med det. Eg brukte eit av byggeprosjekta våre som døme for å forklara entreprenørskap, og då kom forslaga på kva dei hadde vore med på av entreprøneriell art: Urtetørke Hundegård Hønsehus Lavvo Hellelegging i urtehagen Snikkarbu Ut frå samtalen med elevane kunne eg fortelja dei at dei hadde vore med på å utvikla Straumøy Gard til ein god plass å vera for elevar og brukarar, og då dei reiste frå garden denne dagen, var heile gjengen veldig rette i ryggen... Dei fekk i lekse å tenka ut namn og logo på bedrifta noko som og lærarane fekk vita om gjennom referatet til skulane etter denne dagen. 15

Logo og namn Onsdag 28.november 2007 blei logo og namn diskutert. Me kom fram til eit namn, Straumøy Gard Snekkerbua EB, men logoen kom ikkje på plass. Eg føreslo at dei skulle leita på internett eller PC en etter passande logo, men då me kom ut i januar og det var tid for stiftingsmøte og det enno ikkje var kome inn forslag, blei det eg som tok jobben. Denne logoen gjekk dei inn for. Dette kunne nok ha vore gjort annleis, men denne gongen blei det slik. - Straumøy Gard- Stiftingsmøte Heile desember brukte me til å førebu oss på jula så me kom ut i januar før me kom i gong igjen med bedriftsprosjektet vårt. Stiftingsmøtet blei gjennomført 16. januar 2008. Då hadde heile gruppa vore gjennom jobb-intervju og det var kome inn to forslag på kaninhus. Det blei og bestemt at me skulle registrera bedrifta i Ungt Entreprenørskap, noko som blei gjort av ein av elevane torsdag 14. februar 2008. Elevane hadde ikkje vore med på ein liknande prosess før, difor laga eg eit forslag til vedtekter etter Ungt Entreprenørskapsmodellen. (sjå vedlegg 3). Me snakka om forretningsplan, me gjekk gjennom reglar for korleis me oppfører oss på eit møte og kva ansvar me har for bedrifta og dei som jobbar der. Gjennom jobb-intervjuet som eg tok denne gongen, kom det fram kva roller dei ønskte å ha i bedrifta. Det fordelte seg greitt, ein ville vera leiar, ein økonomiansvarleg og ein informasjonsansvarleg. Då me skulle velja leiar, viste det seg at ein til kom på banen. Det blei avstemming og han som hadde hatt ønske om det i intervjuet, blei leiar denne gongen. Dei andre jobbane gjekk til dei som hadde uttrykt ønske om det. Det blei og tilsett ein som skal ta seg av referatskriving og liknande. Ut frå signaler onsdagen før teikna eg forslag på to kaninhus som dei stemte på. Dei valde kaninhus nr 2, (Sjå vedlegg 1) og nokre av oss laga ei material-liste ut frå teikninga. Leiaren ringte rundt til tre ulike trelasthandlarar, ein lokalt og to i Haugesund og samanlikna prisar. Coop Obs Bygg var billegast. Bygging Onsdag 22.januar var elevane klar til å ta fatt på bygginga. Bonden hadde fått tak i materialar til å laga ramma nede av og dei måtte sagast til slik at stokkane blei felt i kvarandre. Før dei blei festa i kvarandre, måtte det sikrast at vinklane var 90 grader. 16

Anne fortalde om Pytagoras læresetning, a² x b² = c² og forholdet mellom tala 3,4 og 5 (sjå vedlegg 2). Me laga tre tau, eit med to knutar, eit med tre knutar og eit med fire knutar med likt mellomrom mellom knutane. Desse tre taua laga me ein trekant av, og ein 90 graders vinkel viste seg i det eine hjørnet. Desse taua brukte elevane då dei skulle få rettvinkla hjørne i ramma. Etterpå målte dei diagonalen frå hjørne til hjørne. Det blir to diagonalar som skal vera like lange for at ramma skal ha rette vinklar. Denne dagen blei det og sett opp budsjett saman med økonomiansvarleg. Då det er ein prøveproduksjon til bruk i morbedrifta, blei det berre sett opp kostnader til material. Kostnaden på huset blei budsjettert til 12.500,-. Onsdag 30.januar fortsette bygginga, stenderar til to vegger kom opp. Å få på plass stenderar krev at ein er nøyaktig, noko som tek tid og som alltid er vanskeleg for denne gjengen. Halve gruppa jobba med å leggja igjen ei grøft der kaninhuset skal stå, og nokre av dei som jobba på kaninhuset, måtte ha ein pause med grøftearbeid. Vidare framover blir det å byggja vidare på huset og gjera klart området der det skal stå. Samtidig må me ha oppsummeringsmøte for å finna vegen vidare, og me må føra rekneskap. Det må og vera ein diskusjon undervegs om dette er noko me kan produsera og korleis me kan tilpassa huset til produksjon. Tankar rundt det praktiske arbeidet Kaninhuset blir ikkje ferdig før denne oppgåva skal vurderast av sensor. Me har oppretta, held på med å driva, men får ikkje avslutta bedrifta. Det blir gjort rett før sommarferien. Til hausten startar me på nytt, sannsynlegvis med delvis ny gruppe då tre av elevane går over i vidaregåande skule. Arbeidet med oppgåva har vore ein spennande og klårgjerande prosess. Det er alltid ei utfordring korleis ein skal knyta praktisk arbeid og teori saman til ein heilskap. Me har heile tida prøvd å gjera noko med det ved å laga temasider, men eg ser at me gjennom pedagogisk entreprenørskap kan få ei betre ramme rundt prosjekta. Prosjekta blir sett inn i ein heilskap, planlegging og etterarbeid blir ein nødvendig del. Det gjeld anten det blir bygd opp som ein elevbedrift eller berre brukt som ein pedagogisk metode i undervisninga. Elevane her på Straumøy Gard har alltid kome med forslag til prosjekt. Me har prøvd å følgja opp forslaga så langt som råd, men eg og bonden har tilrettelagt slik at dei har kunna starta direkte på den praktiske gjennomføringa. Eg ser no at me har frårøva dei ein viktig bit, nemleg alt arbeidet som må gjerast i tillegg til gjennomføringa. Medan me heldt på med å rekna ut kor mykje materialar me trong til kaninhuset, var det ein elev som ikkje kunne forstå kvifor me ikkje berre kunne gå opp på låven og finna materialane me trong. Det hadde me gjort alle dei andre gongene me skulle byggja noko. Det ligg alltid ein del materialar på låven. Elevane har vore med og sagd tømmer i skogen og dei har vore med på å saga det opp til materialar, og for denne eleven var det sjølvsagt at me ville finna det me trong der. Noko som ikkje var tilfelle denne gongen, det måtte kjøpast utanfrå. Elevane måtte henta inn prisar, og dei fann ut at her var det pengar å spara. Dei blei overraska over prisen, 12.500,-, og det blei ein diskusjon om det var nokon som hadde råd til å kjøpa dette huset dersom me sette det i produksjon. Då må me og rekna inn andre kostnader som straum, leige av hus, verktøy ol. Arbeidsgodtgjering må og komma med. 17

Elevane har vore veldig oppglødd når det gjeld tanken på elevbedrift, men då dei begynte på det praktiske arbeidet, blei det vanskelegare. Det krev innsats å byggja eit lite hus, og det krev at ein er nøyaktig. Dette er ei elevgruppe der ting skal skje fort, men me som har bestilt bygget og eventuelt framtidige kjøparar, vil ha noko skikkeleg igjen for pengane. Med dette som bakgrunn kan dei motiverast til å strekka seg mot nye høgder når det gjeld å vera nøyaktig, uthalden, å ta ansvar, samarbeid osb. Dei må minna kvarandre på at dei er eit arbeidslag, ein bedrift som vil kollapsa dersom dei ikkje klarer å oppfylla desse grunnleggjande krava. Vår rolle som rettleiarar er å hjelpa elevane til å sjå kva som er viktig for å klara å gjennomføra prosjektet. Me har hatt diskusjonar der dei ikkje vil jobba saman med enkelte elevar, og då er det viktig å stilla spørsmåla slik at det er dei sjølve som finn svara: De driv ei bedrift. Korleis tek de vare på arbeidstakarane i bedrifta? Kven tek avgjerdsla når det er samarbeidsproblem? Kven har ansvar for at arbeidet går greitt? På denne måten blir fokus flytta frå vaksenstyrte avgjerdsler til noko dei sjølve må ta stilling til og ta konsekvensane av. Dette har me døme på fungerer bra og er ein av grunnane til at eg ser at entreprenørskap kan bli ein god arbeidsmetode her på garden. Heilt sidan me starta med elevar i 1997, har det vore ei utfordring å få til eit målbart samarbeid med skulane. Dette har vore ei viktig sak for meg som pedagog. Etter rundt 20 år som kontaklærar veit eg kva læraryrket inneber av arbeid og av den grunn meiner eg at det er vårt ansvar å halda den raude tråden mellom skulen og garden. Difor blir det sendt referat og bilete, og difor blir det laga temasider. Det er me som sit på kunnskapane om kva som skjer her, og det vil vera eit altfor omfattande arbeid dersom kvar einskild lærar skal setja seg inn i det. Me lagar halvtårsplanar og vil gjerne ha innspel i forhold til den, og nokre lærarar og skular gjer det. Miljøarbeidarane som er her på garden kjem og med ønskje, og på den måten får me ein dialog rundt kva som er viktig. Ved å ha miljøarbeidarar frå dei einskilde skulane har me og ei kvalitetssikring, men det krev og at me gir dei innsyn i pedagogikken bak det me held på med for at dei skal forstå det me gjer. Elevane som er her har mange ulike behov. Nokre elevar har store problem med å kommunisera med andre, andre elevar treng å få utløp for indre uro gjennom fysisk arbeid. Dei fleste elevane som er her slit med skulefag. Det er ingen problem å forsvara det me gjer her på garden gjennom generell del i Kunnskapsløftet, men det er ein stor utfordring å imøtekomma mange av måla i fagplanane. Det blir stadig presisert at det er viktig med tydelege mål som er tilpassa den enkelte elev, og for å få dette til, krev det eit tettare samarbeid mellom skulen og garden. Kva kan me fletta inn av fagkunnskap som kjem eleven til gode i skulearbeidet? Kan det knytast til enterprenørskap? Ved å bruka entreprenørskapsmodellen som ei ramme rundt det praktiske arbeidet, ser eg at det blir naturleg å trekka inn dei fleste faga i skulen, men samtidig må det ikkje bli slik at tida på garden går med til å sitja inne og rekna og skriva. Det er her utfordringa ligg. Ei viktig oppgåve blir difor å laga system som gjer at lærarane føler dei kan nyttiggjera seg det som skjer her på ein god måte og som kan vera utfyllande til det dei allereie gjer og som det er viktig for dei å halda fram med i skulen. Arbeidet på garden og med entreprenørskap må vera ein del av den faglege utviklinga til eleven, elles vil alternative arenaer som denne garden representerer, tapa i forhold til det veldige fokuset på kunnskapsskulen. Det eg ser me manglar, er eit system der me får 18

tilbakemelding frå dei ulike lærarane og skulane om kva dei meiner om det me gjer, og kva me kunne gjort betre. Men samtidig er det greitt å ha med seg...: Dersom du strevar etter å bli perfekt, er du garantert fiasko... Ukjent Skulen, samfunnet og entreprenørskap Norge er et mulighetenes samfunn. Vi har store naturressurser og uberørt natur. Vi har lange demokratiske tradisjoner. Vi har et høyt utdannings- og kompetansenivå. Vi har høy sosial kapital og et av verdens beste velferdssamfunn. Vår oppgave er å styrke, fornye og videreutvikle dette velferdssamfunnet. Vårt mål er å gi alle mennesker i hele landet mulighet til å utvikle sine evner og leve gode og meningsfylte liv. (REGJERINGENS STRATEGIPLAN "SE MULIGHETENE OG GJØR NOE MED DEM! STRATEGI FOR ENTREPRENØRSKAP I UTDANNINGEN 2004-2008" S 1) For å nå dette målet ser regjeringa for seg at grunnopplæringa tek i bruk entreprenørskap, og på den måten hjelper eleven til aktiv deltaking i nærings- og samfunnslivet. Dette set store krav til læraren som er den som får ansvar for å nå faglege mål samtidig som elevane skal vera aktive og skapande. Utfordringa blir å sy dette saman til ein heilskap. Det er mykje i debatten i dag som tyder på at lærarrolla får større fokus og at det blir meir lagt vekt på å kontrollera elevane sitt kunnskapsnivå gjennom til dømes nasjonale prøvar. For den einskilde lærar kan det då verka uoverkommeleg i tillegg å skulle komma entreprenørskap i møte. Det var som ein rektor uttalte då eg snakka med ho om dette under Pisa-debatten som fôr over landet i januar 2008,: Ja, det og skal me ta oss av... Politikarane i desse dagar set veldig fokus på kunnskapsnivået forstått som resultat i basisfaga, noko som gir eit stort trykk inn i skulekvardagen med høgare faglege krav til lærarar og elevar. Det blir og sett fokus på læraren si rolle, der mange i hysteriets avmakt ser for seg den tradisjonelle læraren som føreles frå kateteret som det optimale. Dette gir lite rom for entreprenørskap. Me må heller ikkje gløyma at me har eit disiplinproblem i skulen, me har elevar som ikkje forstår kvifor dei må vera der, kvifor dei må innretta seg etter andre sine krav. Dette er eit samfunnsproblem, me har alle ein jobb å gjera for å motivera elevane til læring, få dei til å forstå at utdanning er avgjerande for kva liv dei vil få som vaksne samfunnsborgarar. Då blir det eit spørsmål korleis me kan klara det. Alle er einige i at me treng eit høgare kunnskapsnivå i dag enn for 30 år sidan. Ein førelesar i lesestrategiar torsdag 31.januar 2008 forklarte det på denne måten: Då eg vaks opp utafor Sandnes, visste me at bussen inn til sentrum gjekk to gonger i timen, heil og halv. Me berre møtte opp når tida var der. I dag må me sjå i rutetabellen for å ta den same bussen. Bussen går to minutt på..., men samtidig er det mange andre opplysningar i rutetabellen som du og må få med deg, alle desse bokstavane, a,c,d,.. (kvifor er ikkje b nemnt?..) som seier kva tid bussen ikkje går, eller går utanom oppsett skjema... Ein må vera god lesar for å tolka dette, og dette er berre ein liten flik av kva samfunn og arbeidsliv krev av den einskilde... Spørsmålet blir då korleis me legg til rette for å få elevar til å forstå at det må innsats til for å oppnå kompetanse. Det skal me få dei til å forstå i ein kvardag der dei opplever at godane ofte kjem rekande på ei fjøl. Geir Styve har skrive ei bok med tittelen Båten blir til mens du ror, ei bok om tankar, tru og tvil i små bedrifter. Han kunne ha kalla boka si Vegen blir til mens du går som tyder det same, men som ikkje har den same utfordringa i seg. Går du langs ein 19

veg, kan du setja deg på ein stein og kvila. Det kan du ikkje dersom du ror. Båten må vera såpass i stand at den flyt før du kan kvila, noko som er eit godt bilete på kva arbeid det er å starta noko nytt anten det er ei bedrift eller det handlar om å skaffa seg kompetanse, bli god i noko. Det handlar om å vera uthalden, ikkje gi opp. Korleis får me elevane med på dette? Ungareren Mihaly Csikzentmihaly skriv om flytsona. I boka Psychological Studies of Flow in Consciousness'', oppsummerar han 25 års forsking på kva folk hugsar som sine største opplevingar. Tusenvis av menneske blei intervjua, og dei fann at optimale opplevingar blei oppfatta likt av kvinner og menn. Gamle som unge uttrykker sine mest verdsette opplevingar med omtrent same ord: Man kan ha glede av underholdning, ved passivt å motta, men for de fleste er den optimale opplevelse knyttet til å lykkes med en anstrengelse. Dette er ein spesiell sinnstilstand som Csikzentmihaly har gitt namnet FLOW.. (Henta frå http://www.mindstep.no/engasjement-nok-i-oss-selv-for-innovasjon.273871-366.html ) Det handlar om å bli riven med i ein aktivitet, gløyma tid og stad, å gå heilt opp i det me gjer. Me får energi av å halda på og overgår oss sjølv. Dette er ein almennmenneskeleg erfaring. Poenget med flytsona er at for store utfordringar i forhold til ferdigheiter gir angst, medan for lite utfordringar blir kjedeleg, gir apati, blir ikkje-motivert. Er du i flytsona så er du passe utfordra, på kanten av komfortsona, men likevel glad. Kan me få motiverte elevar ved å prøva å halda dei i flytsona? Og på kva måte kan me få dei dit? Eg trur at entreprenørskap og elevbedrift kan vera ein måte å få dette til på. For å kunne driva entreprenørskap og elevbedrift, må elevane vera indre motivert, dei må ønskja det sjølv, og det er på denne måten me kan få dei i flytsona. Er elevane der, er dei indre motivert, og då er det dei sjølve som kjenner på om dei treng meir kunnskap. Det handlar om basiskunnskapane i Kunnskapsløftet, å kunna uttrykka seg munnleg og skriftleg, å kunna lesa, rekna og å kunna bruka digitale verktøy. Noko av det som skal til for at du skal kunna utføra ein god jobb. Det å komma i flytsona har eit samfunnsmessig perspektiv, nemleg det som står i innleiinga til dette kapittelet og som eg trur alle kan seia seg einige i: Vårt mål er å gi alle mennesker i hele landet mulighet til å utvikle sine evner og leve gode og meningsfylte liv. Ein far har sagt det på denne måten: Han har et stort potensial til å mestre. Vi må bare komme på hans bølgelengde. Der ligger utfordringene. Å leve et godt liv, er å kjenne at man mestrer. Vi ønsker mer av det for Torgeir. (SVEIN OLAV KOLSET: EN SJELDEN KAR 2007 S. 49) 20

KILDER: SE MULIGHETENE OG GJØR NOE MED DEM! STRATEGIPLAN FOR ENTREPRENØRSKAP I UTDANNINGEN 2004-2008 KUNNSKAPSLØFTET 2006 TOM OG RITA TILLER 2002: DEN ANDRE DAGEN LINDA JOLLY 2007: GÅRDEN SOM PEDAGOGISK RESSURS GEIR STYVE 2005: BÅTEN BLIR TIL MENS DU ROR S71 VEDLEGG 1 TIL RUNDSKRIV F-012-06 REV. 07.08.2007 FAG- OG TIMEFORDELINGEN I GRUNNOPPLÆRINGEN KUNNSKAPSLØFTET SVEIN OLAV KOLSET 2007: EN SJELDEN KAR HTTP://WWW.MINDSTEP.NO/ENGASJEMENT-NOK-I-OSS-SELV-FOR-INNOVASJON.273871-366.HTML HTTP://WWW.FOS-SUNNH.NO/PAGES/PROGRAMFAG.PHP HTTP://WWW.UDIR.NO/TEMPLATES/UDIR/TM_ARTIKKEL.ASPX?ID=2112 ) : WWW.LIVINGLEARNING.ORG. WWW.STRAUMOYGARD.NO 21

Vedlegg Vedlegg 1 HUS 1 HUS 2 Luftegården blir lik på begge husa. Litt større luftegård på hus 2. Plass til kaninbur og lagerplass til kaninfor inne i husa. Onsdag 09.01.08 kom Sverre, Daniel og Vebjørn fram til to forslag på kaninbur. Anne har rentegnet forslaga, og onsdag 16.01.08 må vi velge et av forslaga. Hus 1.. stemmer. Hus 2.. stemmer. Ut fra stemmeresultatet går vi inn for hus nr.. Ut fra hvilket hus vi velger, må vi lage skikkelige arbeidstegninger og finne ut behov for materialer. Hus nr 2 fikk 7 av 7 stemmer. 22

Vedlegg 2 Pytagoras på Straumøy Gard onsdag 23.01.08 "Pytagoras' setning" er oppkalt etter Pytagoras. Men sannsynligvis var Pytagoras' setning kjent i tusen år før Pytagoras levde!! Grunnen til at Pytagoras' setning likevel heter Pytagoras' setning, er nok at det kanskje var Pytagoras som først fant et bevis for setningen (for resultatet). En trekant med sidelengder 3, 4 og 5 har alltid en rett vinkel, og det har for eksempel snekkere og murere brukt i mange, mange år: Finn et tau, knyt knuter med like lang avstand i mellom, og trekk i tauet slik at du får en trekant med 3, 4 og 5 "knutemellomrom" langs hver side. Da får du en rettvinklet trekant, og kan bruke den til å sjekke om forskjellige vinkler er rette eller ikke. Dette gjorde vi på Straumøy Gard onsdag 23.01.08. Vi laget et tau med to knuter med like langt mellomrom, et tau med tre knuter og et tau med fire knuter. Daniel holdt i de to korteste tauene, Vebjørn og Sverre holdt det lengste og til sammen dannet de en rettvinklet trekant. ----------x----------x---------- Det korteste tauet med to knuter (3 lengder) ----------x----------x----------x---------- Det mellomste tauet med tre knuter (4 lengder) ----------x----------x----------x----------x----------x---------- Det lengste tauet med fire knuter (5lengder) Disse tauene ble brukt til å sjekke at hjørnene i rammen til kaninhuset var rettvinklet. Etterpå målte de diagonalene fra hjørne til hjørne for å se om de var like lange. Det er en kontroll på at hjørnene er rettvinklet. PYTAGORAS LÆRESETNING Pytagoras (ca 569 - ca 475 f. Kr.) er kjent for å si at "alt er tall"."pytagoras' setning" er oppkalt etter Pytagoras. Men sannsynligvis var Pytagoras' setning kjent i tusen år før Pytagoras levde!! Grunnen til at Pytagoras' setning likevel heter Pytagoras' setning, er nok at det kanskje var Pytagoras som først fant et bevis for setningen (for resultatet). 23